onsdag 30. desember 2009

Digital brønnpissing

Det er naivt å tru at nettet skal vera eller bli annleis enn verda elles. Likevel har denne naiviteten hatt eit sterkt fotfeste og framleis er ideen, eller snarare håpet, om ei ideell cyber-verd levande. Det er den typen naivitet som eg kommenterte i omtalen av boka "The Cluetrain Manifesto", men som David Weinberger kallar optimisme. Han seier 10 år etter den første utgivinga at optimismen boka representerte, er viktig, men at den må styrkast med realisme i form av hardt arbeid for å realisera ideane.

For eigen del har eg alltid prøvt å halda terskelen for kommentarar o.l. på bloggen så låg som muleg. Det er fordi eg vurderer isolasjon som eit større problem enn spam. Men i det siste har spam-problemet auka monaleg og eg ser meg dessverre nøydd til å innføra førehandsgodkjenning av kommentarane. Det synest eg er synd, men dritsekkane følgjer oss også inn i det digitale rommet og då blir det slik.

Det digitale rommet, nettet, er ein refleksjon av verda elles. Kriminelle og andre slaurar vil vera representerte saman med alt det gode og spennande. Dessverre får dei som vil øydeleggja, kraftige verktøy mellom hendene, noko som gjer at verknadane blir større på nettet enn elles. Men det er jo dei same verkemidla som kan brukast til gode føremål, og som blir brukte til det.

Uttrykket "brønnpissing" vart elles gjort kjendt av forfattaren Sigbjørn Hølmebakk då han brukte det for å karakterisera debatten der fredsaktivistar og motstandarar av NATO vart stempla som kommunistar (jfr. Wikipedia).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar