onsdag 28. april 2010

7 råd for opning av data

Dette blogginnlegget skulle eigentleg vore publisert på data.norge.no. Men så fekk Fornyingsdep. kalde føter (?) og fann ut at dei ikkje kunne sleppa til andre gjestebloggarar enn representantar for offentleg sektor. For korleis skulle dei elles styra dei mange forslaga dei ville få inn? Nei, det er jo klart, me veit jo alle at det største problemet med bloggar er altfor mange innlegg og altfor mange kommentarar - kort sagt altfor stor aktivitet! Jeez..

Det demrar for meg at departementet ikkje er dei rette til å driva eit slikt arbeid som føreset stor vilje til inkludering, ikkje berre av offentleg sektor, men frå alle. Det er synd, for dei har starta bra, problemet blir å følgja opp med ei slik innstilling til sosiale medium.

Ja-ja, her er i alle fall kollega Robert Engels og mitt forslag til retningslinjer for publisering av offentlege data:

7 råd for opning av data
Svein Ølnes og Robert Engels, Vestlandsforsking

Opning av offentlege data er eit høgaktuelt tema for mange land og regjeringa ved Fornyings­departementet fortener ros for å ha starta prosessen sjølv om ikkje alle svara er kjende. I dette blogginnlegget vil vi føreslå nokre retningslinjer for tilgjengeleggjering av data.

Det er viktig å starta arbeidet med å gjera offentlege data tilgjengelege sjølv om ikkje alt er 100 % klart. På dette område er ei slik beta-tilnærminga nødvendig fordi ein må læra medan ein utviklar tenestene. Eit anna viktig prinsipp er at frislepp av offentlege data er viktig fordi vi ikkje veit kva dei vil bli brukte til. Dette er ein nokså uvant tankegang for offentleg sektor. Men det er her det store potensialet for innovasjon ligg. Fordi om ikkje offentleg sektor veit kva data kan brukast til, er det sikkert mange andre som har idéar om det.

Mange organisasjonar er i startgropa med digitalisering av eigne objekt eller ressursar og sit med mange av dei same spørsmåla om "den rette vegen framover". Kva skal vi ta omsyn til? Kva må på plass? Kva skal vi prioritera? Må vi tilretteleggja noko i IKT-arkitekturen vår før vi set i gang med sjølve digitaliseringa?

Som eit eksempel har Digitaal Erfgoed i Nederland (tilsvarande vårt ABM Utvikling) definert ein pakke med minimumskrav for å bli funnen digitalt ("findability"). Dette er noko som kan gjerast også her i landet når ulike organisasjoner skal setja i gang digitaliseringsprosjekt.

Vi føreslår desse retningslinjene for publisering av offentlege data som svar på nokre av spørsmåla over (sjå også W3C sine tilrådingar på dette feltet):

1.       Bruk standard internett-protokollar (http) for tilgang til nettressursar
2.       Alle objekt må ha ein unik identifikator (URI)
Adressa (URI-en) må vera permanent (persistent) og kunna lesast både maskinelt og av menneske
3.       Unngå aggregering av data
Data er best som råkost, ikkje aggreger utan at det er heilt nødvendig
4.       Strukturer metadata på ein maskinlesbar måte (t.d. XML-serialisering eller XML/RDF/XTM)
5.       Bruk internasjonalt teiknsett (UTF-8)
6.       Bruk minimum Dublin Core som global standard for beskrivelse av data (metadata)
7.       Tenk på kopling mot andre datakjelder ved å tilretteleggja for Linked Data

Det viktige er at ein ikkje prøver å tenkja seg til kva data skal brukast til og korleis. Då blir det fort som i eventyret med den kjende dialogen ”God dag, mann – Økseskaft!”. Tilby opne data og la potensialet utvikla seg fritt.

Opne data og jazz

Opning og tilgjengeleggjering av offentlege data har fått mykje merksemd i det siste. Regjeringa har delvis teke utfordringa og oppretta data.norge.no (som eg føreslo på Vestforsk-bloggen i januar i år..).

Følgjande utsagn frå stjerne-saxofonisten Joshua Redman får meg til å tenkja på koplinga mellom jazz og opne data:

“Jazz is a music of surprise; it's a music of spontaneity. I think jazz musicians live - I know I do - for being surprised and not knowing what's going to come next.”
Som Obama sin IT-sjef Vivek Kundra seier: "Vi veit ikkje kva dei offentlege data vil bli brukte til, og det er det viktige!".

Joshua Redman kan forresten høyra under Copenhagen Jazz Festival 6. og 7. juli i sommar.

lørdag 17. april 2010

Shantaram


Shantaram e r namnet på bestseljaren skriven av Gregory David Roberts. Det er ein røvarhistorie av dimensjonar, faktisk fleire røvarhistoriar. Boka er vel verdt å lesa, trass sine 933 sider (!).

Australiaren Gregory David Roberts rømde fengsel i Australia i 1980 der han sona ein lang dom for mange ran. Han enda til slutt i Bombay (i dag Mumbai) i India etter å ha vore Australias mest ettersøkte mann.

Historia startar i det Roberts kjem til Bombay, og den første han møter er guiden Prabaker, som skal bli ein viktig venn for han. Roberts stolar på intuisjonen sin og har full tillit til Prabakar frå første stund. Det skal visa seg å vera eit lykketreff.

Det er ein utruleg historie som blir fortalt, og om berre halvparten er sant, er det likevel fantastisk. Roberts blir med Prabaker til landsbyen han kjem frå og får namnet Shantaram av mor hans. Frå før har Prabakar gitt han namnet Lin(baba).

Det mest fascinerande med boka er skildringa av folket og kulturen i India og då særleg Bombay. Det er eit knallhardt liv, for mange på det absolutte eksistensminimum. Likevel er det mykje latter og glede, sjølv i dei svartaste stundene.

Togreisa til landsbyen for å møta Prabakers familie er talande for kulturen og dei mange misforståelsane utlendingar hamnar i. Lin og Prabaker reiser på 3. klasse, som vanlege indarar gjer. For å få ein sitjeplass er det ein kamp nærmast på liv og død. Prabakar har leigd ein "muskelmann" for å hjelpa Lin.

Når Lin og hjelparen har brøyta seg fram til kupeen, ligg Prabaker over to sete og tviheld seg i dei medan andre riv og slit i han, luggar og slår han, for å få han vekk. Skamslått smiler han lykkeleg over å ha klart å sikra dei plass. Når så Lin reiser seg for ein gammal mann, held Prabaker på å gå frå konsepta: at han kan vera så dum! Her har han nesten ofra livet sitt, og så gir han vekk plassen til ein olding. Og gamlingen hånar Lin også, til liks med alle i kupeen. Lin kjenner seg verkeleg som ein utlending..

Sjølv om eg berre har vore vel ei veke i India (1 dag i 1985 og ei veke i 1988) kjem mange av inntrykka tilbake når eg les boka. Lin/Shantaram begynner med litt uskuldig svartebørs-tenester før han etter kvart blir trekt inn i større mafia-operasjonar. For eigen del var det veldig uskuldige lovbrot..

Boka får meg til å tenkja på starten av ei halvt års reise eg og sambuaren hadde i Sør-Aust-Asia i 1988/1989. Me skulle starta i Nepal, med mellomlanding i New Delhi. I New Delhi mista me flyet til Katmandu og måtte bli ei natt på Indira Gandhi-flyplassen. Der kom me i kontakt med to unge gutar frå Katmandu i Nepal, Suman og Ganga. Dei mista det same flyet som me. Det var kjekke gutar og då me etter ei lang natt var klare til å gå ombord i flyet, spurde dei om me ville gjera dei ei teneste. Dei hadde 6000 sveitsiske franc på seg og ville få store problem med å få pengane gjennom tollen. Då måtte dei rekna med å betala minst halvparten til tollarane. Me gjekk med på å ta med pengane sidan turistar sjeldan vart kontrollerte. Dei to gutane tok jo også ein sjanse ved å gi frå seg pengane til oss, me kunne jo stukke av med dei. Vel framme i Katmandu gjekk alt etter planen; me kom gjennom tollen utan problem og Suman og Ganga fekk pengane sine.

Me vart godt kjende med dei to gutane etter denne "ulovlege" handelen. Dei tok oss med rundt om i Katmandu, hjelpte oss med veksling på svartebørs (det var stor skilnad på offisiell kurs og svartebørs-kurs på den tida) og me vart inviterte med heim til dei og fekk smaka tradisjonell, heimelaga nepalesisk mat.

Boka kan trygt tilrådast, trass i lengda. Men eg må også leggja til at eg synest forlaget ikkje har gjort jobben sin godt nok, boka kunne har vore korta inn utan at det hadde gått ut over kvaliteten.

torsdag 15. april 2010

Frå Altinn til alt ut

Det var tittelen på frukostseminaret Teknologirådet inviterte til i dag. Seansen var i Oslo, men sidan det heile vart overført på nettet, inviterte me like godt til frukostseminar også på Fosshaugane Campus, hjå Vestlandsforsking, og me var rundt 15 personar som følgde møtet herfrå. På førehand hadde me gjennom prosjektet "Kunnskap kryssar grenser" tilbode oss å streama møtet, men etter litt fram og tilbake vart det klart at FAD/DSS tok jobben.

Kunnskap kryssar grenser
Det var dobbelt aktuelt med nettoverføring av møtet sidan mesteparten av flytrafikken er innstilt i dag. Vulkanutbrotet på Islan gjer plutseleg KKG-prosjektet endå meir aktuelt!

Rapport om opning av offentlege data
Møtet opna med overlevering av rapporten "Frå Altinn til alt ut? Offentlege data for innovasjon og demokrati" frå Teknologirådet til statsråd Rigmor Aasrud. Rapporten tek for seg bakgrunn og lovgiving som ei ramme for forslaga om tilgjengeleggjering av offentlege data. Vidare er det forslag til ulike type data som ligg godt til rette for å opna opp, forretningsmodellar for bruk av opne data og forslag om å oppretta ein portal for opne data i Norge. Til det siste kunne Rigmor Aasrud stolt kvittera med opninga av data.norge.no - veldig bra! I all beskjedenheit må eg få melda at eg føreslo akkurat dette (også namnet) i eit innlegg på Vestforsk-bloggen i januar i år.

FAD opnar opp
I tillegg til lanseringa av data.norge.no orienterte statsråden om eigne data departementet ville leggja ut. Det er først og fremst data knytt til norge.no, og det er alt lagt til rette for uthenting av adresseinformasjon på ogc.difi.no. OGC er Open Geospatial Consortium som arbeider med standardisering av kartdata. Statsråden la elles vekt på både innovasjon og demokrati som viktige premissar for tilgj.gjering av offentlege data. Ho trekte også fram personvern som eit viktig filter for tilgj.gjeringa.

Kartverket strittar mot!
Paneldebatten starta med innleiing frå paneldeltakarane. Først ute var kartverksjef Anne Cathrine Frøstrup. Ho gjorde det klart at tilgjengeleggjering av rådata ikkje blir aktuelt utan kraftig press frå politisk hald og overordna mynde. Innlegget var ein lang forsvarstale for strategien til Kartverket som går på å verna rådata og berre gjera tenester tilgjenegeleg. Ho viste til undresøkingar dei hadde gjort som fortalde at brukarane var svært nøgde med tenestene dei fekk frå Kartverket. Ja, Bresjnev & co. pleidde også å få 100 % støtte frå veljarane i gamle Sovjetunionen! For å sukra pillen nemnde ho iPhone-applikasjonar dei sysla med, mellom anna ein iPhone-app som baserer seg på sjøkart og som kan brukast av småbåteigarar.

IKT-Norge var representert med prosjektdirektør Liv Freihow. Ho hadde naturleg nok eit litt anna synspunkt enn kartverksjefen, men var likevel nokså tilbakehalden. Eg var litt overraska over den milde tonen, den stod i kontrast til det eg trur sjefen hennar, Per Morten Hoff, ville representert. Men kanskje er det lurt med ein forsiktigare stil?

Politisk støtte til opning av data
Trine Skei Grande frå Venstre var forbilledleg klar og sa at det berre var rikets sikkerheit og personvern som burde hindra fellesskapen å få tilgang til all offentleg informasjon. Ho understreka kor viktig det er å starta før ein har alt klart, og ga ros til statsråden for initiativa som vart presenterte.

APs Torgeir Michaelsen, som er leiar av Finanskomiteen, var også ein varm talsmann for mest muleg offentleggjering, sjølv om han kanskje ikkje gjekk like langt som TSG.

Diskusjon på Twitter
Paneldebatten vart helst ein debatt mellom publikum og panelet. Frå Sogndals-møtet fekk me opplese Twitter-sp.m. vårt om utvikling av iPhone-app. verkeleg er ei oppgåve for Kartverket? Det vart nokre  hektiske ro-tak hjå kartverkssjefen som forsikra om at dette ikkje var noka viktig oppgåve, berre ein slags krydder. Sikkert kjekt for Kartverk-tilsette å få lov til å leika seg med slikt, men det burde sjølvsagt vore slik at kartdata vart sleppte fri og at bedriftene kunne konkurrera om å laga gode applikasjonar. Det er klart det er eit økonomisk spørsmål i botnen her, men salsinntektene til Kartverket utgjer berre rundt 10 % av totalbudsjettet (60-70 mill. kr) så det burde vera muleg å kompensera det gjennom auka rammer.

Eg tvitra også om skilnaden på USA og Norge: "
USA: Me veit ikkje kva data blir brukte til, d er poenget. Norge: Me veit ikkje kva data blir brukte til, d er problematisk 
#offdata". Denne haldninga kom fram både frå Kartverket, men også frå kommentarar/spørsmål frå salen (frå tilsett i statleg etat).


Diskusjonen har elles vore livleg på Twitter - det er berre å følgja den på emneordet #offdata

fredag 9. april 2010

PDF - Pretty Dangerous Format


PC Magazine har ein artikkel med nemnde tittel der dei går inn på ein del problematiske sider ved pdf-formatet. PDF vart utvikla for å få samsvar mellom det elektroniske dokumentet på skjerm og utskrift av det same dokumentet, noko som slett ikkje alltid er tilfelle med Word og andre tekstbehandlingsprogram.

Men mykje vil ha meir, og pdf har etter kvart vokse til å omfatta "all but the kitchen sink". Visste du at pdf kan inkludera video, lyd, 3D-objekt, JavaScript og at det til og med er muleg å starta andre program frå ei pdf-fil? Så kan ein jo lura på kvifor i all verda det er nødvendig med alle desse mulegheitene i eit format som opprinneleg vart laga for å ivareta forholdet mellom tekst og figurar.

Resultatet er at pdf har vorte ein trussel og muleg berar av ondsinna kode. Det kan difor vera lurt å visa pdf-vedlegg som Google Docs viss du brukar Gmail, eller installera gPDF i Chrome, Firefox eller Opera for å gjera det same.

onsdag 7. april 2010

USA-inntrykk


Knut Hamsun var i USA i to periodar; frå 1882 til 1884 og så frå 1886 til 1888. Han var innom mange yrke; frå grisepassar på prærien til sporvognskonduktør i Chicago! Inntrykka frå USA-opphaldet publiserte han i "Fra det moderne Amerikas aandsliv". Det var heller beisk kritikk av det samfunnet han i utgangspunktet hadde store forvetningar til og sympatiar med. Konklusjonen  hans var at det var pengemakta som rådde grunnen åleine.



Etter 10 dagar i San Francisco har eg ikkje veldig god ballast for å ytra meg om det usa-ske (Amerika er meir enn USA!) samfunnet. Men 125 år etter Hamsun er pengemakta og pengesamfunnet like tydeleg. Og den nesten blinde trua på at alle har det same utgangspunktet og at det berre er opp til deg sjølv om du lukkast eller ikkje. Du har berre deg sjølv å takka eller klandra.




Særleg merkeleg er det for nordmenn å sjå reaksjonane på helsereforma som Obama nett har fått vedteke. Den innbitte motstanden er vanskeleg å forstå, sjølv om me ikkje akkurat er ukjende med diskusjonar om helsevesenet både lokalt og nasjonalt.

Noko av forklaringa på motstanden mot helsereform og andre offentlege satsingar ligg i det faktum at USA er ei samling med nokså sjølvstyrte statar, og at me har vanskeleg for å forstå kor fjernt, og upopulært, det føderale nivået i USA er for den vanlege innbyggjaren.



San Francisco og California er heller ikkje typisk USA. Vestkysten har tradisjonelt vore eit liberalt område og i California har i stor grad demokratane rådd grunnen. Det endra seg med valet av Arnold Schwartzenegger til guvernør for snart 8 år sidan. Den gode Arnold har i desse åra klart å køyra staten ut i ei økonomisk hengjemyr. California, som har den 8. største økonomien i verda, er på det nærmaste konkurs.

San Francisco er også ulik mange andre byar i USA. Det er faktisk heilt ok å ta seg fram til fots eller på sykkel, noko som nærmast er eit unnatak her. Slik sett minner byen mykje om europeiske byar, med unnatak av at det ikkje finst nokon "gamleby". Det meste av bygningar er mindre enn 100 år gammalt.












Til slutt ei overflatisk oppsummering av likt og ulikt i beste USA-stil:

Generelt veldig høflege og imøtekommande folk. Merka det særleg på bedriftsbesøka der me vart tekne godt i mot og dei viste ei genuin interesse for oss.

Enormt pågangsmot og entreprenør-ånd - lov å feila og prøva igjen.

Kjem ikkje bort frå at det er her det skjer it-messig - ingen andre er i nærleiken av det drivet og den nyskapinga som blir vist i akkurat denne delen av verda.

Stor etnisk toleranse, i alle fall i it-sektoren. Over halvparten av entreprenørar er utanlandske, og mange asiatiske (særleg frå Kina og India)

Godt øl, rimeleg øl og stort utval - også godt utval i mat og STORE porsjonar!

Håplaust paranoide - skjema på skjema og kontroll på kontroll for å komma inn!

 Merkeleg gammaldags på ein del område, ikkje minst pengemessig. Framleis er det kontantar som gjeld, og ein må alltid ha ein bunke med 1-dollarsetlar på seg (sjå også neste punkt).

Ordninga med tips over alt er veldig sjenerande - veit aldri heilt kva prisen er (minte meg særleg om Indonesia for 20 år sidan der alt måtte prutast, ikkje noko var fast pris).

Ikkje spesielt mottakelege for kritisk tenking - her er det "tenk positivt" som gjeld (".. det moderne Amerikas aandsliv..")

NRK om San Francisco-turen

NRK Sogn og Fjordane hadde tysdag 30. mars eit innslag om turen vår i ettermiddagssendinga. Spol fram til ca. 46 min. ut i sendinga så får du intervju med fylkesrådmann Jan Øhlckers og adm. dir. i Lotteri- og stiftelsestilsynet Atle Hamar. Atle er også styreleiar i IT-forum Sogn og Fjordane.