onsdag 24. februar 2010

Imperiet slår tilbake


Microsoft har dei siste åra vore yndlingsfiende for mange innan IT. Ein kombinasjon av marknadsdominans og -misbruk i tillegg til dårlege produkt (særleg Vista) gjorde dei til eit opplagt mål for mange sin frustrasjon. Der Windows XP var eit godt gjennomført og stabilt OS (stabilt i Windows-forstand), var Vista prega av feil og tregheit. For mjølkekua Office var problemet at gratis programvare som OpenOffice var eit like bra alternativ og eit alternativ som var lett å gå over til.

Med Windows 7 og Office 2007 har Microsoft slått tilbake. Windows 7 ser ut til å vera fullt på høgde med XP og feila frå Vista er retta. Det betyr at dei mange som framleis køyrer XP og har venta med å ta stilling til neste OS, får eit godt alternativ for oppgradering.

Office-pakken gjekk gjennom ei radikal endring med overgangen til 2007. "Less is more" og 80/20-regelen har vore styrande (dei 20 % av funksjonane du brukar 80 % av tida [har forresten skrive om det uheldige valet av tala 80 og 20 i Zipf-/Pareto-fordelingar tidlegare]). Menyane er forenkla og dei mest brukte funksjonane er lett tilgjengelege. Dei funksjonane du brukar sjeldnare, vil du uansett måtta bruka litt tid på å finna og bruka.

Etter å ha brukt OpenOffice mest det siste året, tek eg tek meg sjølv i å føretrekkja Office 2007. OpenOffice verkar plutseleg veldig gammaldags. Ei oppgradering a la Office 2007 er sårt tiltrengt.

Ein annan faktor som også verkar til Microsofts fordel, er at alternativ som Google ikkje lenger framstår som uskuldsreint, men ein maktbastion berre med litt andre midlar.

Konklusjonen er at Microsoft ikkje må avskrivast, om nokon trudde det.

PS.
Har no installert iTunes for 10. gang, minst. Kvar gong eg må ta omstart av pc-en, noko eg ikkje gjer anna enn når det er tvingande nødvendig, må eg installera iTunes på nytt. Om det er Apple som har feilen eller Microsoft veit eg ikkje, men irriterande er det.

lørdag 20. februar 2010

Lenovo T400s - eit perfekt kompromiss


Har no hatt den nye pc-en i vel 4 mnd. og er godt fornøyd. Det er min tredje ThinkPad (først T21 i 2001 og så T43 i 2005) og så langt ser denne like bra ut som dei to føregåande.

For mange er ein berbar pc berre ein berbar pc, og merket betyr lite eller ingen ting. For meg betyr det mykje, om lag like mykje som for ein Apple-fan. Så var også alternativa berre ThinkPad eller MacBook. For meg er den berbare verkeleg berbar; eg har den med meg over alt, og alltid med heim. Som forgjengaren skal den sleppa å blir sett att på kontoret over natta...

T400s veg 1,8 kg og er i tillegg ein fullverdig berbar med 14,1" skjerm. Skjermen er makelaus, som tastaturet (Enter-tasten er ikkje slik som modellen over viser). Dette har alltid vore ThinkPad sin force, og Lenovo held opp dei gode tradisjonane IBM starta. Maskina er utstyrt med 128 GB flash-disk, og det er også med på å redusera vekta.

PC-en har 4 GB av 8 maksimalt. Helst ville eg hatt maks frå starten av, men prisen var svinaktig, så då blir det ei oppdatering når prisane har normalisert seg. OS er Windows 7, 64-bits, og i tillegg Ubuntu 9.10. Med Windows 7 ser det ut som Microsoft endeleg har klart å få eit OS på nivå med XP, etter det skuffande Vista.

Lenovos eigne styreprogram var ikkje klare då eg fekk pc-en og eg har ikkje installert dei enno. Vurderinga av pc-en må sjåast på bakgrunn av det.

Pluss og minus så langt:
+ Lett og fin pc, suveren skjerm og tastatur
+ Positivt overraska over Windows 7 (men iTunes, QuickTime og Firefox har store problem)
+ Veldig bra med videokanon/ekstern skjerm (men likar ikkje heilt automatikken som fråtek ein kontroll)

- Litt svak batterikapasitet (ca. 3 timar er litt lite)
- Dumt med kombinert inngang for hovudtlf. og mikrofon (treng overgang)
- Kunne ønskt HDMI-utgang i staden for DisplayPort, men det kan jo henda at DP blir ein ny videostandard i framtida (sjå eige innlegg om dette tidlegare)

PS.
I desse tider med diskusjon om blogg og sponsing må eg understreka at her er det ikkje snakk om sponsing av noko slag.

onsdag 17. februar 2010

Innovasjon i skiløypa


OL i Vancouver har vel ikkje heilt slått til, sett med norsk auge. Då kan det vera kjekt å melda om annan suksess i skiløypene, i alle fall potensiell suksess. Informasjonssystemet Vaviatrack let deg følgja OL-løypene i Whistler meter for meter med video, i tillegg til markering i høgdeprofil og løypeoversikt.

Dette er eit godt eksempel på innovasjon. Innovasjon er i framandordboka mi oversett med 'forandring, nyhet' og det er opprinneleg latinsk. Innovasjon blir ofte kopla til noko som er grensesprengjande nytt, men den vanlegaste forma for innovasjon er å setja saman kjende ting på ein ny måte.

Det er akkurat det personane bak Vaviatrack har gjort. Ingen av dei tre hovuddelane av tenesta er nye:
  • videofilming av trase
  • løypeprofil vist som høgdekart
  • løypeprofil i terreng (satelitt-bilete) eller på kart
Men Vaviatrack har klart å setja desse kjende elementa saman på ein ny måte og produktet synest å ha eit stort potensiale. OL i Vancouver er sjølve show-off og med filming av alle langrennsløypene har dei ein kjempebra demo å visa til.

Bak Vaviatrack står mellom anna Asbjørn Hønsi frå Vik, primus motor for det fantastiske skianlegget på Kålsete i Vik. På tekniske side har han fått med seg karane i Yast.com, Sogndal.

Om det ikkje blir gull i desse løypene, blir det kanskje suksess på eit anna område?

søndag 14. februar 2010

Den store HD-bløffen!


Sit og ser på NRK si OL-sending i HD-kvalitet og er ikkje særleg overraska over å sjå at det er svært liten skilnad på vanleg tv-standard og HD-kvalitet. Nesten så eg blir imponert over ein bransje som har fått heile folket til å kasta ut dei gamle tv-ane for å erstatta dei med det nye og fantastiske. Ta med på kjøpet av dei fleste flatskjermar har dårlegare lyd enn gamle tv-ar, og farsen er komplett. Og eg er ein av dei mange..

Men eg hadde ikkje veldig store forventningar om revolusjon, noko det viser seg god grunn til. Det er mange grunnar til dette. Den viktigaste er kanskje at punkt (pikslar) ikkje betyr alt, andre ting som kontrast har truleg meir å seia for biletkvaliteten. Ein annan viktig faktor er opptaks- og sendekvalitet. NRK skil seg stort frå t.d. TV2 i kvalitet, og dermed blir det mindre skilnad på tradisjonelle NRK-sendingar og t.d. OL-sendingane i HD. Kanskje blir det større skilnad på NRK sine eigne HD-sendingar?

Teknologidirektør Arild Hellgren i NRK seier då også at " I dag er det faktisk en del HD-sendinger som knapt nok er bedre enn det som sendes med standard kvalitet".

torsdag 4. februar 2010

Joshua Redman i by'n

I går tvitra eg frå Oslo om at "Veret er tragisk, NSB er håplaust, gatene uframkommelege - kvifor i all verda vil folk på død og liv bu her? Lengtar heim..". For å få litt balanse må eg leggja til at kulturtilbodet i (riks-)hovudstaden er bra. Eit av dei gode tilboda nytta eg meg av i går kveld; konsert med Joshua Redman kvartett på Nasjonal Jazzscene (held til i Victoria teater midt på Karl Johan).

Mellom dei største jazzartistane i dag
Joshua Redman er tenor-saksofonist og ein av dei store jazz-artistane i dag. Som så mange andre i jazzen hadde han det i familien; faren Dewey Redman var ein kjend saksofonist også (tenor han og). Ein skulle ikkje tru at han er over 40 år (nettoopp fylt 41!), han han ser meir ut som 25.

Redman var "artist in residence" ved Molde-festivalen i 2006 og det kjem snart ei plate med han og Trondheim Jazzorkester som han spelte med der.

Driv, rytme og samspel
Konserten i går var på eitt sett og varte med ekstranummer bortimot halvannan time. Det var intenst, det var eit fantastisk driv og rytme og det var eit samspel dei fire imellom som var imponerande. Redman har ein flott tone i hornet, han er teknisk briljant, men utan at det blir "show-off". Teknikken er der berre for å formidlinga sin del, og dramaturgien i låtane var flott.

Arven frå Sonny Rollins
Mange har samanlikna Joshua Redman med Sonny Rollins ("den nye Rollins") og det er ikkje utan grunn. No er det alltid skummelt å bli "den nye ...", men likskapen mellom Rollins og Redman er stor. Begge (eg tenkjer på den tidlege Sonny Rollins) har den flotte tonen og ein spesielt godt utvikla melodisk sans. Det siste er kanskje det viktigaste. Det ser også ut som Joshua Redman maktar å ta jazzen nye vegare, ulikt mange av sine jamaldrande amerikanske kollegaer.

Her er eit av mange Youtube-klipp med det Joshua Redman (JR Quartet som spelar 'Straight Ahead') og me høyrer også Rollins-parafrase over 'St. Thomas'...