tirsdag 29. september 2009

VGA must die!

For 10 år sidan sleit me med floppydiskar (hugsar?) og inga løysing var i sikte. Så kom USB-en, minnepinnen deretter og på eit par år var floppyen gone. Kan det same skje med VGA-porten? Den er overmoden for utskifting, men noko klart alternativ er ikkje å sjå.

Standardisering både pluss og minus
Standardisering er tveegga - på den eine sida eit opplagt gode, men på den andre sida konserverande og hindrande for nyutvikling. VGA - Video Graphics Array - kom med IBM PS/2 (nokon som framleis hugsar desse?) i 1987 og har sidan vore med oss som standard for ekstern videotilkopling.

Digital - analog - digital
VGA er analoge signal og det er meir enn ein dårleg vits når dei fleste videosignal blir konverterte frå digitale (grafikk-kortet i pc-en) til analoge og så tilbake til digitale igjen (lcd-skjermar, video-kanon, flatskjermar m.m.).

I tillegg til at VGA er ein gammal og i dagens digitale verd ein dårleg standard, er også det fysiske grensesnittet dårleg. Det veit alle som har prøvt å skru laus ein altfor hardt tilskrudd VGA-kontakt. Då sit du der plutseleg med både skrue og mutter. I tillegg er det for legg å bøyga ein av dei 15 pinnane.

Feilslåtte forsøk på endring
Det har vore gjort forsøk på å innføra nye, digitale standardar. DVI er ein digital videostandard som er ein god del brukt på videokanoner. Også Apple har standardisert på DVI, men alle som har sett Mac-brukarar leita fortvila etter VGA-overgang ser problemet. DVI er heller ikkje nokon god fysisk standard då kontakten er for stor.

HDMI
Kva så med HDMI? Det har vorte ein standard for flatskjerm-tv og er etterkvart også teke i bruk av pc-produsentar. Det er ein standard som overfører både lyd og bilete, og kontakten er fysisk bra sidan den er liten og festemekanismen ok. Problemet med HDMI er lisensiering - det kostar nemleg å bruka grensesnittet då det ikkje er ein open standard.

DisplayPort
På grunn av den lukka standarden og lisensiering har enkelte i bransjen gått saman om å utvikla eit alternativ til HDMI. Det er DisplayPort, og denne opne standarden blir ivareteken av VESA. DisplayPort overfører både bilete og lyd, som HDMI, og liknar i det heile mykje på den siste.

Kanskje kan DP bli standarden som gjer at me endeleg blir kvitt VGA? Eg ser i alle fall at den neste pc-en min, ein Thinkpad T400s, er utstyrt med DP. Men feige Lenovo har lete seg pressa av RIAA og gått med på å kastrera Displayporten slik at den ikkje leverer lyd frå BluRay-plater. Shame on you!

fredag 25. september 2009

Peters sisteplass

Eg har gjennom mange år sett stor pris på Peter Hidas sine kommentarar. Det betyr ikkje at eg alltid har vore einig i vurderingane hans, men han har alltid vist stor innsikt og sjeldan komme med lettvinte påstandar.

Når eg les dei siste kommentarane hans ("Grøss og guru" og "Nytt og nytt, fru Blogg") lurer eg på om han begynner å bli merkt av alderen. Eg er har sans for ei nøktern tilnærming og kritisk vurdering av nye fenomen, men dette osar av motvilje mot å ta inn over seg ein del viktige utviklingsfenomen på nettet.

Gratiskulturen er eit fenomen, men korleis utviklinga vil bli her er uvisst. Det går likevel ikkje an å avfeia dette slik Hidas gjer, til det er det for mange gode eksempel på at det faktisk fungerer. Fri programvare er ein udiskutabel suksess, og sjølv om det totalt sett stort sett ikkje blir gratis, kostar det ikkje noko å ta programvara i bruk. Og å hevda at gratismodellen i avisverda er ein barnesjukdom, er for lettvint. Les t.d. Yochai Benchlers glimrande bok ”The Wealth of Networks” for ein grundig analyse av fenomena.

I "Nytt og nytt, fru Blogg" er det sosiale medium som får gjennomgå. Twitter blir avfeia som ryktespreiing. Brukar du Twitter, Peter? Eg får mykje nyttig informasjon frå Twitter, ikkje minst interessante lenker, og dei som berre skriv om middagen sin, er enkle å kutta ut.

Blogging får også gjennomgå, det må i det heile ha vore ein dårleg dag dette. Etter mitt syn er bloggfenomenet noko av det viktigaste og rikaste som har skjedd på nettet. Det står ikkje tilbake for Gutenberg når historia skal skrivast om ytringsmulegheiter for folk flest. Eg vil hevda at det først er med bloggen at folk flest har fått reell ytringsmulegheit, gitt at dei har nett-tilgang.

Eg håpar desse artiklane var eit feilskjer og at du kjem tilbake med betre analysar slik du har hatt for vane.

mandag 7. september 2009

Ars Electronica, Linz

Det vart dessverre ikkje mykje tid til å sjå seg om i Linz, då Østerrike-turen i forrige veke i hovudsak vart i Wien. Men som ein del av det utanomfaglege programmet på Dexa/eGov '09 var det besøk på museet Ars Electronica. Det er eit museum for elektronisk kunst, og det feirer 30 år i år. Jubileumsutstillinga var under oppbygging, difor var ein del av museet ikkje tilgjengeleg.

Men av det me fekk sjå var det ein del fascinerande ting. Og kanskje ikkje så overraskande: mellom det mest fascinerande var ein 100 % mekanisk innretning. Det var ein elektromotor som dreiv ei rekkje tannhjul. Tannhjula hadde 50 tenner og var kopla saman slik at utvekslinga vart 1:50 (ei full omdreiing av det første tannhjulet flytte neste tannhjul ei tann). I alt 12 tannhjul var kopla saman, difor gjekk farten ned omvendt eksponensielt. Det siste tannhjulet ville trengja meir enn 2 trillionar år på å fullføra omdreiinga! Til alt overmål var det siste tannhjulet bolta fast i ei granittblokk og stod slik bom fast (eller den ville knusa granittblokka).

Det store spørsmålet er jo når vil maskineriet vil stoppa opp, dvs. elektromotoren brenn opp fordi motstanden blir for stor sidan det siste tannhjulet står bom fast. Dessverre hadde dei ikkje vore heilt konsekvente her sidan installasjonen hadde vore flytt og motoren slått av. Dei kunne difor ikkje seia kor lenge den har snurra til no.

Den andre imponerande installasjonen var ein video om universet. Med 3D-briller fekk me det romlege perspektivet og det var utruleg fascinerande å følgja ferda frå jorda, til planetane sine baner rundt sola, vidare til solsystemet vårt, andre solsystem rundt oss, Mjølkevegen, andre galakser og til slutt heilt ut til ytterkantane av det kjende universet. Alle punkt som vart viste var baserte på faktiske observasjonar, det meste frå Hubble-teleskopet.

Ars Elektronica er eit kjendt museum i Østerrike, og også utanfor Østerrike, og er vel verdt eit besøk.

lørdag 5. september 2009

Ei veke i Wien














I samband med presentasjon av paper på eGov 09-konferansen i Linz denne veka, har eg vore mange dagar i Wien. Har teke det som ein ferie i kombinasjon med jobb. Ulempa er at det ikkje vart mykje tid å sjå seg om i Linz, som verka å vera ein fin by. Det vart helst Johannes Keppler Universitӓt og ikkje mykje meir.

Wien vart nyleg kåra til den nest best byen i verda å bu i, etter Vancouver i Canada. Eg trur det var ein notis i ei østerriksk avis (Die Presse), og ikkje stod det noko om kriteria. Men at Wien er ein flott by, kan eg skriva under på.

Historisk sus
Det er viktig å kjenna litt til historia til eit land når ein er på besøk. For Østerrike er det i grunnen heilt avgjerande, for utan ei viss historisk forståing, skjønnar ein lite av dei imponerande byggverka og den rikdommen særleg Wien kan syna fram.

Østerrike gjekk frå over 50 mill. innbyggjarar til 6,5 mill. over natta etter fredsforhandlingane i 1918. Då var det slutt på det Habsburgske styret og Stor-Østerrike (Østerrike-Ungarn). Franz Josef I hadde styrt i 68 år og fekk med seg to år av verdskrigen før han døydde i 1916. Etterkommaren hans fekk berre to år og vart knapt synleg.

Eit besøk til Schloß Schönbrunn viser den enorme rikdommen Østerrike-Ungarn karra til seg i Habsburg-tida. Slottet vart bygt i siste halvdel av 1700-talet med Maria Theresia som drivkraft. Det vart bygt som eit svar på Versailles i Frankrike. Og det var sterke band til Frankrike. Dei kongelege i Europa har hatt som tradisjon å ikkje la rikdommen falla i hendene på "uvedkommande" og har stort sett gift seg med kvarande - eit einaste stort incestuøst opplegg! Ei av døtrene til Maria Theresia (ho hadde 11 døtre og 5 søner!) var Maria Antoinette, og hennar skjebne i Frankrike er godt kjendt.

Det er særleg tre kongelege personar som har prega utviklinga i Østerrike-Ungarn: Maria Theresia, Franz II og Franz Josef I. Det er tydeleg at særleg den siste, men og den første, framleis har ei stor stjerne i Østerrike. Dei tre periodane desse styrte, var prega av kontinuitet, velstand og bygging av mange praktbygg.

Dagens Østerrike
Som sagt vart folketalet og arealet redusert kraftig etter første verdskrig. I andre verdskrig gjekk det ikkje stort betre då Østerrike vart annektert av Tyskland i 1938 (Anschluss). Det skjedde utan særleg motstand, det var heller begeistring som møtte ex-østerrikaren Adolf Hitler. Hitler var fødd i Linz og begge foreldra er gravlagde her. Hitler hadde då også store planar for Linz.

Etter siste verdskrig var Østerrike under kontroll av dei allierte heilt fram til 1955. Då først fekk dei fullt sjølvstyre.

Østerrike er delt inn i Länder som i Tyskland, og Wien er det desidert største. Stor-Wien har over 2 mill. innbyggjarar og dominerer stort. Meir utruleg er det at Wien hadde 2 mill. innbyggjarar i 1914 - det seier litt om kva metropol Wien var heilt fram til første verdskrig.

Merkevarebygging
Østerrike, og særleg Wien, har ein del spesialitetar som dei har vore flinke å marknadsføra. Wiener-schnitzel er kjendt av dei fleste. Det er frityrsteikt tynn kalvesteik. Den er, som nokre andre spesialitetar, kraftig oppskrytt etter mi meining. Den må jo sjølvsagt smakast når ein er i Wien, men den smakte skuffande nok omtrent som schnitzelen du får på ei gjennomsnittleg vegkro i Norge. Det einaste som mangla, var Thousand Islands..

Sachertorte
Sachertorte er ein annan spesialitet. Den vart første gong laga av Franz Sacher rundt 1870 og i dag er Hotel Sacher, Café Sacher og Sacher Ecke kjende landemerke i Wien. Det var son hans som starta hotelldrift. Sachertorte var ein annan nedtur, ikkje så mykje betre enn Toro langpanne! Men den måtte sjølvsagt smakast, på Café Sacher.

Klassisk musikk
Wien kan ikkje nemnast utan å komma inn på musikk. Det er ein av dei viktigaste byane (den viktigaste?) for klassisk musikk, og mange av dei store komponistane har hatt tilhald her. Wien har to orkester i verdsklasse; Wien-filharmonikarane (dei som spelar på nyttårskonsertane) og Wien-symfonikarane (dei som ikkje spelar på nyttårskonsertane :-), og dei har ein opera som også er i verdsklasse. Sjølv fekk eg med meg ein konsert i Karlskirche, med Mozarts Requiem. Det var ingen av dei to nemnde orkestra, sjølvsagt, men eit heilt kompetent orkester + kor frå Salzburg.

Wiener-kaféar
Det siste og viktigaste kjennemerket med Wien er caféane (med C!). Dei er heilt særeigne og dei fleste har ein spesiell stil. Her får du dyr kaffe, men i prisen ligg det også at du kan sitja så lenge du vil og lesa ei av dei mange avisene kaféen tilbyr. Eller du kan lesa ei bok du har med. Serveringa av kaffien er også eksklusiv. Wienerkaféane var viktige stader for vitskaplege, kulturelle og politiske diskusjonar som fekk stor innverknad for utviklinga av Europa. Dei er eit godt eksempel på kva økonomisk velstand kan brukast til og omsetjast i.

Men dessverre verkar det som om kaféane har stivna i sin eigen historie. Kaffien er ikkje på høgda og dei har ikkje fanga opp den nye bølgja med kaffi. Eg prøvde espresso på tre klassiske Wiener-kaféar og den var like dårleg på alle tre! Det gir grunn til uro, for kaféane er ein viktig del av Wien og historia. Alternativet ser ut til å vera Starbucks, og det er jo synd. Men dette må dei sjølve ta tak i, og klarer dei ikkje det, har dei ikkje livets rett. I avisa såg eg omtale av ein klassisk kafé som vart avvikla no i år. Eg er redd det ikkje blir den siste.

Schönes Wien
Det høyrest kanskje ut som eg er negativ i denne omtalen, men det er ikkje meininga. Merkevarene skuffa, men Wien har så mykje anna å by på at det ikkje betyr så mykje (bortsett frå kaféane som eg verkeleg er uroa for). Eg budde på Pension Suzanne, og skal du til Wien er det berre å notera seg namnet med det same. Betre plass finn du ikkje, til ein slik pris. Pensjonatet/hotellet er lokalisert like ved operaen (Wien StadtOper), innafor "Ringen". Det betyr midt i smørauga for alt som er verdt å sjå, og du kan gå til fots. Pensjonatet er lite, med ombygde leilegheiter i klassisk møblert stand. Prisen er 85 euro for eit enkelt rom, 95 for eit dobbelt og 125 for ei leil.h. med eige kjøken.