Journalist Hanne Østli Jakobsen hadde ein kommentar i Morgenbladet om Bitcoin (og kryptovaluta), med tittelen "Du ville ikke satt podens barnetrygd i våpen, nei. Men bitcoin, det er greit?" (sannsynlegvis bak betalingsmur). Eg vart skikkeleg provosert av kommentaren og sende eit motsvar. Det har enno ikkje vorte publisert (fredag 13.09) og eg har ikkje fått noko tilbakemelding på om det blir det heller. Legg det difor førebels ut her:
«Du veit ikkje kva du snakkar om, Hanne Ø. Jakobsen!»
Hanne Østli Jakobsen meiner dei som sparer i kryptovaluta bør setja seg inn i kva det betyr. Eg meiner Hanne ØJ må setja seg inn i temaet sjølv, for makan til dokumentasjon av mangel på kunnskap kan eg ikkje hugsa å ha sett. Eg har lese mykje rart om Bitcoin (la oss halda oss til den, det er den det dreier seg om), men dette overgår alt. For å seia det med den kjende politikaren frå mitt eige distrikt: «Du veit ikkje kva du snakkar om!».
Eg vil begynna med
eit filosofisk spørsmål formulert av professorane Andrew Bailey, Brad Rettler
og Craig Warmke, som nyleg har gjeve ut boka «Resistance Money»:
Viss du vakna
opp i morgon og ikkje visste kven du var, men kunne vera kven som helst av dei
over åtte milliardar menneska på jorda, ville du då ønskt at bitcoin
eksisterte?
For Hanne ØJ er svaret klart nei, ser det
ut til. Og det trass i at risikoen for at ho ville ha vakna opp i eit
autoritært eller totalitært land ville vera større enn det motsette. Og som
kvinne ville ho vera dobbelt ille ute. Spørsmålet er sjølvsagt ein variant av
John Rawls’ kjende «slør av uvitenheit» («veil of ignorance»).
Kommentaren til HØJ er elles så full av
feil at det er nyttelaust å ta for seg alt. Eg vel difor berre å kommentera
energibruken. Bitcoin-maskiner brukte til «mining» er like mykje eller like lite
klimavennlege som el-bilar. Dei er drivne av elektrisitet, og eventuelle
utslepp er avhengig av straum-miksen som blir brukt, akkurat som andre
elektriske apparat.
Bitcoin-mining som næring, har i dag ein
andel fornybar energi på rundt 55 %, noko som er best i klassen med god
avstand. Den bør sjølvsagt bli høgare, og det blir den etter kvart som endå
meir sol- og vindkraft blir utbygt. Bitcoin-mining bidreg også til den viktige
lastbalanseringa i nett med stor del av ustabil kraftproduksjon, særleg frå sol
og vind, såkalla «Demand Response»-program. Her har Bitcoin-mining ein stor
fordel framfor andre industriprosessar ved at aktiviteten kan slåast av og på
med sekundars varsel.
Eg fornya nettopp abonnementet mitt på
Morgenbladet, men angrar no. Ikkje fordi eg ikkje vil lesa ting eg er ueinig i,
heller tvert om. Men forakt for kunnskap blanda med arroganse, toler eg ikkje.
Eg må til slutt spørja kor redaktøren har vore i denne saka. Er det verkeleg
slik at journalistar får publisert alt utan kvalitetssikring og faktasjekk?
Svein Ølnes, tidlegare
IKT-forskar, underviser i Bitcoin
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar