mandag 16. juni 2008

Web-en som aldri vart!

I boka ”Glut – Mastering Information Through Ages” ser Alex Wright på informasjonsbehandling frå tidenes morgon. Overskrifta ”Web-en som aldri vart” (The Web That Wasn’t) er henta frå siste kapittelet i boka og var også tema for foredraget Wright heldt på Topic Maps 2008 i Oslo i april.

Alex Wright er informasjonsarkitekt, utdanna i information science ved det som vi vel vil kalla eit bibliotekstudium. Begrepet information science vart forresten lansert av indaren Shiyali Ramamrita Ranganathan, mannen som vart meir kjend for innføringa av fasettert klassifisering.

Wright skriv historien om skriftspråket frå den sumeriske kulturen i Mesopotamia 3-4000 år f. Kr. Interessant nok fann dei opp måtar å notera viktig informasjon om handel, då kulturen deira nettopp var prega av omfattande handel. Dette er eit poeng Wright understrekar: store omveltingar innan skriftspråket og skriftkulturen har som regel hatt kommersielle årsaker.

Irane får sin plass i skrifthistorien ved den store innverknaden dei hadde på utviklinga etter Romerriket fall. Frå å vera ein utpost i Europa og svært langt frå det skriftspråklege sentrum, vart Irland eit føregangsland som løfta skriftspråket og bokkunsten til nye høgder. Ein viktig grunn til dette var kristninga av landet ved St. Patrick og at Irland var det første landet der det skjedde ved hjelp av den nye teknologien boka.

Johan Gutenberg og trykkekunsten kan sjølvsagt ikkje forbigåast, og Martin Luther var ein av dei første som utnytta potensialet i den masseproduksjonen boktrykkekunsten gjorde muleg. Wright peikar også på protestantismen som den venstre hjernehalvdelens seier over skrift-utviklinga: bort med unødig krims-krams av illustrasjonar og einsidig fokus på tekst. Den lineære tekstlege framstillinga vart rettesnora.

Den engelske filosofen og forfattaren Francis Bacon får mykje av æra for å introdusera ei vitskapleg tilnærming til arbeidet med systemering og katalogisering. Han braut med den mystiske og religiøse retninga og introduserte fornuft og erfaring som rettesnor for inndeling. Han føreslo ei inndeling av skrifter i hovudgruppene historie (memory), filosofi (reason) og kunst (fine art/poetry).

På 1800-talet auka talet på bøker og boktitlar enormt og biblioteka stod etter kvart til knes i gjenfinningsproblem. Den vanlege måten å ordna bøker var framleis alfabetisk, og metadata var så å seia ukjent. Ein av dei første som prøvde å utvikla eit universelt katalogiseringssystem, var dr. John Wilkins (siste halvdel av 1600-talet). Men det var først på 1800-talet det vart fart i sakene, særleg med engelsk-italienske Anthony Panizzi og amerikanske Charles Cutter. Dei starta den industrielle biblioteksalderen og Melville Dewey må seiast å vera den som fullførte den med sitt Dewey desimalsystem.

Dewey har fått meir enn sin del av kritikk for eit totalomfattande klassifiseringssystem, men som han sjølv sa: ”Theoretically, the division of every subject into just nine heads is absurd. Practically, it is desirable.” Dewey var besett av tanken på effektivisering av biblioteksarbeidet, og desimalsystemet, som lever i beste velgåande, må sjåast i lys av det.

Boka til Alex Wright fører som sagt fram til hovudsaka The Web That Wasn’t. Her er belgiaren Paul Otlet (sjå tidlegare omtale frå Topic Maps-konferansen) sentral med sitt svært visjonære prosjekt Mundaneum. Otlet brukte Dewey sitt system som utgangspunkt for klassifiseringa Universal Decimal Classification (UDC), den første – og einaste – fullstendige implementeringa av Ranganathan sitt fasetterte klassifiseringssystem.

Vannevar Bush får naturlegvis merksemd for sitt banebrytande arbeid med The Memex, første gang omtala i den berømte artikkelen As We May Think i 1945. Bush vidareførte Otlets visjon, sjølv om han neppe kjende til belgiaren sitt arbeid, og prøvde også å realisera visjonen i Memex. Det viktigaste i Memex-systemet var namngjeving av relasjonar, eit kjent tema for dei som arbeider med emnekart. Bush såg relasjonane mellom informasjonselement, i hans system ulike mikrofilm-utdrag, som det sentrale. Kvar brukar kunne laga og namngi sine eigne relasjonar og slik kunne det bli laga mange ”stiar” mellom dokument (mikrofilmar).

Vektlegginga av den personlege bruken og tilgang til informasjon for den vanlege brukaren, går som ein raud tråd frå franskmannen Denis Diderot, den første som tok leksikon på alvor og laga eit leksikon for folk flest, via Vannevar Bush til Ted Nelson og kanskje også Tim Berners-Lee. Det siste er eg litt usikker på, for TBL var forskar og såg web-en først og fremst som eit instrument for vitskapsfolk.

Amerikanaren Ted Nelson var frå starten av i grenselandet geni/gal viskapsmann. Han tok kraftig avstand frå den retninga it-utviklinga gjekk, med stadig større kommersielle interesser og utvikling av eit eige presteskap (programmerarar, systemutviklarar, driftspersonell – eit presteskap som i høgste grad også er til stades i dag. Han lanserte revolusjonerande idear om it som verktøy for vanlege folk ved at den vart avkledd dei mange unaturlege begrepa og implementasjonane.

Nøyaktig kva Ted Nelson meinte og meiner, er det vel ingen utanom han sjølv som forstår, men at han har hatt stor innverknad på it-utviklinga – særleg web-en – er det lite tvil om. Han lanserte begrepet hypertekst, men hovudtanken hans var og er it-systemet Xanadu. Det kan kanskje sjåast på som eit alternativ til dagens web. Nelson er i alle fall ikkje mykje imponert av web-en som han forakteleg kallar ”decorated directories”.

Kapitlet "The Web That Wasn't" er avslutninga på dei mange personane og innspela på it-sida før web-en vart eit faktum. Det web-en mellom anna manglar, er 'typing' av lenker - dvs. ei lenke er ei lenke og me veit ikkje noko meir om kva slags relasjon det er. Lenkene er også berre einvegs og det vil seia at den nettressursen som blir peika til, er uvitande om dette.

Her er det på sin plass å referera David Weinberger, som også var 'keynote speaker' på Topic Maps 2008. Han kommenterte Alex Wrights foredrag med å seia at me skal vera veldig glade for at dei "svakheitene" Wright påpeikte med web-en, er som dei er. Han nemnde spesielt "typing" av lenker og meinte det ville vore ein katastrofe og at web-en aldri ville fungert som den gjer i dag med eit slikt tillegg. Hovudpoenget hans var at det er den enkle konstruksjonen med nærmast null innebygd "intelligens" som har gjort web-en til den suksessen den er.

Avslutningsvis diskuterer Wright framtida for web-en og gjer det ved å trekkja inn forholdet mellom det skriftlege og det munnlege. Boka hans er ein gjennomgang av skriftkulturen, men likevel meiner han at det er det munnlege som er den rike kommunikasjonen mellom menneska og at skrift eigentleg er ein kunstig kommunikasjon. Wright ser den siste utviklinga på nettet og elles som nettopp eit uttrykk for den munnlege kommunikasjonen sin styrke (epost, sms, web 2.0) og han meiner det er ein styrke for nettet at det kan ta opp i seg denne viktigaste delen av menneskeleg kommunikasjon.

søndag 15. juni 2008

Wittgenstein's Poker

Som oppfølging til seminaret om Wittgenstein og taus kunnskap, passar det bra med ein omtale av boka "Wittgenstein's Poker" av David Edmonds og John Eidinow, to BBC-journalistar. Poker er her ikkje kortspel, men eldrake til å raka i glørne med.

Tittelen på boka referer til eit kort og stormfullt møte mellom to vitskapsfilosofiske gigantar; Ludwig Wittgensten og Karl Popper. Dei møttest berre ein gong, under ei gjesteforelesing Popper heldt ved King's College i Cambridge i 1946. Det stormfulle møtet varte berre i 10 minuttar (!), og Wittgenstein skal ha vifta truande med ei eldrake mot Popper før han storma ut av auditoriet.

Det kan synast som å koka suppe på ein spikar å skriva ei bok på 233 sider om eit samanstøyt som varte i 10 minuttar, men boka opplevest ikkje slik. Sjølv om dramaturgien i boka byggjer opp mot det store samanstøytet, er boka interessant både som biografi om Wittgenstein og Popper.

Dei to filosofane stod ganske langt frå kvarandre, og det var også grunnen til utfallet av det berømte møtet mellom dei i 1946. Veldig forenkla kan ein seia at Wittgenstein var representant for ei retning der filosofien var til for filosofien sin del, resten av verda var på ein måte ikkje interessant. Den reine filosofien var målet. Popper stod for motsatsen til dette synet; for han var filosofi berre interessant som ein reiskap til å forbetra verda, og då med tydelege politiske overtonar.

Best kjem den politiske dimensjonen i Poppers arbeid til uttrykk i verket The Open Society and It's Enemies - ein analyse av diktatoriske retningar og eit sterkt forsvar for det opne demokratiet. Men verket kan også tolkast i andre retningar, og den kjende investoren George Soros brukte Popper sine idear som underlag for finansielle satsingar. Han vurderte bedrifter som hadde tolt open konkurranse og klart seg gjennom tøffe periodar, som betre investeringsobjekt enn andre som tilsynelatande hadde både større vekst og større mulegheiter.

Filosofen og matematikaren Bertrand Russell er også ein sentral person i boka. Han var sentral i å få Wittgenstein til Cambridge og vart på mange måtar mentoren hans. I Tractatus, Wittgenstein si første bok, var Russell helten og Wittgenstein prøvde her å ta Russells analysar eit steg lenger. Men tilhøvet mellom dei to kjølna, ikkje minst fordi Wittgenstein meir og meir såg på Russel som overfladisk og ikkje djuptenkt nok. Russell på si side forstod ikkje den retninga Wittgenstein gjekk i med arbeidet Philosophical Investigations. Her delte Russel synet til Popper. Popper sa at det var ikkje noko han var direkte ueinig i i verket, det var berre det at det var så uinteressant og heilt på sida.

Russell hevda at sjølv om språket og orda våre blir heilt presist oppfatta, vil ikkje problema forsvinna av den grunn, og han brukte følgjande anekdote til å illustrera det.

Russell var på sykkeltur til Winchester og stoppa for å spørja ein butikkeigar om den kortaste vegen. Butikkeigaren ropte til ein mann på lageret:

"Gentleman wants to know the shortest way to Winchester."

"Winchester?" an unseen voice replied.

"Aye."

"Way to Winchester?"

"Aye."

"Shortest way?"

"Aye."

"Dunno."

I forelesinga ved Cambridge var Popper klar over at Wittgenstein mest sannsynleg ville vera til stades og han såg fram til å utfordra han på standpunktet om at det ikkje fanst reelle filosofiske problem/utfordringar, berre språklege gåter (linguistic puzzles). Det vart ein kort og oppheta diskusjon om dette temaet før Wittgenstein etter historien vifta truande med eldraka og forsvann frå rommet.

I dag er det Wittgenstein som får mest omtale og interesse av dei to filosofane, men mykje av grunnen er at Popper sine nytenkjande og kritiske idear no er daglegdagse og me tek dei for gitt. Det er difor heilt nødvendig å lesa Popper med 30- og 40-talets Europa i minne for å forså kor viktige bidrag han kom med.

torsdag 12. juni 2008

Copernicus og omvendt sikkerheitstenking

Eg er på konferanse ved Universitetet i Agder og har det same problemet som eg alltid har ved universitet og høgskular (og mange andre stader): eg får ikkje tilgang til nettet utan vidare. UiA er verken verre eller betre enn andre, dei er i grunnen like dårlege.

Utgangspunktet synest å vera: først stengjer vi alt, og så kan vi sjå om enkelte ting kan sleppast opp litt. Det er her tanken om Copernicus og det omvendte perspektivet melder seg. Copernicus endra radikalt oppfatninga om universet ved å introdusera den heliosentriske tankegangen - stikk motsett av den rådande oppfatninga av Jorda som sentrum. Kva om vi tenkjer på same måte om sikkerheit og tilgangsavgrensing: Alt er ope så sant det ikkje er tvingande nødvendig å lukka det. Kanskje litt søkt å trekka parallellar med Copernicus, men poenget er at eit slikt omvendt standpunkt er krevjande å venja seg til dersom ein er vant til å tenkja sikkerheit og avstenging som første steg.

Det minner meg også om diskusjonar i samband med ny strategi for Miside: Miside i dag er basert på at ikkje noko er tilgjengeleg før du har logga inn og gjort deg til kjenne. Mitt standpunkt er det motsette: Mest muleg må vera tilgjengeleg og berre når det er heilt nødvendig, skal ein logga inn.

På ein campus burde det vera heilt sjølvsagt å tilby eit ope nett - det burde ikkje ein gong vera særleg vanskeleg. Dessverre er det det motsette som er tilfelle.

Konferansen handla forresten om gevinstrealisering innan helsesektoren (helse og it) og var bra...

søndag 1. juni 2008

Wittgenstein og taus kunnskap

Campus Seminar hadde igjen besøk av Kjell S. Johannessen, prof. emeritus ved UiB, denne veka. Kjell S. Johannessen gjesta oss i fjor med eit foredrag om taus kunnskap, og det vart planlagt eit oppfølgingsseminar om filosofen Ludwig Wittgenstein og hans forhold til temaet. Kjell S. Johannessen har leia Wittgenstein-arkiva ved UiB og elles arbeida mykje med taus kunnskap og er difor rette personen til å snakka om dette.

Først litt repetisjon frå første delen av seminaret: Begrepet taus kunnskap vart først lansert av den ungarske kjemikaren og filosofen Michael Polanyi i boka Personal Knowledge i 1958. Tittelen var eit tydeleg motsvar til positivistane sitt objektive kunnskapssyn.

Johannessen ga tre inngangar til begrepet taus kunnskap:
  1. Kunnskap som av ulike grunnar er forblitt utematisert, men som ved ulike tiltak og teoretiske anstrengingar kan dokumenterast. Implisitt kunnskap: Kunnskap som vi i prinsippet kan nå verbalt eller skriftleg.
  2. Skapt av Michael Polany og Thomas S. Kuhn: Frå Polanyi sitt hovudverk ”Personal Knowledge”.
    Kuhn: ”The Structure of Scientific Revolutions” kom inn på begrepet i dette verket. ”Det er eit blikk som dei beste forskarane på forskingsfronten har. Eit blikk av dette slaget er ei form for kreativ erfaring og utgjer ein slags permanent beredskap for nye innovasjonar innan forskinga”.
  3. Kunnskap som av logiske grunnar ikkje fullt ut let seg uttrykkja verbalt eller notasjonsmessig. Det starta i to vidt ulike leirar: Den fenomenologiske tradisjonen med Husserl og Heidegger, og den analytiske tradisjonen med Wittgenstein. Men verken Heidegger eller Wittgenstein nemner begrepet ”taus kunnskap”. Hubert Dreyfus (”What Computers Can’t Do” og oppfølgjaren/revidert utgåve: "What Computers Still Can't Do") starta med utgangspunkt i Heidegger sitt arbeid. Kjell S. Johannessen har på si side arbeida med taus kunnskap ut frå Wittgenstein sin ståstad og arbeid.
Kunnskap blir ofte sett på som kontekstlaus påstands-kunnskap. Det er særleg den teoretiske fysikken som tener som førebilete her med sitt utsagnsorienterte kunnskapsideal. Det var også den berande ideen bak utviklinga av såkalla ekspertsystem.

Kunstig intelligens starta på 1950-talet og hadde si store tid på 60- og 70-talet, og delvis inn i 80-talet. Dataingeniørar meinte i starten at det ville vera ein overkommeleg jobb å innarbeida naturleg språk i datamaskinene. Så feil skulle dei altså ta! Det var ei veldig naiv innstilling til problemstillinga og igjen ei veldig objektivt kunnskapsforståing.

Kunstig intelligens (AI) er daudt som begrep, men området har fått fornya interesse i form av semantisk web osv. Så spørst det om me er i ferd med å gjera dei same feila omatt? Trua på ontologiar med stor O ser i alle fall ut til å peika i same fatale retning, og eg vil påstå at Tim Berners-Lee et. al sin artikkel "The Semantic Web" frå 2001 representerer eit syn i same retning.

Den tidlege Wittgenstein (Tractatus Logico-Philosophicus) vart omfamna av positivistane (men ikkje gjensidig!) fordi delar av verket kan verka som formallogisk ekstremsport. Han seier her at språket vårt er ei avbilding av verkelegheita. Det er eit både enkel og sofistikert utsagn - han tek i følgje Johannessen Platon på ordet og følgjer logikken til ytterpunktet.

I det siste verket, "Philosophical Investigations" er han sin eigen største kritikar og riv ned det meste han bygde opp i Tractatus. Han seier at filosofi er ein stadig kamp mot språket si forheksing av forstanden vår. Her er han ikkje lenger så oppteken av begrepa si meining, men av korleis begrep blir danna. Han advarer mot å eksplisitt uttrykkja alle reglar og normer me omgir oss med: "Wovon man nicht sprechen kann, darüber muß man schweigen".

(Illustrasjonen er henta frå The D. B. Weldon Library)