Faksimile frå innlegget i Morgenbladet |
- verdifall og kryptokollaps heng saman med bitcoins ideal om desentralisering
- den grunnleggjande årsaka til at FTX og andre kollapsa i fjor var det generelle kursfallet i kryptovaluta, og særleg bitcoin som er "kryptouniversets finansielle hjørnestein"
- hovudpoenget er at bitcoins desentrale ideal og konstruksjon er bakgrunn for volatiliteten og den finansielle spekulasjonen på toppen av den
- Bitcoins kapasitetsmanglar, pga. desentralisert arkitektur, har skapt spelerom for nye og meir sentralisert kryptovalutaer
- Bitcoins blokkjede har (stor) betydning for at FTX i det heile oppstod
Årsaker til kryptokollaps
Svein Ølnes,
seniorforskar ved Vestlandsforsking (og eigar av bitcoin)
Eivind Thomassen og eg er ueinige om Bitcoins rolle i dei mange kollapsane i kryptoverda i fjor, ikkje minst konkursen i vekslingstenesta FTX. Eg er ikkje ueinig med Thomassen at bitcoin er kryptoverdas finansielle hjørnestein, eller kanskje heller reservevaluta. Men i FTX’ tilfelle var det ikkje bitcoins fallande kurs som var hovudårsaka, det var bruk av kundemidlar til å dekka over søsterselskapet Alameda Research sine store tap. Og Alamedas eigenkapital var i stor grad basert på FTX’ eigen kryptovaluta FTT og slik sett stort sett basert på luft. Så eksisterer heller ikkje bitcoin eller andre kryptovalutaer i eit vakuum, og dei makroøkonomiske endringane etter pandemien har i stor grad spelt ei rolle også for kryptovalutaer.
Hovudpoenget til
Thomassen er likevel at verdifall og kryptokollaps heng saman med Bitcoins
desentrale arkitektur, og der er eg heilt ueinig. Bitcoin, og endå meir andre
kryptovalutaer, er volatile fordi det er små økonomiar. Bitcoin hadde vore like
volatilt om det hadde hatt ein sentralisert arkitektur. Det er nok å sjå på
Ethereum og endå meir sentraliserte kryptovalutaer som har hatt endå større
volatilitet enn bitcoin.
Eg kan jo stilla eit
motspørsmål til Eivind Thomassen: Ville det same skjedd om Bitcoin hadde hatt
ein meir sentralisert arkitektur, men framleis basert på open programvare? Eg
meiner svaret er ja. FTX og dei andre kollapsane i kryptouniverset er eit
resultat av grådigheit og jakt på urealistisk avkastning. Det er ikkje noko
nytt og det finst rikeleg med eksempel frå ordinær finans.
At det er Bitcoins
manglande effektivitet som har skapt rom for dei mange alternative kryptovalutaene
er tvilsamt. Bitcoin er basert på open kjeldekode, og eit typisk kjenneteikn
ved slike programtypar er at dei stimulerer til kopiar og nye produkt med
enkelte endringar. Og til meir populært eit ope program er, til meir vil det
bli forsøkt kopiert og «forbetra». Men eg held fast på tidlegare påstand om at
den eigentlege motivasjonen bak alskens kryptovalutaer er seigniorage;
altså gevinsten du kan få ved å laga og omsetja eigne pengar. Saman med
velkjent finansakrobatikk og grådigheit er det dei eigentlege årsakene til dei
mange kollapsane i kryptoverda.
Til slutt er det
viktig å plassera dette i det makroøkonomiske bildet. Etter ei massiv
«pengetrykking» og nullrente i samband med pandemien, fann mykje pengar vegen
til risikorelaterte investeringar som vekstaksjar og kryptovaluta. Den
påfølgjande inflasjonen og rentehevinga slo då naturleg nok mest ut på dei
nemnde investeringane. Vanvittige investeringar vart gjort både innan «krypto»
og ordinær finans, og som det blir sagt: når tidevatnet snur, blir det klart
kven som har svømt utan badedrakt.
Ja FTX kollapset fordi selskapet tillot at kundemidler ble spekulert bort uten kundenes viten. Hadde ingenting med BTC systemet eller blokkjeder å gjøre. Synes det er veldig viktig å skille mellom kryptopenger og kryptobørser. Mesteparten av kryptopenger omsatt på en kryptobørs vil ikke en gang bli registrert i blokkjeden. Når få hender rår over enorme midler er det alltid fare på fære. I så måte er ikke kryptouniverset annerledes enn øvrig finans.
SvarSlettI FTX hadde en person muligheten til å disponere over en million kunders beholdninger. I en sentralisert kryptobørs vil normalt børsen forvalte kundenes beholdninger. Børsen er således de legitime eiere av kundemidlene i den forstand at de utad har full disposisjonsrett over midlene, og gitt at pengene er registret i en blokkjede er det børsen som har den suverene råderetten.
FTX var verdens 3. største kryptobørs. I verdens største kryptobørs Binance, er det på samme måte. Også der er kundene midler avhengig av hva eier Mr.CZ finner på. Millioner av kunder har overlatt sine midler i hendene på en enkelt person. Og myndighetene i de respektive land har hittil ikke vært flinke til å lage regler som beskytter kundenes midler mot misbruk og svindel fra kryptobørsen i seg selv. Akkurat det faktum gjør at kryptobørser hvor børsen også er en forvalter av kundenes midler skiller seg vesentlig ut fra f. eks aksjebørser. Man kan si at kryptobørser opererer med flere roller enn det vi er vant til med aksjebørser.
I motsetning til når man kjøper en aksje som blir registrert i kjøpers navn i et et offentlig register, altså hvor kjøper faktisk blir eier av aksjen, vil ikke f. eks kjøp av BTC via Binance, medføre at kjøper blir eier av disse BTC med mindre han tar dem ut av Binance.
Først ved uttaket vil man faktisk eie BTC, før det vil man kun eie et krav på Binance på at de ifølge dem skylder deg tilsvarende BTC. Det er ikke en gang nødvendigvis slik at disse BTC i realiten er ekte BTC i den forstand at Binance disponerer tilsvarende sum BTC registrert på
BTC blokkjeden. Føler vel at dette sjelden kommer godt nok frem. De fleste som eier kryptoverdier, eier nok egentlig finasielle produkter som ikke er ekte kryptopenger. Virker heller ikke som skattemyndighetene fullt ut forstår nyansene her. For de inkluderer alle som eier slike pengekrav som eiere av kryptopenger.
Viktig presisering! Bitcoin oppbevart på vekslingsteneste er ein "IOU" - berre eit papir. Det er difor viktig at framtidig regulering ikkje legg hindring for å oppbevara bitcoin/krypto sjølv. Det er jo det som er heilt poenget med bitcoin!
SvarSlettNår ET hevdar at bitcoin er årsaka til FTX-kollapsen er det for meg det same som å seia at den amerikanske dollaren var årsaka til finanskrisa i 2008. Ja, på ein måte er det jo rett, men samtidig er det heilt feil. Utan Bitcoin ville ikkje FTX eksistert, men å leggja skulda på bitcoin blir likevel heilt feil etter mitt syn.
Og påstanden om at manglande kapasitet i Bitcoin er ei hovudårsak til FTX-kollapsen kjøper eg heller ikkje. Det er som du peiker på, "god" gammaldags finanssvindel - verken meir eller mindre.