onsdag 17. oktober 2018

Norstella-seminar om status for blokkjedeteknologi

Norstella arrangerte i dag (17.10.2018) eit seminar om blokkjedeteknologi i offentleg og privat sektor. Seminaret var på mange måtar ei oppfølging av tilsvarande arrangement hausten 2016.

I 2016 var interessa veldig stor og me var på veg opp mot "peak of inflated expectations" (den vart vel nådd eit år seinare). I dag er stemninga langt meir nøktern og realitetar om utfordringar og vanskar med teknologien har teke plass. På ei anna side viste dagens seminar at det er mange prosjekt og initiativ i gang, så det er absolutt grunn til optimisme.

Ei utfordring er at det er vanskeleg å få ei meir heilskapleg tilnærming til utfordringa med sentralt koordinerte initiativ. KMD fekk utarbeida ein rapport i mars i år (kommentarane mine til rapporten her), men sidan har det vorte stilt. Det er kanskje eit paradoks å etterlysa meir sentralisering når me snakka om ein teknologi som blokkjede, men poenget er at for ein potensielt så disruptiv ("forstyrrande") teknologi må ein sjå på tvers av organisasjonar og også på tvers av nasjonar.

Takk til Norstella og til Brønnøysundregistra/Altinn som drog seminaret i gang. Her er presentasjonen min frå i dag:



onsdag 10. oktober 2018

Utopia for realister

Samfunnslønn, eller universell borgarlønn, blir diskutert av alle bortsett frå politikarar og politiske parti. Det er eit merkeleg fenomen og eit eksempel på korleis dei politiske partia har problem med å fanga tidsånda (zeitgeist).

"Utopia for realistar"
Nederlendaren Rutger Bregman har skrive bestseljaren "Utopia for realister - Gratis penger til alle, 15 timers arbeidsuke og en verden uten grenser" (på engelsk heiter den "Utopia for realists - and how we get there"). Boka vart skriven i 2017 og har fått mykje merksemd.

Ingen ringare enn FNs generalsekretær, Antonio Guterres, uttalte nyleg:
THe very nature of work will change. The governments may have to consider stronger social safety nets, and eventually Universal Basic Income".
Fleire bøker om samfunnslønn
Ingeborg Eliassen og Sven Egil Omdal fører diskusjonen vidare i boka "Borgerlønn. Idéen som endrer spillet". Men skepsisen er stor, ikkje minst i Norge. I Dagens Næringsliv 5. oktober i år skriv professor Ola Kaløy, NHH, at nordmenn er kanskje dei i verda som er mest skeptisk til samfunnslønn. Det må mellom anna sjåast i lys av den protestantiske kulturen vår der "arbeidet adlar mannen" og ikkje minst det bibelske "i ditt ansikts sved skal du spise ditt brød" (i nyare versjon av Bibelen er dette uttrykt på ein annan og mykje mindre poetisk måte..). Kvaløy gjentek argumenta om at me ikkje har råd til dette, men vel likevel å leggja vekk kalkulatoren ei lita stund for å reflektera over idéen.

Kva er viktig med samfunnslønn?
Det viktigaste med samfunnslønn er at den er ein universell rett det ikkje trengst søkjast om. Alle får ein viss sum, uansett. Du treng ikkje levera inn rapport om utført arbeid. Du treng ikkje levera noko som helst. Pengane kjem på konto - utan at det blir stilt eit einaste spørsmål.

Samfunnslønn vil vera ein måte å løfta sikkerheitsnettet for alle, i eit arbeidsliv som går mot større usikkerheit og mindre faste kontraktar. I tillegg vil det motverka dagens utvikling med stadig større grad av skreddarsydde ordningar, gjor muleg av digitaliseringa, men med total overvaking som endestopp.

Endeleg kan samfunnslønn vera ein måte å stansa den uheldig skeivdelinga av ressursar i samfunnet. Det er kanskje det største problemet me har: dei rike blir rikare og skilnadene på rike og fattige blir berre større og større. Professor Kalle Moene ved UiO har teke til orde for noko som liknar samfunnslønn; ei slags grunnrente som blir utbetalt til alle innbyggjarane og som er ein viss prosent av BNP. Også det som eit forsøk på å jamna ut skiljene mellom inntektsgrupper.

Ola Kvaløy konkluderer med at me for tida ikkje har råd til å innføra samfunnslønn (kvifor ikkje?), men at me med tida ikkje har råd til å la vera.

Boka "Utopia for realistar"
Boka er interessant og verdt å lesa. Det er mange interessante historiar om forsøk på gjennomføring av samfunnslønn, og ein del overraskande slike. Ein av dei er at Nixon var på nippet til å innføra samfunnslønn i 1969, men vart stoppa av intern motstand i Det kvite hus.

Den svakaste delen av boka er delen som omhandlar fjerning av grenser. Her tykkjer eg forfattaren motseier seg sjølv. For det første argumenterer han for at automatisering vil fjerna så mange jobbar at me er nøydde til å arbeida mindre. Men så argumenterer han for frie grenser for at folk i andre og mindre utvikla land, skal kunna komma og få arbeid i den rike delen av verda. Her er det noko som skurrar reint logisk.