tirsdag 27. mars 2007

Ikkje gull alt Google tek i

Google har vore innovative når det gjeld brukargrensesnitt. Deira reine søkeside stod i sterk kontrast til andre søkemotorar som etter kvart fekk portal-sykja og dynga på med lenker. Google sitt uttrykk er minimalistisk og står for trenden kuttisme (sjå eigen blogg frå firmaet idx). På same måte har Google Maps revolusjonert brukargrenesnittet for kart på internett. Akkurat det kan vera verdt ein eigen omtale.

Men Gmail har dei ikkje vore særleg heldige med, etter mi meining. Eg er sporadisk Gmail-brukar og likar absolutt ikkje grensesnittet. Det er rotete og lite intuitivt. Her om dagen skulle eg vidaresenda ein e-post og det tok meg lang tid før eg oppdaga at eg først måtte opna meldinga før den kunne vidaresendast. Det er ikkje logisk eller intuitivt i det heile, tvert om er det dårleg designa funksjonalitet. Så skjerpings, Google!

mandag 26. mars 2007

Forbrytelsen

Akkurat no er forbrytelsen å stoppa ein spennande krimserie etter 10 episodar! Og så berre seia at den kanskje held fram i nye 10 episodar til hausten. Kanskje!? Det blir rett og slett for dumt.

Eigentleg var eg klar til å skriva kor mykje betre tak på dette danskane har enn nordmenn. Eg såg ein del av "Hunter" og mi oppfatning er at den var oppskrytt. Det eg såg var klisjear i lange straumar - og ei avslutning som var "på trynet".

Danskane kan det, ingen tvil om det. Eg såg ikkje første episoden av "Forbrytelsen", men har fått med meg dei siste ni. Og bortsett frå skuffelsen i kveld over at det ikkje vart ei oppklaring, har dette vore ein glimrande serie. Personane, dialogane; alt er eit par klassar over før nemnde Hunter.

fredag 23. mars 2007

Portalar utan grunnmur

Er på KS-konferanse og har nettopp halde innlegg om "Kommuneportalar - byggverk utan grunnmur?". Poenget er at svært mange av dagens kommuneportalar (og alle andre typar portalar for den saks skuld) manglar ein god informasjonsstruktur i botnen.

Ofte er struktur synonymt med menystruktur. I tillegg er publiseringssystema bygde opp om (nett-)avismetaforen med overskrift, ingress og fulltekst. Det gamle ordtaket "When all you have is a hammer, everything starts to look like a nail" gjeld for fullt. Alt blir nyheiter, for det er det systemet er gira inn mot.

Eg lånte begrep frå emnekart for å visa kva som må til for å kunna seia meir om informasjonen. Emnekart er eit veldig godt utgangspunkt og hjelpemiddel i modelleringsfasen, så får ein heller finna pragmatiske løysingar når det heile skal implementerast i eit eller anna portalsystem.

Og så starta eg sjølvsagt presentasjonen med Larson-teikninga av mannen som har målt namna på huset, døra, hunden, katten osv... Skulle gjerne hatt den med her, men det har eg vel ikkje lov til (sjølv om eg har kjøpt den på lovleg vis). Presentasjonen finn du på vestforsk.no

onsdag 21. mars 2007

Ikkje spør brukarane (om alt)!

Mona Halland i Netlife har ein interessant artikkel om dette temaet på bloggen IAllEnkelhet. Likar spesielt godt sitatet frå Henry Ford:

If I had asked my customers what they wanted,
they would have asked for a faster horse.
På same måte: Viss det hadde vore ei brukarundersøking om behovet for nettbankar rundt 1995, trur eg resultatet hadde vorte nedslåande. Konklusjonen ville vel vore at nettbankar har ikkje noka framtid...

Weber og filosofane

Me skal ha Skjervheim-seminar om ei veke og difor står essaysamlinga Deltakar og tilskodar på pensum. Her er mykje interessant, men også mykje som ikkje akkurat glir inn ved første gjennomlesing. Skjervheim siterer Max Weber og synet på tidlegare filosofar og kvifor det var viktig å lesa dei (i eit historisk perspektiv):

Folk las filosofi ... for å møblera medvitet med garantert ekte antikvitetar.

søndag 18. mars 2007

Bouvet sluker Ontopia






I ei pressemelding fredag annonserer Bouvet oppkjøpet av emnekart-selskapet Ontopia. Kanskje ikkje veldig overraskande, men eg trur ikkje det er bra samla sett for det norske emnekart-miljøet og framtida. Det er mi meining sett utanfrå og utan særleg kjennskap til det som har føregått på innsida og utan å vita heilt kva planar Bouvet har.

Eg ville nok føretrekt å framleis ha Ontopia som eit uavhengig firma, uavhengig i den forstand at dei leverte emnekartmotor og -tenester til alle. Det blir nok verre framover, for Bouvet er i direkte konkurranse med fleire av dei som har brukt Ontopia sin teknologi.

Så eg er nok redd for at emnekart-miljøet samla sett taper på dette, sjølv om Bouvet isolert sett vinn. Her er det sikkert nokon som har andre synspunkt?

tirsdag 13. mars 2007

Forskarforum for e-forvaltning

hadde møte sist fredag (9.3) om regjerings IT-melding. FFeF er eit laust interessenettverk leia av miljøet for forvaltningsinformatikk ved UiO. Det miljøet er i praksis Arild Jansen, og delvis Dag Wiese Schartum.

Det var godt frammøte og tydeleg at temaet engasjerte. Avd.dir. Kai Ove Nauen starta med ei overordna orientering om den delen av meldinga som omhandlar e-forvaltning, i praksis kapittel 7. Han fekk straks spørsmål etter innleiinga om kvifor demokrati er heilt fråverande frå meldinga. Eit godt spørsmål - eg har sjølv lurt på det same. Noko spesielt godt svar kom ikkje.

Deretter var det hovudstups ned i detaljane. Kjell Tore Guttormsen frå eKor tok for seg detaljar ved XSD-formatet (!) i samband med SERES-standardiseringa. Det vart altfor detaljert og teknisk etter mi meining, og feil fokus i forhold til det eg hadde venta meg av dagen. Eg samanlikna dei to første foredraga med Google Earth: Dep. starta med å betrakta jordkloden frå verdsrommet, i det neste foredraget var me plutseleg på gatenivå.

IT-direktør Gunnar Horn i NAV orienterte så om IT-meldinga og sentrale problemstillingar sett i forhold til utfordringane for NAV. Det var interessant og tillitsvekkjande, ein kar som ser ut til å ha det rette grepet om dette.

Gunnar Horn oppmoda FAD om å rydda i usikkerheita rundt Miside og Altinn, ei oppmoding som er på sin plass. Eg gjentok oppmodinga og viste til eit eksempel der Altinn reklamerer for at du kan utføra flyttemelding ved å gå inn på Altinn (reklame på Skandiabanken i januar/februar). Nauen innrømte at dette ikkje er bra, og han tok med seg signala tilbake. Det er klart det ikkje er noko nyheit at det er ein kamp mellom Altinn og Miside, det har det vel vore heile vegen. For Skatteetaten er det Altinn som gjeld, og berre den, og dei arbeider hardt for å få dei andre tunge statsetatane med seg. NAV er på veg inn for full tyngde i Altinn.

Dag Wiese Schartum tok for seg e-forvaltning sett i lys av regelendringar (lovendringar osv.) - eit interessant tema. Han påpeikte den relativt meiningslause situasjonen der nye lover blir skrivne heilt frå grunnen av, med blanke ark, og utan noko form for samordning begrepsmessig. Han etterlyste malar for regelutvikling, absolutt eit område for forsking. Det kallar eg ei offensiv haldning til e-forvaltning og jus, utan å falla for freistinga å ta snarvegar i lovutforminga. Det siste er det mange som har lyst til.

Til slutt orienterte Trond Knutsen og Vemund Riiser frå Forskingsrådet om finansieringsmulegheiter for forsking innan e-forvaltning.