søndag 27. september 2020

DeFi - Desentralisert finans

Illustrasjon henta frå CoinTelegraph.com

Gløym FinTech, det er DeFi som gjeld no og som skaper overskriftene i kryptoverda. DeFi er desentralisert finans, og det er desentraliserte børsar. Ein børs er ein handelsplass for finansielle produkt og tenester og ein møteplass for kjøparar og seljarar. Børsen si oppgåve er å matcha kjøpar og seljar sine interesser. 

Kortversjon: DeFi er automatisert kopling av kjøpar/seljar (eller her: låntakar og långivar). "Yield Farming" er måten långivarar blir stimulerte til å bidra med likviditet.

Tradisjonelle børsar lever i beste velgåande og står framleis for den desidert største delen av finansaktivitetar. Dei er i stor grad digitaliserte, men sentraliserte. Det gjeld også børsar innan kryptovaluta, som t.d. Coinbase, Kraken o.l.

Desentraliserte kryptobørsar er ikkje noko nytt. 0X (Zero-X) og Bancor har eksistert ei stund, utan å ha fått særleg volum. Den nye bølgja no, derimot, har fått enorm oppsving. 

2017/ICO all over again? DeFi-hysteriet minner svært mykje om ICO-bølgja i 2017-2018. Store mengder pengar blir samla på ganske få hender, og det er svært mange tvilsame prosjekt. Men som med ICO har også DeFi ein kjerne av innovasjon som gjer den interessant. Men for dei som tenkjer å prøva seg i dette landskapet, gjeld det å vera forsiktig. Her er det fort å brenna fingrane!

Utikling av desentraliserte vekslingstenester, DEX

Desentraliserte børsar, også kalla DEX, er som namnet seier, desentrale og er utan eit sentralt punkt. Det er ikkje eit nytt fenomen, dei første desentrale kryptobørsane kom så tidleg som i 2014. Det var før Ethereum eksisterte og teknologien baserte seg på "farga myntar" ("colored coins"), ein måte å utvida bruksområdet for Bitcoin. Men særleg fart i dette vart det ikkje før Ethereum var lansert. Ethereum viste seg å vera ein enklare plattform å utvikla nye tenester på, det var jo heile rasjonalet for E.

Ein (krypto-)børs har fire hovudoppgåver/utfordringar:

  1. Tilgjengeleg kapital ("Capital deposits")
  2. Kunngjering av ordrar ("Order broadcast")
  3. Matching av ordrar ("Order matching")
  4. Utveksling av token/kryptovaluta ("Exchange of tokens")
Alle elementa har visse utfordringar når målet er desentralisering. Å stilla kapital til disposisjon er den første utfordringa, og ikkje så enkelt når det skal gjerast fullt ut desentralt. Nok likviditet er kanskje det største problemet for desentraliserte børsar, og det er her me finn ein del innovative triks i dagens DeFi-løysingar.

Utviklinga frå 2014 har gitt oss fleire generasjonar med desentrale børsar:
  • Første generasjon: Avhengig av ei bestemt blokkjede og ein bestemt kryptovaluta
  • Andre gen.: Kontraktsavhengige; avhengige av smarte kontraktar og Ethereum
  • Tredje gen.: Valuta-agnostiske, protokollbaserte, ikkje bundne til ei spesiell blokkjede
Verken første eller andre generasjon desentraliserte børsar var fullt ut desentraliserte og kan betre omtlast som hybridløysingar der enkelte delar var/er sentraliserte og andre desentraliserte. For tredje generasjons DEX, som er dagens DeFi-løyingar, er målet full desentralitet. Men det er gode grunnar til å spørja kor desentrale desse tenestene eigentleg er. Utveksling av krypto mellom långivar og -takar skjer node-til-node, det er så, men bak desse løysingane står det i mange tilfelle bedrifter, eller ei handfull personar, som har full tilgang til systemet; såkalla "God mode" (admin-rettar). 

Yield Farming

Eit sentralt begrep innan DeFi er "yield farming". Det er i hovudsak to måtar å tena pengar på desentralisert finans (DeFi): renter på utlånt krypto og token i bytte mot å stilla kapital til rådvelde for sikkerheit. Den store utfordringa for alle som skal driva ei vekslingsteneste, sentral eller desentral, er tilgang på likviditet.

For desentrale vekslingstenester, eller finanstenester generelt, er tilgang på kapital kanskje ei endå større utfordring nettopp fordi det ikkje er ein sentral tredjepart som samlar og koordinerer likviditeten. DeFi-tenester løyser dette på to måtar:
  1. Rente på kapital som blir stilt til disposisjon
  2. Token i bytte mot kapital til disposisjon
Som regel er det ein kombinasjon av desse to, og det er det som blir kalla "yield farming". På norsk er det ikkje noko meir mystisk enn finansiell avkastning, berre med eit litt meir fancy uttrykk. "Yield" er jo avling/avkastning, og "farming" refererer til aktiviteten. 


Desentralt?

Andreas Antonopoulos minner om dette og meiner at full tilgang (admin/"God mode") bør vera det viktigaste kriteriet for å vurdera om eit prosjekt er fullt ut desentralisert eller ikkje. Men kven klarer å finna ut det? MakerDAO er eit DeFi-prosjekt der ingen i utgangspunktet har admin-tilgang ("God mode"). Men undersøkingar viser at meir enn 40 % av sikkerheiten bak MakerDAO ("collateral") er sentraliserte aktiva ("assets"), og då er prosjektet ikkje så desentralisert likevel.

DeFi Watch har analysert 15 DeFi-prosjekt og fann at 12 av dei er sentraliserte ved at dei har admin-rettar. Men sjølv MakerDAO, som ikkje har admin-tilgang, kan ikkje seiast å vera fullt ut desentralisert på grunn av sentraliserte aktiva i botnen. 

Dette er vanskeleg, nesten umuleg, å finna ut på eiga hand. Investering i slike prosjekt blir difor litt som å handla i blinde. Det kan verka som om kapital og informasjons-asymmetri er bygde inn i protokollane.

ICO-repetisjon?

Som nemnt minner DeFi-bølgja svært mykje om ICO-bølgja for 2-3 år sidan. Som ICO-ane blir det samla store mengder midlar, og som ICO-ane er det mykje tvilsamt ute og går. Risikoen er enorm og får investering i Bitcoin til å verka botnsolid. Du har alle mulegheiter til å bli skikkeleg brent, og mista det du investerer. Men sjølvsagt er det nokre som tener store pengar. Det er først og fremst dei som står bak dei mange initiativa, men også dei som er først ute og investerer. Det minner difor om pyramide-spel, sjølv om det strengt teke ikkje er det.

Men som med ICO er det også ein kjerne av innovasjon i DeFi. Når dei mange tvilsame prosjekta er borte, og regulering frå styresmaktene har stramma inn (det kjem heilt sikkert til å skje), er det forhåpentlegvis framleis att levande og framtidsretta DeFi-prosjekt.



onsdag 2. september 2020

Bitcoin vs. Ethereum

  

Det er ein del strid mellom Bitcoin- og Ethereum-tilhengjarar. Det gjeld sjølvsagt ikkje alle, men for "hardcore" Bitcoin-maksimalistar er alt anna enn Bitcoin "shitcoin", og Ethereum ikkje noko unnatak. Andre har eit meir pragmatisk syn på Ethereum og andre alternative kryptovalutaer (altcoins), men mange også i denne gruppa stiller kritiske spørsmål til visse sider ved Ethereum, særleg kompleksiteten og den (manglande) monetære strategien. Her er eit forsøk på å få fram dei viktigaste skilnadene mellom Bitcin og Ethereum.

Ethereum blir til

Ethereum vart fødd som eit resultat av det Vitalik Buterin og andre sentrale utviklarar oppfatta som ei teknologisk tvangstrøye i Bitcoin. Bitcoin vart konstruert med sikkerheit og desentralitet som dei to styrande prinsippa, og fleksibilitet og skalering vart bevisst ofra. Kompleksitet er som kjent sikkerheit sin verste fiende. Vitalik var sentral også i Bitcoins tidlege historie som med-stiftar av Bitcoin Magazine, der han skreiv jamnleg. Men i 2013 såg han at det var uråd å få til radikale endringar av Bitcoin slik han gjerne ville, og han starta arbeidet med utviklinga av Ethereum, saman med ei handfull andre personar. Ethereum vart utvikla gjennom 2014 og lansert i juli 2015.

Store skilnader frå starten av

Skilnadene på Bitcoin og Ethereum er store sjølv om dei begge er opne, vilkårslause (permissionless) blokkjeder med innebygd kryptovaluta. Men Ethereum ville ikkje eksistert utan Bitcoin!
Alt i white paper for dei to systema er det slåande skilnader: "Bitcoin - A Peer-to-Peer Electronic Cash System" av Satoshi Nakamoto er på 8 sider + referansar, medan Ethereums white paper "A Next Generation Smart Contract & Decentralized Application Platform" av Vitalik Buterin er på 34 sider pluss notar (ikkje referansar som i Bitcoin-paperet, men notar til kjelder og vidare lesing). Begge white paper er essensiell lesing for den som vil forstå blokkjedeteknologi og smarte kontraktar.

Skilnader i desentralisering

Denne skilnaden i omfang finn me også på andre område. Der Bitcoin prøver å minimera størrelse for å gjera blokkjeda tilgjengeleg for flest muleg å lasta ned, gir Ethereum "blaffen" og har ei blokkjede som no er 8-10 ganger så stor som Bitcoin. Det gjer det vanskeleg, for ikkje å seia umuleg, å lasta ned for enkeltpersonar, og med det skjer det også ei omfattande sentralisering av Ethereum-nodar. Undersøkingar tyder på at meir enn 60 % av Ethereum-nodane eksisterer på skyløysingar som AWS (Amazon Web Services), og dei fleste skybaserte løysingane er baserte på bruken av Infura som backend-løysing for å kommunisera med nodane. Infura er eigd av Consensys, det største utviklingsmiljøet for Ethereum-løysingar.

Den etter kvart svært store blokkjeda i Ethereum, kombinert med meir sentrale løysingar (dei fleste smartkontraktar avhengige av Infura backend) og ei relativt sterk og tydeleg styringsgruppe gjennom Ethereum Foundation, fører til samen til eit meir sentralisert system. Ethereum-brukarane ser ikkje ut til å vera så bekymra for det, men i Bitcoin er desentralisering kanskje den viktigaste eigenskapen, i tillegg til ei fast pengemengde, og alt blir gjort for å halda på desentraliteten og jamvel styrka den.

Bitcoin har heller ingen tydelege leiarar, og maktfordelinga kan litt forenkla seiast å følgja prinsippet skissert av Montesquieu: 
  • Lovgivande: Utviklarar
  • Utførande: Gravarar ("Miners")
  • Dømmande: Bitcoin-brukarar

Konservativ vs. radikal

Ethereum vart til fordi programmeringsspråket i Bitcoin, Script, vart oppfatta som for avgrensa. Ethereum vart difor utvikla med eit Turing-komplett programmeringsspråk; eit språk der alle typar instruksjonar kan gjerast. Dette opna for meir avanserte program på blokkjeda, såkalla smarte kontraktar. Også Bitcoin har smarte kontraktar, men fordi programmeringsspråket er så avgrensa i funksjonalitet, er dei fleste ganske enkle, og det er vanskeleg å laga avanserte program. 

I Solidity, som er Ethereums programmeringsspråk, er det ganske enkelt å programmera og det har ført til eit vell av smarte kontraktar. Men baksida er at med alle mulegheiter, kjem også alle mulegheiter til å gjera feil. Det har resultert i fleire skandalar, der den mest kjende er prosjektet The DAO som feila katastrofalt i 2016 og resulterte i ei splitting av Ethereum-nettverket. Den sette alvorlege spørsmålsteikn ved Ethereum sin påståtte uforanderlegheit ("immutability")

Ethereums filosofi har alltid vore "move fast and break things", i rak motsetnad til Bitcoins sterke motstand mot radikale endringar. I Bitcoin er det semje om å prøva å unngå inkompatible endringar (hard fork) for nærmast ein kvar pris, og prøva å introdusera større ny funksjonalitet som "soft forks", altså bakover-kompatible endringar, medan Ethereum på si side har som målsetjing å ha minst eit par "hard forks" i året. "Hard forks" er risikable fordi det i realiteten inneber ei ny blokkjede og ein risiko for å splitta eksiterande blokkjede i to greiner.

Monetær politikk

Bitcoins monetære politikk er krystallklar: Det blir maksimalt 21 mill. bitcoin, og dei blir utdelte etter ein kjent nedtrappingsmodell. Fordelinga er tilfeldig takka vera proof of work-metoden (PoW). Avgrensinga på 21 mill. bitcoin er kanskje den aller viktigaste eigenskapen for Bitcoin, og det som klarast definerer systemet. Det er eit tilfeldig tal, og det kan sjølvsagt endrast, men då heiter ikkje systemet lenger Bitcoin.

Ethereum brukar også PoW, men hadde i tillegg ein "startkapital", det som blir kalla "pre-mine". Ein sum eth vart fordelt før sjølve blokkjeda var sett i drift, for å få midlar til å gjennomføra prosjektet. Ein del vart auksjonert ut på nettet, ein annan del vart reservert til kjernen av personar bak prosjektet og endå ein del vart reservert til Ethereum Foundation. Denne artikkelen fortel i detalj korleis oppstarten av Ethereum, og særleg finansieringa, skjedde. Etter det, har nye eth vorte tildelte gjennom PoW-systemet. Men i motsetnad til Bitcoin, der "vinnaren" av PoW-konkurransen får heile ny-tildelinga, er Ethereum sin modell meir kompleks sidan dei også belønnar andre enn berre vinnarane. Dette skaper også enkelte problem når ein skal finna ut kor mange eth som faktisk er sett i sirkulasjon, ref. SupplyGate som er namnet på diskusjonen nyleg om dette temaet.

Ethereum har ikkje sett noko tak på tal eth, og heller ikkje vore tydelege på eventuell inflasjonspolitikk. I det heile starta Ethereum med lite vekt på dei monetære eigenskapane; det var Ethereum som den universelle datamaskina (Ethereum Virtual Machine - EVM) som var sentralt. Kryptovalutaen var nødvendig som insitament for sikringa av blokkjeda, men ikkje tenkt på som noko meir. Etter kvart har det gått opp for Ethereum-miljøet at den monetære sida faktisk er viktig, men framleis er politikken på området ganske uklar.

Bruksområde

Bitcoins bruksområde er primært basert på dei monetære eigenskapane og så langt er det oppbevaring av verdiar ("store of value"), som er ein av dei tre viktige funksjonane til pengar. Dei to andre er som kjent pengar som bytemiddel for varer og tenester ("medium of exchange"), og pengar som målestokk ("unit of account"). Utviklinga av lag 2-løysingar baserte på Lightning Network gjer at Bitcoin også vil forsterka den første eigenskapen. Enno er dette framleis mest i utviklings- og testfase og har ein veg å gå før det blir enkelt nok for folk flest å bruka, men konturane av eit nytt overføringssystem for pengar er ikkje vanskeleg å sjå, og at det kan bli eit system som skaper nye og store innovasjonar innan betalingsformidling.

Det finst også andre løysingar baserte på Bitcoin, men hovudutviklinga tek ikkje mykje omsyn til desse. Det er freistande å kunna gjera seg nytte av den enorme sikkerheiten i Bitcoin-nettverket, og difor er blokkjeda også interessant for m.a. sikker dokumentlagring, desentralisert ID-handtering ++.

Ethereum sine mest kjende bruksområde er også av mange karakteriserte som tvilsame, eller i grenseland mot svindel. Det er kanskje litt urettferdig, for det er ein god del innovasjon i nyvinningane, sjølv om dei har ein tendens til å tippa over i svindelkategorien. 

Den første suksessen for Ethereum har vore som plattform for nye token; virtuelle representasjonar av enten fysiske eller virtuelle ting. Eit token er ein representant for noko, og dette "noko" kan i grunnen vera kva som helst; både fysiske og virtuelle ting. Dei aller fleste token på Ethereum representerer ikkje noko anna enn seg sjølv. Det eksisterer etter kvart fleire hundre tusen ulike token, og grunnen er at det er veldig enkelt å laga nye token basert på enten ERC-20-standarden eller den nyare ERC-223 eller ERC-721 og fleire. Framleis er ERC-20 den mest brukte, men den blir ofte brukt feil slik den opnar opp for angrep eller på annan måte skaper problem. Token-bølgja kulminerte med ICO-bølgja der nye token vart auksjonerte ut og vanvittige pengemengder håva inn på syltynne grunnlag. Det er rekna at opp mot 95 % av alle ICO-ar var svindel, og av dei resterande få prosjekta var det få som faktisk vart utvikla i tråd med opprinnelege planar. 

Ganske treffande illustrasjon av prospekt/prosjekt og realitet i ICO-ar

Den neste "killer application" for Ethereum var spelet CryptoKitties. Den drog fordel av blokkjeder sin evne til å skapa unike eksemplar. Alle som deltok kunne ha sin spesielle og unike kryptokattunge, og slik vart det skapt ein handelsplass for kattungane.

I skrivande stund er det DeFi som herjar på Ethereum. DeFi er desentralisert finans ("decentralized finance") og har på kort tid vakse seg stort med store summar involverte. Det er sinnrike smartkontraktar som styrer ulike lånetypar, kombinert med token som også gir såkalla avling ("yield farming"). Dei desentraliserte produkta gir renter på så høgt nivå at det einaste dekkjande ordet er BOBLE. Det vil garantert sprekka til slutt, men på vegen opp er det mange som vil tena store pengar, og på vegen ned att er det endå fleire som vil tapa like store summar. Heile konseptet, og utviklinga av det, minner veldig mykje om ICO-ane i 2017. Det verkar som DeFi-produkta opererer utanfor alle typar regularingar, men det kan ikkje halda i lengda. Som med ICO-ar, kjem nok reguleringsorgana på bana når dei omsider har fått med seg kva som skjer.

Er Ethereum svindel?

Den korte vegen til svindel i Ethereum sine suksessar har fått mange Bitcoin-tilhengjarar til å karakterisera sjølve Ethereum som ein svindel. Det meiner eg det absolutt ikkje er grunnlag for. Både token-fenomenet, ICO-ar og no DeFi har ein kjerne av innovasjon som er viktig. 
  • Tokenifisering viser ein veg framover der det meste av fysiske ting blir representerte av token på ei blokkjede. Den utviklinga vil halda fram.

  • ICO-ar, med alle sine problematiske sider, har vist ein ny finansieringstype som er open for alle å delta i. Med denne typen finansiering kan kven som helst investera i nye selskap og nye produkt og tenester. Men det er mange uavklarte utfordringar her, m.a. skilnaden på eigarskap i eit selskap og eigarskap til token utgitt av selskapet. På dette punktet er det pr. i dag selskapet som har alt å vinna på ein ICO, og den som investerer i token har alt å tapa.

  • DeFi med desentraliserte lånesystem er også ein interessant innovasjon. Pr. i dag er risikoen i dette uregulerte område skyhøg, og kompleksiteten utgjer ein stor del av risikoen. Likevel ber DeFi bod om ny og spennande utvikling på eit område som stort sett har vore uendra i fleire hundre år.
På same måte som dot.com ikkje berre var elende, men også førte til positive ting (bygging av varig infrastruktur, skilje av klint/kveite med omsyn til levedyktige IT-bedrifter m.m.). Det kan difor verka som Schumpeters teori om kreativ øydelegging blir vist i praksis gjennom desse fenomena.



torsdag 16. juli 2020

Einstein - ein biografi

Albert Einstein blir verdsberømt nærmast over natta. Den 29. mai 1919 er det total solformørking i Afrika og ein ein britisk ekspedisjon måler at lyset blir avbøygd nøyaktig som Einstein har slått fast i den generelle relativitetsteorien. Det er ein sensasjon som breier seg over heile jorda og Einstein blir vitskapens superstjerne.

"Einstein - en biografi" er skriven av fysikar Jürgen Neffe og dokumenterer Einstein sitt liv frå fødselen i 1879, i Ulm i Tyskland, til han døydde i Princeton, USA, 18. april 1955.

Eit menneske, på godt og vondt
Neffe har portrettert heile menneske Albert Einstein, ikkje berre den berømte vitskapsmannen. Han hadde fleire sider, og som mange menneske, for ikkje å seia dei fleste, var det både positive og negative sider. Einstein var ikkje nokon god mann og far, for å seia det mildt!

Det gjekk lenge før desse sidene kom fram, for mange var opptekne av å beskytta ryktet til Einstein, nærmast for ein kvar pris. Mange private brev og dokument er difor også brende nettopp for ikkje å kasta eit dårleg lys over geniet. Det reduserer likevel ikkje det formidable og nyskapande arbeidet han gjorde for fysikken og for forståinga av verda rundt oss. Det var ikkje utan grunn Time Magazine kåra Einstein til det 20. århundrets person.

Albert Einstein hadde eit enormt vitskapleg arbeid bak seg, med over 300 publiserte artiklar. Men det er kanskje desse tre gjennombrota som blir ståande som dei aller viktigaste:

1. Den spesielle relativitetsteorien
I 1905 publiserte Einstein artikkelen "On the Electrodynamics of Moving Bodies" i tidsskriftet Annalen der Physik, det leiande tidsskriftet for fysikk. Saman med tre andre artiklar det året, som samla sett blir kalla Einsteins Annus Mirabilis, snudde han opp ned på den til då rådande oppfatninga av at tid og rom var konstante størrelsar. Han sette fram påstanden om at lysets hastigheit, i vakuum, er konstant og dermed blir både rom og tid påverka av det. Tida blir dermed relativ, og den blir påverka av hastigheit. Tida går saktare til raskare eit objekt bevegar seg. Ved lysfart, 299.782 km/t, står tida stille.

Originalversjonen av artikkelen

Dette er sjølvsagt veldig overflatisk forklart, det er ikkje berre berre å trengja gjennom og forstå denne teorien, i alle fall ikkje for folk utan spesielle fysikk-kunnskapar.

Det spesielle er at Einstein hadde full jobb ved patentkontoret i Bern på den tida han publiserte artiklane. Han fekk jobben ved patentkontoret i 1901, ved hjelp av vennen Marcel Grossman som fekk faren til å snakka med direktøren ved kontoret. Einstein arbeidde ved patentkontoret heilt til 1908. Han sleit med å få godkjent doktorgradsarbeidet sitt (!) og det tok difor lang tid før han kom seg over i akademia. Men jobben ved patentkontoret var ikkje så rar som den høyrest ut til. Einstein var vaksen opp med faren og onkelen som bedriftseigarar. Dei dreiv installasjon av diverse elektriske apparat, mellom anna gatelys og andre lyskjelder, og unge Albert var godt kjent i fabrikken. Han hadde difor eit godt utgangspunkt for å vurdera diverse tekniske patentforslag.

2. Den generelle relativitetsteorien
Det var den generelle relativitetsteorien som med verdas mest kjende formel, E = mc2, slo fast at gravitasjonskrafta mellom massar fører til avbøyging av tid og rom ("spacetime"). Det var først 29. mai 1919 dette kunne observerast og slåast fast i samband med solformørkinga.

Med det fall Newtons lover for tyngdekraft, lover som hadde vore rådande i 200 år. Newtons lover stemde godt med det som kunne observerast på jorda, og for det meste for planetane sine baner rundt sola. Men det var eit avvik, særleg i Merkur si bane, som Newton og andre ikkje kunne forklara. Og "nesten", eller "omtrent", kan ikkje aksepterast av fysikarar. Einstein sin formel forklarte også Merkur si bane, og det Newtonske avviket, perfekt.

Sjølv om Einstein vart verdsberømt, nærmast over natta, var det mange som var skeptiske til den nye teorien. Ein ting var at dei færraste forstod den, eller konsekvensane av den, det andre var den revolusjonerande sida av den. Dette var like revolusjonert som då Kopernikus hevda at sola var midtpunkt og jorda gjekk i bane rundt den. Alt vart snudd på hovudet, sjølv om det i det daglege ikkje fekk nokon betydning. Seinare skulle det sjølvsagt få stor betydning. Utan Einstein sin teori ville til dømes ikkje GPS-systemet, og mange andre satelittbaserte kommunikasjonssystem, fungert.

Den revolusjonerande sida av teorien kopla med at Einstein var jøde, vart også grunnlag for skepsis og motarbeiding. Etter kvart som høgresida og dei nasjonalistiske idéane vaks fram i Tyskland, og med det eit aukande jødehat, vart dette brukt mot Einstein. Då Hitler tok makta vart situasjonen direkte farleg og Einstein måtte etter kvart forlata Tyskland. Han hadde mange tilbod frå ulike universitet og forskingsinstitutt, men valde Princeton i USA.

Han vart aldri lykkeleg i USA. Han mislikte kulturen og sakna sin eigen tyske, schwabiske kultur. Han lært aldri språket skikkeleg og det var nok også ein viktig grunn til mistrivselen.

3. Starten på kvantefysikken
Det tredje store gjennombrotet Einstein skapte, var starten på kvantefysikken. Som ein del av arbeidet med relativitetsteoriane la han også grunnlaget for kvantefysikken. Det er kanskje rettare å seia at han opna døra for denne radikale endringa av fysikken. Og i ettertid var han ikkje særleg glad for det.

Han oppdaga lyset sine fotoelektriske eigenskapar og gav opphav til fotonet. Dette var også kjernen i argumentasjonen for Nobel-prisen han fekk i 1922, sjølv om Einsteins generelle tilfang til den teoretiske fysikken vart vektlagt.

Der den klassiske fysikken seier noko om masse og energi på eit makronivå, handlar kvantefysikken om det same, men på eit atom- og subatom-nivå. Sjølv om Einstein opna døra for denne delen av fysikken, vart han ein innbitt motstandar av kvanteteoriane resten av livet. Einsteins kongstanke var å finna fram til ein og same teori som kunne forklara både makro- og mikronivået. Dette arbeida han med heile livet etter at han hadde utleda den generelle relativitetsteorien. Men han kom aldri til noko resultat, det vart skuffelse på skuffelse.

Han klarte aldri å godta at i kvantefysikken spelar sannsynlegheit ein stor rolle. Einstein trudde fullt og fast på kausaliltet; årsak og verknad, og at det måtte vera eit deterministisk handlingsforløp. Det berømte sitatet "Gud kastar ikkje terningar" stammar frå diskusjonen han hadde med kvantefysikarar om dette.

Det tragiske, men også lett gjenkjennelege mønsteret, er at den revolusjonære Einstein vart oppfatta som ein reaksjonær gubbe på sine eldre dagar. Historia gjentek seg, blir det sagt. Einstein revolusjonerte den klassiske fysikken til stor motstand frå dei etablerte vitskapsmennene (det var stort sett berre menn), og fekk same forsvarsrollen på sine eldre dagar. Det er sanneleg ikkje lett å vera revolusjonær gjennom heile livet.



















tirsdag 7. juli 2020

Krigen mot kontantar

Kontantar er i ferd med å bli spedalske, og kampen for å bli kvitt dei har pågått lenge. Men svært få tenkjer over konsekvensane av at eit anonymt alternativ for betaling forsvinn og me sit att med 100 % overvaka pengar. Den dagen det går opp for folk, kan det vera for seint. Men heldigvis har me kryptovaluta, og det kan bli alternativet me må setja vår lit til.

Sist ute med forslag om å fjerna kontantar, er økonomi-kommentator Christina Pletten i Aftenposten med artikkelen "Kontanter er ikke lenger konge". Artikkelen er dessverre bak ein betalingsmur, men kort fortalt meiner CP at fjerning av kontantar vil hindra svart økonomi, og det er grunn god nok.

Eg skreiv eit lesarinnlegg der eg tok til motmæle mot argumentasjonen til CP, men det er vanskeleg å få plass i Aftenposten, så då blir det med denne publiseringa.



Retten til sporfri ferdsel

Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking, 06.07.2020

Jon Bing lanserte begrepet «retten til sporfri ferdsel» som ein del av arbeidet med personvern, på ei tid der det var ganske nytt. Økonomikommentator Christina Pletten i Aftenposten er ikkje særleg oppteken av denne retten, og ser helst at all økonomisk aktivitet blir overvaka (02.07). Me er snart der; berre 2-3 % av alle betalingar skjer med kontantar, og i korona-tida er dette redusert ytterlegare.

Det er vel bra, som Pletten konkluderer? Nei, det er ikkje bra, og me bør vera uroa over ei utvikling som går mot total overvaking på det økonomiske området. Det er opplagt at Skatteetaten, Politiet og andre delar av styresmaktene ønskjer dette velkommen, men journalistar bør ikkje sjå det som si viktigaste oppgåve å springa deira ærend. Dei bør heller setja søkjelyset på dei uheldige sidene ved utviklinga.
'
Det er mange eksempel på at sporfri ferdsel er viktig, og må reknast som ein menneskerett. I Hongkong har kontantbruk vore redninga for mange demonstrantar for å unngå å bli registrerte av styresmaktene. Dei har ikkje kunna bruka det ordinære billettsystemet for kollektivtransport fordi det ville ha avslørt kven dei var og kor dei var på veg. I staden har dei kjøpt billettar med kontantar for ikkje å leggja att spor. Slik er det dessverre i mange land, på mange område.

I Norge har me heldigvis ikkje slike problem, og det difor lett å tenkja at det berre er fordelar med eit 100 % kortbasert betalingssystem. Me har eit velfungerande demokrati og eit godt utbygd og effektivt betalingssystem. Men det er naivt og farleg å gå ut frå at slik vil det bli i all framtid. Det er ikkje paranoid å førebu seg på ei framtid der dagens demokratiske styresett kan bli utfordra, det er tvert om viktig og nødvendig. Då må me ikkje utvikla eit system som er perfekt for dei som ønskjer å misbruka det. Difor er det viktig å halda på retten til sporfri økonomisk ferdsel i form av kontantar; rett nok digitale kontantar.



torsdag 18. juni 2020

Robinhood-effekten og demokratisering av investeringar


Robinhood-effekten siktar til oppgangen i aksjemarknaden etter det store fallet, forklart som at amatørane stormar inn, primært gjennom bruken av investerings-appen Robinhood. Det er ein app som let folk flest investera i aksjar, børsnoterte fond (ETF) og opsjonar. Visjonen for selskapet er fin; det er å la alle få tilgang til finansielle marknader, ikkje berre dei velståande (som omtalt på Wikipedia). Billegast muleg handel er også eit kjenneteikn ved Robinhood. I tillegg til vanlege finansprodukt kan kundane også handla kryptovaluta (Bitcoin, Ethereum) gjennom appen.

Effekten av Robinhood er omdiskutert, men det er ikkje tvil om at mange har brukt appen for å investera i aksjemarknaden og at det til ein viss grad har påverka utviklinga. Dei tydelegaste utslaga ser me på det som blir kalla zombie-askjar; aksjar som etter alle solemerke ikkje er verdt nokon ting. Eksempel på slike aksjar er Hertz, som er i konkurs-karantene, og kanskje også Norwegian der aksjar har vorte omsett til ein kurs som gir ein heilt urealistisk verdi på selskapet.

Nedstenginga på grunn av Korona-viruset har ført til at mange har måtta halda seg heime, Nedstenginga har også omfatta det meste av sport, og dermed også stengt mulegheiten for tipping (eller "betting" som vel er det norske ordet no). Mange har sett seg om etter andre alternativ for spekulasjon, og aksjemarknaden har plutseleg vorte eit alternativ. Børsane har ikkje stengt ned, tvert om har dei gløda av aktivitet særleg etter midten av mars. I USA er det vist at mange av dei som mottok sjekken på $1200, brukte den til å handla aksjar gjennom Robinhood.

Minner om ICO-bølgja
Robinhood-fenomenet minner veldig om ICO-bølgja for eit par år sidan. ICO, som står for Initial Coin Offering, som spelar på IPO - Initial Public Offering (børsnotering), var eit fenomen som fekk særleg merksemd og omfang då kryptovalutaer generelt starta den veldige kursoppgangen i siste del av 2017. Ein ICO er rett og slett auksjonering av ein ny kryptovaluta, eller token. 'Token' er eit litt ullent begrep, men i denne samanhengen er det kryptovaluta som er laga ved hjelp av, og byggjer på, ei anna blokkjede med ein eigen valuta. Ethereum har vore den dominerande blokkjeda for etablering av nye token, og ICO-ar har vorte kalla Ethereums "killer app".

Dessverre ein typisk ICO: White paper som lovar gull og grøne skogar, resultatet noko heilt anna (om i det heile noko resultat)


Det har dessverre vore mykje svindel med ICO-ar, og det har overskygga det mykje viktigare spørsmålet om kven som skal få tilgang til å investera i nye bedrifter. Styresemaktene peiker på regulering som viktig for å beskytta investorane, i ICO og Robinhood sine tilfelle vanlege folk. Men den reelle effekten er at dei beskyttar dei profesjonelle investorane og let dei få ha monopolet sitt.

Kven blir beskytta?
Omsorg for den vanlege lønnsmottakaren eller lånekunden stod ikkje akkurat i høgsetet då finanskrisa tvinga verdsøkonomien i kne. Hjelpa var i første rekkje retta mot dei som hadde skapt krisa, ikkje til ofra, som til dømes innbyggjarane i Terra-kommunane. Innstrammingane etter finanskrisa har også verka på ein måte som sementerer dagens finansstruktur. Det er berre dei store selskapa som kan handtera jungeleg av reguleringskrav (kalla "compliance") - nybegynnarar har ikkje ein sjanse.

Det er difor grunn til å helsa nyvinningar som Robinhood og ICO-ar velkomne, trass i dei mange farane som lurer. Mange kjem til å tapa pengar, mellom anna dei som har kjøpt Hertz- eller Norwegian-aksjar. Dilemmaet blir til slutt: Skal me demokratisera tilgangen finansprodukt, må me også godta at mange gjer dumme val og mistar pengar. Me gjer jo det på andre område, som t.d. forbrukslån. Det er så langt ikkje noko forbod mot å gå i luksusfella og setja privatøkonomien over styr.

I valet mellom demokratisk tilgang og trua på at regulering kan ordna alt, vel eg demokratiet.

fredag 12. juni 2020

Ver din eigen bank

"Be your own bank" har vore eit slagord i Bitcoin- og kryptomiljøet. Det høyrest flott ut, du kan gi deg sjølv tittelen banksjef :) Men det mange gløymer, er at du også blir sikkerheitssjef i den nye banken din. "Sikker som banken" blir meir enn eit slagord, det blir ei kjempeutfordring for deg. Størrelsen på utfordringa er sjølvsagt avhengig av størrelsen på "innskotet" ditt. Men om du har betydelege midlar i din eigen bank, har du betydelege utfordringar. Den største utfordringa heiter single point of failure (SPoF). Det er i grunnen ironisk, gitt at blokkjedeteknologien er desentral og nettopp utvikla for å unngå eit sentralt angrepspunkt.

For mange vil sikringa av kryptoverdiar starta med at du flytter kryptovalutaen(e) frå ei vekslingsteneste og til di eiga lommebok. Då har du flytta ansvaret frå ei tredjepart-teneste, til deg sjølv, og har berre deg sjølv å skulda på. Du er både banksjef og sikkeheitsansvarleg.

Såfrø

Det første steget i sikringa av din eigen bank er å skriva ned dei såkalla såfrøa, seed phrase, som er ei liste med 12, 18 eller 24 ord. Desse orda er grunnlaget for alle private nøklar du (dvs. lommeboka di) kjem til å laga. Orda blir kalla a mnemonic seed phrase og er ei hugseliste, eller hugseregel, for å letta re-generering av private nøklar. Metoden er dokumentert i BIP 39 (Bitcoin Improvement Proposal) og har vorte ein standard i kryptoverda.

Eksempel på "seed" når du installerer ei krypto-lommebok
Orda er valde ut får ei liste på 2048 engelske ord, og det finst også ordlister på kinesisk, japansk, koreansk, fransk, spansk, italiensk og tsjekkisk. Dessverre ikkje på norsk så langt eg kjenner til, men det kan jo vera ei passe utfordring til utviklarar med interesse for sikkerheit og krypto.

Det viktige er at med desse orda kan du få tilgang til krypto-verdiane dine sjølv om du skulle vera så uheldig å mista kryptolommeboka gjennom å mista mobilen din, eller om ei anna kryptolommebok skulle forsvinna.

Du kan lesa meir om korleis BIP 39 og mnemonic seed phrase verkar her.

Eit steg til

Metoden over er grei nok til mindre verdiar i ei mobil-lommebok eller liknande. Viss du har så store verdiar at det blir ugreit, kanskje svært ugreit, om dei skulle forsvinna, er det ein regel som gjeld: Lommeboka må ikkje vera tilkopla Internett! Det er det som blir kalla ei kald lommebok, i motsetnad til ei varm lommebok som typisk vil vera ei lommebok på mobilen. På engelsk: hot and cold wallet. Alle aktørar som handterer større mengder kryptovaluta for andre, typisk vekslingstenester, har det meste av midlane i ei kald lommebok (kanskje 95 %) og berre litt tilgjengeleg i ei varm.

Ei kald lommebok kan vera så enkel som ei papirlommebok, dvs. dei nemnde orda du har skrive ned kombinert med at du slettar lommeboka du har på mobilen, eller meir praktisk ved at du skaffar deg ei hardware-lommebok. Eksempel på slike lommebøker er Ledger, Trezor, Coldcard og ei rekkje andre. Alle desse lommebøkene støttar BIP 39, og dermed blir sikker oppbevaring av dei viktige orda avgjerande.

Det er då neste problem melder seg: Korleis skal du sikra desse orda best muleg? Den første tanken din er kanskje å ta ein kopi av orda du har skrive ned, i tilfelle du mistar lappen eller kortet dei er skrivne ned på. Då har du på ein effektiv måte utvida talet på angrepsmulegheiter, så det er ein svært dårleg idé. Men du sit framleis med problemet single point of failure. Dersom nokon får tak i orda dine, er 101 ute, og verdiane borte.

Ein god idé er difor å klippa lappen/kortet i to (som t.d. i illustrasjonen over) og oppbevara dei to halvdelane på ulike, sikre stader. Då har du i alle fall redusert SPoF, sjølv om det kan bli litt meir utfordrande administrativt. Du har framleis også utfordringa med sjølve hardware-lommeboka, som rett nok ikkje er tilgjengeleg frå nettet, men som representerer ein fysisk sårbarheit. Denne er beskytta av ein pin-kode, men det er også alt.

Uavhengig av kva måte du oppbevarer orda på, kan du også bli utsett for phishing-angrep. Eksempelet under, henta frå bedrifta Casa sin blogg, forklarer det meste:

Skriv aldri inn orda på ei nettside!!
Som Jameson Lopp, sikkerheitssjef i Casa, formulerer det:
The only way I can imagine reliably protecting users from falling victim to these tricks is to not hand them the gun (seed phrase) with which they can shoot themselves in the foot. You can't be tricked into handing over a seed phrase if you don't have it in the first place!

Utan frø

Det finst også løysingar som ikkje er baserte på lagring av BIP 39-ord, eit såkalla seedless system.
Casa er eit firma som har spesialisert seg på sikring av kryptoverdiar. Dei utvikla også ein Bitcoin- og Lightning-klient, men har slutta å selja produktet og konsentrerer seg no fullt og heilt om programvare.

Dei har utvikla systemet Casa Keymaster som eit nøkkelsystem for kryptovaluta, i første rekkje for Bitcoin. Systemet byggjer på kjende prinsipp for god sikkerheit (beste praksis), kombinert med viktige kryptoverdiar som suverenitet (du sjølv som bestemmer) og insentiv-strukturar.

Multisignaturar er eit sentralt element i løysinga. Ein multisignatur betyr at det må meir enn ein individuell signatur til for å få ein godkjent signatur. Typiske multisignaturar er 2 av 3, eller 3 av 5. 2 av 3 betyr at to av i alt tre signaturar må vera på plass for å få ein gyldig signatur. Det er ein metode som ofte blir brukt i escrow-løysingar (norsk oversetjing??). Då kan seljar ha ein signatur, kjøpar ein annan og ein uavhengig tredjepart ein tredje. Vanlegvis blir kjøpar og seljar einige, og då er deira signaturar nok til å gjennomføra ein handel. Men i dei tilfella kjøpar og seljar ikkje blir einige, må tredjepart ta stilling til handelen og kan gi seljar eller kjøpar rett, og i kombinasjon med ein av dei sørgja for ein gyldig signatur.

Casa Keymaster kan du lesa meir om her.

mandag 18. mai 2020

Krytovaluta, el-avgift og sterke kjensler

På innsida av Kryptovaults datasenter i Dale (2018)
Regjeringa har heldigvis gjort om det uheldige vedtaket om å påleggja datatenester knytte til kryptovaluta full el-avgift. Vedtaket ville neppe vorte godkjent av ESA. Men saka skaper mykje debatt og høg temperatur. Dei som var svært provoserte av denne typen tenester for eit par år sidan er på nytt i harnisk over regjeringa si omgjering.

Mange i harnisk
Redaktør Arne O. Holm i High North News var kraftig motstandar av at datatenester knytte til kryptovaluta skulle få redusert el-avgift, og han er på ny ute i media og kallar omgjeringa absurd. Problemet med energibruken er i følgje Holm at det skaper få arbeidsplassar og går til ein spekulativ industri.

Sikring, ikkje utvinning!
Eit av hovudproblema i denne saka er framstillinga. Aktiviteten blir konsekvent kalla «utvinning av kryptovaluta», men det er feil. Energibruken er for å sikra ei open blokkjede, og bør kallast «blokkjede-sikring». Kryptovalutaen som blir tildelt vinnaren av det kontinuerlege lotteriet, er lønn for strevet. Det er i all hovudsak Bitcoin me snakkar om, og 11 år etter oppfinninga er dette systemet verdas sikraste ope IT-system. Det er ope i den forstand at alle kan bruka det og delta i alle delar av det.

Definsjon av Bitcoin
Den beste definisjonen på Bitcoin eg har høyrt, kom frå Silicon Valley-entreprenøren Naval Ravikant. Han karakteriserte fenomenet slik: 
«Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.»
Det er det siste som provoserer Arne O. Holm & co., men dei gløymer den første delen som er den viktigaste.

Bitcoin som radikal endring
Bitcoin er ein radikal idé som truar den etablerte finansverda ved å bryta ned monopol og oligarki og gi alle folk i verda tilgang til eit finansielt system utan å måtta spørja nokon. Slik eg kjenner Arne O. Holm, trur eg han ville lika den idéen. Eg kan vanskeleg sjå for meg at han er ein varm forsvarar for finansindustrien slik den har utvikla seg.

Meir energi = meir sikkerheit
Sikringa av Bitcoin brukar store mengder energi, det let seg ikkje nekta. Til meir energi som blir brukt, til sikrare blir systemet. Men kan me ikkje seia at nok er nok, og la vera å bruka meir energi? Problemet med det er at systemet er laga for å vera mest muleg sjølvstyrt. Aktørane som deltek i blokkjede-sikringa gjer det med mål om å tena pengar. Så lenge kursen på bitcoin aukar, blir det meir interessant å delta i det store lotteriet for å få ein del av gevinsten. Men gevinsten blir redusert sakte, men sikkert. 11. mai gjekk belønninga for blokkjedesikringa ned frå 12,5 bitcoin kvart 10. minutt, til 6,25 bitcoin. Om fire år blir det ei ny halvering av belønning og slik held det fram heilt til alle 21 millionar bitcoin er frigjorde. Med redusert belønning blir lønsemda også svekka, og mange vil trekkja seg frå sikringsarbeidet om ikkje kursen stig.

Bitcoin er ein radikal idé som kan få stor betydning også ut over det økonomiske. Teknologien den var opphav til, peiker mot ei desentralisering av Internettet og ei svekking av dei store oligarkia Google, Amazon, Facebook og co. Det er difor gode grunnar for at norsk fornybar energi skal bidra til ei slik utvikling, til beste for den globale, digitale utviklinga.

torsdag 14. mai 2020

Gjest i podkasten Kryptografen

Gjest i Kryptografen podkast
Tysdag hadde eg gleda av å vera gjest i Kryptografen podkast. Kryptografen er både ei nyheitsteneste, blogg og er eigd av Arcane Crypto som også leverer analysar av kryptomarknaden, i tillegg til andre tenester.

I podkasten kom eg i skade for å oversetja OSI til Open Software Interconnection, men det skal sjølvsagt vera Open Systems Interconnection. Her er forresten OSI- og Internett-modellen:


Internett-modellen er ei forenkling av OSI-modellen som me ser. Men den viktigaste skilnaden var nok på styringssida, der OSI styrt av teleselskapa vart altfor tung i sessen og ikkje klarte å levera fungerande produkt fort nok. Overspesifisert og underutvikla med andre ord.

Her er podkasten: https://kryptografen.no/2020/05/12/episode-45-svein-olnes/




torsdag 30. april 2020

Monero og Hagen-saka


Kryptovalutaen Monero er igjen i søkjelyset etter den nye vendinga i saka om Anne-Elisabeth Hagen (AEH), der mannen Tom Hagen nyleg vart sikta og arrestert. Bruken av Monero er berre ein av mange merkelege ingrediensar i denne kriminalsaka.

Monero vart utvikla i 2014, men har som alle kryptovalutaer eit sterkt slektskap med Bitcoin og kan føra anene tilbake dit. Namnet tyder «mynt» på esperanto. I motsetnad til Bitcoin er Monero eit fullstendig anonymt system som let deg overføra verdiar utan at avsendar, mottakar eller beløp kan sporast. Alle transaksjonane er likevel tilgjengelege på Monero si blokkjede (https://moneroblocks.info/).

Monero er den einaste kryptovalutaen av betydning der anonymitet er standard. Andre kryptovalutaer, som ZCash og Dash, kan overføra anonymt, men der må anonymiteten slåast på av brukaren. Monero er difor rekna som den tryggaste kryptovalutaen for å hindra sporing av overføringar.

Mange koplar Monero til kriminelle miljø, men du er ikkje nødvendigvis kriminell fordi om du eig eller brukar Monero. Det kan vera mange grunnar til å ønskja at transaksjonar ikkje kan sporast. Eg eig sjølv monero, utan at eg dermed er kriminell eller har planar om å bruka valutaen i kriminell samanheng.

I følgje trusselbrevet som vart funne i huset etter at AEH forsvann, skulle det betalast 9 mill. euro i løysepengar i form av kryptovalutaen monero. Det er mykje pengar i ein liten valuta som Monero, og det er uklart korleis Tom Hagen skulle klart å skaffa den summen utan at det ville vorte lagt merke til. Transaksjonane i Monero er skjulte, men handelen med Monero via vekslingstenester, som er dei stadene med mest likviditet, er opne og ville vist at nokon veksla store mengder av valutaen. Monero kan også kjøpast av privatpersonar og på den måten ikkje leggja att spor, men ein måtte då ha handla med ganske mange for å skaffa ein slik sum.

Monero skal også ha vorte brukt til utveksling av meldingar mellom dei påståtte bortførarane av AEH. Det er mildt sagt eit lite egna system for dialog. Ein monero-transaksjon kan utstyrast med ei melding (ein ID), enten i klartekst eller kryptert, men sidan du ikkje veit kven avsendar er, kan du ikkje svara på meldinga.

Monero-miljøet er lite, og i Norge er det truleg eit fåtal personar som har kjennskap til, og brukar kryptovalutaen. Politiet har nok difor måtta ty til internasjonale nettverk for å prøva å finna ut av dette sporet.

fredag 17. april 2020

Korona-panedmien ingen svart svane


Innlegg i DN 14.04.2020

Ingen svart svane

«Det er sannsynleg at noko usannsynleg vil skje» skal Aristoteles ha sagt. Sjølv om korona-pandemien var usannsynleg var det likevel sannsynleg med ein virus-pandemi av denne typen. Det blir difor feil å kalla dette «ei svart svane», som svært mange no gjer. Uttrykket «svart svane» karakteriserer ei overraskande hending med svært store følgjer. Bakgrunnen for uttrykket er at det lenge var tenkt at alle svaner er kvite og at svarte ikkje kunne førekomma. Det er særleg amerikanske Nassim Taleb som har gjort begrepet populært, med boka «The Black Swan» frå 2007.

Men ein virus-pandemi har ikkje vore ei usannsynleg hending. Tvert om har det vorte åtvara mot det frå fleire hald. I rapporten «Et sårbart samfunn» (NOU 2000:24) frå eit utval leia av Kåre Willoch, står det mellom anna «Mest aktuelt i beredskapssammenheng er smittsomme sykdommer med rask spredning. Sårbarheten er stor i alle samfunn for sykdommer som smitter lett med dråpesmitte eller luftbåren smitte,..». Også WHO har fleire ganger åtvara om at farlege virussjukdommar sannsynlegvis vil oppstå og at landa må vera førebudde på det.

Problemet med å kalla dette ei svart svane, er at det frikjenner samfunnet frå å vera førebudde. Me kan ikkje førebu oss på noko som er heilt usannsynleg. Men korona var ikkje usannsynleg, og pandemien har avdekka sviktande beredskap på mange plan. Når denne pandemien ein gang er over, er det opplagt at det må setjast i gang eit arbeid for å styrka beredskapen her til lands.
...

Nassim Nicholas Thaleb, opprinneleg frå Libanon, men busett i USA, er forfattar og akademikar. Han har også vore investor og kjenner difor finansmiljøet godt. Boka "The Black Swan" frå 2007 er det mest kjende arbeidet hans. Den inngår i ein serie på fem bøker kalla Incerto, om usikkerheit. Bøkene er skrivne i perioden 2001 - 2018:

  • Fooled by Randomness (2001)
  • The Black Swan (2007)
  • The Bed of Procrustes (2010)
  • Antifragile (2012)
  • Skin in the Game (2018)

I "The Black Swan" skriv Taleb om korleis samfunnet handterer svært usannsynlege hendingar, såkalla "svarte svaner". Uttrykket "svarte svaner" er gammalt og kan sporast heilt tilbake til Aristoteles som brukte det i "Prior Analytics" i filosofisk diskusjon om det (nærmast) umulege. Men Aristoteles sa også at "det er sannsynleg at noko usannsynleg vil skje".

Nassim Taleb argumenterer sterkt for å byggja robuste ("antifragile") system, ikkje minst i sentrale delar av finanssektoren; som bankar. Interessa for bøkene hans blir ikkje mindre i desse korona-tider, og etterpå når me skal førebu samfunnet vårt på liknande katastrofar.

fredag 14. februar 2020

Bitcoin og dei sju tusen dvergane: Altcoin-historie


I begynnelsen var Bitcoin... for å starta litt bibelsk. Og Bitcoin var åleine dei første par åra. Etter kvart kom det nye alternative kryptovalutar, såkalla altcoins (alternative coins) til. Og så var det som om demninga brast og me har fått fleire tusen alternative kryptovalutaer med sine tilhøyrande blokkjeder. Om ikkje sju tusen så i alle fall over fem tusen. Og det renn på med nye valutaer så sju tusen blir nok nådd om ikkje lenge.

Og det er utan å ta med alle "token" som er utvikla. Det er jo også kryptovalutaer, sjølv om dei lever på ei anna blokkjede. Det er stort sett Ethereum som er vertskap for dei fleire hundre tusen (!) token-systema.

For hardcore Bitcoin-tilhengjarar er det berre to kategoriar: Bitcoin og "shitcoin". Det er ei nådelaus kategorisering som seier at alt anna enn Bitcoin er svindel (scam). Uttrykket vart faktisk også bruk av ein kongress-representant i USA i samband med høyringa om Facebooks Libra-prosjekt. Eg er ikkje fullt så einsidig og meiner at fleire kryptovalutaer bidreg til eit større økosystem og større mulegheiter for eksperimentering. Men fem tusen ulike kryptovalutaer har me definitivt ikkje bruk for; eg trur me kunne klart oss med 10, og sannsynlegvis er det berre 2-3 som vil overleva på lang sikt.

Det betyr at altcoins inneber ein enorm risiko investeringsmessig. Om Bitcoin er risikabelt, er investering i altcoins mange ganger så stor risiko. Det er freistande å bruka Warren Buffets omtale, sjølv om den var mynta på Bitcoin: "Rottegift i andre potens!" ("rat poison squared").

Nye kryptovalutaer kan utviklast på tre måtar:
  1. Kopiering av open kjeldekode og gjera endringar i denne (t.d. Litecoin)
  2. Splitting på protokollnivå; dvs. "hard fork" som resulterer i ny valuta (t.d. Bitcoin Cash)
  3. Utvikling frå grunnen av, inspirert av Bitcoin (t.d. Ethereum)
Denne bloggposten har teke utgangspunkt i podkasten What Bitcoin Did med intervju av Nic Carter.

Namecoin (2011)
Den første alternative valutaen i tillegg til Bitcoin var Namecoin. Den kom i april 2011 og tok utgangspunkt i Bitcoin-koden. Namecoin sitt mål var å laga eit alternativt namnesystem for Internett basert på blokkjede. Det skulle vera eit alternativ til DNS - Domain Name System - og den måten det blir drive på i dag. Det vart ingen suksess, og Namecoin er borte.

Litecoin (2011)
Mange trur at Litecoin oppstod som følgje av endringar i Bitcoin-koden, men Litecoin stammar frå ein altcoin kalla Tenderbrichs som så vart til Fairbrichs og til slutt Litecoin. Litecoin er ein av dei få valutaene frå 10 på topp-lista for 6-7 år sidan som framleis har ein plass der. Charlie Lee har vore nøkkelpersonen i utviklinga. Litecoin har prøvt å etablera seg som digitalt sølv, der det digitale gullet er Bitcoin.

Mastercoin (2012)
Mastercoin gjennomført den første ICO-en i kryptoverda (ICO = Initial Coin Offering). Valutaen vart den første utility-token. Det spesielle med Mastercoin var at den var eit vellykka prosjekt, men mislykka som kryptovaluta. Mastercoin introduserte Omni-protokollen som eit lag oppå Bitcoin og var slik sett nyskapande og framsynt. 

Omni-protokollen er bygt på bruken av OP_RETURN, ein transaksjonstype som sender transaksjonsverdien til ei ubrukeleg offentleg nøkkel-adresse. Verdiane (satoshi) i denne typen transaksjonar er beviseleg ikkje muleg å få tilbake, og metoden kan difor også brukast til såkalla Proof of Burn - bevis på at du har "brent opp" pengar.

Omni-protokollen er mellom anna brukt av stabil-valutaen Tether. Tether vart først utvikla på Bitcoin og så seinare også på Ethereum.

Peercoin (2012)
Peercoin var den første valutaen som tok i bruk konsensus-metoden Proof of Stake. Den vart etterkvart ganske sentralisert og viste då at PoS + premine (valutaen blir laga i det øyeblikket den blir lansert) er ein dårleg kombinasjon som lett fører til sentralisering. Peercoin eksisterer framleis, men er heilt nede på ein ubetydeleg 450. plass på lista over dei mest verdifulle kryptovalutaene (Coinmarketcap)

Primecoin (2013)
Primecoin var eit forsøk på å bruka Proof of Work-arbeidet til noko nyttig. I Primecoin blir arbeidet (PoW) brukt til å finna nye primtal, såkalla Cunningham chains. Så langt har dei ikkje vist seg som nyttige til noko, men det kan jo henda det endrar seg ein vakker dag. I dag ligg Primecoin på ein lite flatterande 927. plass på Coinmarketcap-lista.

Dogecoin (2013)
Dogecoin må nemnast, for den vart laga først om fremst som ein vits. Jackson Palmer og Billy Markus laga kryptovalutaen, som har hunden Shiba som symbol, først og fremst for å visa kor latterleg enkelt det var å laga nye kryptovalutaer berre ved å gjera små endringar i Bitcoin-koden.

Men Dogecoin viste seg å bli ein relativt stor suksess. Den ligg i dag på 32. plass med ein totalverdi på 386 mill. US dollar. Dogecoin har halde på smilet og gjer ein del artige stunt, som t.d. å sponsa det jamaicanske bob-laget i OL (!).

Tether (2014)
Som nemnt over, vart Tether utvikla på Omni-protokollen og bygde slik sett direkte på Bitcoin. Tether var den første stabil-valutaen og kan kallast ein digital dollar. Kursen blir forsøkt halden slik at 1 tether = 1 US dollar. Det vart etter kvart Bitfinex som tok over Tether og det har vore ein del ugreie rundt valutaen. Mellom anna har det vorte sett søkelys på revisjonsopplegget, og det har også vore nokre uheldige transaksjonar i Bitfinex-systemet der tether-behaldninga vart "lånt" for å dekkja andre tap.

Tether er den desidert største stabil-valutaen og er eit viktig instrument i kryptoverda. Det tek lang tid å overføra fiat-pengar til vekslingstenester, og ved å veksla inn i tether unngår ein volatilitet i tillegg til at ein får svært likvide digitale pengar. Om du først har tether, vil det gå veldig raskt å handla andre kryptovalutaer.

Ethereum
Ethereum er nr. to på lista over dei mest verdifulle kryptovalutaene og er ein teknologi med ein stor tilhengjarskare, og ikkje minst ei stor gruppe utviklarar. Ethereum vart lansert i 2014 gjennom eit "white paper" skrive av Vitalik Buterin. Buterin har vore Ethereums "poster boy" sidan starten og har hatt stor innflyting på prosjektet, om enn ikkje like stort som det kan sjå ut som i media. 

Ethereum vart finansiert med ein ICO som samla inn 18 mill. US dollar. Blokkjeda vart sett i gang i 2015. Ethereum har heile tida hatt eit anna etos enn Bitcoin. Der Bitcoin sin hovudstrategi er å unngå store endringar og ikkje bryta kompatibiliteten bakover (unngå "hard forks" rett og slett), har Ethereum vorte styrt av mottoet "move fast, break things". Harde forgreiningar er ein del av strategien, og det har vist seg risikabelt. 

Ein kritikk mot Ethereum, frå Bitcoin-hald, er at Ethereum er for sentralisert. Ethereum si blokkjede er no på fleire TB (arkiv-node, ikkje full-node). Ethereum får også kritikk for at dei fleste nodane er å finna på ei eller nokre få skyløysingar, noko som aukar faren for sentralisering.

ZCash (2014), Monero (2014) og Dash (2014)
Dette er tre kryptovalutaer som alle tilbyr betre anonymitet enn Bitcoin. ZCash er basert på metoden Zero-Knowledge Proof; dvs. transaksjonar er sikre sjølv om ein ikkje ser innhaldet i dei. ZCash kan brukast både anonymt og pseudonymt.

Monero baserer seg på noko som heiter ring-signaturar og opererer berre med denne typen, som tilbyr stor grad av anonymitet. Ulempa er kapasitet; transaksjonane blir ein god del større enn t.d. Bitcoin.

Dash tilbyr også betre anonymitet enn Bitcoin, men det er stilt spørsmål om kor god den eigentleg er. Dash har ein annan belønningsmodell enn andre kryptovalutaer. Også fullnodar får belønning. Men du må ha minst 1000 dash for å kunna bli ein validator som får betalt.


tirsdag 11. februar 2020

Gjest i Tarjeis podkast

I HVL Bergen sitt studio på Kronstad
Før jul (desember 2019) var eg gjest i Tarjei Alvær Heggernes, Høgskulen på Vestlandet (HVL), sin podkast Digital forretninsforståelse. Tarjei er ein allsidig kar og verkar å vera like mykje entreprenør som lærar og undervisar. Det var ein kjekk halvtime der me snakka om blokkjedeteknologien og kryptovaluta, og mest Bitcoin sjølvsagt.

Namnet på podkasten har Tarjei henta frå læreboka han har skrive og som han brukar i undervisinga, både ved HVL og på NHH der han også underviser.

Episoden kan du høyra her.

torsdag 6. februar 2020

Norge.no 20 år!

Norge.no slik den såg ut i starten i år 2000
Norge.no fylte 20 år fredag 24. januar, men ingen såg ut til å bry seg. Den delen av Digitaliserings-direktoratet som held til på Leikanger burde absolutt ha feira. Utan Norge.no hadde det ikkje vore noko Difi eller DigDir på Leikanger i dag.

Dåverande statsråd i Arbeids- og administrasjonsdep., Laila Dåvøy, opna informasjonsportalen Norge.no 24. januar 2000. Det var Bondevik I-regjeringa som bestemde at Norge.no skulle leggjast til Leikanger; ganske overraskande for dei fleste. Den avgjerda vart teken i 1999, og portalen vart klar til avtalt tid og avtalt pris 24. januar 2000 (rekord for eit IT-prosjekt?).

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var vertskap for Norge.no dei første åra. 24. januar 2000 starta portalen med tre tilsette - 20 år seinare er det meir enn 100 tilsette berre i Leikanger, no Sogndal kommune.Det har vore litt av ei reise, som det så klisjéfylt heiter.

Etableringa

Bakgrunnen for etableringa var rapporten "Inngang Norge", utarbeida av ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Arbeids- og adm.dep., Statskonsult, Statens informasjonsteneste (SI), KS og fleire.
Tilrådinga var at det skulle etablerast ein portal for offentleg informasjon. Forslaget til domenenamn var http://www.inngang.kommune.stat.no (!). Det vart seinare omgjort til www.norge.no og nynorsk-versjonen www.noreg.no. Også www.norway.no vart reservert til Norge.no-tenesta, men den vart seinare overlaten til Utanriksdepartementet.

Etter ein drakamp mellom mange aktørar; både mellom sentrale aktørar i Oslo og distrikta, og mellom distriktsaktørar, vart miljøet i Leikanger valt og med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som administrativt ansvarleg etat. Fylkesmann Oddvar J. Flæte var svært sentral i dette arbeidet, men hadde også god hjelp av fylkeskommunen/KS og Vestlandsforsking. Eg hadde det tekniske ansvaret for etableringa av tenesta, på oppdrag frå Fylkesmannen i SFj.

Tidslinje:

Okt. 1997-mars 1998: Utarbeiding av rapporten "Inngang Norge"
Februar/Mars 1999: Portalen Inngang Norge skal leggjast til Leikanger
01.03.1999 - 23.01.2000: Utvikling av portalen Norge.no
24.01.2000: Norge.no blir opna 
2000 - 2004: Norge.no administrativt samordna med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
2004-2007: Norge.no eigen organisasjon direkte under Moderniseringsdepartementet
2008-2019: Norge.no del av det nye Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), under Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD)
2020-        : Difi og Altinn samanslått til det nye Digitaliseringsdirektoratet, under KMD

Norge.no i dag