torsdag 28. april 2016

Det autonome taxi-selskapet

På Jon Bing sitt minneseminar forrige veke innleia eg om Bitcoin og blokkjede-teknologi. For å halda det i Jon Bing si ånd prøvde eg å finna fram til eit eksempel han kunne ha likt. Det vart historia om korleis det første autonome taxi-selskapet kan oppstå. Eksempelet er ikkje mitt, det er henta frå Andreas Antonopolous - kjend Bitcoin-ekspert og -evangelist.

Kva får du når du koplar Bitcoin, Uber og Googles sjølvkøyrande bil: Den sjølvkøyrande taxi-en så klart! Den handterer alt sjølv; betaling for driftskostnader (lisensar, avgifter, vedlikehaldog drivstoff/straum m.m.), den hentar passasjerar automatisk og krev betaling via Bitcoin og den rapporterer til skattemyndigheiter m.m.

Men poenget er at det første autonome (sjølveigande) taxi-selskapet neppe oppstår slik utan vidare. Her er eit meir sannsynleg scenario:

Tenk deg ein eldre taxi-sjåfør. Han begynner å bli lei av å køyra taxi sjølv og sluttar å køyra, men etablerer eit selskap og får etter kvart ein del bilar. Han erstattar gradvis dei sjåfør-drivne taxi-ane med sjølvkøyrande bilar. Han automatiserer rekneskap og rapportering. Ein vakker dag døyr han, og sidan han ikkje har arvingar eller nære slektningar, er det ingen som oppdagar det!

Den neste dagen køyrer bilane ut som før, hentar passasjerar og krev inn betaling. Rekneskap og rapportar blir ordna som før og alt går som om ingen ting skulle skjedd. Det første autnomome taxi-selskapet er fødd!

onsdag 20. april 2016

Jon Bings minneseminar

I går vart det tredje minneseminaret etter Jon Bing arrangert (Jon Bing's Memorial Seminar), på Bristol Hotel i Oslo. Jon Bing døydde dessverre altfor tidleg i 2014, kort tid før han ville ha fylt 70 år. Den gangen vart 70-årsfeiringa omgjort til eit minneseminar, og Senter for rettsinformatikk - SERI - har halde oppe tradisjonen og arrangert eit seminar til minne om han sidan.

I år var eg så heldig å bli invitert til å presentera - ei stor ære! Temaet for årets minneseminar var "Bitcoin and blockchain technology" og eg fekk gleda av å innleia seminaret med presentasjonen "Bitcoin and blockchain technology for dummies - The technology and its applications". Her må eg understreka at tittelen var gitt til meg på førehand; eg ville neppe valt ein tittel som kanskje kan oppfattast som litt nedlatande..

All ære til programkomitéen med professor Lee A. Bygrave i spissen for val av tema på årets minneseminar. Det er sprekt å via heile seminaret til Bitcoin og blokk-kjedeteknologi. Men som Bygrave sa, dette er heilt i tråd med det Jon Bing stod for. Han var alltid nysgjerrig på nye ting. Favorittordet hans var "spennende!".

Her er presentasjonen eg heldt:



Professor Olav Torvund tok deretter opp spørsmålet om Bitcoin er pengar. Svaret hans var at det meste kan brukast som pengar, og mykje rart har vore brukt som pengar opp gjennom historia. Han kunne likevel ikkje forstå kvifor me treng Bitcoin. I hans auge er dette eit teknologidrive prosjekt som ikkje tilfører finanssystema noko særleg.

Euripides Rizos frå European University Cyprus snakka så om Bitcoin og forbrukarvern og den korte konklusjonen er at det er ikkje noko i EU-lovgivinga som hindrar bruk av Bitcoin og som hindrar lover og reglar i å bli følgde. Han viste til at i praksis blir Bitcoin, i den grad det i det heile blir brukt, brukt som eit betalingssystem a la PayPal og ikkje først og fremst som ein eigen valuta.

Professor Inger Marie Sunde frå Politihøgskulen avslutta seminaret med å sjå på Bitcoin og blokk-kjedeteknologi frå eit politiperspektiv. Det manglar ikkje på skrekkhistoriar om Bitcoin og kriminalitet, og Sunde drog også fram eksempel på Bitcoin brukt i kriminell åtferd.

Det var mange spørsmål under seminaret og det verka som publikum tykte temaet var interessant. Eg vart likevel nokså åleine i å "forsvara" Bitcoin - skepsisen var ganske stor.