Piratpartiet på nett. Legg merke til kravet om Flash! Ooops... |
Den viktigaste grunnen til å skriva under er at eg meiner det vil vera bra for norsk politikk å få med eit parti som har IKT som hovudbodskap. Eg ser ingen av dagens parti som verkeleg forstår betydninga av nettet og den revolusjonen det medfører. Ja, alle partia har punkt om den digitale utviklinga, men "they just don't get it!".
Elles må eg seia at eg ikkje likar namnet; ein pirat er ingen heidersmann etter mine begrep. Men namnet er nok gitt av søsterpartia i Sverige og elles i Europa.
Så til dei 11 programpunkta som utgjer kjerneprogrammet for Piratpartiet. Det låg ved underskriftslista som var følgjebrev. (eg merkjer meg elles at ikkje noko av Piratpartiet sin kommunikasjon, på papir eller nett, er på nynorsk..). Eg har sett inn mi eiga vurdering (tommel opp/ned) for kvart punkt:
1. Fildeling styrker norsk språk og kultur
Forslag: ikke-kommersiell fildeling gjøres lovlig.
Grunngjevinga startar med "Fleksnes på Youtube må være greit". Det seier ganske mykje om naiviteten når ein argumenterer på denne måten. Eg synest heile punktet ber preg av nettopp naivitet. Her vil partia tena på å nyansera argumentasjonen og setja seg grundig inn i dagens system og lovgiving.
2. Offentlige data må være offentlig tilgjengelige
Forslag: Gratis digitale kart.
+
Ikkje vanskeleg å vera einig på dette punktet.
3. Breddedemokrati: Kvalitetskontroll av politikere
Forslag: Tillat stryking av navn på stemmesedlene
-
Litt rart forslag gitt at Piratpartiet først og fremst er opptekne av digitale saker. Eg trur det heller er det grunnleggjande partisystemet som må reformerast. Dagens lukka prosessar med stadig færre involverte (medlemstala går ned) er ikkje bra for demokratiet.
4. Eierskap til egne data; nei til DLD
Forslag: Datalagringsdirektivet tas ikke inn i norsk lov
+
Dette er eit viktig punkt og eg har same haldning til DLD. Men saka er meir omfattande enn som så, det handlar om overvaking generelt. Sjølv om DLD ikkje blir innført, vil data våre bli registrerte fleire stader (den svenske FRA-overvakinga, USA sine overvakingssystem osv.).
5. Åndsverk og patenter: tilbake til start
Forslag: 14 års opphavsrett og ingen programvarepatenter.
+
Her gir eg full støtte. Opphavsretten har fått ei utvikling styrt av store og mektige interesser som har gjort den svært ubalansert i høve det opprinnelege føremålet. Eg trur absolutt det er nødvendig å starta med blanke ark her. Eg ville lagt til eit forslag om aktiv fornying; opphavsmannen må sjølv aktivera nytt vern etter den første perioden er over, elles vil verket automatisk fall i det fri.
6. Anonyme ytringer må tillates på nettet
Forslag: Det må være greit å ytre seg offentlig uten at ens navn blir publisert.
+
Dette støttar eg også, sjølv om anonymiteten også har sine problematiske sider. Men her må me sjå ut over eigne landegrenser og til statar der det er direkte livsfarleg å ytra seg. Det er ikkje tvil om at anonymitet har vore viktig for den arabiske våren, t.d.
7. Offentlig kulturstøtte forplikter
Forslag: Offentlige støtteordninger krever digitale resultater.
+
Eg er i hovudsak einig i dette punktet, men igjen grip det inn i sentrale delar av opphavsretten som fortener ein breiare diskusjon.
8. Nettnøytralitet lovfestes
Forslag: Avtalen om nettnøytralitet som norske ISPer har undertegnet omskrives til lov.
+
Eg er einig i intensjonen, og at den bør lovfestast på eit eller anna vis. Samtidig er utgangspunktet "alle pakkar er fødde like" også litt problematisk ved nærmare ettersyn. Det som synest heilt opplagt, er likevel ikkje så krystallklart (sjå omtale av boka "Internet Governance" og kommentarar/referat frå seminar der boka vart presentert).
9. Kostnadstak på mobiltelefon
Forslag: EUs kostnadstak på mobiltelefoni innøfres også for andre land; kunder gis rett til varsling om forbruk.
+
Ja, det er ei opplagt god sak. Men ei så spesifikk sak som dette er ikkje politikk, men detaljar. Meir om det til slutt.
10. Innsyn i offentlig sektor
Forslag: Digitale filer må følge med byggesøknader.
+
Igjen isolert sett eit ok forslag, men på eit veldig detaljert nivå.
11. Offentlig sektor må bruke åpne standarder
Forslag: Åpne standarder må brukes i digital kommunikasjon.
+
Dette er vel alt ivareteke. Men realiteten er annleis, det er jo defacto-standardane (ok, dei er også sertifiserte som opne standardar) Word og Excel som framleis dominerer i offentleg sektor. Når denne debatten har stilna, trur eg det kjem av at Microsoft ikkje lenger er den store stygge ulven. Det har komme andre ulvar som framstår langt farlegare..
Ei rask oppsummering gir meg 9 tommel opp og 2 tommel ned, då er det vel full støtte til Piratpartiet? Så enkelt er det ikkje. Det største problemet med punkta over er at mange av dei er kampanjesaker, men ikkje politikk. I rettferdas namn må det leggjast til at Piratpartiet har eit partiprogram basert på fem hovudsøyler (partiprogrammet er sjølvsagt i form av ein wiki):
- Individ og personvern (styrking av individ og personvern)
- Kunnskap og kultur (reform av opphavsrett og patentar)
- Demokrati (demokratisk reform med breiddedemokrati)
- Kommunikasjon (lovfesta nettnøytralitet, auka nettutbygging og standardisering)
- Teknologi, innovasjon og vitenskap (satsing på teknologi og vitskap, større respekt for vitskaplege metodar og samhandling på nettet)
Piratpartiet er eit nisjeparti og tek ikkje opp store utfordringar som sosiale skilje, utstøyting, trygdesystem m.m. Det er på ein måte greitt, men dei burde i alle fall ha teke med "digitale skilje" som ei hovudsøyle. Slik programmet no framstår, blir det eit parti av og for nerdar.
Hei Svein. Du skriver godt: flott innlegg. Dette Piratpartiet er et spennende alternativ som nok er litt i støpeskjeen ennå. RL
SvarSlettTakk for det. Einig i at programmet ser veldig uferdig ut, og eg håpar mine kommentarar kan bli innspel i debatten om utforming. Det er saknar aller mest, er temaet "digital inkludering".
SvarSlettHe-he, interessant!
SvarSlett