fredag 31. desember 2010

"Freedom"


Er "Freedom" av Jonathan Frantzen årets mest oppskrytte roman? Ja, det vil eg påstå. Eg seier ikkje at boka er dårleg, men eg meiner den på langt nær er så bra som dei mange ovasjonane skulle tyda på.

Som eg skreiv i omtalen av "Innsirkling" la eg vekk "Freedom" fordi eg opplevde starten som treg, og med tanke på 562 sider, var eg rett og slett i tvil om eg hadde lyst å bruka tid på boka. I mellomtida las eg altså "Innsirkling", og starta så på "Freedom" på nytt (originalutgåva).

Det er eit stort anlagt epos JF dreg opp. Det er "the rise and fall of" familien Berglund som er hovudinnhaldet. På eit meir overordna plan er det kampen mellom industri og miljøvern i tillegg til spenninga mellom krig og fred (ikkje heilt tilfeldig les ein av hovudpersonane Tolstojs "Krig og fred").

Men like mykje som spenninga mellom desse motsetningane er eit hovudspørsmål  etiske dilemma knytt til handlingar innafor desse tema. Det er miljøvernaren som blir i overkant pragmatisk og endar med å tena gruveindustrien sine interesser, og det er profitøren som tener grovt på spekulativ handel med det amerikanske  forsvaret i samband med Irak-invasjonen.

Det er kanskje "den store amerikanske romanen" Frantzen har skrive, eller har hatt ambisjonar om å skriva. Det er eit litt forslitt uttrykk, men samtidig noko USA har vore oppteken av til alle tider. Ulikt Russland, Frankrike, England, har ikkje USA eigentleg klart å få fram "den store amerikanske romanen".

Men romanen famnar ikkje heile det amerikanske samfunnet, den handlar om den kvite middelklassen. Boka kan lesast som ein kritikk av den småborgarlege middelklassen, men eg oppfattar at kritikken ikkje stikk så veldig djupt. I så måte minner den meg om filmen "American Beauty" som kom for nokre år sidan. Også den kritisk til verdiar og levesettet til middelklassen, men likevel berre "skin deep".

Etter å ha lese Carl Frode Tillers "Innsirkling" verkar familiedrama i "Freedom" meir overflatiske og ikkje så djuptloddande. Tiller skriv psykologisk skremmande godt der Frantzen er ein historieforteljar, men utan dei same evnene til å få familieproblema skikkeleg truverdige.

Avslutninga er ein skuffelse, ein skikkeleg happy ending som du berre ser på amerikansk film. Eg må også kommentera omslaget på boka: Det er ser ut som det er utforma av nokon som har oppdaga Word Art for første gang!

Mykje negativt her, men boka er ikkje dårleg. Den er etter mi meining berre ikkje så god som mange vil ha det til. Den er i tillegg altfor lang; eit godt norsk forlag ville ha kutta mykje her. Me har norske forfattarar som på mange måtar "grusar" Jonathan Franzen.

tirsdag 28. desember 2010

"Innsirkling"


Eg starta med å lesa "Freedom" av Jonathan Frantzen, boka som har fått mest omtale denne hausten. Men eg tykte den var treg å komma i gang med, og med tanke på at boka er på 562 sider (ja, me snakkar om amerikanske romanar..), var eg rett og slett usikker på om eg gadd å lesa alt.

Så kom eg over "Innsirkling" av Carl Frode Tiller. Også det ei mykje omtalt bok, om enn i eit heilt anna perspektiv enn den førstnemnde. I motsetnad til "Freedom" fengja den med ein gong. Og for å konkludera med det same: eg opplevde boka like bra som dei mange gode omtalane den har fått.

Historien i boka er David som har mista hukommelsen, og tre venner av han som ser eit avisoppslag med bilete der dei som kjenner han blir oppfordra om å skriva til han så mykje som muleg for å hjelpa han å rekonstruera historia/livet.

Det er ungdomsvennen Jon, stefaren Arvid og ungdomsvenn/-kjærast Silje som alle skriv om sitt forhold til David. Tittelen "Innsirkling" peikar naturleg nok mot ei innsirkling av personen David, men det er interessant å sjå at det helst er dei som skriv brev til David me blir mest kjende med.

I denne boka er alt som er skrive viktig, det er lite uvesentlege detaljar. Det er ganske dystre historiar dei tre kjem med, og dei kjempar alle sine kampar på ulike område. Konfliktsituasjonane, særleg familie-konfliktar, er skildra på ein nesten skremmande overbevisande måte. Det er så ein grip seg i å tenkja kva i all verda forfattaren har opplevd som gjer at han kan skriva så sterktom slike situasjonar.

Eg tykkjer historien om/frå Jon er den absolutt beste og sterkaste. Det er enkelte ganske treffsikre omtalar i denne delen, mellom anna då Jon besøkjer ein tidlegare kjærast og blir bydd på vin:

Ho tar ut to vinglas eg ikkje har sett før, raudoransje, slanke glas, dameglas, slike som kostar tre hundre korner stykket og er laga av ei middelaldrande kvinnfolk med ein øredobb.
Sitetet er ikkje typisk for boka, men eg tykkjer det er ein ganske presis beskrivelse..

torsdag 16. desember 2010

Den vanskelege informasjonen

Gjensidige er på børs etter eit enormt opplegg som sikkert har kosta 100-vis av millionar (!). Likevel klarer dei ikkje det som burde vera det enklaste: Skikkeleg informasjon på nettet.

Alle energien ser ut til å vera brukt på tida fram til børsnoteringa, og det som skjer etterpå ser ikkje ut til å vera ofra ein tanke. Men det er klart at mange sit med spørsmål etter å ha bestilt aksjar, og dei fleste svara sit Gjensidige med og kunne enkelt ha formidla dei på nettsidene spesielt oppretta for dette.



I staden er gjensidigeaksjen.no akkurat som før noteringa, der du må gjennom diverse spørsmål relevante i ein kjøpssituasjon. Etter at den spesielle kjøpssituasjonen er over, må brukarane sjølvsagt komma rett inn på ei rein spørsmål- og svarside.

Inne på sidene, etter å svart på dei unødvendige spørsmåla, er det berre fire spørsmål. Tre av desse er av typen "dette vil vi gjerne at du spør oss om" - som "Kvifor skal Gjensidige børsnoterast?", "Kvifor sel Gjensidigestiftelsen delar av selskapet"?. Eg trur ikkje det er dei typiske spørsmåla som no strøymer inn til hjelpetelefonen.

Eg er sikker på at hjelpetelefonen har fått meir enn 1000 spørsmål om kvifor det er trekt ein mindre sum frå bankkontoen enn det bestillinga var på. Med ein setning under spørsmål & svar, kunne Gjensidige spart mengder av tid.




Med ein gjennomtenkt informasjonsplan hadde Gjensidige hatt nye nettsider klare med det same introduksjonen var over. Men kva får ein for nokre hundre millionar i dag?

Hmm, eg angrar litt på at eg kjøpte aksjar. Dette selskapet ser ikkje ut til å vera rigga for den nye tida.

tirsdag 14. desember 2010

Nettet slår tilbake!

Stormen rundt WikiLeaks har fått fram mange interessante ting. Ein av dei er forsøka på å stengja wikileaks.org. Amazon stengde serveren der tenesta låg, og registrar-firmaet EveryDNS sletta DNS-oppføringa, begge etter press frå myndigheitene i USA.

Men Internett er laga for å stå i mot angrep mot enkelt-punkt - det var heile føremålet med ARPANET-prosjektet. Paul Baran, ein av grunnleggjarane av Internett, er tydeleg på fordelane med eit distribuert system på det punktet i den berømte artikkelen "On Distributed Communications Networks" frå 1962:

But, as destruction of a small number of nodes in a decentralized network can destroy communications, we shall turn to consider the properties, problems, and hopes of building communications networks that are as "distributed" as possible.

Baran og Arpanet tenkte nok først og fremst på fysiske angrep, men det gjeld også andre typar forsøk på å eliminera kommunikasjon.



I den nemnde artikkelen skisserer Baran ulike typar nettverk, med det sentraliserte og det distribuerte som to hovudtypar. Det desentraliserte (i midten) er berre ein variant av det sentraliserte.

Han viser så kvifor det distribuerte er overlege med tanke på overlevelsesevne, som han kallar det.

I USA har dei nok mange ganger angra på at dei finansierte Arpanet, både i Pentagon og i Det Kvite Hus. Internett har for mange vorte eit ukontrollerbart monster, og Wikileaks er berre eitt av mange eksempel.

Nettet har vorte det digitale svaret på trollet som får kappa av eit hovud, berre for å sjå at det veks fram tre nye. Skilnaden er at på nettet prøver du å stengja ein nettstad, berre for å sjå at det poppar opp tusen nye. I skrivande stund er Wikileaks kopiert til over 2 000 nettstader! Paradoksalt nok var aksjonane mot nettstaden med på å gjera den tryggare enn nokon sinne.

Men det er grunn til å minna om at nettet ikkje byggjer på noka naturlov og at fordi om det er ganske fritt og ukontrollerbart sett frå eit myndigheitsperspektiv, ikkje treng å bli slik i framtida.

"Code is Law" er Larry Lessigs gode oppsummering og der viser han oss at nettet er programvare og at lova kan kodast i denne. Internetts framtid ligg i kva reguleringar som blir lagde inn i koden, og det er naivt  å tru at Wikileaks og andre episodar i det siste ikkje får mange myndigheiter til å pressa på for strengare regulering.

fredag 10. desember 2010

Wikileaks og Nobels fredspris


Det er interessant at stormen rundt WikiLeaks skjer samtidig med utdelinga av årets Nobelpris for fred. Det gir grunn til refleksjonar.

Viktig fredspris
Først må eg seia at eg ikkje har noko i mot tildelinga av årets fredspris. Fengslinga og behandlinga av Liu Xiaobo, og mange som han, er ikkje akseptabel og kan ikkje unnskyldast med generelt betre økonomiske kår for store delar av folket i Kina. Det er ein uhyrleg argumentasjon, og eg er overraska over at personar som Johan Galtung får seg til å seia slikt.

Ytringsfridom viktig i Kina, men ikkje i USA?
Men tildelinga av fredsprisen kjem i eit litt merkeleg lys når mektige vestlege land driv klappjakt på WikiLeaks og fronfigur Julian Assange. Ein hovudgrunn for å gi Xiaobo fredsprisen er å visa Kina at dei må respektera ytringsfridommen som ein grunnleggjande menneskerett.

Idealet om ytringsfridom ser derimot til å vera fullstendig gløymt i USA og mange allierte land der dei kastar seg over WikiLeaks. Eg går her ut frå at WikiLeaks ikkje har skaffa seg informasjon på ulovleg vis. Det er ikkje ulovleg å ta i mot, og publisera, informasjon sendt frå andre kjelder, enten den er gradert eller ikkje. Viss så var tilfelle ville all vestleg media vore lovbrytarar.

Bedrifter med sjølvsensur
Det er også skremmande å sjå kva amerikanske (USAnske) firma utfører av sensur etter trykk frå myndigheitene. Eg er svært skuffa over at eit selskap som Amazon kan finna på å stengja Wikileaks ute frå tenestene sine. Og det frå eit selskap som har sal av det frie ord som hovudinntekt! Mastercard og Visa er ikkje betre. Som Thomas Seltzer sa på "Nytt på nytt" i kveld: Det er lov å gi pengar til Ku-Klux-Klan, men ikkje til WikiLeaks.

Utanriksministar utan ytringsfridom-prinsipp?
Eg er heller ikkje veldig imponert over utanriksminister Jonas Gahr Støre si vurdering, rett nok hardt pressa som gjest hjå Hillary Clinton. Eg hadde likevel venta meir frå superministaren. Men i ytringsfridoms-spørsmåla har han eit par riper i lakken. Han kom ikkje spesielt heldig ut av saka om Muhammed-teikningane og Magazin-redaktør Vebjørn Selbekk heller.

Lys mot ukultur
Eg er generelt tilhengjar av mest muleg openheit. Eg trur openheit og innsyn er det viktigaste grunnlaget for eit godt fungerande demokrati, saman med ytringsfridommen. Det er sikkert slik at enkelte saker bør haldast hemmeleg, men alt me har fått av innsyn i hemmelege tenester har fått meg til å tenkja at der ting er lukka, der vil det uansett utvikla seg ein ukultur.

Det blir spennande å sjå i den vidare utviklinga om prinsippa for ytringsfridom blir sett til side, slik det ser ut som akkurat no.

--------------
11.12.10
Dagens Næringsliv ved Sofie Mathiassen tek opp den same koplinga i ein velskriven kommentar i dag. Ho minner om Obamas tale til kinesiske studentar i Shanghai i mars 2009:

I can tell you that in the United States, the fact that we have free internet - or unrestricted internet access - is a source of strength
Og der kom jammen svingdøra tilbake, midt i fleisen!

Ytringsfridom er lett så lenge det er snakk om prinsipp og den ikkje blir brukt til brysomme uttalelsar. Når den blir sett på prøve, som i Muhammed-karikaturane og Wikileaks-saka, blir det straks problematisk.

søndag 5. desember 2010

Simply the (nest) best!


Kvalitetsvurderinga av offentlege nettsider er gjennomført og Sogn og Fjordane markerer seg sterkt i kommunesektoren. Fylket er det nest beste, berre slått av Akershus. For berre tre år sidan var SFj mellom dei dårlegaste, det har med andre ord vore arbeida godt i dei tre siste åra.

I 2008 sette KS Sogn og Fjordane i gang prosjektet "Miside-løftet", finansiert av fylkesmannen og fylkeskommunen sine fornyingsmidlar for off. sektor. Vestlandsforsking var prosjektutførar. Prosjektet skulle eigentleg hjelpa kommunane til å ta i bruk Miside, men det måtte leggjast til side pga. manglande utvikling av den sistnemnde tenesta. I staden vart prosjektet dreia over på informasjonsarkitektur for kommuneportalar.

I 2009 vart dette prosjektet følgt opp med "Beste praksis for Los i kommunane", også med KS som prosjekteigar. Som namnet seier var innføring av Los i kommunane hovudmålet. For begge prosjekta var det eit uttalt mål at kommunane i Sogn og Fjordane skulle oppnå betre kvalitetsvurdering enn landsgjennomsnittet i løpet av 2010.

Her er resultata, og dommen:


Sogn og Fjordane har gjort eit kjempebyks og er som sagt heilt i landstoppen. Berre kommunane i Akershus er betre, dei oppnår i gjennomsnitt 75 % av maks poengsum.

Dei to prosjekta kan ikkje ta all æra for framgangen, men det er heilt klart at ei bevisst satsing på kvalitetsheving gir resultat.