torsdag 26. desember 2013

Fredrik Barth - ein intellektuell biografi

Det beste med jula er etter mitt syn roen til å kunna lesa, og til å lesa samanhengjande. Thomas Hylland Eriksen har skrive ein biografi om den store sosialantropologen Fredrik Barth. Hylland Eriksen er sjølv professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo og har Barth som eit av sine store førebilete. Det hindrar han heldigvis ikkje i å sjå på Fredrik Barth med eit kritisk blikk; derav undertittelen "ein intellektuell biografi".

Ein av dei store sosialantropologane internasjonalt
Fredrik Barth er kanskje kjent av dei fleste, men dei færraste veit kor stort namn han er i antropologi-verda. Han er ein av dei store internasjonalt, om me tel dei store på "ei genmodifisert hand", som THE uttrykkjer det. Det er kanskje litt typisk for akademikarar av Barths størrelse at dei er betre kjende internasjonalt enn i heimlandet. Likevel må han reknast som den moderne sosialantropologien sin far her til lands. Men i motsetning til THE vart han aldri professor ved UiO, men ved Etnografisk museum i Oslo i staden. Det var eit miljø i opposisjon og "krig" med UiO, som dessverre er ganske vanleg i akademia. THE kommenterer lakonisk at grunnen til at det ikkje er fleire mord i akademia er at forskarar først og fremst er tenkjande menneske, ikkje handlande..

Feltundersøking i Swat-dalen
Mellom antropologar heiter det seg at desse kan skiljast i følgjande grupper: dei som har gjennomført ei feltundersøking, dei som har gjennomført to, og Fredrik Barth.
FB gjorde den første feltundersøkinga i Kurdistan i grenseområda Irak/Tyrkia i 1951. Men det var arbeidet blant pashtunarar i Swat-dalen i Pakistan som for alvor gjorde han kjend og som opna nye dører. Swat-dalen er kjend også i dag for grenseområda til Afghanistan og for Taliban-innflytelse. Dei fleste har høyrt om modige Malala Yousafzai som nettopp kom frå denne dalen og som utfordra det fundamentalistiske miljøet og kjempa for jenter sin rett til utdanning.

FB gjennomførte feltundersøkingane i Swat-dalen i løpet av eit halvt år. Typisk for han var at feltundersøkingane var kortvarige. Der andre antropologar brukte fleire år, fekk FB med seg det viktige på nokre månader. Det betyr ikkje at han var overflatisk, men at han hadde ei unik evne til å setja seg raskt inn i andre levemåtar. I Swat-dalen var problemstillinga hans studium av politiske prosessar i eit komplekt samfunn utan sentral politisk styring. I 1954 var Swat og områda rundt framleis utan sentral kontroll og styrte av lokale fyrstar (wali-ar). Barth måtte først ha godkjenning frå Pakistan og deretter frå den lokale walien.

Spelteori og nyttemaksimering
I analysane av datamaterialet frå Swat-undersøkingane brukte Barth spelteori (Game Theory) for å forklara handlingane til dei ulike aktørane. Det var nytt og ikkje heilt uproblematisk i eit humanistisk fag som sosialantropologi. Han vart seinare skulda for å vera positivist, eit skjellsord for mange, men både Fredrik Barth sjølv og andre har tilbakevist dette. Barth såg på nyttemaksimering, som økonomane er opptekne av, på ein meir pragmatisk måte: menneska prøver å gjera det beste ut av situasjonen uansett kvar dei er.

Drakamp UiO og Etnografisk museum
I Norge var det drakamp mellom UiO og Etnografisk museum og Fredrik Barth valde til slutt eit tilbod frå det nye Universitetet i Bergen (oppretta i 1946), der han bygde opp sosialantropologi-studiet og til slutt vart professor. Han hadde både før og etter mange tilbod i utlandet, men valde Norge som base. Det var likevel Oslo som var "heime", og då professoratet ved Etnografisk museum vart ledig i 1973 søkte han stillinga og fekk den. Då hadde han nokre år tidlegare treft Unni Wikan, som student hjå han, og dei to vart eit par. Dei arbeidde mykje i lag i tida etter at dei vart gifte.

Kurdistan, Swat, Iran, Darfur, Ny-Guinea, Bali, Bhutan..
I tillegg til studiar i Kurdistan og Swat, gjennomførte Fredrik Barth feltstudiar i Iran (nomadane bassier), Darfur (Sør-Sudan), Ny-Guinea, Bali og i Bhutan. Han har omfattande publiseringar;  både monografiar og artiklar i tillegg til bokkapittel og redigering av bøker.

Watching and wondering
Det som kjenneteikna Fredrik Barth var den nysgjerrige haldninga kombinert med ei entreprenør-and, ei humanistisk og medmenneskeleg innstilling og ei usvikeleg tru på observasjonar som grunnlaget for analysar og teoriar. Det siste tok han med seg frå naturvitskapen, og var nok også medverkande til positivist-stempelet han av og til fekk. Men Fredrik Barth meinte at berre gjennom observerasjonar kan ein danna seg bilete av samanhengar og "system". Han forkasta ideane om eit grunnleggjande system og samfunnsordning på førehand, og var sterk talsmann for at "vegen blir til mens ein går" - dvs. at teoriar må avleiast av observasjonar. Her er Barth meir i arven frå Aristoteles enn Platon.

Eit typisk utsagn var ein kommentar han kom med til Ottar Brox, som studerte under han. Brox hadde skrive at "samfunnet gjer at ..." og Barth svarte raskt at "samfunnet" gjer ingenting, det er aktørane som handlar..

Teoribidraget
Det intelletuelle prosjektet til Fredrik Barth blir omtalt slik av Edvard Hviding og Harald Tambs-Lyche:
Han spør hvordan vi best kan finne en tilnærming til samfunnsanalyse som er generell nok til å omfatte de fleste former for menneskelig handling, og samtidig spesifikk nok til til å ta inn den praktisk talt endeløse variasjonen som skyldes særpreget hos individer og situasjoner.

Han trudde altså ikkje på ein "grand theory", men var meir oppteken av variasjonen. Teoribidraga hans er først og fremst uttrykte i bøkene Model of Social Organization og Cosmologies in the Making. Her lanserer han begrepet generativ prosessanalyse, og transaksjonsanalyse, begge begrep som er vanskelege å forklara for ikkje-antropologar. Også ein god formidlar som THE blir litt fanga av akademisk spinn når han skal prøva å forklara dei sentrale ideane. I det heile var Fredrik Barth mindre oppteken av teoriar anna enn som som passande verktøy til å analysera observasjonar. Sosial former som struktur, samfunn og system var for Barth aggregerte (bi)produkt av vilja handlingar frå enkeltmenneske.

mandag 23. desember 2013

The Good Earth - Den gode jord

Dette er boka Sylvi Listhaug og Jan Tore Sanner bør lesa i julehelga. Ja, den bør i grunnen lesast av heile regjeringa. Den handlar om verdien av (mat-)jorda og er like aktuell i dag som då den kom ut i 1931.

Pearl S. Buck
Forfattaren Pearl S. Buck (Sai Zhenzhu var hennar kinesiske namn) budde mesteparten av av dei første 30 åra av livet i Kina ettersom ho var dotter til misjonærar. Ho hadde såleis inngåande kjennskap til landet og miljøet ho skildra i dei tre bøkene som utgjer Den gode jord-trilogien.

Wang Lung
Bøkene handlar om den fattige bonden Wang Lung som sakte, men sikkert arbeider seg opp til stor godseigar. Han startar med ein liten åkerlapp og sidan han var så fattig, var ein slave det einaste alternativet for giftarmål. Faren avtalte med godseigaren i området og Wang Lung gjekk av stad for å henta si tilkommande kone, O-lan. Faren meinte det var viktig at ho ikkje var pen å sjå på for det ville distrahera han frå å arbeida hardt. Og O-lan var ikkje spesielt pen, og det gjorde i grunnen ikkje noko for Wang Lung, men den største skuffelsen var at ho hadde store føter.. I Kina skulle jenter ha bittesmå føter og dei vart snørte saman tidleg for å oppnå det idealet.

Frå aukande velstand til nesten død
Familien til Wang Lung vaks raskt og han hadde snart tre barn; to gutar og ei jente. Men så slo veret seg vrangt og det vart uår og hungersnaud. Familien stod i fare for å svelta i hel og måtte dra sørover til ein av byane der mora og barna tigga medan Wang Lung sprang med rickshaw i gatene. Først etter ein oppstand og storming og plyndring av den lokale rikmannen, hadde Wang Lung og familien nok pengar til å dra tilbake til jorda. Wang Lung var berre på rett stad til rett tid, det same var O-lan, og med mykje flaks fekk dei med seg både pengar og smykke nok til å etablera seg på nytt.

Frå fattig bonde til rik mann
Wang Lung hadde halde på jorda, endå han og familien var på nippet til å svelta i hel. Og med pengar og edelsteinar frå "revolusjonen" i byen var han snar om å omsetja verdiane i meir jord. Han kjøpte jord av den lokale godseigaren som i sin ekstreme ekstravaganse og dekadanse hadde eit forbruk langt over inntektene og som dermed måtte selja jord for å finansiera eksessane.

Overgangen frå fattig til rik gjekk ikkje heilt utan problem for Wang Lung. Han tok etter ein del av skikkane på den tida og skaffa seg ei kone til, ei skikkeleg luksus-kone, med dei problema det førte med seg. Men trass i eit aukande forbruk og meir luksus, heldt han fast på ein ting: jorda måtte aldri seljast. Alt materielt kunne andre ta frå deg; jorda kunne dei aldri ta. Og jorda var den som til sist ga dei mat og velstand.

I bok nummer to ("Sons") og tre ("A House Divided") handlar det om korleis sønene etter kvart sel unna jorda og gradvis set alt over styr. Dei handlar stikk i strid med formaningane frå faren; det siste han seier til dei er at uansett kva dei gjer må dei aldri selja jorda.

Nobelprisen i litteratur
Pearl S. Buck fekk nobelprisen i litteratur for trilogien "The Good Earth" i 1938. Komitéen grunngav tildelinga slik:
By awarding this year's Prize to Pearl Buck for the notable works which pave the way to a human sympathy passing over widely separated racial boundaries and for the studies of human ideals which are a great and living art of portraiture, the Swedish Academy feels that it acts in harmony and accord with the aim of Alfred Nobel's dreams for the future.
Det er uråd å ikkje tenkja på Knut Hamsuns "Markens grøde" når ein les "Den gode jord". Grunntonen er den same: Tilbake til naturen og til jorda som grunnlaget for all velstand. Også "entreprenøren" som byggjer seg opp frå ingenting til velståande mann, er den same enten han heiter Isak Sellanrå eller Wang Lung.

Pearl S. Buck er kanskje ikkje like framstegs-fiendtleg som Hamsun i sine skildringar, men elles har bøkene veldig mykje til felles.

Bøkene er elles lesne på Kindle Paperwhite - ei interessant oppleving som eg skal skriva meir om seinare.

lørdag 7. desember 2013

"Car" 50 år

Jubileumsnummeret av Car - berre tilgjengeleg som
brukt eksemplar
Bil-bladet Car fylte 50 år i fjor. Eg er difor litt seint ute, men har nettopp skaffa meg (den utselde) jubileumsutgåva via eBay.

Bladet starta under tittelen Small Car and Mini Owner i 1962, men endra namn til Car tre år etter. Namneskiftet signaliserte også eit breiare perspektiv og ikkje berre små bilar.

Til jubileumsutgåva har dei kåra dei 50 beste bilane i perioden, og samla dei alle under eitt tak. Det er litt av ei samling!

Eg kan ikkje ta med alle 50 bilane her, men nøyer meg med 10 på topp:




Dette må vel vera den mest spektakulære samlinga
bilar i historia?
1. Porsche 911
2. BMW M3 (E30, den første)
3. McLaren F1
4. Golf GTI
5. Range Rover
6. Mini
7. Jaguar E-type
8. Lamborghini Countach
9. Ferrari 458
10. Nissan GT-R

Det kan ikkje ha vore enkelt å setja opp denne lista. Som med alle lister, vil det vera stor usemje om kven som skal vera med og kva plassering.

Car gir oss også dei 10 verste bilane i perioden 1962-2012:
1. Ssangyong Rodius (styggaste nokon sinne [men kva med Fiat Multipla?])
2. Pontiac Aztek 2000 (Walt sin bil i Breaking Bad)
3. Morris Ital ("The exact moment when the UK motor industry hit rock bottom!")
4. AMC Pacer (mest fjollete)
5. BMW 5 Gran Turismo (mest tåpelege nisje)
6. Cadillac Cimarron (verste "badge engineering")
7. Zimmer Golden Spirit (mest oppblåste)
8. Ford Pinto (farlegaste, pga. utforminga og plassering av bensintank)
9. Alfa Romeo Arna (største skam påført eit merkje)
10. DeLorean DMC-12 (største svindel)

torsdag 28. november 2013

Studietur til India

Frå baksetet på ein autorickshaw - eller tuk-tuk
som det også heiter
IT-forum Sogn og Fjordane arrangerte studietur til India 16. - 24. november. Føremålet var å sjå nærmare på IT-industrien i Bangalore og omegn. Forrige studietur gjekk til San Francisco og Silicon Valley i 2010. Den turen var umuleg å toppa, så det måtte bli noko heilt anna.

Kollega Rajendra er ein viktig grunn til at me valde India. Han er indar og har mange kontaktar både i akademia og i IT-industrien. Han var ansvarleg for programmet og opplegget under turen og gjorde ein formidabel innsats!

India = kaos = normaltilstand
India er eit utruleg fascinerande land. Heilt sidan eg såvidt var innom i 1985 (ein dags mellomlanding i New Delhi), og seinare ei veke i 1988 (Delhi - Jaipur - Agra), har India stått på lista over stader eg må tilbake til. Samtidig er India ein stad for vidarekomne. Det er mildt sagt kaotiske tilstandar, og kaos er normaltilstanden. Det nyttar ikkje å kjempa mot dette kaoset, då blir du berre totalt frustrert. Du må berre gi deg over og prøva å følgja med straumen uansett kor tærande det kan vera på tolmodet.

Først nokre bøker for å auka motivasjonen for India endå meir:
  • "India - en vinterreise" av Göran Tunström er ikkje boka som har fått mest omtale. Men det er ei varm og poetisk bok om livet på landsbygda i India.
  • "Shantaram" av Gregory David Roberts er ei skikkeleg røvarhistorie, visst nok bygd på ei sann historie. Den gir eit fascinerande bilete av ein vestleg fyr, tidlegare kriminell, som rømmer frå fengsel i Australia og hamnar i slummen i Mumbai.
  • "A Passage to India" er først og fremst kjend som ein storslått film av David Lean. Den byggjer på ein roman av E. M. Forster.
Det indiske flagget
(Wikipedia.org)
India - verdas største demokrati
India er enormt, både i folketal og i utstrekning. Landet er i ferd med å ta att Kina når det gjeld folketal. Framleis har Kina flest med 1,36 mrd menneske, men India kjem raskt etter med sine 1,24 mrd. I utstrekning er landet 10 ganger så stort som Norge.

Sjølv om India har ein lang historie, er det uråd å komma bort frå det engelske styret i kolonitida; British Raj. Det varte frå 1858 til 1947 og har prega India mykje, både på godt og vondt. Framleis er engelsk det dominerande fellesspråket, og her har indarane ein stor fordel når det kjem til IT og konkurranse med andre land.

Trafikken i sentrum av Bangalore.
(Foto: Jan Heggheim)
IT-hovudstaden Bangalore
Målet for studieturen vår var Bangalore, eller Bengaluru som byen heiter på indisk. Det er den dominerande teknologibyen i India og heimstad for dei største IT-selskapa. Det på same tid ein storby med rundt 9 millionar innbyggjarar. Veksten har skjedd utan at infrastruktur i form av vegar m.m. har følgt med, med det resultatet at kommunikasjonen i byen er mildt sagt vanskeleg. Det kan ta fleire timar å komma frå ein ende av byen til ein annan.

Det første som slo meg då me kom fram, var kor fattig det var i sentrumsområda. Eg hadde førestilt meg Bangalore som ein (hyper-)moderne by, men her var det det fattigaste av det fattige side om side med det storslåtte og hypermoderne. På mange måtar India i eit nøtteskal.

Denne typen blomster-
dekorasjonar var i alle inngangs-
parti. Dei laga nye kvar dag!
IT-revolusjonen
India var eit ganske lukka land fram til slutten av 1980- og overgangen til 1990-talet. Banda til Sovjetunionen var sterke, og med oppløysinga av denne, måtte India finna på noko nytt. Eit opnare land vart noko av resultatet, og ei tydeleg satsing på IT-industri vart sett i gang. IT-organisasjonen NASSCOM var viktig for satsinga, og den første leiaren, dr. Dewang Mehta, var ein svært aktiv kar og skal ha ein stor del av æra for IT-eventyret som er skapt i India. NASSCOM liknar vår eigen Dataforening, men har ei langt meir aktiv rolle.

Frå starten av IT-satsinga vart utdanninga prioritert. Det vart etablert ei rekkje IIIT-institutt rundt om i India. Desse har namna Indian Institute of Information Technology, eller International .... Desse vart knutepunkta i IT-utviklinga i dei ulike delane av landet. Me besøkte IIIT Bangalore og dei tilsette der var sentrale i planlegginga av studieturen vår. Dei ga oss innpass og avtalar med dei største selskapa.

IIIT er ei vidareutvikling og spesialtilpassing av Indian Institute of Technology, ei kjend teknologi-/ingeniørutdanning med 16 universitet rundt om i India (merkeleg nok ikkje i Bangalore).

IIIT Bangalore
IIIT Bangalore var det andre IIIT-instituttet som vart oppretta; det første var i Hyderabad i 1998. IIIT Bangalore vart oppretta same året. Målsetjinga var å få eit miljø for læring, forsking og rådgivar for IT-industrien Men det var Bangalore som etter kvart vart IT-senteret i India, og IIIT har spelt, og ein viktig rolle her. Dei spelar framleis ein viktig rolle og har god kontakt med dei ulike selskapa. IT-industrien er også inne på finansieringssida som er tredelt mellom studentavgifter, IT-industrien og myndigheitene (stat og føderalt).

Studentavgiftene går direkte til lønn for dei tilsette, noko som skaper eit tett forhold mellom student og lærar (professor). Det er rundt 60 fagleg tilsette; halvparten på full tid. Studentane er også representerte i styret for IIIT Bangalore, noko som er uvanleg i India. Eit anna område instituttet peikar seg ut på, er andelen jenter. Den er 40 % og dei håpar å kunna auka den ytterlegare. Sikkerheit for jentene vart trekt fram som den viktigaste forklaringa på den relativt høge kvinne-andelen. Det er rundt 400 studentar ved instituttet, eit tal som vil auka til 600 når M. Tech-programmet er oppe i full kapasitet.

IIIT Bangalore har både master- og PhD-program. I masterprogrammet rekrutterer dei blant dei 2 % beste av 500 000 undergrad.studentar! Det seier seg sjølv at kvaliteten på studentane er høg. I tillegg til desse to programma har dei også starta opp eit Integrated  M.Tech-program. Det er eit 5-års studium.

Me besøkte IIIT Bangalore 18.11 og 19.11.

Studentar på opplæring hos Infosys i Mysore
Infosys
Starta: 1981
Tilsette: ca. 170.000
Omsetning: ca. US$ 7 mrd (siste rekneskapsår)
Omsetning pr. tilsett: ca. $ 41.000
Besøk: 18.11.13 (og 20.11 i Mysore)

Infosys er eit av dei 3-4 største IT-selskapa i India. Dei har bygd seg opp på tradisjonelle outsourcings-tenester, og det er framleis kjernen i verksemda. Dei prøver å arbeida seg oppover i næringskjeda ved å tilby stadig meir rådgiving og strategiske IT-tenester.

Infosys har samla all aktiviteten i Bangalore på ein stad, ein diger campus i Electronic City. I tillegg har dei eit imponerande treningssenter i Mysore, 2-3 timar med bil frå Bangalore. Dette treningssenteret, som er verdas største i sitt slag, har plass til 14.000 studentar.
Frå Mysore-campusen til Infosys
Dei blir rekrutterte frå dei beste universiteta og tekniske institutta i India og går gjennom eit beinhardt opplæringsprogram på 6 månader før dei går inn i ordinært arbeid i konsernet. Strykprosenten er 1 - 1,5 %, så me snakkar om topp motiverte studentar her. Men det er ikkje så rart, dei som får innpass i Infosys eller eit av dei andre store selskapa, har verkeleg vunne i lotto.



Cognizant
Starta: 1989
Tilsette: ca. 170.000
Omsetning: ca. US$ 7 mrd siste rekneskapsår (reknar med å nå nesten 9 mrd i 2013)
Omsetning pr. tilsett: ca. $ 41.000
Besøkt: 19.11.13

Cognizant vart etablert i 1994 som ein del av Dun & Bradstreet India. I 1998 vart selskapet skilt ut frå D & B og børsnotert. I dag er majoriteten av selskapet eigd av USA-interesser. Hovudaktiviteten er framleis i India, og selskapet framstår som eit indisk selskap. I størrelse er dei svært like Infosys, men dei er mindre kjende. Dei kalla seg sjølv "the best kept secret". I filosofi skil dei seg ved at dei i sterkare grad satsar på lokal forankring og leiing i dei landa dei etablerer seg. Me fekk helsa på Norges-sjefen som var i Bangalore på same tida og fekk dermed eit godt innblikk i den norske og skandinaviske satsinga og strategien. Det er tydeleg at Cognizant har ambisjonar om å bli ein leiande leverandør av IT-tenester i Norge og Skandinavia.

Førebels har dei fått kontraktar berre med private kundar, men offentleg sektor står også på ønskjelista. Litt av problemet med offentleg sektor er innkjøpsreglementet, særleg når me høyrer at det viktigaste for selskapet er å byggja langsiktige alliansar med kundane. Det er vanskeleg med eit reglement for offentleg innkjøp som krev at du rykkjer tilbake til start for kvar ny periode. Kva tidlegare leverandørar har gjort for deg, både positivt og negativt, tel ikkje med i det heile. Her er det opplagt noko gale med innkjøpsordningane. For ein nykommar som Cognizant kan det likevel opna opp for val av ein ny leverandør.

Tata-logoen, som er synleg
over alt i India
Tata Consultancy Services
Starta: 1989
Tilsette: ca. 285.000
Omsetning: ca. US$ 3,3 mrd siste rekneskapsår
Omsetning pr. tilsett: ca. $ 11.500
Besøkt: 21.11.13

Tata er giganten i indisk næringsliv. Som dei sjølve seier, driv dei med alt "from salt to software". Tata består av ei rekkje sjølvstendige selskap med ei overordna stifting på toppen. Mange av selskapa er blant dei 3-5 største i verda på sitt område.

Tata vart grunnlagt av Jamsetji Tata, ein indar med røter i persisk zoroastrisk kultur og religion. Ei gruppe zoroastrar flykta frå Persia (Iran) til India langt tilbake i tida. Dei fekk opphaldsløyve mot at dei lova å ikkje gjera noko gale, men å bidra til utvikling i India.

Etter Jamsetji Tata følgde J. R. D. Tata som bygde selskapet til eit globalt konsern. Han var spesielt oppteken av luftfart, og var ein ivrig pilot. Han etablerte Air India, som seinare vart overteke av staten. Han etablerte også m.a. Tata Motors og Tata Tea (med Tetley som det mest kjende varemerket). Han var i slekt med Jamsetji Tata (far til J. R. D. var søskenbarnet til J. T.). JRD fekk den prestisjetunge Bharat Ratna-prisen, India si høgste sivile utmerking.

Etter JRD følgde Ratan Tata som bygde vidare på den store arven frå JRD. I Ratan Tata si tid vart Tata eit endå meir globalt konsern gjennom oppkjøp innanfor ulike industriar. Eit av dei mest kjende oppkjøpa var bilmerka Jaguar og Land Rover kjøpt frå Ford og BMW. Dette kjøpet må framstå som djupt ironisk for engelskemenn, og eit slags "takk for sist" frå India til UK. På spørsmål om dette verkeleg var eit "takk for sist", insisterte TCS-folka på at det berre var business.

Ratan Tata takka av som konsernleiar på 75-årsdagen sin og vart etterfølgd av Cyrus Mistry, den første leiaren av Tata utana Tata-namnet.

TCS er det største IT-selskapet i India, og ein gigant også globalt sett. Presentasjonen deira var straumlinje-forma, som dei to andre store, og det var ikkje tvil om at Tata-namnet ga grunn til stoltheit. Dei understreka gang på gang at dei var størst på det meste.

Det er likevel interessant å sjå på omsetning pr. tilsett, og der skil TCS seg frå konkurrentane. Dei har berre ein fjerdedel av omsetninga målt pr. tilsett samanlikna med Infosys og Cognizant. Eg fekk ikkje spurt om dette, men truleg er grunnen at TCS opererer lågare i næringskjeda og utfører meir reine driftsoppgåver og mindre rådgiving.

Mindre bedrifter
Me besøkte også mindre bedrifter; alt frå oppstartsbedrifter med nokre få tilsette, til mellomstore (etter indisk målestokk) med 1200 tilsette. Den sistnemnde bedrifta var Happiest Minds. Deira slagord var "The ultimate goal is happiness". Grunnleggjaren var ein kjend IT-figur i India og han hadde fleire større etableringar bak seg. Med denne etableringa ville han via seg til kjerneverdien slik han såg det.

Ingen tilsette i Happiest Minds skal vera i tvil om verdiane
i bedrifta.
Bak den litt naive målsetjinga såg me eit IT-firma som likna ganske mykje på dei andre me hadde besøkt. Dei var kanskje litt meir framoverlente når det gjeld teknologi. Dei satsa i alle fall stort på SMAC (Social, Mobile, Analytics, Cloud) - eit akronym Cognizant brukte flittig.

Det var interessant å høyra om oppstartsbedriftene og dei tøffe vilkåra dei opererer under. Det finst ikkje noko Innovasjon India, det er berre private midlar som eksisterer.

Dei to oppstartsbedriftene me hadde møte med på IIIT, opererte med datainnsamling og tilgjengeleggjering på web-en, og utvikling av eit helserelatert produkt for måling av ymse parametrar (blodverdiar ++).

Den første bedrifta tråla nettet etter data (visse kjelder), samla dei inn og bearbeidde dei og tilrettela dei for kundane. Dei gjorde i grunne det som lenka opne data (LOD) ber bod om. På spørsmål om det ikkje nettopp var det me har LOD til, svarte dei at det ikkje er ei tilfredsstillande løysing for kundane i dag. Dei hadde stor sans for lenka data, men det fungerer ikkje kommersielt fordi det på langt nær dekkjer dei behova som er. Det er vanskeleg å argumentera mot akkurat det..

Det vart ein del Kingfisher, det lokale ølet ("yet another lager").
Når prisen er ca. 10 kr for halvliteren, på restaurant, kan ein
likevel ikkje klaga (Foto: Arild Nybø)
Goa
Turen vart avslutta i Goa - ferieparadiset for hippiar på 1970-talet. No er Goa eit meir allment feriemål, og indarar er i fleirtal. Det var bedriftsbesøk også i Goa. Først besøkte med IT-avdelinga i statsadministrasjonen (Goa State Government, IT Departement), og etterpå selskapet Persistent. Dei har hovudkontoret i Pune, men eit avdelingskontor i Goa med ca. 400 tilsette. Totalt er det rundt 6000 tilsette i Persistent. Dei tilbyr mykje dei same tenestene som dei store IT-selskapa.

Sjølv om Goa er eit ferieparadis, vart det ikkje mykje ferie. Me hadde ein dag "fri", laurdagen før me reiste tilbake. Goa var som ein oase etter å ha komme frå travle og kaotiske Bangalore. Her var ein heilt annan puls, roleg og avslappande. Goa er den minste staten i India, med rundt 1,3 mill. innbyggjarar. Det er jo for ingen ting å rekna her. Spora etter den portugisiske koloni-tida er tydelege over alt. India annekterte Goa i 1961, men først i 1987 aksepterte Portugal formelt overtakinga.

God plass på stranda i Goa (Foto: Arild Nybø)



torsdag 14. november 2013

Bitcoin-animasjon

Denne animasjonen over Bitcoin-transaksjonar rundt om i verda viser tydeleg kven som driv opp kursen: Det er Kina som er på hogget og står bak storparten av Bitcoin-vekslingar. Lista over valuta på Bitcoin-toppen ser slik ut ein dag midt i november, etter ei omsetning på ca. 1000 BTC frå "bankane" MtGox, Bitstamp, BTCChina og Bit2c:
1. Kinesisk yuan (CNY) - 622 BTC
2. US dollar (USD) - 367 BTC
3. Japansk yen (JPY) - 17,5 BTC
4. Australske dollar (AUD) - 1,95 BTC
5. Euro (EUR) - 1,90 BTC


http://fiatleak.com

søndag 3. november 2013

Bitcoin-feber

Faktaboks på nrk.no -
sjekk kjeldene :)
Interessa for Bitcoin i media er voldsom, noko som igjen påverkar valutakursen og får den til å stiga til nye høgder. Denne veka har historia om Kristoffer Koch som kjøpte seg leilegheit for Bitcoin-forteneste gått verda rundt. Norske media har følgt opp og Vestlandsrevyen hadde eit innslag 30.10 om Bitcoin-entusiast Sturle Sunde i Florø. Der vart også eg intervjua (5 sek.!) for å hella kaldt vatn i blodet på entusiastane :)

Fredag ringde så ein Dagblad-journalist for å få meir informasjon om fenomenet.

1 BTC = $215
Vekslingskursen for Bitcoin ligg i skrivande stund rundt $215 og det er ein enorm auke på dei 2-3 åra Bitcoin har vore kjendt utanfor dei mest nerdete krinsane. Det er ikkje mange investeringar som kan måla seg med ei Bitcoin-investering. Men så er det spørsmålet om kjøp av valuta først og fremst skal vera ei investering?

Korleis gjera Bitcoin betre?
I staden for å referera Bitcoin-artiklar frå tradisjonelle media vil eg peika på ein god artikkel av forskarar frå Palo Alto Research Center og Berkeley-universitetet. I artikkelen "Bitter to Beter - How to Make Bitcoin a Better Currency" tek forskarane opp nokre sentrale problematiske sider ved Bitcoin og kjem med forslag til korleis dei kan løysast. Dei går ikkje inn på deflasjons-spørsmålet, men på sikkerheitsmessige utfordringar.

Dei startar med å rosa initiativet og legg ikkje skjul på at dei er imponerte over systemet. Sentrale spørsmål dei stiller, er:
Despite three decades’ research on e-cash, why have e-cash schemes not taken off, while Bitcoin — a system designed and initially implemented possibly single-handedly by someone previously unknown, a system that uses no fancy cryptography, and is by no means perfect — has enjoyed a swift rise to success. 
Vidare spør dei om Bitcoin har det som trengst for å bli ein stabil valuta over lang tid, eller om det berre er endå ein forbigåande hype.

Deflasjon som det store spøkelset
Dei går ikkje inn på deflasjonsspørsmålet, men viser mellom anna til denne wiki-en der spørsmålet blir drøfta. Eg vil heller ikkje gå inn på det her, men berre i tillegg til å visa til diskusjonen på den nemnde wiki-en også utfordra den vedtekne sanninga om at deflasjon er forferdeleg: Ja, heile grunnlaget for den (vestlege) økonomien i dag kviler på føresetnaden om auka vekst og dermed litt inflasjon. Men er det ei berekraftig utvikling? Spørsmålet om valuta som Bitcoin og ei alternativ utvikling med de-growth (negativ vekst [dessverre finst det ikkje eit norsk ord for dette!]) er interessant nok for ei eiga drøfting.

Bit-rote og dyrtid
Forfattarane overlet den dei økonomiske konsekvensane av deflasjon til andre, men tek opp det teknologiske problemet som kan oppstå. Dersom Bitcoin held fram med å auka i verdi, vil hamstring (hoarding) av Bitcoin synast uunngåeleg. Heile Bitcoin-systemet kviler på ein føresetnad om eit dynamisk, desentralisert nettverk der bruk av Bitcoin er ein vital del av sikringssystemet. Dersom bruken av Bitcoin går ned, går motivasjonen for å grava nye Bitcoin, og verifisera transaksjonar, ned og dermed kan Bitcoin bli offer for manipulasjon og "take-over". Det kan bli "bit-rote" og dyrtid og systemet kan stagnera og bli for svakt til å stå i mot angrep.

Eit Bitcoin med stagnerande transaksjonsvolum kan bli offer for eit 50 %-angrep, dvs. at nokon klarer å mønstra meir enn 50 % av samla ressursar i Bitcoin-nettverket og kan etablera ei ny transaksjonskjede. Det er bokstaveleg tala eit angrep som vil skriva om (Bitcoin-)historia. Enkelte vil meina at eit angrep av denne typen er høgst usannsynleg, men ei utviking med stagnering i transaksjonar og auka datamaskinkraft gjer scenariet muleg. Forfattarane sannsynleggjer også faren for eit slikt angrep.

Hindra "revisjonisme"
For å hindra denne typen revisjonisme føreslår forfattarane eit tillegg til Bitcoin der nettverket kan "stemma" over større forgreiningar av transaksjonskjeda. Det er ganske usannsynleg at ei større forgreining av kjeda er vennlegsinna, og dermed god grunn til å halda på transaksjonskjeda som daterer lengst tilbake. Forslaget er tenkt slik at det vil berre slå inn i tilfelle det er snakk om ei total overtaking av transaksjonskjeda. Merkeleg nok har ikkje Bitcoin nokon innebygd "dødmannsknapp" slik at eit 50 %-angrep kan lykkast trass i mange års transaksjonshistorie.

Andre forbetringar
Tjuveri av digitale Bitcoin-lommebøker er også eit kjendt problem. Her føreslår forfattarane ei "super-lommebok" som blir delt mellom fleire fysiske plattformer, t.d. at ein må bruka både pc og mobil for å få tilgang til lommeboka. Frå super-lommeboka kan ein overføra mindre mengder Bitcoin til ei vanleg digital lommebok - så mykje som ein vil risikera å mista.  Slike overføringar kan automatiserast.

Forfattarane har også forslag til korleis anna tap av Bitcoin kan reduserast eller hindrast, t.d. tap som skuldast at ein mistar den private nøkkelen. Dei har også forslag til korleis Bitcoin kan gjerast meir skalerbart og korleis anonymiseringa kan betrast.

Alt i alt eit godt innspel frå ei gruppe forskarar som i utgangspunktet er svært positive til Bitcoin-systemet.

torsdag 31. oktober 2013

Kva er problemet med forskinga?

The Economist tek i forrige nummer (19. oktober) opp grunnleggjande kvalitetproblem i forskinga under temeaet "How Science Goes Wrong". Det er ein tsunami av publikasjonar og altfor lite og dårleg evaluering av alle artiklane. Jaget etter publisering for merittering og poeng, og jaget etter nye sensasjonelle funn, overskyggar den kanskje viktigaste kontrollmekanismen i vitskapen: påvising av feil gjennom falsifisering av hypotesar. Les meir på Vestforsk-bloggen.

søndag 20. oktober 2013

Ian Buruma: Inventing Japan

I 1853 siglde kommandør Perry inn Edo-bukta med fire, svarte og tungt væpna skip. Amerikanarane tvinga Japan til å opna opp for handel. Det var kanonbåt-diplomati av beste sort. Japan vart tvinga til å opna for eksklusiv handel med USA. Då hadde Japan vore eit lukka land i over 200 år. Dei var redde for påverknaden frå det kristne Vesten.

Ian Buruma er ein nederlandsk forfattar og akademikar som har spesialisert seg på asiatisk kultur, særleg Kina og Japan i det 20. århundre (1900-talet). Men sjølv om han er akademikar, skriv han på ingen måte omstendeleg og tungt. Som moderne historikarar (som t.d. Anthony Beavor Simon Singh) fargelegg han med rikeleg bruk av adjektiv. Det gjer teksten meir spennande, og me får tru at han har belegg for påstandane.

Boka "Inventing Japan - From Empire to Economic Miracle 1853 - 1964" opnar med OL i Tokyo i 1964 då Japan igjen har vorte ein del av verda. OL i Tokyo var viktig for Japan for å visa at dei hadde reist seg etter siste verdskrigs grusomme hendingar og den vanskelege etterkrigstida.

Nokre sentrale begrep er viktige for å forstå boka og japansk historie i denne perioden:

Shogun: Betyr direkte oversett "general", men blir brukt om tida med militært styre (krigsherrar og krigarar; samuraiar) fram til 1867. Tida blir også kalla Edo etter byen der dei militære herskarane styrte. Etter 1867, med danninga av det moderne Japan, vart hovudstaden flytta til Tokyo.

Samurai: Krigarkasten. Dei var dei einaste som hadde lov til å bera våpen og til å begå rituelt sjølvmord - harakiri (som er å spretta opp buken på seg sjølv!).

Meiji: Opprøret som gjorde slutt på Shogun-styret og etablerte det moderne Japan. Keisaren vart sett inn og overtok det gamle Shogun-palasset.

Kokutai: Ein slags mytisk idé om eit Japan som ein autoritær familie-stat, styrt av keisaren. Det var ei blanding av blanding av religion og politikk og vart nedfelt som Kokutai no Hongi ("Fundamentals of the National Polity") av Utdanningsdepartementet rett før krigen (1937). Det skulle visa seg å vera ein livsfarleg doktrine, men viktig for å forså Japans handlingar både før, under og etter krigen.

Zaibatsu: Forretningskonglomerata som oppstod tidleg i Meiji-perioden då statleg kontrollerte selskap vart selde til private. Eksempel på slike konglomerat er Mitsui og Mitsubishi, som me statleg/byråkratisk hjelp ekspanderte og engasjerte seg i alt frå bankverksemd, gruvedrift, entreprenørverksemd og mykje meir. Effekten var ei slags monopolisering av den japanske økonomien, ikkje ulikt oligarkia som oppstod i Russland etter revolusjonen i 1991. Også denne delen av Japan er viktig for å forstå det intrikate og samanvevde samspelet mellom byråkrati og bedrifter.

Religion og politikk ei farleg blanding!
Det er framfor alt den farlege blandinga av religion/mystikk og politikk som er hovudgrunnen til at det gjekk så galt med Japan. Keisaren vart meir enn eit symbol, han vart ein guddommeleg figur som alle, både soldatar og sivile, skulle ofra liva sine til om nødvendig. Fram mot siste verdskrig og under krigen  førte det til at politikarar og byråkratar mista kontroll over det militæret sidan deira overordna var keisaren. Han var på si side skjult for dei fleste, og ytra seg lite eller ikkje. Det var difor svært uklart kva dekret og ordrar som gjaldt. Generalane valde å tolka på eiga hand, og forsvarte seg med at dei berre stod til ansvar for keisaren.

Japan som prøyssisk kopi
Eit anna dårleg førebilete var Tyskland og den prøyssiske kulturen. I mangel av moderne førebilete såg Japan mot Tyskland. Den japanske militarismen kan likevel ikkje samanliknast med Nazi-Tyskland. Japan hadde ikkje noko nasjonalsosialistisk parti, og hadde heller ikkje den uttalte etniske reinsinga som nazistane. Det betyr likevel ikkje at ikkje japanarane til tider var like grusommen som nazistane, det var berre at det ikkje skjedde under ein nasjonal ideologi. Massakrane i kineseiske Nanking er mellom dei verste overgrepa under siste verdskrig.

Japanarane for hensynslaust fram både i Mandsjuria (Nord-aust i Kina) og Korea, og dei anstrengde forholda mellom desse landa må sjåast på bakgrunn av dei historiske hendingane. Når Kina og Korea reagerer voldsomt mot at japanske statsministrar vitjar visse heilage shinto-tempel, er det med bakgrunn i kva desse representerer symbolsk, og kva overgrep som er gjorde i desse sitt namn.

Keisaren slapp unna
Etter krigen vart Japan sett under administrasjon av dei allierte, men i praksis av USA. General Douglas MacArthur vart sett til å styra Japan, som Supreme Commander for the Allied Powers (SCAP). MacDouglas vart på sett og vis keisar nr. to. Mange reagerte på at keisar Hirohito ikkje vart stilt for retten, men slapp unna. Han burde vore tiltalt for folkemord etter mange sitt syn, på same måte som generalane under han. Men amerikanarane trudde dei hadde bruk for han som symbol og samlande figur, noko som truleg var feil.

"Japan er som ein 12-åring"
MacArthur vart teken i mot som helt, og då han vart avsett i 1951, etter å ha prøvt å utvida Korea-krigen til Kina (han var villig til å bruka atombombe!). Han hadde ansvaret for å å innføra demokrati i Japan, men amerikanarane sine demokrati-eksportar har stort sett vore mislykka. Det skuldast ikkje minst at dei ikkje forstår, eller vil forstå, andre lands kulturar. MacArthur var nok oppriktig oppteken av å gjera det beste for Japan, og han kjempa hardt for å halda Japan de-militarisert, ofte i strid med ønskje frå Washington. Samtidig avslørte han også manglande kjennskap til Japan og japansk kultur. Hans berømte/berykta kommentar om Japan "som var som ein 12-åring" vitnar om dette. Med det meinte han at japanarar flest var som barn og måtte haldast strengt i øyrene av foreldra (= USA).

Kvar vart det av angrepet på Pearl Harbour?
Buruma skriv godt og han klarer å fortelja vel 100 års historie på 147 sider! Det står i sterk kontrast til dei fleste andre historieforfattarar, der sidetal ikkje ser ut til å vera noka avgrensing. Det er likevel nokre sider ved historieforteljinga som er merkeleg. Først og fremst gjeld det angrepet på Pearl Harbour i desember 1941. Buruma skriv mykje om bakgrunnen og det som leia fram til angrepet, men sjølve angrepet og reaksjonane frå USA er fråverande. Det er som om nokre sider er rivne ut av boka - merkeleg!

Ei anna side ved boka er at den japanske kulturen, særleg den føydale, krigsorienterte samurai-kulturen, ikkje er særleg vektlagt i forklaringane på kvifor det gjekk så gale med Japan fram mot, og under, siste verdskrig. Eg tykkjer han undervurderer dei sterke kreftene denne kulturen har fostra.

Elles er dette ei bok eg vil tilrå å lesa. Den er lettlesen, kort, og informativ.

torsdag 17. oktober 2013

Ny regjering, ny IT-politikk

Den nye regjeringa på Slottsplassen 16.10.2013
Foto: Erlend Aas/NTB scanpix/SMK (CC-BY-ND 2.0)
Den nye regjeringa har alt "teke grep", som det så fint heiter, og sett ein strek over det plaga Fornyings- og adm.dep. (FAD). Eg trur ei samling av IT-politikken i eit utvida Kommunaldepartement er bra. Men viktigare enn endringar i organisasjonskart er dei personane som skal styra ulike fagområde. Og her ser det spesielt lovande ut: Med Paul Chaffey som statssekretær får me ein person som er genuint oppteken av IKT og som forstår den enorme betydningen teknologien har for samfunnet. Dette blir spennande!

Offentleg sektor = stat + kommune
Eg tolkar samlinga av IKT-politikken i eit nytt Kommunal- og moderniseringsdepartement som eit uttrykk for at offentleg IKT-politikk må omfatta både statleg og kommunal sektor om ein skal lykkast.
I regjeringsplattforma står det følgjande:
Samarbeidet og samordningen mellom staten og kommunene skal også styrkes. Regjeringen vil bidra til en bedre samordning av ulike IKT-systemer i offentlig sektor.
Den største kritikken mot den raudgrøne regjeringa er at den ikkje makta eller viste vilje til å tenkja ut over sektorgrensene på dette området. Tvert om vart det den siste tida skjerpa inn at staten skulle halda seg til sitt og kommunesektoren til sitt ("east is east and west is west..."). Eg meiner det botnar i ein grunnleggjande mangel på forståing av korleis dette ser ut frå innbyggjarane, brukarane, sin ståstad. "Brukarorientering" har vore eit fyndord lenge, men til lenger opp i makthierarkiet ein har komme, til mindre har ein skjønt kva det faktisk inneber.

Statleg IKT-troll med mange hovud
Eit vedvarande problem med den offentlege IKT-politikken har vore forankringa i eit svakt departement. FAD har ikkje på nokon måte kunna ta den styrande rolla som har vore etterlyst og har ikkje hatt mykje å stilla opp mot sektorvise tungvektarar som Skatt og NAV. Resultatet har vorte eit offentleg IKT-troll med for mange hovud. Om hovuda no skal kappast av, eller heller tvingast til å synkronisera tanke og tale, gjenstår å sjå.

Lite om IKT i regjeringsplattforma
Til slutt må det seiast at regjeringsplattforma er ganske tynn når det gjeld omtale av IKT. Men igjen er det viljen til fornying, og ikkje minst dei utvalde personane, som vil avgjera.

Dette lovar godt for nødvendige endringar i offentleg IKT-politikk, og eg ønskjer Paul Chaffey (og Jan Tore Sanner) lykke til i det viktige arbeidet!

søndag 13. oktober 2013

Eple som spätlese

'Discovery' som har fått hengja
ekstra lenge
I Tyskland er Spätlese og Auslese kjende kvalitetskriterium for druer som ettermodnar på trea. Også i fruktdyrkinga har me tilsvarande modningsprosessar, men utan at det blir kjent for forbrukarane. Skal du få (over-)modna eple direkte frå trea må du ha epletre sjølv, eller kjenna nokon som har det.

Det er synd ikkje fleire får smaka slik frukt. Eple som heng att lenge etter vanleg haustetid får ein heilt spesiell smak. Den kan ikkje samanliknast med butikkeple. Ikkje alle sortar er like gode som overmodna, men Discovery er ein av dei som blir best når det får hengja ekstra lenge.

Alle fruktdyrkarar veit at den beste frukta er dei epla som av ein eller annan grunn ikkje har vorte plukka, gjerne dei toppane. Å gå i frukthagen nokre veker etter hausting og setja tennene i eit av desse epla er ei smaksoppleving! Det ville vore fint om dette kunne kommersialiserast på ein eller annan måte.

torsdag 10. oktober 2013

Andreas Viestad er Bondevenn!

Årets 'Summerred', klar til hausting
I november 2011 føreslo eg for Norges Bondelag at Andreas Viestad burde frå Bondevett-prisen. I juni i år vart han utnemnt som Bondevenn. Det tok altså berre eitt og eit halvt år - jaja, betre seint enn  aldri!

For meg spelar det ingen rolle kva prisen heiter, men at det glimrande arbeidet Andreas Viestad gjer for mat, og indirekte norsk landbruk, blir verdsett av landbruket. Eg tykkjer Bondelaget kunne gjort mykje meir ut av dette. Eit søk på Bondelaget sine nettsider etter 'Andreas Viestad' gir null treff - det er for dårleg.

Det er folk som Andreas Viestad bøndene må alliera seg med for å ha ein sjanse framover. At ikkje fleire ser det, er ganske ille. Oppmodinga må igjen gå til Bondelaget, der eg er medlem!, om å gjera meir ut av dette, og til dømes gi Andreas Viestad Bondevett-prisen som han fortener. Dette er for puslete!

søndag 6. oktober 2013

Ølbrygging for dummies

Gustav Foseid, tidlegare norgesmeister i heimebrygging, har gitt ut "Håndbok i ølbrygging" på Kagge forlag. Det spesielle med utgivinga er bruken av dugnadsfinansiering, evt. "folkefinansiering", i form av ei forskotsbetaling frå dei som har vore interesserte i å kjøpa boka. Det er kanskje ikkje dugnadsfinansiering (crowd funding) slik det blir definert, men liknar i alle fall. På Ølportalen kan du lesa ein kort omtale av boka og også eit par av kapitla for å sjå om den verkar interessant nok til å kjøpa.

"Ølbrygging for dummies"
"Håndbok i ølbrygging" kunne like godt ha vore kalla "Ølbrygging for dummies", og det er positivt meint. Boka er veldig enkel både temamessig og i stil. Den gir ein oversikt over det viktigaste for den som ønskjer å bryggja øl sjølv. Foseid har heller ikkje noko religiøst forhold til type utstyr og kva som er "lov" med omsyn til eksperimentering med ingrediensar.

Praktisk bok
Det er først og fremst ei praktisk bok for den som vil bryggja sitt eige øl etter nyare metodar, dvs. etter den nye mikrobryggeri-tradisjonen. Klassisk heimebrygg blir også omtalt, men det blir eit anna handtverk som er vanskeleg å omtala i ei slik bok. Vil du læra tradisjonell heimebrygging, må du bli med i eit bryggjelaug som bryggjar på den måten.

Boka er heller ikkje meint for dei som ønskjer å lesa om øl generelt, og ulike typar øl. Her er boka veldig kortfatta. Det finst mange andre bøker som er skriven med det føremålet, sjå heller etter slike.

Oppskrifter
Foseid har teke med ein god del oppskrifter som han sjølv har prøvd ut og delvis miksa seg fram til på eiga hand. Det er oppskrifter innan hovudkatergoriane
- Pils (som er vanskelegare å få til for ein heimebryggjar enn ein skulle tru, pga. lågare temperatur under gjæring)
- India Pale Ale (IPA)
- Britisk bitter
- Juleøl (både tradisjonelt norsk undergjæra juleøl og juleøl av ale-type [overgjæra])
- Kveiteøl (tysk weiβbier)
- Porter og stout
- (Belgisk) klosterøl

Enkelte småting
Sjølv om Foseid gjer ein god jobb med å skriva enkelt og innføringsvennleg, er det enkelte stader implisitte kunnskapar som burde vore forklart betre. Når Foseid skriv om ulike metodar å måla sukkerinnhald i vørteren som grunnlag for å rekna ut alkoholstyrke, skriv han t.d. ikkje at oechslevekt og refraktometer har ulike skalaer og korleis desse relaterer seg til kvarandre. Ei oechslevekt måler vekta av sukker i ei sukkerhaldig væske medan eit refraktometer måler sukkerinnhaldet gjennom lysbryting. Dei to målemetodane er ulike, og det burde vore forklart betre.

Dette er likevel små innvendingar mot ei bok som er veldig praktisk og god som innføring i kunsten å bryggja eige øl.


onsdag 2. oktober 2013

Tesla på topp!

Tesla Model S (Foto: Tesla)
Salsstatistikken for nye bilar viser at Tesla Model S er den mest selde bilen i Norge i september. Det er ganske spesielt. Det er selt 616 eksemplar av bilen og det er 55 fleire enn VW Golf på andre plass (561). Tipset mitt er at Tesla vil halda førsteplassen ei god stund, med mindre det kjem fram nytt om Tesla som vinterbil (ganske redusert rekkevidde).

No kan det også visa seg at alle førehandsbestillingane av bilen har slått spesielt kraftig ut på denne månaden, det vil utviklinga resten av året visa.

Er el-bilen svaret på trafikkproblema?
Men er el-bilen svaret på trafikkutfordringane her i landet? Det er heller tvilsamt. Erling Dokk Holm hadde ein god artikkel i DN laurdag 28. sept. med tittelen "Elektriske digresjoner". Hovudpoenget hans var at el-bilen ikkje løyser dei største trafikkproblema i byane: Kø! Ein el-bil tek like mykje plass som ein vanleg bil, og når el-bilane inntil vidare også får køyra i kollektivfeltet, blir problema større samla sett. Det går nok ikkje lenge før retten til å køyra i kollektivfelta forsvinn. Dokk Holm meiner derimot at el-sykkelen er svaret på trafikkproblema i byane, og eg er einig med han. El-sykkel og el-scooter pluss kollektivtrafikk er den fornuftige løysinga i byane. I distrikta er ikkje forureinsing eit stort problem så her er diesel og hybridløysingar betre enn reine el-bilar enn så lenge.

Stimuleringstiltaka vil forsvinna
Det same vil nok dei andre kraftige stimuleringstiltaka som gratis bompassering og gratis parkering. Og så vil jo ironien bli komplett viss det er den nye Høgre/Frp-regjeringa som må fjerna avgiftsfritaket på el-bilar - LOL!

Inntil vidare er det berre å gi el-gass: Viss eg var på jakt etter ny bil, ville eg sett nøye på Tesla Model S - den er eit røvarkjøp for tida.

søndag 29. september 2013

Porsche 911 50 år!

50 år med Porsche 911
Foto: Porsche AG
I september 1963 presenterte Porsche modellen 911 som etterfølgjar etter sportsbilen 356. Det var på IAA-utstillinga i Frankfurt. Porsche 911 har vorte eit sportsbil-ikon på dei 50 åra og Porsche har selt meir enn 820 000 eksemplar i perioden. Bilen som vart presentert i Frankfurt heitte "TYP 901", men pga. protestar frå Peugot, endra Porsche namnet til 911.

Bilen vart i hovudsak konstruert av Ferdinand Porsche, sone-son til grunnleggjaren av Volkswagen og Porsche, Ferdinand Porsche sr. I mellom tida var det endå ein Ferdinand - Ferry Porsche. Han er kjent for sitatet "Das letzte gebaute Auto wird ein Sportwagen sein" ("den siste bilen som blir bygd, blir ein sportsbil").

Boxer bak
Det mest karakteristiske med Porsche, utanom design, var hekkmotor med luftkjølt boxer-motor. Den 6-syl. motoren sat bak, på same vis som Bobla sin 4-syl. boxer-motor. Ur-modellen hadde ein 2-liters motor på 130 hk. Porsche laga også ein billeg-variant kalla 912. Den hadde 4-syl. motor og skulle vera introduksjon til Porsche for folk flest. I starten vart det selt fleire 912 enn 911, og produksjonen av 912 vart først stoppa då suksessen til 911 var sikra.

For Porsche-entusiastar er det berre dei interne modellnummera som gjeld. Her er ein oversikt over dei viktigaste modellane fram til no:

911/930 (1963 - 1989)
Ikonet Porsche 911 - her i modell 2.7 RS (1973)
Foto: SamH (CC-BY-SA)
Den første modellen var i produksjon i heile 26 år! Det vart sjølvsagt gjort mange endringar på dei åra, men grunnkonstruksjonen var den same. Av legendariske spesialmodellar må nemnast Porsche Carrera 2.7 RS - kanskje den mest komplette sportsbilen Porsche har laga.

G-modell (1973 - 1989)
I 1973 kom G-modellen, ein oppdatert versjon av ur-911. Motoren hadde vakse til 3.2 liter. Året etter introduserte Porsche 911 Turbo (internnr. 930). Den tok prestasjonane til eit nytt nivå, men krevde også sitt av føraren. Dei tidlege 911 Turbo er berykta for å fort kunna snurra rundt; tung og kraftig hekkmotor utfordrar dei fysiske lovene. Som auto motor und sport uttrykkjer det: "Ein Ritt auf Messers Schneide - stets pendelnd zwischen Hero und Zero"..

964 (1989 - 1993)
I 1988 vart etterfølgjaren til ur-Porschen presentert. Det vart ein typisk mellom-modell: Grunnkonseptet med luftkjølt hekkmotor var intakt - her var det berre foredla vidare.

993 (1993 - 1998)
Evolusjonen heldt fram med modell 993. Motoren var framleis luftkjølt og sat sjølvsagt bak. Ei 6-trinns girkasse vart introdusert og firehjulstrekket frå 964 forbetra.

996 (1998 - 2005)
I 1998 skjedde revolusjonen: Porsche gjekk over til vasskjøling av motoren, som alle andre bilfabrikantar. Om det var dette som fall entusiastane tungt for brystet, eller om det var det luksuriøse inventaret, er ikkje godt å seia. Vasskjøling, koppholdar (!), navigasjonssystem, speileggs-frontlys... summen av alt dette vart for mykje å bera for mange gamle Porsche-fans. 996 fekk difor ein tung start hjå kjernen, men blant dei uvitande og historielause gjekk bilen unna.

997 (2005 - 2012)
Med 997 tok Porsche den nye plattforma tilbake til røtene; sportskarakteren vart skjerpa på kostnad av det luksuriøse. Det kom tydelegast til uttrykk i renn-variantane GT3 og GT2 (GT3 kom først). Det skulle ikkje vera tvil om at Porsche først og fremst er ein sportsbil.

991 (2012 - )
Med 991 endra Porsche igjen den grunnleggjande plattforma, den tredje sidan starten i 1963 (andre gongen var med 996). Motorstørrelsen er 3.4 liter for standard-Carrera, og 3.8 l for Carrera S. Den blir levert med 7-trinns manuell girkasse (type dobbel-kløtsj).

Ein litt dårleg kopi av bilete frå auto motor und sport
som viser utforming av dashbord frå starten

Design som historie
Sjølv om det ikkje er mykje igjen av ur-modellen, er designet likevel tru mot originalen - utanpå såvel som innvendig. Instrumentpanelet har framleis dei fem runde talskivene med turteljaren i midten (sjå under). I det heile er tyskarane, og til dels europeiske bilprodusentar) flinkare til å ivareta tradisjonen enn t.d. japanske og andre asiatiske produsentar. Dei har ei stoltare historie, det gjer det nok lettare, men samstundes trur eg dei er meir opptekne av design og design-historie enn konkurrentane frå andre kontinent. Porsche 911 er eit levande bevis for dette.

torsdag 26. september 2013

IT-forum 2013

IT-forum Sogn og Fjordane er ein organisasjon for å fremja IKT-satsinga i fylket. Den vart stifta i 1995 og har sidan 1996 hatt ein årleg konferanse om hausten. Årets IT-konferanse er altså den 18. i rekkja - godt gjort!

Her er inntrykk frå første dag av konferansen, på Vestforsk-bloggen.

torsdag 19. september 2013

Google Chromecast

Google Chromecast - her er lenke til omtale på Pcmag.com
Det er ikkje meininga at du og eg skal bruka Google Chromecast. Medieindustrien har teke "balletak" på forbrukarane, med myndigheitene si velsigning, og kontrollerer marknaden med regionsperrer. Men det finst vegar rundt, og mi oppfordring til alle er å bruka desse for til slutt å hola ut dette bolverket!

Chromecast er Googles svar på Apple TV (vel, eit slags svar) og ein liten dings til å strøyma innhald over nettet. Du set den i ein ledig HDMI-inngang og så er du i gang, under føresetnad at du har trådlaust nett i heimen.

Det spesielle med Chromecast er prisen: 35 $ og då får kjøparar i USA også 3 mnd gratis Netflix-bruk. Den avtalen har lokka mange, for Google har hatt store leveringsproblem etter all pågangen.

For den låge prisen må ein venta visse avgrensingar i funksjonalitet. I starten kan ein strøyma innhald frå Netflix, YouTube og Google Play, men fleire er på veg når utviklarar har gjort seg kjende med Google Cast SDK. Styringa skjer ved hjelp av ein app (Android og iOS).

Som sagt er det manglar ved Chromecast. Det første eg saknar er mulegheit til å senda innhald frå Chrome over til tv-en. Ut frå namnet Chromecast burde det vera sjølvsagt. Det ville også vore fint å kunna strøyma lokalt innhald frå mobilen, slik ein kan med t.d. Apple TV.

Installeringa går kjapt
Slik kan du gå fram for å skaffa deg Google Chromecast eller andre ting som har regionsperre:

1. Skaff deg ei lokal USA-adresse som dingsen kan sendast til (bruk t.d. JetCarrier.com)
2. Bestill vara og oppgi denne adressa
3. Send vara vidare frå USA-adressa til heimeadressa
4. Søk på nettet og finn ut korleis du brukar t.d. Chromecast utanfor USA

Eg oppmodar alle om å delta i denne typen "sivil ulydigheit" sidan myndigheitene tydelegvis ikkje vil gjera noko med dei forbrukarfiendtlege regionsperrene!

onsdag 11. september 2013

Borgarleg IKT-politikk

Valet ga eit borgarleg fleirtal og alt ligg til rette for ei borgarleg regjering styrt av Erna Solberg frå midten av oktober. Kva vil det innebera på IKT-sida, og særleg for IKT i offentleg sektor som er mitt hovudtema i forskingssamanheng?

Eg trilla terningen for partia sin IKT-politikk rett før valet, og der var det store sprik. Venste var "best i test" med ein 6-ar, Høgre dårlegast med terningkast 1. Kva seier så partia om IKT-organiseringa i offentleg sektor?

Desse forslaga er nemnde av meir enn eitt parti og kan såleis tenkjast å bli lagde til grunn i ein felles offentleg IKT-politikk:

  • Offentleg IKT-politikk må samlast i eitt departement (Krf og Frp)
  • Staten må ta ansvar også for kommunale IKT-løysingar (V, Krf)
  • Ein nettportal for kommunikasjon med det offentlege (V, Krf, Frp)
  • Sterkare satsing på felles elektronisk identitet, fortgang i eID-arbeidet (Krf, Frp, H)
  • Sterkare satsing på opne data, kartdata skal også frigjevast (V, Krf, Frp, H)

Me kan altså forventa ei sterkare styring av IKT-politikken og at den blir samla i eitt departement som får eit overordna ansvar på området. Kva departement det vil bli, gjenstår å sjå. Noko av dagens problem er eit Fornyingsdepartement utan særleg kraft til å gjennomføra IKT-politikken og særleg hamla opp med sterke sektorinteresser.

Etter mykje fram og tilbake ser det også ut til at idéen om ein felles inngang til offentleg informasjon og tenester kjem tilbake. Her har det vore utilgiveleg mykje rot frå sitjande regjering og utføraren Difi. Eit stort spørsmål er også kva som vil skje med Difi. Høgre og Framstegspartiet har begge sagt at Difi skal slankast kraftig. Men dette må sjåast i samanheng med den totale (om-)organiseringa av IKT-området. Ut frå signala om å samla IKT-politikken, ligg det nær å tenkja seg også ei samling av den utførande delen. Då vil t.d. Brønnøysundreg./Altinn, Difi og kanskje Direktoratet for økonomistyring og DSS (Departementenes service-senter).

Under følgjer dei enkelte partia sine forslag til IKT i offentleg sektor.

Venstre (terningkast 6):

  • Styrka både Datatilsynet og Post- og teletilsynet
  • Styrka innsynsretten i offentleg sektor (data som er registrert om den enkelte innbyggjaren)
  • Ein nettportal for kommunikasjon med det offentlege (gjenoppliving av Miside/Norge.no?)
  • Offentleg digital satsing må også omfatta kommunane
  • Meir satsing på fri programvare (open source) og opne standardar
  • Lovfesta nettnøytralitet
  • Fri tilgang offentlege data (også kartdata!)
  • Gjera alle offentleg finansierte forskingsresultat tilgjengelege straks etter publisering gjennom open tilgang (Open Access)
  • Oppdatert opphavsrettslovgiving
Kristeleg folkeparti (3):

  • Staten må tilretteleggja IKT-løysingar for kommunane, men kommunane må sjølve velja kva tenester som skal digitaliserast 
  • Ansvaret for alle store, statlege IKT-løysingar bør samlast i eitt departement
  • Sentralisering av databasar og forvaltning
  • Fortgang med utvikling og utbreiing av eID
Framstegspartiet (3):
  • Felles innloggingssystem for offentlege tenester knytt opp mot nettbank-innlogging
  • Felles innbyggjarportal for alle offentlege tenester
  • Overordna ansvar for IKT-politikk (inkl. breibandutbygging) i eitt departement
Høgre (1):
  • "videreutvikle Altinn og ha som mål at næringslivet bare skal behøve å rapportere samme informasjon én gang til det offentlige"
  • "gjøre flere offentlige tjenester tilgjengelig på nett, slik at de kan brukes uavhengig av åpningstider"
  • Byggja opp ein plattform for sikker ID og kommunikasjon i stat og kommunar
  • Felles IKT-plattform for skulen
  • Open tilgang til offentlege data, også kartdata

tirsdag 10. september 2013

Største prosentvise auke på valdagen!

Største prosentvise auke på valdagen trur eg må vera bloggen min :)
Den har gått frå under 100 besøk pr. dag til over 1400 på valdagen. Grunnen er ikkje valet, men at VG plukka opp innlegget om samfunnslønn i "Lesernes VG". Slikt gir umiddelbar effekt.

søndag 8. september 2013

Samfunnslønn

Det stundar mot val, men eg har sjeldan brydd meg mindre og følgt mindre med på debattane. Om det berre er meg, er det ikkje så farleg, men eg har ein mistanke om at det gjeld veldig mange. Me har det godt og er mette og uinteresserte. Men det er ogå noko meir: Det er i realiteten veldig lite som skil dei ulike partia, med enkelte unnatak. Det er lite verkeleg nye og radikale idéar å sjå, og interessant nok er det mindre radikalt til lenger til venstre ein kjem. Raudt er vel det mest konservative partiet me har. Likevel er dei åleine saman med Miljøpartiet dei grøne (MDG) om å føreslå forsøk med samfunnslønn. Venstre hadde dette i tidlegare partiprogram, men har gått bort frå det.

Radikalt forslag
Samfunnslønn er ein radikal idé. Den inneber ei økonomisk støtte til alle utan vilkår. Den frikoplar inntekt frå arbeid og bryt med den grunnleggjande og sterkt nedarva idéen om at arbeid for alle er det fremste målet i samfunnet. Berre å nemna ein slik tanke, vil få ganske mange til å begynna å lura på den mentale tilstanden din.. Andre namn på dette er borgarlønn eller vilkårslaus lønn.

Avisa Le Monde Diplomatique (norsk utgåve) hadde tidlegare i år ein lenger artikkel om samfunnslønn, og tok der utgangspunkt i fransk og til dels tysk politikk på europeisk nivå, og viste til enkelte forsøk med samfunnslønn, m.a. i India. Forsøka i India verkar lovande, men her må ein hugsa på at det er kontantytingar til svært fattige og at samfunnslønn i vestlege land vil få andre konsekvensar.

Me har råd
Argumentet om at samfunnet ville gå over ende økonomisk, kan tilbakevisast med ein gong. I Tyskland kom t.d. berre vel 40 % av alle inntekter frå arbeid i 2008. I Norge veit me at utan tilslørande statistikkar er godt over 1 million utan arbeid (arbeidsledige, tiltak, uføre, studentar ++). Alle typar trygdeytingar summerer seg opp til over 1/3 av statsbudsjettet. Om me delte alle typar stipende, stønad, trygd ++ på alle personar mellom 18 og 67 år, ville me truleg fått 2-300 000 på kvar - minst! (dette kan økonomane lett finn ut).

På tvers av venstre- og høgresida
Samfunnslønn er vanskeleg å plassera på ein venstre- og høgreakse. Så ulike økonomar som James Tobin - mannen bak Tobin-skatten - og Milton Friedman har argumentert for denne ordninga. Men trua på arbeidet som det grunnleggjande i samfunnet er kanskje størst på venstresida, og motstanden mot samfunnslønn truleg størst der. Arbeiderpartiet måtte jo vurdert å endra namnet viss samfunnslønn vart akseptert..

Argumentasjonen for samfunnslønn er rett nok ulik sett frå venstre og høgre. På venstresida vil hovudidéen vera ei grunnlønn det skal vera muleg å leva av. Liberalistane, som t.d. Friedman med sin idé om negativ skatt, vil ha ei samfunnslønn som er slik innretta at den vil tvinga folk til å arbeida fordi den for dei fleste vil vera for lita til å leva på. Resultatet vil i praksis vera subsidiar for næringslivet.

Inga arbeidsløyse!
Fordelane med samfunnslønn er ei avskaffing av arbeidsløyse! Med på lasset følgjer ein haug med byråkratar (= storparten av NAV). Alle vil få eit val om å arbeida, studera eller i grunnen gjera kva dei vil. Heile poenget med samfunnslønn, eller vilkårslaus lønn, er nettopp at det ikkje skal stillast krav til den som mottek. Det skal vera ein rett uansett bakgrunn og ingen skal bry seg om kva du brukar lønna til.

Negativ skatt = Skattefunn?
Om valet mellom arbeid eller fritid er reelt, kan sjølvsagt diskuterast og må sjåast i høve til størrelsen på samfunnslønna. Dersom den skal vera proveny-nøytral som det heiter på fagspråket, dvs. ikkje føra til verken auka utgifter eller inntekter for staten, er det sjølvsagt grenser for kor høg den kan vera. Med dagens utgiftsnivå vil den truleg vera rundt 200 000,-, men dette kan ein rekna ut ved å sjå på statsbudsjettet. Den bør uansett vera så låg at det vil lønna seg å arbeida. I praksis vil den kunna fungera om lag som dagens Skattefunn-ordning: Dei som har arbeid, vil få eit fribeløp på 200 000,- og dei som ikkje har arbeid, vil få utbetalt desse pengane.

Ulemper
Ulempene med samfunnslønn vil mange hevda er at folk ikkje lenger "giddar" å arbeida. Det kan vera lågtlønnsyrke som vil bli vanskeleg å rekruttera til, fordi mange heller vil velja å klara seg med litt mindre pengar og heller gjera andre ting. Samfunnet vil nok bli endra ganske mykje ved at mange vil velja å gå ut av yrkesaktivt tilvære, i kortare eller lenger periodar. Det vil setja større krav til arbeidsgivarar som må planleggja rekruttering og å halda på tilsette på ein langt meir aktiv måte enn i dag. Kanskje kan ein slik overgang samanliknast med den radikalt endra kvardagen fotballen fekk etter Bosmann-dommen.

Verdsøkonomien i krise
Samfunnslønn må også sjåast i samanheng med dagens økonomiske problem på globalt nivå. Det var mange som trudde at finanskrisa varsla noko meir enn problem i finanssektoren - at det var starten på eit større problem. Mykje tyder på at dagens modell som kviler utelukkande på ein føresetnad om økonomisk vekst, har nådd ei grense. Juryen er framleis ute på dette punktet, men det er gode grunnar til å stilla spørsmål om dette kan halda fram, i alle fall i vesten. Dagens forbruksvekst er ikkje berekraftig, og teknologi åleine kan ikkje hjelpa oss ut av denne krisa. Kanskje kan samfunnslønn vera eit middel for å få til "negativ vekst", eller "de-growth" (tenk at me ikkje har eit ord for dette!).

BIEN
På overordna nivå arbeider BIEN - Basic Income Earth Network - for innføring av samfunnslønn, eller i det minste å starta forsøk med det. Her i landet har me BIEN Norge som orienterer om bakgrunnen for forslaget og elles kva som skjer rundt om i verda på dette området. Dei kallar det elles for borgarlønn. Sjølv tykkjer eg samfunnslønn er betre. 

søndag 25. august 2013

Partia sin IKT-politikk

IKT er dessverre ikkje valkampsak, heller ikkje i år. Det er både synd og merkeleg særleg med tanke på overvakingsskandalen Edward Snowden avslørte. Men om ikkje partia vil fremja IKT-politikken, må andre gå inn og vurdera den. Her følgjer ei vurdering av dei ulike partia sin IKT-politikk, sortert etter terningkast. Berre hovudpunkt som konkrete tiltak er tekne med her (alle partia vil t.d. ha betre breibandutbygging, men det er for lite forpliktande). Karakterane er gitt ut frå kor sentral plass IKT har i programmet, både som eige tema og som del av andre tema, kva type forslag partia har på IKT-sida og kva dei har vist i praktisk politikk på området dei siste åra.

Venstre


IKT er ikkje eige punkt i partiprogrammet, men inngår i dei fleste hovudtema.
  • Styrking av personvernet gjennom grunnlovfesting av privatliv, personvern og privat kommunikasjon 
  • Styrka både Datatilsynet og Post- og teletilsynet
  • Styrka innsynsretten i offentleg sektor (data som er registrert om den enkelte innbyggjaren)
  • Ein nettportal for kommunikasjon med det offentlege (gjenoppliving av Miside/Norge.no?)
  • Offentleg digital satsing må også omfatta kommunane
  • Meir satsing på fri programvare (open source) og opne standardar
  • Lovfesta nettnøytralitet
  • Fri tilgang offentlege data (også kartdata!)
  • Gjera alle offentleg finansierte forskingsresultat tilgjengelege straks etter publisering gjennom open tilgang (Open Access)
  • Oppdatert opphavsrettslovgiving
  • Fjerna datalagringsdirektivet
Venstre er vinnaren på IKT-sida. Dei har eit tydeleg og konsekvent syn på teknologien prega av omsynet til personvern og eit fritt, open Internett. Politikken synest også realistisk og er eit godt utgangspunkt for gjennomføring av viktige endringar.

Miljøpartiet dei grøne (MDG)


MDG har eit snevrare partiprogram enn dei etablerte partia, men har likevel funne plass til digitale rettar på hovudtema både i det overordna prinsipp-programmet og det detaljerte arbeidsprogrammet.
  • Verna om eit fritt Internett
  • Introdusera programmering i grunnskulen ("Lær kidsa koding")
  • Forbetra dei digitale låneordningane i biblioteka
  • Alle data og publikasjonar som er resultat av offentleg finansiert forsking skal vera gratis tilgjengeleg gjennom open tilgang (Open Access)
  • Prioritera omsynet til personvern og innbyggjarrettar i behandling av nye lover
  • Verna om retten til å vera anonym på nettet på same måte som elles i samfunnet
  • Fråkopling frå Internett skal aldri brukast som straff i seg sjølv
  • Lovfesta nett-nøytralitet
  • Det offentlege, og særleg skulen, skal visa veg i bruken av fri programvare
  • All programvare utvikla av eller på oppdrag frå offentleg sektor skal utstyrast med fri programvare-lisens
  • Oppheva datalagringsdirektivet
  • Tilpassa åndsverkslovgivinga til dagens digitale samfunn. Ta sikte på å redusera vernetida.
  • Oppretta register over verk som fell i det fri, og oppdatera det årleg
  • Gi Nasjonalbiblioteket rett til klarare bruk av såkalla foreldrelause verk
  • Forby bruk av DRM (Digital Rights Management - kopisperre)
  • Sjå på mulegheitene til å gjera ikkje-kommersiell fildeling lovleg, kombinert med ulike betalingsordningar for utøvarar m.m.
MDG overraskar positivt. Dei er ikkje einsidig opptekne av miljøet, som eg hadde trudd, men har mange fornuftige meiningar om IKT. Dei er på linje med Venstre i mange spørsmål, og i synet på opphavsrett ligg dei nær Piratpartiet.

Piratpartiet


Piratpartiet er endå snevrare i politikkutforminga enn MDG og har Internett-politikk som det viktigaste temaet i programmet. 
  • Lovfesta tilgangen til Internett
  • Reservera frekvensområde til fri bruk ("white WiFi")
  • Opna for fri tilgang kartdata
  • Stoppa implementeringa av Datalagringsdirektivet
  • Styrka Datatilsynet
  • Verna norsk kommunikasjon mot avlytting, t.d. frå den svenske FRA-lova
  • Bevara og styrka retten til privat kommunikasjon
  • Tillata og tilretteleggja for anonyme ytringar på nettet
  • Etablera digitale forbrukarrettar
  • Styrka ytrings- og varslingsfridommen
  • Avgrensa lengda på KID-nummer (!)
  • Avkriminalisera privat og ikkje-kommersiell deling av åndsverk
  • Redusera vernetida for åndsverk til maksimalt 20 år etter utgiving og innføra krav til registrering etter 5 år
  • Ta inn "Fair use" i lovverket
  • Resultat og publikasjonar frå offentleg støtta forsking skal vera ope tilgjengeleg (Open Access)
Piratpartiet er oppretta for å styrka brukarane sine interesser på nettet. Det er særleg opphavsretten, og praktiseringa av lovgivinga, som har provosert tilhengjarane. Hovudpunkta i IKT-synet deira har eg kommentert i eit tidlegare blogginnlegg.

Sosialistisk Venstreparti

SV har eit eige hovudkapittel om digitalisering i partiprogrammet (eitt av 17 i alt).
  • Alt på ein stad - ein offentleg inngang både for statlege og kommunale tenester
  • Full tilgang til eigen informasjon - varsel når nokon ser journalen din
  • Felles løysingar for kommune og stat
  • Alle tenester som let seg digitalisera, skal gjerast tilgjengelege på nettet
  • All offentleg informasjon skal vera tilgjengeleg så sant den ikkje utfordrar personvern, privatliv eller rikets sikkerheit
  • Lovfesta nett-nøytralitet
  • Arbeida for avskaffing av datalagringsdirektivet
  • Felles IKT-arkitektur for skulen
  • 100 % el. samhandling basert på felles opne standardar i helsevesenet
SV overraskar stort og er nesten på linje med Venstre når det gjeld eit gjennomtenkt program for IKT. Dei er i det store og heile ganske like Venstre i tilnærminga. Men SV har vore i regjering i 8 år og har hatt ansvaret for kartdata utan å klara å hogga av den gordiske knuten med frigjeving. Det trekkjer ned.

Kristeleg folkeparti

Krf har "Mediepolitikk" som ei overskrift i partiprogrammet, med under-overskrifta "Internett". Dei har elles IKT under andre tema.
  • Staten må tilretteleggja IKT-løysingar for kommunane, men kommunane må sjølve velja kva tenester som skal digitaliserast 
  • Ansvaret for alle store, statlege IKT-løysingar bør samlast i eitt departement
  • Sentralisering av databasar og forvaltning
  • Avklaring av redaktøransvaret for nettinnhald (Krfs Internett-politikk handlar i stor grad om å skjerma barn og unge frå skadelen/uheldig innhald på nettet)
  • Styrka personvernet i Personverndirektivet
  • Fortgang med utvikling og utbreiing av eID
Også Krf overraskar positivt ved å ha eit meir aktivt forhold til IKT-politikk enn mange av dei andre partia. Når ein finles programmet er det likevel klart at partiet har eit litt anstrengt forhold til nettet, og er mest opptekne av å verna folk motall styggedommen.

Framstegspartiet

Frp sitt prinsipp-program er nesten kjemisk fritt for IKT, men i handlingsprogrammet er det lista opp ein del forslag.
  • Også IKT-investeringar skal unnatakast handlingsregelen
  • Felles innloggingssystem for offentlege tenester knytt opp mot nettbank-innlogging
  • Felles innbyggjarportal for alle offentlege tenester
  • Overordna ansvar for IKT-politikk (inkl. breibandutbygging) i eitt departement
  • Lovbestemt vern av ytringsfridom og anonymitet på nettet
  • Kvar enkelt skal kunna bestemma over eigne persondata
  • Alle delar av landet skal ha breiband med min. 100 Mbit/s kapasitet
Frp har overraska med ei nokså konsekvent haldning til personvernet med det resultatet at dei stemde mot Datalagringsdirektivet. Det fortener dei honnør for. Dei er elles opptekne av å samla ein del offentlege IKT-funksjonar og -tenester. Dei er det einaste partiet som har talfesta minstekravet til breiband, utan at dei seier så mykje om korleis det skal oppnåast ("alle delar av landet" er også eit litt uklart begrep).

Raudt

Ikkje mykje IKT-politikk å spora i Raudt sitt partiprogram. Eg kan ikkje sjå at IKT er nemnt med eit einaste ord før ein kjem på sluttan av programmet, til temaet "Kultur, media, kommunikasjonsteknologi og idrett".
  • Offentleg utbygd  breiband gratis til alle husstandar og arbeidsplassar 
  • Støtte til utvikling av prosjektet Skule-Linux
  • Avkriminalisera ikkje-kommersiell fildeling
  • Forbod mot lukka, proprietær programvare i offentleg sektor
  • Stipendordning for programmerarar som utviklar fri programvare
  • Arbeida for å halda på nett-nøytralitet
  • Redusera vernetida til åndsverk
  • Avskaffa datalagringsdirektivet
  • Overføring av kontrollorgana for IP og DNS (dvs. ICANN) til FN 
Partiprogrammet er nesten blotta for IKT, bortsett frå det nemnde kapitlet. Det er veldig rart at IKT ikkje blir sett på som ein naturleg del av mange hovudtema (helse og utdanning berre for å nemna eit par). Forslaget om å overføra kontrollen med IP- og DNS-styringa til FN talar for seg. Dei kan umuleg ha sett seg inn i konsekvensane og ha innsikt i den kampen som føregår på dette området, jf blogginnlegget eg skreiv på Vestforsk-bloggen for ei tid sidan: "Bør FN styra Internett?".

Arbeidarpartiet

Taxi-sjåfør Jens Stoltenberg tek kaka, ingen tvil! Men me kan ikkje la AP og Jens sjarmera seg vekk frå realitetane, partiprogrammet må saumfarast for IKT:
  • Sikra nett-nøytralitet
  • Arbeida for grøne datasenter
  • Eit ope og ikkje-diskriminerande Internett
  • Norge som eit aktivt land i standardiseringsarbeidet
  • Ein innbyggjar - ein journal
  • Kvalitetsportal for barnehagane
AP har hatt makta i 8 år og det må telja tungt i vurderinga av forslaga i partiprogrammet. Dei har mellom anna stått i spissen for innføring av Datalagringsdirektivet og har ikkje akkurat rast mot overvakingsskandalen i USA som nyleg er avslørt. Politikken stadfestar eit inntrykk av eit parti som ikkje er spesielt kritisk til overvaking, og som har hatt overvaking som ein sentral del av praktisk politikk sidan siste verdskrig (tenk på avlyttingsskandalen med LO).

Senterpartiet

Senterpartiet har ikkje eit eige IKT- eller digitaliseringskapittel i partiprogrammet. IKT er omtalt under dei enkelte hovudtema.

  • Alle skular skal få tilstrekkeleg tilgang til nye læremiddel og oppdatert IKT
  • Stimulera til nettbaserte studiar
  • Fiberbasert kommunikasjon i heile landet innan 2015
Dette var skuffande tynt! Som venta er det breiband som dominerer IKT-politikken, men at SP ikkje har særleg visjonar ut over det, er ganske skuffande. Partiet var ganske tidleg ute med breibandpolitikk då det passar godt med slagordet om å ta heile landet i bruk. Dei hadde også på eit tidspunkt eit begrep som "digital allemannsrett", eit godt begrep som dei kunne ha gjort mykje meir ut av.

Høgre

Det er lite IKT i Høgres partiprogram, og ikkje nokon systematisk omtale. Mykje av det som står om IKT er også lite forpliktande 
  • "arbeide for nett-nøytralitet og åpne løsninger for å sikre konkurranse"
  • "Om helse: "innføring av moderne kommunikasjonsteknologi"
  • "øke bruken av velferdsteknologi"
  • "videreutvikle Altinn og ha som mål at næringslivet bare skal behøve å rapportere samme informasjon én gang til det offentlige"
  • "gjøre flere offentlige tjenester tilgjengelig på nett, slik at de kan brukes uavhengig av åpningstider"
  • Byggja opp ein plattform for sikker ID og kommunikasjon i stat og kommunar
  • Felles IKT-plattform for skulen
  • Open tilgang til offentlege data, også kartdata
Høgre sitt partiprogram er nesten fritt for IKT-politiske standpunkt og det som står om teknologi er vagt formulert. Ein må kunna seia at Høgre har tapt seg når det gjeld personvern. Dei har tradisjonelt hatt eit sterkt forsvar for personvernet, men med ja til Datalagringsdirektivet mista dei mykje av truverde sitt. Ikkje rart Georg Apenes melde seg ut av partiet.