I eNorge 2009 heiter det:
I løpet av 2007 skal 80 prosent av offentlige nettsteder oppfylle Norge.no’s kvalitetskriterier for tilgjengelighet.Resultatet av 2006-vurderinga var at berre 6 av 690 offentlege nettstader oppfylte krava til tilgjengelegheit. Det er mindre enn 1 % (0,87 % for å vera heilt nøyaktig). At dette talet skal stiga til over 80 i løpet av hausten er heilt urealistisk.
Det var forrige statsråd Morten A. Meyer som førte eNorge 2009 i pennen, men det blir noverande statsråd Heidi Grande Røys som får ansvaret for at måla blir oppfylte. Eg vil rå ho til å ta ein ny diskusjon om akkurat dette punktet. Eg trur kanskje målsetjinga var ei anna, men at formuleringa vart litt feil.
Dersom formuleringa hadde vore "offentlege nettstader skal oppfylla minst 80 % av krava til tilgjengelegheit", ville det vore muleg å nå målet. I 2006 var oppfyllingsgraden 69 % (67,3 % for kommunar/fylkeskommunar og 72,3 % for statlege etatar).
Poenget med ein ny diskusjon er ikkje å tilpassa måla etter nosituasjonen, men å setja søkjelys på kva som er viktig innafor dette området. Eg meiner ut frå eit praktisk og pragmatisk syn at det viktige må vera å få flest muleg til å oppfylla dei viktigaste krava for tilgjengelegheit. Så får det heller våga seg om nokre sider ved tilgjengelegheit er dårlegare dekka. Dei indikatorane som er vanskelegast å tilfredsstilla, er:
- hoppa over faste element og gå direkte til innhald (9 % oppfylte dette i 2006)
- korrekt bruk av rad- og kolonnetitlar i datatabellar (24 %)
- bruk av forklarande tekst (ALT-tekst) til grafiske element (53 %)
Av desse meiner eg den siste er den desidert viktigaste og at dei to andre er mindre alvorlege. Sjølvsagt skal ein ha høge ambisjonar på dette området, som regjeringa viser i eit nytt forslag, men det må på same tida ikkje bli for stort sprik mellom målsetjing og faktisk situasjon.