søndag 30. september 2007

Fallitterklæring for internt søk

Eit av poenga våre i foredraget på EuroIA er at dårleg eller manglande semantisk struktur i portalen kjem tydelegast til uttrykk i det interne søket. Interne søk er eit katastrofeområde på dagens nettsider - eg har tidlegare teke dette opp mellom anna i innlegget "Søk kler deg naken".

Som illustrasjon vel eg denne gongen Høgskulen i Sogn og Fjordane, av mange kandidatar. Eg leitte etter informasjon om Fagdagen 2007 i samband med eit møte i FoU-utvalet ved høgskulen der eg representerer Vestlansforsking. Eit søk på "fagdag 2007" gir følgjande treff, der ingen er relevante i forhold til det eg er ute etter:



Så gjorde eg same søket i Google ("fagdag 2007 site:www.hisf.no) og fekk denne trefflista:



Første treffet er innertiar. Men korleis kan det ha seg at Høgskulen si nettløysing ikkje kjenner til denne informasjonen? Det er i grunnen uforståeleg at Google skal kjenna Høgskulen sin informasjon betre enn Høgskulen sjølv - ei fallitterklæring er det rett og slett.

lørdag 29. september 2007

Internt språk

Indre Sogn Sparebank kunngjer rekneskapsrapporten for andre kvartal i år på denne måten:

Driftsres. etter tap, men før skatt og e.o.p. var kr. 7,8 mill. mot kr. 11,0 mill. til same tid i fjor. Tap på utlån har auka frå i fjor. Skifte av rekneskapspr., ny utlånsforskr gir korrigert res. og balansereg.for 06. Kostnads% er 69,30%. Forv.kap. og innskot syner auke. Det har ikkje vore utvatning av gr.f.bevisa.
Skal tru om det er publiseringssystemet som har grense for tal teikn i ingressen? Godt språk blir det i alle fall ikkje.

torsdag 27. september 2007

EuroIA Summit 2007

EuroIA Summit 2007 vart avvikla 21. og 22.9 i Barcelona. Det er tredje året denne konferansen blir arrangert, og etter ein forsiktig start i Brussels (2005) og Berlin (2006), har den vakse seg stadig større. Årets konferanse hadde rundt 150 deltakarar og konferansen hadde to parallellsesjonar.

EuroIA Summit er søsterarr. til det meir kjende IA Summit i USA. Den har ei historie frå 2000 og hadde i fjor nær 600 deltakarar (Las Vegas). Bak begge konferansane står organisasjonen ASIS&T (American Society for Information Science and Tecnology). IA Summit 2008 blir arrangert 10. - 14. april 2008 i Florida.

Vestlandsforsking var sterkt representerte ved Terje, Nils Arne og eg. Nils Arne og eg presenterte "Too much Information and too little Architecture? Transforming Semantic Web Ideas to IA" og det vart godt motteke. Det var mange spørsmål og tydeleg eit tema som engasjerte deltakarane (for det meste informasjonsarkitektar o.l.). Også mange spørsmål om emnekart (Topic Maps), sidan det var ein viktig del av eksemplifiseringa vår. Fleire ville vita meir om bruk av emnekart til modellering og kva verktøy som finst.

Om det var eit hovudtema på konferansen (bortsett frå det annonserte "Translating Information Architecture") var det struktur. Presentasjonen vår var kanskje det tydelegaste innslaget, men også andre var inne på temaet. Det er heilt tydeleg at fagområdet leitar etter eit betre fundament på dette og andre område. Informasjonsarkitektur er eit tverrfagleg felt der ulike fagdisiplinar møtest. Biblioteksfag har vore det mest tydelege området og det som har forma fagområdet mest. Fagområdet er likevel ungt og sjølv om det er utvikla eit sett gode, praktiske verktøy, er det eit stort behov for eit betre fundament. Og i all beskjedenheit trur eg at bidrag som vårt er til hjelp i det arbeidet. I det minste hjelper det å setja søkjelyset på problemstillingane.


torsdag 20. september 2007

Alltid på nett

Verdien av alltid å vera tilkopla nettet blir først klar når du har problem med tilgangen. Er på kombinert ferie- og konferansetur til Barcelona saman med heile familien og har leigt leilegheit nær stranda (Poblenou). Først like før avreise begynte eg å tenkja på nett-tilgang, og det slo meg at det ikkje sto på lista over ting leilegheita 'måtte' ha.

Dersom det var ei rein feriereise hadde det kanskje (berre kanskje) vore ein fordel å vera utan nett nokre dagar, men sidan det også skal kombinerast med konferanse, er det avgjerande å komma på nett.

Heldigvis har eg funne ein god nabo, '3Com', som generøst delar sin trådlause internett-aksess med meg. Det er eit vell av trådlause nett her, men dette er det einaste eg har funne som er ope. Moralen er: Tenk deg godt om før du stengjer det trådlause nettet, hugs at du kan hjelpa ein venn i nød!

Meir alvorleg: Internettaksess bør snart bli sett på som ei rettigheit og det spørst om ikkje det offentlege bør sikra slik tilgang, i alle fall i sentrale strøk. Eg seier ikkje at det skal vera gratis, men mulegheiten for å kopla seg til nettet må vera der (jfr. Trondheim og trådlaus by).

fredag 7. september 2007

Adwords-spam

Nettavisens "Side 2" er dessverre i godt lag når dei brukar Adwords på denne spam-måten. Hotte bilder av Tim Berners-lee? Herregud, kor tåpeleg går det an å bli? Men slik blir det dessverre når spamming blir ein del av naturleg marknadsføring. Det fører tankane over til den primitive web'ens første fase der keywords-feltet vart brukt til lokkemat med 'Pamela Anderson' og liknande. Trist (som faen).

søndag 2. september 2007

Høg standard - va f... e høg standard?

Det var vel neppe Peps Perssons hit frå 1975 Standardiseringsrådet og FAD hadde i tankane då dei la fram forslag til referansekatalog over tilrådde og obligatoriske IT-standardar. Men departementet har absolutt hatt sin tvil om kva som skal vera den høge standarden; kva som skal vera obligatoriske forvaltningsstandardar.

Det er heller ikkje vanskeleg å forstå, for historisk sett har ikkje forvaltningsstandardar innan offentleg IT-bruk vore nokon stor suksess. Det er nok å nemna kongeleg resolusjon om bruk av X.400 og NOSIP (norsk OSI-profil) som mildt sagt var i utakt med utviklinga alt frå starten av.

Forslaget til nye forvaltningsstandardar i form av referansekatalog vart lagt ut til høyring på FAD før sommarferien og med frist 20. august til å gi innspel. Vestlandsforsking stod ikkje på lista over høyringsinstansar, men me sende inn våre synspunkt i lag med 68 andre.

Det store spørsmålet er sjølvsagt kva dokumentformat som skal tilrådast innan tekstbehandling. Forslaget frå departementet gjeld berre bruk av dokumentformat på web, men ein obligatorisk standard her vil sjølvsagt få langt vidare betydning.

ODF er alt godkjent som ISO-standard og blir tilrådd av departementet. Microsoft kjempar ein hard (og brutal?) kamp for å få OOXML godkjent som ISO-standard og likestilt med ODF. Det er eit rått køyr som ingen veit utfallet av enno.

I høyringssvaret frå VF har eg skrive at å argumentera for at ein treng to standardar for denne type dokumentutveksling er det same som å argumentera for at me bør gjeninnføra fot som måleeining for å ha eit alternativ til meter. Computerworld likte tydelegvis denne formuleringa og dette synet og har gjengitt delar av høyringssvaret vårt i siste utgåve, der forvaltningsstandardane var hovudtema.

Referansekatalogen er elles ei salig blanding av hummar og kanari; det meste kopiert frå den tilsvarande danske katalogen. Dei har også kopiert inn feila frå den danske: Emnekart blir omtalt som de facto-standard (industristandard). Det er svakt; dei som har utarbeida forslaget bør ha såpass kjennskap at dei veit at dette er ein open ISO-standard (ISO 13250). Dei opererer også med filformatet XTP for Topic Maps. Kanskje er eg heilt på bærtur, men eg har aldri høyrt om dette formatet (?).

lørdag 1. september 2007

Bok-sommar

Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko, kan seiast om sommaren i år. Den har ført til rekordomsetjing i bokhandlar og utlån på biblioteka. Det er bra. Sjølv har eg også lese fleire bøker enn vanleg og vil gi ein kort omtale av dei eg hugsar.

Til fyret (Virginia Wolf) er ein av dei store klassikarane. Eg skal ikkje gi meg ut som litteraturvitar, men boka markerte starten på den moderne litteraturen (ei av dei, i alle fall). Det er forma som er uvanleg. På overflata er det berre trivielle ting; heile den ytre handlinga er bortimot banal. Men under overflata kokar det! Kvar enkel ytre handling eller replikk blir følgt av lange indre monologar og grublingar. Boka er ikkje lettlesen, det skal ho ha forfattaren, men fascinerande når ein berre greier å konsentrera seg om teksten. Føreordet med ei tolking av boka var til stor hjelp; både før gjennomlesing og etterpå.

Berlinerpoplene og Eremittkrepsene (Anne B. Ragde) har vore det store diskusjonstemaet dei siste vekene, så desse har eg treft bra med. Ved å lesa dei etter 'Til fyret' vart det som å gå ut i total spagat. Anne B. Ragde er lettlesen så det held, men det er ikkje nødvendigvis noko gale i det. Eg vil vel heller seia tvert om, det er det mest positive eg kan seia om bøkene. Men totalinntrykket er likevel skuffande. Her er det enorm fokus på detaljar utan at lesaren (i alle fall eg) får noko betre forståing av karakterane. Dei blir for meg veldig einsidige og flate; nesten som pappfigurar. Eg synest også klisjeane får litt for god plass; ikkje minst gjeld det beskrivelsen av dei homofile.

Hjulskift (Vigids Hjort) er i same lettlesne sjanger som Anne B. Ragde. Det er den første boka eg har lese av Vigdis Hjort og det freistar ikkje meg å lesa fleire. Eg synest boka var tynn og på same måte som Anne B. Ragde sine bøker opplevde eg den som stereotyp i miljøskildringane. Nei, les heller Kyrre Andreassens 'Svendsens catering'. Den er god!

Ut og stjæle hester (Per Petterson) har eg hatt på lista mi lenge. Denne romanen har fått mykje skryt og det er fortent. Ei veldig bra skildring av eit far/son-forhold. Men på slutten tippar det nesten over i nostalgisk western der dei "rir mot åskammen i solnedgangen på kvar sin oppsala hest".. Men berre nesten.


Grand Manila (Kjartan Fløgstad) er Fløgstad på sitt beste og om det han kan best: små industrisamfunn på Vestlandet. Her er det også ein typisk vestlandsk industristad og Verket som er i sentrum, men med mange forgreiningar til fleire land og fleire menneskeskjebnar og det heile fletta imponerande bra saman. Ei veldig bra bok.