onsdag 30. november 2005

Search is the new interface

Har lyst til å komma tilbake til User Experience 2005 i London og Peter Morvilles sesjon om IA. Han var inne på spådommen at "Search is the new interface" og var einig i den. Men han ser nok dette litt annleis enn reine søkefantastar. Han meiner at søkegrensesnittet (sjølve søkefeltet) berre er starten på ein prosess som må tilretteleggjast på ein heilt annan måten enn i dag.

Søk i dag stinkar! Det er berre Google som får det bra til. Eg ser at eg sjølv stadig oftare tyr til Google og utfører søket "søketerm" site:www."firma".no og finn då oftare det eg leitar etter. Det er jo sjølvsagt eit stort nederlag for det lokale søket.

Det er likevel små teikn til betring. Norge.no har jobba med søkeresultat-sidene og prøver å fanga opp søk som dei har gode svar på internt. Dei kategoriserer treffa etter tilslag i eigne informasjonsbasar. Sosial- og helsedirektoratet har ei liknande teneste. Dei kategoriserer også treffa etter kategoriar (personar, fagnytt, temasider osv.). Dette er heilt klart vegen å gå. Det er den måten det interne søket kan gi betre resultat enn t.d. Google. Men det er ein lang veg å gå før me kan seia at søk blir ei god teneste!

Første blogg?

Eg brukte tittelen "Min første blogg" på den første posten. Men i realiteten er ikkje dette den første bloggen min. Den skreiv eg så tidleg som i 2001 (jan - des) som spalta "Gode tenester" på den offentlege informasjonsportalen Norge.no. I spalta tok eg opp gode og dårlege eksempel på offentlege nett-tenster i samband med Norge.no sitt arbeid for å heva kvaliteten på nemnde tenester. Har tenkt å gjera eit tilbakeblikk på spalta og sjå på status på ein del av problema eg tok opp den gongen.

søndag 27. november 2005

User Experience 2005

Det er no ei veke sidan User Experience 2005 i London vart avslutta. Jakob Nielsen med følgje (Nielsen Norman Group - NN/g) inntok byen og arrangerte (nok) eit straumlinjeforma arrangementet på luksushotellet Millennium Gloucester.

Vestlandsforsking var sjølvsagt på plass, ved meg sjølv og kollega Terje Aaberge. I tillegg var det 7-8 nordmenn blant dei 200-250 deltakarane. Sist me deltok på NN/g-seminar var i Munchen i 2000. Då var me dei einaste nordmennene. Det fortel meg at Usability og informasjonsarkitektur har begynt å få skikkeleg fotfeste i Norge i løpet av desse åra.

Konferansen varte frå 13. - 19.11 og det var relativt stramt program; frå 0900 til 17 eller 18 kvar dag. Terje og eg deltok frå søndag til onsdag.

Kvaliteten var bra, med enkelte glipp. Best var Peter Morville med informasjons-arkitektur I og II (to fulle dagar). Han er best kjent som medforfattar til referanseboka "Information Architecture for the World Web" (isbjørn-boka) saman med Louis Rosenfeld. Peter ga oss to interessante dagar og var flink til å engasjera deltakarane. Det var difor mange spørsmål og mykje diskusjon. Stoffet var henta frå IA-boka, men også frå den nye boka "Ambient Findability" (lemur-boka, her annonsert på Amazon)(lange, håplause URL-ar skal bli tema ein annan dag...).

"Search is the new interface" var eit av Peters postulat; interessant nok var han like oppteken av søk som av "klassisk" IA. No er det ikkje nødvendigvis noka motsetning her; det var utforminga av søkegrensesnittet han var oppteken av - spesielt resultatsidene. Søk er noko av det som fungerer dårlegast på nettet i dag, spesielt interne søk.

Jakob Nielsen var også bra i sitt foredrag om "Fundamental Guidelines for Web Usability". Han blir av og til skulda for å ikkje ha gjort noko nytt sidan 80- og 90-talet, men eg synest han var bra oppdatert.

Den som gjorde dårlegast inntrykk på meg, var Bruce "Tog" Tognazzini. Han foredrog om interaksjonsdesign, men det ga meg svært lite. Verka for meg som han stoppa på 80-talet; nesten alle eksempla hans var frå den tida han jobba med Apple.

Om det er verdt å reisa på ein slik konferanse: Ja, om du har råd til det, for det er ein relativt dyr konferanse (ca. NOK 19 000,-) for 4 dagar. Men vurder foredragshaldarane nøye på førehand, ikkje alle held like godt mål.

fredag 25. november 2005

Min første blogg...

I ei verd med millionar av bloggar er vel ikkje dette noka stor nyheit. Det store spørsmålet er sjølvsagt å bruka bloggen regelmessig og prøva å fortelja noko som også kan interessera andre enn meg sjølv (og mor mi, om ho hadde brukt internett..).

Som omtalen indikerer, vil bloggen først og fremst handla om IT-relaterte ting, sidan det er det eg arbeider mest med til dagleg.

Denne bloggen skal eigentleg liggja på www.olnes.no, men det er visse tekniske problem som må løysast først.