fredag 30. desember 2005

Rolls-Royce Silver Shadow & Bentley T-Series

And now for something completely different! Har nettopp lese gjennom boka "Rolls-Royce Silver Shadow & Bentley T-Series" av Malcolm Bobbitt. Fascinerande historie om kanskje den største suksessen til RR.

Rolls-Royce Silver Shadow vart presentert første gong på Paris-utstillinga hausten 1965, og kort tid etter på London Motor Show same året. Den etterfølgde RR Silver Cloud og var ei radikal endring på alle måtar; ikkje berre visuelt. Det var ein (hyper-)moderne bil fullt på høgde med dei beste på den tida. Det var kanskje siste gongen RR laga ein moderne bil? Silver Shadow og søsterversjonen Bentley T-serie vart produsert i rundt 36 000 eks. i perioden 1965 - 1980. Dersom me tek med modellane Corniche (2-dørs kupe og kabriolet) og Camargue (spesiell 2-dørsversjon designa av Pininfarina), kjem talet opp i 40 556.

Rolls-Royce overtok Bentley alt i 1931. Bentley var då mest kjend for sine sportslege bilar som hadde stor suksess på slutten av 20-talet (vann m.a. Le Mans fleire år). Etter kvart vart RR og Bentley meir og meir like, og med Silver Shadow og T-serie var dei for einegga tvillingar å rekna. Berre "Spirit of Ecstasy" og tilsvarande 'B' m/vengjer og enkelte skilnader i grill var ulikt. I tillegg var Bentley T 65 £ billegare enn RR Silver Shadow då dei kom ut!

For Bentley-fans var det likevel skuffande å sjå at tidlegare særpreg hadde forsvunne heilt. Det var ei stund fare for at Bentley ville forsvinna heilt som eige merke, men heldigvis snudde dette på 80-talet gjennom nye og meir særprega modellar (som Bentley Mulsanne, Bentley Continental (Turbo) og Bentley Turbo R). Det snudde såpass at styrkeforholdet mellom dei to noble merkja paradoksalt nok vart omsnudd; Bentley har i løpet av 90-talet og i det nye årtusenet selt mykje meir enn Rolls-Royce og har i det heile fått mykje meir merksemd.

Boka har eg lånt av kollega Terje som er den heldige eigaren og sjåføren av ein 69-modell RR Corniche (eit eller anna som ikkje stemmer heilt her: todørs Silver Shadow vart relansert som Corniche i 1971, like etter konkursen i RR. Den sistnemnde førte til ei deling av konsernet og bildivisjonen vart skilt ut som eige selskap). Den blir brukt m.a. i samband med statsbesøk og andre store hendingar hjå Vestlandsforsking!

The rise and fall: den siste Rolls-Royce, i regi av BMW, RR Phantom, er etter mitt syn den styggaste RR ever! Den ser ut som ein 4-dørs tanks. Den mest vellykka er nok Corniche'n. Interessant nok hadde RR sine eigne designarar eit betre grep på dette enn Pininfarina!

torsdag 29. desember 2005

Personas bananas

Alan Cooper lanserte 'personas' i boka 'The Inmates are Running the Asylum' i 1999. Etterpå har personas vore ein av favorittmetodane til informasjonsarkitekturar når nye nettstader skal formgjevast. Tanken er at viss ein prøver å tilfredsstilla alle, blir alle misnøgde. Då er det betre å peika på konkrete brukarar og tilfredsstilla dei. Brukarane er sjølvsagt fiktive, derav 'personas', men med svært menneskelege trekk ned til dei minste detaljane. Og akkurat her ligg faren; det blir for mykje detaljar og for mykje "gruppe-kos" med utforming av personas. Av og til går det så langt at dei ekte brukarane blir heilt gløymde og den empirien ein trass alt ofte har tilgang til, blir oversett i iveren etter å arbeida med personas. Dan Saffer i Adaptive Path tek opp desse problema i artikkelen Persona Non Grata.

Boka til Cooper er elles vel verdt å lesa. Hans tese om "kognitiv friksjon" - at brukaråtferd ofte er i kontrast til måten ting blir utforma på - er godt formulert og observert. Med kognitiv friksjon meiner Cooper at me ikkje kan løysa dagens problem i informasjonssamfunnet med verktøy frå gårsdagens samfunn. Men gårsdagens ingeniørar er ofte dagens programmerarar, i alle fall i hovudet, og då oppstår friksjonen.

Alan Cooper kunne lett ha vorte avfeid av programmerarar som ein av desse HCI-fyrane som ikkje har peiling på kva programmering går ut på. Men det går ikkje - Alan Cooper er programmerar så god som nokon. Han har ei imponerande CV på området, nok å nemna forløparen til Visual Basic (sjølv om ikkje alle ville seia at det representerer eit høgdepunkt i historia).

Tittelen på boka er jo også bra...

tirsdag 20. desember 2005

1 billion and growing

Ein milliard menneske kan ikkje ta feil: Internett er bra! (og dårleg også). Jakob Nielsen melder at me har passert 1 milliard brukarar på nettet. Det er i grunnen heilt utruleg.

Lenge har det versert myter om nettet som det raskast veksande mediet nokon gong. Gisle Hannemyr ved Universitetet i Oslo har skrive ein interessant artikkel der han dissekerer myta og viser at det ikkje utan vidare er tilfelle. Det viser etter mitt syn forskinga sin sanne verdi: Gå til kjeldene!

Men med 1 milliard brukarar trur eg (eg kan ikkje dokumentera det) at Internett er det mediet som har nådd denne brukarmassen raskast av alle medium.

Lenovo: Look to Dell

Har skifta berbar PC for ikkje lenge sidan og valet var i grunnen lett: det måtte bli ThinkPad igjen. Forrige pc var ThinkPad T21 og sjølv etter 4 1/2 år verka den moderne. Dessverre gjekk straumforsyning/laderele fløyten så ny pc måtte skaffast. Det vart ein T43 og så langt er eg godt nøgd.

Men IBM/Lenovo har ein del å læra av Dell. Måten du kan konfigurera din eigen pc på Dell sine nettsider er forbilledleg. Eg forstår ikkje at det skal vera så vanskeleg å få til, men det går vel på produksjonsfilosofi. Dell opererer etter "built by order" medan Lenovo tydelegvis snur rundt på dette med "order after building". Så no sit eg med ein topp pc som berre har ein svak komponent: ein treg harddisk. Av ein eller annan uforståeleg grunn får eg ikkje ein raskare disk (7200 r/min) med toppkonfigurering; berre i billegare utgåver. Toppmodellane har 5400 r/m disk. Uforståeleg!

torsdag 15. desember 2005

Merket for god design?

Asono Mica har fått utmerkinga "Merket for God Design" frå Norsk Designråd. Hallo? Er det berre eg som synest at denne mp3-spelaren ser ut som ein tryggheitsalarm??

Sjekk elles logoen for "Merket for God Design". Eg seier som Odvar Nordli - "denna har dom itte vøri heldi' me".

Avsendarfokus

Det er opplese og vedteke for lenge sidan at informasjonsleverandørar (på nett) må ha eit mottakarperspektiv og ikkje avsendarfokus. Men det er like vanskeleg å få til som det er lett å seia.

Problemstilling: Eg skal på Posten og henta ut ein pakke. Dessverre har eg ikkje meldinga eg fekk i posten med meg, men Posten opplyser at det trengst ikkje berre eg har nummeret på sendinga. Så ringjer eg heim der berre minstemann er til stades, og han les opp alle nummera han finn på sendinga; inkl. postnr., tlf.nr and you name it. Men kva er det rette nummeret?

På Posten sine nettsider står det fint forklart om sporinga av pakkar, men skjermbilete av sporingsresultatet. Men det er ikkje eit bilete av kvar du finn nummeret som du skal tasta inn. Det finst jo dei som har skjønt dette, ikkje minst alle som tek mot betaling via kredittkort og som spør etter CVC-kode. Då pleier dei visa eit bilete av eit kredittkort med ring rundt CVC-koden. Nettopp slik må det gjerast!

onsdag 14. desember 2005

Kven har makta på nettet?

Teknologirådet arrangerte i dag seminaret "Kven har makta på Internett?", underforstått den sterke posisjonen til Google og dei aggressive planane deira med mellom anna indeksering av bøker (Google Book Search). Spørsmåla vart først kommenterte ved innleiarar som Gisle Hannemyr, UiO, Espen Andersen, BI, Roger Jøsevold, Nasjonalbiblioteket, Per Christian Opsahl, Forleggerforeningen og Hans-Petter Fuglerud, Kopinor.

Andre spørsmål som også vart stilte var utviklinga for opphavsretten i ei digital verd. Kvar for seg svære spørsmål som hadde fortent eit seminar åleine. Det prega også seminaret som kunne hatt nytte av avgrensing. Heller fleire seminar der tema blir tekne opp kvar for seg.

Det vart til slutt ein forsvarskamp for Forleggerforeningen og Kopinor, som framstod som bremseklossane, med utålmodige pådrivarar som Gisle H. og Espen A.

Spørsmålet om makt på nettet forsvann litt, men eg fekk i alle fall stilt spørsmål ved om Google sin dominans faktisk byggjer på særleg binding av/til brukarane og om deira stilling faktisk er så farleg. Konkurrenten er trass alt berre eitt klikk unna. Gisle H. var forsåvidt einig i det, men peika på teorien om nettverks-eksternalitetar og utvikling av binding på den måten.

mandag 12. desember 2005

Gratulerer med dagen, Frankie boy

Ol' Blue Eyes, Frank Sinatra, ville fylt 90 år i dag, 13.12.05. Det er berre å gratulera, post mortem. For ein sangar! For tida høyrer eg mest på "I've Got You Under My Skin". Artig å høyra kloningen Michael Bouble gjera den same melodien med same arr.; ingen tvil om at originalen er best!

torsdag 1. desember 2005

Gode råd ved endring av domenenamn

Søkemotorar likar ikkje endring av domenenamn i den forstand at dei ikkje forstår at det er ei endring, men behandlar det som ei ny teneste. Problemet er at all opparbeida rangering og posisjonering hos t.d. Google, kan forsvinna.

Løysinga er å bruka ein midlertidig redirect (302) og ikkje ein permanent (301). Nye tenester (ny URL) blir plassert i ein såkalla sandkasse (sandbox) ei viss tid (6 - 12 mnd.) før dei er modne nok. I denne kuvøse-tida er dei praktisk talt utan posisjon og blir berre funne ved spesifikke søk som t.d. domenenamn o.l.

Når karantenetida er over, kan den midlertidige redirigeringa skiftast med ei permanent redirigering og så får den endra tenesta med seg tidlegare opptent posisjonering. Kjelde er HighRankings.com, driven av Jill Whalen. Tenesta hennar om søkemotor-optimalisering kan absolutt tilrådast. Ho sender ut nyheitsbrev kvar 14. dag.

onsdag 30. november 2005

Search is the new interface

Har lyst til å komma tilbake til User Experience 2005 i London og Peter Morvilles sesjon om IA. Han var inne på spådommen at "Search is the new interface" og var einig i den. Men han ser nok dette litt annleis enn reine søkefantastar. Han meiner at søkegrensesnittet (sjølve søkefeltet) berre er starten på ein prosess som må tilretteleggjast på ein heilt annan måten enn i dag.

Søk i dag stinkar! Det er berre Google som får det bra til. Eg ser at eg sjølv stadig oftare tyr til Google og utfører søket "søketerm" site:www."firma".no og finn då oftare det eg leitar etter. Det er jo sjølvsagt eit stort nederlag for det lokale søket.

Det er likevel små teikn til betring. Norge.no har jobba med søkeresultat-sidene og prøver å fanga opp søk som dei har gode svar på internt. Dei kategoriserer treffa etter tilslag i eigne informasjonsbasar. Sosial- og helsedirektoratet har ei liknande teneste. Dei kategoriserer også treffa etter kategoriar (personar, fagnytt, temasider osv.). Dette er heilt klart vegen å gå. Det er den måten det interne søket kan gi betre resultat enn t.d. Google. Men det er ein lang veg å gå før me kan seia at søk blir ei god teneste!

Første blogg?

Eg brukte tittelen "Min første blogg" på den første posten. Men i realiteten er ikkje dette den første bloggen min. Den skreiv eg så tidleg som i 2001 (jan - des) som spalta "Gode tenester" på den offentlege informasjonsportalen Norge.no. I spalta tok eg opp gode og dårlege eksempel på offentlege nett-tenster i samband med Norge.no sitt arbeid for å heva kvaliteten på nemnde tenester. Har tenkt å gjera eit tilbakeblikk på spalta og sjå på status på ein del av problema eg tok opp den gongen.

søndag 27. november 2005

User Experience 2005

Det er no ei veke sidan User Experience 2005 i London vart avslutta. Jakob Nielsen med følgje (Nielsen Norman Group - NN/g) inntok byen og arrangerte (nok) eit straumlinjeforma arrangementet på luksushotellet Millennium Gloucester.

Vestlandsforsking var sjølvsagt på plass, ved meg sjølv og kollega Terje Aaberge. I tillegg var det 7-8 nordmenn blant dei 200-250 deltakarane. Sist me deltok på NN/g-seminar var i Munchen i 2000. Då var me dei einaste nordmennene. Det fortel meg at Usability og informasjonsarkitektur har begynt å få skikkeleg fotfeste i Norge i løpet av desse åra.

Konferansen varte frå 13. - 19.11 og det var relativt stramt program; frå 0900 til 17 eller 18 kvar dag. Terje og eg deltok frå søndag til onsdag.

Kvaliteten var bra, med enkelte glipp. Best var Peter Morville med informasjons-arkitektur I og II (to fulle dagar). Han er best kjent som medforfattar til referanseboka "Information Architecture for the World Web" (isbjørn-boka) saman med Louis Rosenfeld. Peter ga oss to interessante dagar og var flink til å engasjera deltakarane. Det var difor mange spørsmål og mykje diskusjon. Stoffet var henta frå IA-boka, men også frå den nye boka "Ambient Findability" (lemur-boka, her annonsert på Amazon)(lange, håplause URL-ar skal bli tema ein annan dag...).

"Search is the new interface" var eit av Peters postulat; interessant nok var han like oppteken av søk som av "klassisk" IA. No er det ikkje nødvendigvis noka motsetning her; det var utforminga av søkegrensesnittet han var oppteken av - spesielt resultatsidene. Søk er noko av det som fungerer dårlegast på nettet i dag, spesielt interne søk.

Jakob Nielsen var også bra i sitt foredrag om "Fundamental Guidelines for Web Usability". Han blir av og til skulda for å ikkje ha gjort noko nytt sidan 80- og 90-talet, men eg synest han var bra oppdatert.

Den som gjorde dårlegast inntrykk på meg, var Bruce "Tog" Tognazzini. Han foredrog om interaksjonsdesign, men det ga meg svært lite. Verka for meg som han stoppa på 80-talet; nesten alle eksempla hans var frå den tida han jobba med Apple.

Om det er verdt å reisa på ein slik konferanse: Ja, om du har råd til det, for det er ein relativt dyr konferanse (ca. NOK 19 000,-) for 4 dagar. Men vurder foredragshaldarane nøye på førehand, ikkje alle held like godt mål.

fredag 25. november 2005

Min første blogg...

I ei verd med millionar av bloggar er vel ikkje dette noka stor nyheit. Det store spørsmålet er sjølvsagt å bruka bloggen regelmessig og prøva å fortelja noko som også kan interessera andre enn meg sjølv (og mor mi, om ho hadde brukt internett..).

Som omtalen indikerer, vil bloggen først og fremst handla om IT-relaterte ting, sidan det er det eg arbeider mest med til dagleg.

Denne bloggen skal eigentleg liggja på www.olnes.no, men det er visse tekniske problem som må løysast først.