søndag 27. desember 2009

The Cluetrain Manifesto

Det er 10 år sidan David Weinberger, Doc Searls, Rick Levine og Chris Locke slo opp 95 tesar om framtidas marknadsføring - ikkje på kyrkjedøra som Martin Luther, men på Internett. Den første tesen var "Markets are converations" og den sette tonen. Det er også den setninga som blir best hugsa frå manifestet.

"The end of business as usual"
Undertittelen "The end of business as usual" varsla dramatiske tider. 10 år etter er det tid for ettertanke og etterprøving. Tok dei grundig feil? Er det ikkje nettopp "business as usual" som pregar både tida og nettet? I boka som markerer 10-årsjubileet drøftar forfattarane dette. Dei er ikkje heilt einige om dei tok feil eller ikkje.


Slutten på "business as usual" er det i alle fall ikkje. Det kan synast som om alt er ved det gamle og at dei dermed tok skammeleg feil. Men då overser ein mange av dei grunnleggjande endringane som har skjedd dei siste ti åra. Me har vant oss til endringane slik at me kanskje overser dei.

Forløpar til web 2.0
I 1999 eksisterte ikkje bloggar - i dag er det millionar av dei. Sosiale medium er norma og 2009 har kanskje vore gjennombrotsåret for web 2.0-tankane. Cluetrain Manifesto føregreip det som skulle skje. Boka er gjennomsyra av "sosiale media" og grunntanken er at folk har behov for å kommunisera med kvarandre og dei som driv forretning bør vera klar over det, elles får dei problem. Og utviklinga på nettet viser gradvis at dette kjem til å bli tilfelle for svært mange bransjar. Om dei ikkje lærer seg å lytta til kundane og snakka med dei og ikkje til dei, får dei trøbbel.

Endringar tek tid
På same måten som me kan peika på radikale endringar, er det også slik at store endringar tek lang tid. Forfattarane erkjenner at dei var overoptimistiske, ja jamvel naive, i trua på at å driva butikk ville bli heilt annleis når Internett fekk skikkeleg fotfeste. David Weinberger omtalar sin eigen optimisme både som litt naiv, men også som nødvendig og viktig for utviklinga av nettet. Han trudde nettet ville føra med seg radikale endringar nærmast av seg sjølv, men innser at det må mykje arbeid til for å få til endringar.

"Do you want to have fun? Go home!"
Boka er gjennomsyra av "ikkje høyr på oss eller andra autoritetar, finn ut sjølv kva som er best". Og bruk for all del ikkje denne boka til å laga nye råd om å driva business. Slik sett minner det meg veldig om ein konsert eg var på tidleg på 1980-talet (trur det var 1981). Det var Horten-festivalen og bandet var The Specials. Stemninga var på topp og bandet var toppnamnet på festivalen. Vokalisten skreik ut: "Do you wanna have fun???" og publikum var heilt med "Yeeeaaaaahhh". Så kom det tørt: "Go home!". Herleg britisk humor!

Viktig bok?
Det er vanskeleg å svara ja på det. Eg vil også nøla med å tilrå den. Likevel er heile Cluetrain Manifesto eit viktig opprop. Dei var kanskje litt (for) tidleg ute, men ettertida har gitt dei rett i mykje av det dei skreiv. Men påstandar som "the end of business as usual" - som er nokså vanlege på denne typen bøker - har lett for å komma i retur, som ein hyperbolsk effekt.

Av forfattarane synest eg David Weinberger og til dels Doc Searls er dei som er mest verdt å lesa og lytta til. Heile den originale boka frå 1999 kan du elles lasta ned gratis frå nettstaden deira.

1 kommentar: