
Software 2007 vart arrangert forrige veke, 13. - 15. februar. Eg deltok på parallellsesjonen
Semantic Web og var litt overraska over at det ikkje var meir enn 40-50 deltakarar. Eg trudde temaet ville interessera fleire.
Guus Schreiber, professor ved Vrije Universiteit (Free University) Amsterdam, var hovudpersonen i programmet. Me møtte Guus og kollegaene hans på studieturen vår til Amsterdam i fjor vår og hadde møte med han dagen før Software 2007. Guus er ein sentral person i W3C sitt arbeid med semantisk vev. Me drøfta muleg felles prosjektsøknad til 7. rammeprogram i EU som no har hatt første utlysing.
Guus var veldig bra. Det er alltid interessant å høyra på folk som har full oversikt og som dermed kan forklara enkelt nokså kompliserte saker. Han framstod typisk pragmatisk og var mest oppteken av løysingar og mulegheiter og mindre av teknologi og type standardar. Han meinte at ein av dei største feila innan semantisk vev var å overvurdera kompleksiteten av ontologiar og dermed gjera det mykje vanskelegare for seg sjølv.
Han likte ikkje begrepet 'ontologi' og meinte det var for "voldsomt" for det som ligg bak: "shared concepts". Han var opprinneleg mot begrepet då han arbeida i arb.gruppa for OWL, men måtte gi tapt.
Trua på den eine "sanne" og altovergripande ontologien er heilt feil, meinte han. Det er mange ulike ontologiar som kan ha enkelte berøringspunkt: ontology alignment. Han advarte også mot det einsidige fokuset på logikk (første ordens predikat-logikk) - noko eg likte godt :-)
Han gjekk gjennom fire grunnleggjande prinsipp for utvikling av ontologiar:
1. Modesty
- bruk eksisterande vokabular
- WordNet er t.d. ein veldig viktig ressurs (finst dessverre ikkje på norsk)
2. Scale!
- tenk stort!
- tenk mange ontologiar og justering (alignment) av desse
3. Pattern principle
- ikkje ver for kreativ, gjenbruk er viktig
- sjå mellom anna tilrådingar frå
Semantic Web Best Practices and Deployment Group4. Enrichment principle
- ikkje endra, berre legg til (don't modify, add!)
Som eksempel viste Guus nokre kulturprosjekt der RDF + OWL er brukt som basisteknologi for semantisk støtte. Eit av prosjekta er
Culture Web.
Til slutt minna han om kor viktig det er å følgja standardar, mellom anna tilrådingane frå WAI. Guus er svært svaksynt og viste korleis tekst ofte ser ut i hans nettlesar når han må stilla den størst muleg. Med dårleg design forsvinn ofte mykje av teksten.
Presentasjonen til Guus
finn du her.