mandag 29. mars 2010

Tord Gustavsen Ensemble i San Francisco


Det er vel smått ironisk å gå på jazzkonsert i San Francisco og høyra på eit norsk band, men det var altså det eg gjorde i kveld (søndag 28.03). Tord Gustavsen Ensemble var i byen, og dei er i tillegg til pianist Tord G., Tore Brunborg (ss, ts), Jarle Vespestad (tr), Mats Eilertsen (b) og Kristin Ambjørnsen (v).

Yerba Buena Center for the Arts (YBCA) var staden for konserten og det var fullsett, dvs. 350-400 personar. Ensemblet vart godt motteke og det var ståande applaus etter konserten! Det var også ein flott konsert, innimellom heilt himmelsk vakkert. Men eg tykkjer det også av og til blir litt seigtflytande og stilleståande. Men for all del, det var ein flott konsert.

Høyr gjerne på siste cd-en "Restored, Returned".

San Francisco - dag 4: Qik og Faculte


Qik

Ide: deling av video på sosiale medium
Sprint har annonsert at alle 4G-mobilar vil ha Qik installert. Også avtale med Nokia på deira smarttlf.

Qik gjer det muleg å dela video og også få tilbakemeldingar frå dei ein deler med. På bra linjer er 3-5 sek forseinking på videostraumen.

Når videoen blir sendt får tlf. blir den omformattert til ulikt mottakarutstyr (tlf., pc..) og også arkivert som video i nettskya.
1-vegs video og 2-vegs audio – kan dela ein video og diskutera den, og også få kommentarar tilbake via tekst.

Qik har 8 tilsette + 5 på deltid ved Stanford. I tillegg er det 20 programmerarar i Russland. Ein av oppstartspersonane er russisk, elles ville dei ikkje hatt progr. der.

Starta i 2006. Den opprinnelege ideen var HD-video på pc. Fekk $ 900 000 av investorar (tidlegare kontaktar) til dette. Fann ut at det var altfor trangt på pc-marknaden. Dei gjekk til investorane og sa at dei ville heller satsa på mobil-marknaden [dette går igjen for fleire selskap: mange av dei har endra kursen mykje under oppstart, må vera veldig merksam på kva marknaden vil ha].

Lanserte første versjon i 2008. Var lett å få finansiering i andre runde fordi dei var tidleg i marknaden og dei henta inn ca. 3,5 mill. dollar regelrett over natta. Investorar frå Sandhill Road kom til garasjen deira og såg på demonstrasjonen og tilsagnet kom dagen etter.

Starta med å oppretta ei nettside og så begynte tidlege brukarar å blogga om produktet og slik spreidde det seg. Så kollapsa marknaden og den tredje runden med finansiering tok 5 mnd. Også den siste finansieringsrunden skjedde hovudsakeleg med investorar frå Sandhill Road. Ved alle utvidingar har investorane fått prefererte aksjar, noko som betyr at først skal dei siste investorane ha sitt dekka, deretter dei som gjekk inn i andre runde og til slutt dei som først investerte.

Har nådd break even no i jan/feb.
Operatørane betaler no for å få Qik installert på smarttlf. Har også iPhone App som kostar 1-2 dollar.
Har søkt om 6 patentar på programvare utvikla i Qik. Dei ser på patentane mest som ei inntekts-mulegheit, ikkje først og fremst for å hindra konkurrentar.

Systemet har også vorte brukt av reportarar (BBC) for å få betre rekkevidde (når ein ikkje har mulegheit til å dra med masse utstyr). Reportaren brukar Qik for å filma og videostraumen blir sendt til skya og så teken inn til BBC sitt utstyr.

Hovudkonkurrentar: Ustream, Kyte, Bambuser





Bedrifta er basert på ideen om at det manglar gode og enkle verktøy for bedriftsmarknaden for å laga videoar – difor er dei fleste konsumentar, ikkje produsentar.

Faculte er ei online-teneste for å produsera, publisera og administrera multimedia-innhald for bedrifter.
Mesteparten av utviklinga er gjort i Romania. Tenesta er bygt på rammeverk som JBoss, Adobe Media Server ++. Faculte tek seg ikkje av videoredigering per se, men å setja saman ulike klipp eller kombinera videoklipp med bilete, tekst ++.

Starta på slutten av 2007 og hadde ein første versjon oppe og gå i 2008, men så kollapsa marknaden og dei måtte setja ting litt på vent. Strategien er å samla rel. små summar og ta det steg for steg [nokså ulikt det andre selskapet Qik].

Hovudtyngda av utvikling vert gjort i Romania [på bakgrunn av eit pussig møte via nettet med ein rumenar]

Fire viktige kovergens-trendar:
online video aukar enormt
styring (authoring) av digitalt innhald skjer online, i nettskya
web-kamera og mikrofon begynner å bli standard på pc-ar
portable web content

Faculte kan brukast til
publisera videoar
laga presentasjonar
laga lysbilete-show
full multimedia-kringkasting

Kundane er i første rekkje sals-personar, corporate training og opplæring/how-to
Prismodell:
- startar med $ 50 pr. mnd for ein brukar 

Så langt har dei ikkje reelle kundar, berre testbrukarar.

Dette såg absolutt ut som eit interessant produkt, men det store spørsmålet er om forretningsstrategien er for forsiktig, noko som er høgst uvanleg i denne delen av verda. Det er absolutt ein fare for Faculte at det går for smått å få produktet på marknaden, og at dei dermed kan bli overkøyrde av meir aggressive selskap.

lørdag 27. mars 2010

San Fr. - dag 3: Seesmic, San Francisco by, GoGrid og AT&T

Seesmic (Loic le Meur)
Dette var eit av dei besøka eg hadde sett mest fram til, som Seesmic-brukar over lang tid. Og @loic skuffa ikkje. Han er ein franskmann som flytta til San Francisco for 3-4 år sidan, trur det var fordi han fekk nok av europeisk (fransk) byråkrati ++.


Seesmic er det femte selskapet han har starta! Å vera i SF og miljøet rundt, er som å vera på eit universitet og aldri slutta. Hadde først trudd at sosialt nett vhja video ville vera tingen, men det tok aldri av. Må ikkje vera redd for å snu 180 grader viss ting ikkje ser ut til å ta av slik ein trudde.

Seesmic-satsinga (Twitter-klient m.m. for dei som ikkje kjenner til det) er finansiert av Skype-grunderane, eBay og andre. Seesmic som ein hub; kan senda til meir enn 50 sosiale kanalar – og samla innspel frå dei same kanalane.

1/3 av brukarane er på mobil, ca. 1/3 på web og 1/3 desktop.
Ny desktop-versjon i løpet av 4 veker, vil bli heilt plug-in-driven. Alt blir plug-in, om ein ikkje likar Twitter-modulen, kan ein laga sin eigen eller byta den ut med ein annan. Alt er heilt ope (kanskje for ope?), same filosofi som Twitter.

Støttar no 7 plattformer – eit mareritt! Heilt ulik kode og svært ressurskrevjande. Seesmic Look: for folk som ikkje er ”nerdar” på sosiale medium, altså folk flest.

Organiserer også konferansen Le Web i Paris, i år 8. og 9. desember. Det er den største web-/nett-konferansen utanfor USA. Den blir arrangert for 6. året og det har vore utselt kvart år utan at han/dei har brukt ei krone på marknadsføring. Alt har skjedd via "word of mouth".

1. Seesmic forretningsmodell: Alle bilete genererer litt inntekt
2. I Seesmic Look er det annonsar/tvitringar frå ulike merkje (lagar eigne kanalar for dei). Trur på litt smartare annonsering. Vil også ta betalt for utvikling av plug-ins
3. For dei som ikkje likar reklame, vil dei tilby ei reklamefri teneste mot betaling

Går i stikk motsett retning av TweetDeck ved å vera svært opne (som twitter.com).

Boble?
Er sos. medium i ferd med å bli ei boble? Han avfeia spørsmålet mitt som eit typisk europeisk spørsmål – ikkje snakk om noko boble (viser til brukartal og vekst).

Det er godt muleg han har rett, har har i alle fall betre føresetjing for å vurdera det enn meg. Men når han viser til brukartal og vekst, blir eg likevel litt uroleg. Det mangla ikkje på vekst i brukartal på slutten av 1990-talet heller. Eg trur faktisk at sosiale medium får seg ein korreksjon snart fordi det er overetablering av tenester rundt dette og fordi betalingsvilje og forretningsmodellar er dårleg utvikla i høve etableringane. Men som sagt, dette er mine vurderingar, og dei er ikkje så mykje verdt..

Eg har i alle fall skjønt at ordet "boble" har ein dårleg klang her i området :)

San Francisco by, Dep. of Technology

Neste post var eit besøk hjå City and Council of San Francisco, Dep. of Technology.
Det vart først orientert om eit parkeringssystem som eg ikkje refererer frå her. Får heller visa til andre som evt. bloggar om dette.

Deretter var det ei orientering om breibandutbygging som eg heller ikkje brukar så mykje tid på, sjølv om det var interessant. Dei legg opp til utbygging av "middle mile" i byen fordi det viser seg vanskeleg å få dei private selskapa til å investera akkurat her. Tanken er å leiga ut plass til lokale ISP-ar, men at byen har ansvaret for sjølve "middle mile". Det blir om lag som ein kommune som har ansvaret for vassforsyninga fram til der den lokale abonnenten koplar seg på systemet.

Open Data

Den mest interessant delen var orienteringa om strategien for opning av offentlege data, bruk av fri programvare og open deltaking.

1. Open Data
2. Open Source
3. Open participation

Open Data: DataSF.org
Har alt over 30 appl. laga på bakgrunn av off. data som er lagde ut (t.d. SF Crimespotting, 311-statistikk ++). Uvant for dei tilsette å bli kikka i korta. Strategien har difor vore ei blanding av gulrot og pisk. Jay Nath, prosjektleiar for initiativet, la til med eit glimt at han hadde ikkje så mange venner i administrasjonen..

På spørsmål om dei tilrettela data i eit spesielt format, også med tanke på integrasjon med Linked Data, var svaret at det gjorde dei ikkje. Dei samla ikkje data i ein sentral (datavarehus), men ba dei enkelte institusjonane frigi data så mykje som muleg. Det viktigaste var å få data ut og få folk til å bruka dei, raffinering fekk heller komma seinare.

Dei bearbeida likevel data med tanke på personvern. I kriminalsaker la dei til dømes ikkje ut adressa direkte, men berre kvartalet.

Open Source
GPL der det er muleg.
Brukar WordPress – sparer masse, ikkje minst slepp dei å gå gjennom lange innkjøpsprosedyrar.
Master Address DB – basert på fri programvare og dugnadsprinsipp, målet er å unngå dei siloane av informasjon som finst i dag. Men SF har også eigne utviklarar for å ha kontroll og styring med produkta.
Personvern: Må gjera enkelte tilpassingar av data slik at ein unngår sporing (opplyser t.d. berre om kvartalet for eit tilfelle av kriminalitet i staden for den eksakte adressa).

Open Participation
”Government as a platform”
Har utvikla eit nasjonalt 311-API for å spara kostnader knytta til helpdesk/help center og let brukarane registrera direkte inn i fagsystem via ulike kanalar. Å berre oppretta ein twitter-konto vil ikkje vera så stor innsparing, det er først når ein får integrert innbyggjar-innspel med fagsystema at gevinsten blir interessant. La brukarane ta kontakt der dei er, ikkje tvinga dei til å bruka ei offisiell web-side for byen.

Oppmuntring: konkurransar og prisar for å stimulera til utvikling av betre produkt og tenester.
Har nettopp hatt ei ide-myldring der dei har fått inn meir enn 1000 innspel til korleis effektivisera delar av off. tenester.

GoGrid
GoGrid er ein dataleverandør som leverer både tadisjonelle ("gammaldags") driftstenester gjennom ServePath-namnet og nye, nettskybaserte driftstenester gjennom GoGrid-plattforma. Presentasjonen knytte seg til det siste, og det var CEO og (med-)grunder John Keagy som teikna og forklarte.

Keagy teikna opp figuren over (dvs. han teikna ein sirkel, men poenget er det same) og forklarte korleis han trur utviklinga vil bli. Figuren representerer dagens kostnadsfordeling med it-drift, i grove trekk. Han meiner det blir eit stort press på arbeidskostnadene og at omfattande automatisering vil redusera denne mykje. Det er berre å sjå på kostnadsbiletet for ServePath og GoGrid for å sjå det.

Vidare vil også kostnader til maskinvare og telekomm. bli kutta. Det blir med andre ord ein omfattande kostnadskrig i driftsbransjen, og GoGrid-plattformen er selskapet sitt svar for å møta framtida.

Med GoGrid er administrasjonen overleten til kundane gjennom eit enkelt, REST-basert grensesnitt. Der kan ein setja opp type server, operativsystem, ressursbehov ++ og spara GoGrid for masse arbeid. I botnen av det heile er det ei samling billege serverar. Oppå der er det eit virualiseringslag. GoGrid bruka systemet XEN Hypervisor. Det er fri programvare og slik sett langt billegare enn VMware som er vanleg i Norge.

Også serverane er av billegaste slag og blad-serverar, som er veldig "in" i Norge, er uaktuelt pga. kostnad. Dei er altså ikkje opptekne av å pressa mest muleg inn på eit lite areal, men velja billegast muleg komponentar. John Keagy kalla blad-serverar "waste of money" og meinte dei var for dyre, det var for sein utvikling (prosessor m.m.), for lite fleksible og ein vart låst til leverandør.

GoGrid fekk spørsmål om miljøprofilering, men dei hadde ikkje brukt det i marknadsføringa si. Dette trass i at nettskya representerer store miljøgevinstar. I ein typisk frittståande serverpark i ein organisasjon blir berre rundt 5 % av kapasiteten utnytta. I nettskya er kapasitetutnyttinga typisk over 80 %. Dei medga at dei kanskej burde stara å profilera seg på miljø også (green computing), særleg fordi dei er i ferd med å etablera seg i Europa. Dei vil setja opp ein serverpark i Amsterdam for å møta behova til bedrifter og organisasjonar som av ulike grunnar ikkje vil ha informasjonen sin lagra utanom Europa.

På spørsmål om konkurrentar meinte dei at det pr. i dag ikkje er andre enn Amazon som tilbyr det same, sjølv om også RackSpace er ein viktig utfordrar. Når det gjeld nettsky-basert drift ligg GoGrid på tredjeplass, etter Amazon og RackSpace. Men det kjem til å bli trangt om plassen for det er mange selskap som satsar på dette området.

Framleis utgjer GoGrid-konseptet ein liten del av den totale omsetninga, men den er sterkt aukande. Akkurat no er det hybrid-løysingar som dominerer, men kundane prøver ut nettskya på litt mindre kritiske område som utvikling og test.

AT&T
Dagen vart avslutta med eit møte med representantar for AT&T. AT&T er ein telekom-gigant, ein av dei største i verda, om ikkje den største.

Representantane presenterte produktet U-verse, flaggskipet for breiband-tenester akkurat no. Det er ein slags hybrid-teknologi med fiber nesten heilt fram, men kopar siste 3-5 000 fot (1000 - 1500 m). Med denne kombinasjonen får dei i dag 25 Mbit/s, men arbeider med å dobla denne og på litt lenger sikt på 3- og 4-dobla den. Returkapasiteten er berre 1 Mbit/s, så det er ADSL-teknologi me snakkar om.

På Uverse tilbyr AT&T trippel-play, dvs. IP-tv, IP-tlf. og vanleg nett-tilgang. Kapasiteten er 2 HDTV-kanalar + diverse tillegg. Det er først og fremst eit forbrukarprodukt og det er video-service som driv satsinga. Trass i at produktet berre har vore lansert i to år, har dei over 2 mill. brukarar. [Men framleis er dette god, gammaldags tv-tilnæring med einvegs-kommunikasjon. Kvar blir det av den interaktive tv-en? Tida er overmoden til å gjera tv-en tovegs.]

AT&T ser for seg ei evolusjonær utvikling der neste steg er "fiber to the curbe" - altså fiber til vegkanten, noko som typisk vil vera ca. 1000 fot frå husveggen. Då vil dei kunna tilby 100 Mbit/s og oppover.

På mobilsida er det 4.-generasjons mobilnett, LTE, som er det store. Det blir reklamert med 100 Mbit/s hastigheit, men i følgje AT&T er den realistiske kapasiteten 25-30 Mbit/s, likevel eit stort sprang frå dagens 3G-teknologi.

Eg spurde om nett-nøytralitet er ei viktig sak i USA og AT&Ts syn på dette. Dei avslutta seansen med å seia litt om telekom-politikken og særleg nett-nøytralitet. FCC, som regulerer telekommunikasjonen, slo i 2005 fast fire prinsipp for nett-nøytralitet [må lenka til Wikipedia her for FCC sine sider er heilt ubrukelege!]. Desse prinsippa er no under revisjon og FCC har føreslått to nye i tillegg til dei fire:

  • Alt innhald skal behandlast likt
  • Prinsippa om nett-nøytralitet skal også gjelda trådlause nett
AT&T var ikkje veldig glad for dei nye forslaga. Som telekom-selskap elles er dei for nett-nøytralitet så lenge det ikkje grip for mykje inn i den kommersielle strategien deira, elles er dei mot. Dei var særleg skeptiske til at alt innald skal behandlast likt. Med stadig tyngre satsing på innhaldstenester har dei nok store fordelar av å skjerma eige innhald og eigne avtalar med innhaldsleverandørar. 

fredag 26. mars 2010

San Francisco - dag 2: Google Wifi, Apple, Stanford University


Google Wifi, Mountain View
Google held til i den vesle byen Mountain View, ein halvtime sør for San Francisco. Dessverre fekk me ikkje besøka hovudkvarteret til Google, men måtte nøya oss med å møta ein Google-representant i kommune-senteret for Mountain View.

I eit storskala forsøk har Google plassert over 500 trådlause punkt på lysstolpar rundt om i byen. Det dekkjer 80-90 % av byen. Systemet er ope og konstruert som mesh nettverk og det gjer det enkelte å halda på sambandet sjølv om ein bevegar seg frå plass til plass. Farten på nettveket er opp til 3 Mbit/s.

Det er ikkje noko fast brukarstøtte for systemet og det har vore veldig viktig frå starten av. Det er ei nettside ein kan melda problem og i tillegg er det brukarforum der brukarane hjelper kvarandre. Difor kostar det heller ikkje mykje for Google å vedlikehalda dette, det går stort sett i å erstatta trådlauspunkt.

Frå Google si side var det eit ønskje om å eksperimentera med allmenn breibandstilgang og sjå korleis det påverkar folk sine vanar. ”Digital lifeline” – utvida bruksområde utanfor folk sine hus. Difor er ikkje hastigheit heller så viktig, det er først og fremst for å utføra basisoppgåver.

Bruken har auka stadig i dei 4-5 åra nettet har vore tilgjengeleg. I løpet av dei siste 30 dagane har dei knapt 20 000 unike brukarar. Rundt halvparten av husstandane brukar Google Wifi i løpet av ein månad. Har begynt å kopla vassmålarar til det trådlause nettet for å kunna lesa av vassforbruket i husstandar. Skal også utstyra politibilar og brannbilar med trådlaus-tilgang. Også fleire andre kommunale oppgåver der tilsette er rundt om i byen, blir enklare og meir effektive med breibandtilgang.

På spørsmål om det hadde vore ei meir omfattande evaluering av dette forsøket, vikla Google-karen seg inn i personvern-problemstillingar og svarte eigentleg på noko heilt anna. Verka som dei er litt paranoide og ser truslar i alle spørsmål. Spørsmålet mitt var heller omvendt; dette må jo vera eit glimrande storskala-ekseperiment å kunna studera.

Apple, 1 Infinite Loop
Ikkje lov til å ta foto, ikkje lov til å blogga om/frå møtet. Treng vel ikkje seia så mykje meir...
Men for dei frelste var dette himmelen. Nybø-en og Grøtte gjekk rundt med stjerner i augene. Hadde Steve Jobs openbara seg, ville dei falle saman og snakka i tunger!


Stanford University
Ikkje nokon annan institusjon viser betre haldningane og drivet i Silicon Valley enn Stanford. Universitetet er uløyseleg knytt til all IT-utviklinga i området.

Me hadde først eit møte med dr. Andy DiPaolo som fortalde ein del om universitetet og særleg om satsingar på e-læring.

Universitetet er som tidlegare nemnt, kalla opp etter sonen til Leland Stanford, bygt til ære for han av faren ettersom han (sonen) døydde svært ung (14-15 år). Eigedommen er på rundt 8 000 acres, noko som tilsvarer over 30 000 daa (mål).

Ein viktig grunn til at Stanford er mellom dei 5 beste universiteta i USA og verda, er at dei kan velja mellom svært mange godt kvalifiserte søkjarar. Berre ein av 12 søkjarar blir tekne opp.

Universitetet har 6 760 undergraduates og 8 200 grad., til saman ca. 15 000 studentar. Det er lite, både i USA-målestokk og europeisk. Til desse studentaner er det 1 700 fagleg tilsette (faculties). Med andre ord er det relativt få studentar pr. tilsett. Også fordelinga mellom graduates og undergraduates er uvanleg, rundt 1,3:1. Det vanlege er det omvendte, og kanskje endå fleire undergrad. pr. grad.

Dei tilsette blir oppmuntra til å engasjera seg i oppstart av bedrifter og rundt 80 % av dei tilsette har eit slikt engasjement. Det er eit uvanleg høgt tal, sjølv i USA.

Universitet er privat og mottek ikkje ingen offentleg støtte, men alle laboratorium blir eigde og drifta av National Science Foundation så dei slepp å bruka ressursar på det. Dei kan bruka ressursar på å stilla dei viktige spørsmåla, som DiPaolo formulerer det.

Skulepengar (tuition fee) er den viktigaste inntekta, i tillegg til leasing-inntekter frå eigedommen, inntekter frå patentar og anna. Stanford eig t.d. patentar knytt til Googles søkemotor, så kvar gong nokon gjer eit søk med Google, tikkar det inn litt pengar. Så hald fram med å søkja på Google, oppfordra DiPaolo :-)


DiPaolo gjekk gjennom både suksessar og fiaskoar innan e-læring. Det største universitetet på e-læring i USA er Phoenix Univ. Det er eit privat universitet som har satsa aggressivt på e-læring. Men det er også mange nye aktørar utanfor akademia som har satsa på e-læring. DiPaolo meinte at dei tradisjonelle akademiske institusjonane måtte vakna opp og forstå dei nye behova, elles vil dei bli forbigått.

Han meinte elles at e-læring no er vorte mainstream og at det ikkje er noko poeng å gi støtte til etablering av slike kurs.

Også Stanford satsar på e-læring, men sjølv med kurs online er dei fleste studentane lokale.
Stanford har 7 "schools" og fem av dei er mellom dei fem beste i USA.
The School of Engineering represents 1/3 av studentane og om lag 12 % av faga innan engineering på masternivå er tilgjengeleg online.

Stanford hadde tidlegare 5 tv-kanaler der dei sende undervisning på. Dette er erstatta av nettbasert formidling. Men erfaringane med tv-produksjon har vore viktige for å ta det neste steget til nettbasert undervisning.

På see.stanford.edu finn ein 10 gratis kurs i computer science. Så det er berre å klikka seg fram og setja i gang å læra..

Rett utanfor universitetet finn ein Sandhill Road, ei gate fylt med VC-ar (venture capitalist). Hit er det du må dra for å få merksemd og pengar til den glupe ideen din.

Dr. Martha Russel avslutta dagen med å fortelja om Media X ved Stanford og om innovasjon. Martha var ein glimrande formidlar, svært verbal, og det var difor vanskeleg å referera frå denne delen. Ho kjem truleg til Norge i løpet av året og då må alle som er interesserte i innovasjon, og særleg open innovasjon, kjenna si besøkelsestid. Meir info om dette når det blir aktuelt.

San Fr. - dag 1: KickApps, Dublin Cons. og Cisco Webex

KickApps
KickApps var neste presentasjon på første dag av studieturen. Det er eit firma som tilbyr ein plattform for integrering og handtering av sosiale medium. Mange bedrifter og organisasjonar opplever å bli stadige meir fragmenterte på nettet. Dei har gjerne ei heimeside som utgangpunkt. Så ballar det på seg med bloggar, gjerne på eigne plattformer, Facebook-engasjement og Twitter-konto, videoar på YouTube og bilete på Flickr. Til slutt blir det eit uhandterleg kaos.

Det har KickApps innsett og tilbyr ei teneste, eller heller ein plattform, til å ta tilbake kontrollen. Frå KickApps kan du styra dei ulike kanalane og få hovudet over vatnet igjen. Dei kunne visa til mange og store kundar og det verka som dei hadde treft bra i marknaden.

Lance Dublin, Dublin Consulting
Lance Dublin driv eige konsulentfirma innan eLæring og snakka om framtida på dette området slik han trudde det kom til å utvikla seg.

eLæring web 1.0: Kurs online
eLæring web 2.0: Integrera eLæring med andre verktøy der du er (du "går" ikkje lenger til ein nettstad, men får det integrert med andre ting du er interessert i)

Collaboration + Prosumption + Democratization = Learning 2.0
Det handlar i alle fall ikkje om ”kurs”!

Dublin viste til Don Tapscott og hans idear om utvikling på nettet. Tapscott står bak fleire bestseljarar, som m.a. "Wikinomics: How Mass Collaboration Changes Everything". Han påstod også at universiteta ville mista betydning og at "2/3 av det du lærer på universitetet er uaktuelt på det tidspunktet du får graden din". I det heile var det mykje "web 2.0 newspeak" over det han presenterte. Han starta innlegget sitt med å oppfordra oss om å vera ueinige med han (og eg trur han meinte det), og eg tok han på ordet og lurte på om ikkje tankane hans om web 2.0 og eLæring var faretruande like tankane om den nye økonomien rett før dot.com.

Sidan Dublin brukte Tapscott som førebilete, er det både relevant og interessant å visa til ein artikkel som nettopp kritiserer Tapscott og andre for påstandar i samband med begrepet wikinomics. I artikkelen "Wikinomics and its discontents: a critical analysis of Web 2.0 business manifestos" rettar forfattarane Jose van Dijk og David Nieborg ved Univ. of Amsterdam eit kritisk søkjelys på dei mange "lettvinte" påstandane i web 2.0. Artikkelen er vel verdt å lesa for ikkje å bli så "høg" på web 2.0 at du lettar frå bakken!

Cisco Webex
Siste programpost måndag 22.03 var besøk hjå Cisco Webex. Webex er eit firma som tilbyr ei teneste for pc-basert videokonferanse og dei vart kjøpte opp av Cisco for eit par år sidan. Det er tydeleg at Cisco kjøper seg opp på innhaldstenester, noko dei også stadfesta var ein del av strategien framover.

Før me fekk ein demonstrasjon av Webex, fekk me ein kort demonstrasjon av high-tech-systemet Cisco Telepresence. Det er videokonferanse i millionklassen og var imponerande. Cisco leiger ut utstyret til interesserte bedrifter.

Webex er ei nettsky-basert teneste. Cisco har kjøpt Jabber og IM-delen av Webex er difor basert på standarden XMDP.
Video Broadcasting er ikkje enno ei ferdigpakka teneste, men dei arbeider med sikte på å få det snart.
Webex fungerer på alle vanlege plattformer (Windows, Linux, Apple).

Systemet såg interessant ut og det er nok fleire av studietur-deltakarane som kjem til å prøva det ut i nærmaste framtid. Truleg vil Cisco få nokre nye kundar..

torsdag 25. mars 2010

San Francisco - dag 1 Introduksjon

Det faglege programmet starta måndag 22.03. Først ut var Richard Allan Horning frå venture-selskapet Sonnenschein Nath & Rosenthal. Richard fortalde historien om Silicon Valley heilt frå starten av, og det var ein fascinerande historietime.

“Respect for failure” er kanskje den viktigaste faktoren som skil Silicon Valley/California/USA frå andre kulturar. Særleg gjeld dette i Silicon Valley. Prof. William Miller, Stanford Univ., seier at "Det er aksepteringa av å feila som er nøkkelen til Silicon Valleys suksess og som er så vanskeleg å kopiera for andre”.

Silicon Valley” vart elles første gang brukt som begrep av Don Hoefler i artikkelen ”Silicon Valley, USA” i tidsskriftet Microelectronic News, 1971.


 Utivklinga av California sidan midten av 1800-talet er nødvendig for å forstå dagens kultur.
1846: 7 500 innbyggjarar i heile California! (ehh, utan å rekna med dei innfødde – indianarane).
1848: ”Goldmine found”!
1865: 365 000 innbyggjarar
Den enorme auken i folketal kravde utvikling av jordbruket for å forsyna folk med mat. Jordbruks-produkt vart etter kvart meir verdt enn gull.

Leland Standford, ein av dei "fire store" som var med og bygde infrastruktur og opparbeidde seg store formuer. Stanford brukte den mellom anna til å kjøpa store landområde i Palo Alto. Seinare vart eigedommen overdregen til Stanford University, med ein klausul om at jorda ikkje måtte seljast. Universitetet vart oppkalla til minne etter sonen Leland Stanford jr., som døydde i ung alder.

Frederick Terman, tilsett i Poulson Wireless (radio, telegrafi..), er rekna som ”The Godfather of Silicon Valley”. Terman føreslo at dei store landområda til universitetet, som ikkje kunne seljast, kunne leasast ut til bedrifter som ville starta opp. Dette førte til svært tette band mellom Stanford og bedriftene rundt universitetet. Desse banda har heile tida vore sterke og er også i dag.

Geografisk nærleik er viktig for suksessen i Silicon Valley – den sosiale dimensjonen er viktig. Horning trur difor ikkje moderne, høgkapasitets breiband kan kompensera for dette.

mandag 22. mars 2010

Studietur til San Francisco











IT-forum Sogn og Fjordane arrangerer studietur til San Francisco i desse dagar og eg er ein av i alt 16 i reisefølgjet. No er det rettare å seia at det er Innovasjon Norge ved Ekportrådet sitt kontor i SF som arrangerer dette, men det er IT-forum som tilbyr dette til medlemsorganisasjonane.

Dei fleste reiste til SF laurdag 20.3 og for eigen del kom eg fram via Frankfurt. Det er ein tur på bortimot 12 timar og det er langt på økonomiklasse! Akklimatiseringa denne vegen går greitt, sjølv med ein tidsdifferanse på 8 timar. Det blir verre når me kjem tilbake.











I dag (søndag) har det vore felles utflukt til vindistrikta Sonoma og Napa valley litt sør for SF. Me besøkte to vingardar; Gloria Ferrer og Sebastiani. Prøvesmaking var ein viktig del av opplegget og som godt oppdregne nordmenn var det ikkje snakk om å spytta ut vinen.

Gloria Ferrer er ein del av det spanske familiefirmaet Freixenet - ein av verdas største produsentar av "sprudlevin" (som dei tidlegare kalla sjampanje, men som dei ikkje får lov til lenger). I Spania produserer dei cava, medan dei i California kallar den berre "sparkling wine".

Sebastiani er også ei familiebedrift, men den opprinnelege familien selde vingarden til ei ny familiebedrift for eit år sidan.

Felles for begge vingardane var eit profesjonelt opplegg for besøkande, og denne typen omvisingar pluss sal til vinklubbar har etter kvart vorte den viktigaste inntekta. Sebastiani hadde redusert produksjonen til 1/10 samanlikna med 10 år tidlegare, men satsa på høgre kvalitet og sal gjennom andre kanalar.

onsdag 17. mars 2010

Android vs. iPhone

Tim Bray er ein kanadiar som tidlegare har jobba hos Sun i mange år og som no har slutta seg til Googles Android-lag. Han skriv om jobbskiftet på bloggen sin og har også nokre stikk til Apple og iPhone:

The iPhone vision of the mobile Internet’s future omits controversy, sex, and freedom, but includes strict limits on who can know what and who can say what. It’s a sterile Disney-fied walled garden surrounded by sharp-toothed lawyers. The people who create the apps serve at the landlord’s pleasure and fear his anger.

I hate it.
Som eg skulle sagt det sjølv :-) (men dei er gode på design og brukargrensesnitt, det skal dei ha).

Tim Bray er elles ikkje ein kven som helst innan internett-utvikling: Han var med på utviklinga av XML og også på utviklinga av Atom-protokollen.

fredag 12. mars 2010

Vestlandsforsking 25 år!


Gratulerer med 25-årsdagen!
VF vart stifta av Sogn og Fjordane fylkeskommune 13. mars 1985. Me tek altså feiringa ein dag på førehand. Etableringa var eit resultat av eit fylkesdekkande spleiselag med kommunar, bedrifter, bankar og andre.

Me fleska samtidig til med nye nettsider på 25-årsdagen. Etter tre år med Officenet Knowledge Portal, eit emnekart-basert publiseringssystem som me har hatt gode erfaringar med, var tida inne til oppdatering. Me ville halda fram med emnekart, sidan me har hatt gode erfaringar, og valet fall då på verktøyet ZTM - Zope Topic Maps. Det er konsulentfirmaet Bouvet ASA som har utvikla ZTM og som har utvikla dei nye sidene våre.

ZTM er "frigitt" som fri programvare og det har vore eit viktig kriterium for valet vårt. Det store spørsmålet er likevel om Bouvet klarer å få eit stort nok utviklarmiljø rundt ZTM slik at det ikkje berre blir ei fri programvare som berre blir utvikla av Bouvet.

Teknisk sett er ZTM ein emnekart-modul plugga inn i rammeverket Zope. Zope er eit fleksibelt rammeverk for utvikling og drift av web-applikasjonar. Zope er basert på Python programmeringsspråk og har ein objekt-database i botnen. Rammeverket har ei modul-basert tilnærming som gjer det relativt lett å leggja til ny funksjonalitet. Zope er også fri programvare og har eksistert i snart 15 år. Av meir kjende system baserte på Zope, er CMS-et Plone.

onsdag 10. mars 2010

9 liv


Tigergut har gått inn og ut dørene våre i over 10 år, men midt i januar forsvann han plutseleg. Dagane gjekk og vart til veker utan at me såg noko til han. Tidlegare hadde han berre vore borte maksimalt 4-5 døgn samanhengjande. Me rekna med at noko hadde skjedd med han og grubla ein del over kva det kunne vera. Både sjukdom, påkøyrsel, rovdyr/-fugl var aktuelle forklaringar.

Men så, på sjølvaste Kvinnedagen 8. mars, sat han på verandaen igjen og mjaua som han pleier. Og viste tydeleg at kattar har meir enn eitt liv. Den dagen vart det både fisk og fløyte på han..

søndag 7. mars 2010

Sogndal Storband 30 år!


Sogndal Storband feira 30-årsjubileum med konsert i går (6. mars) kveld. Eigentleg var jubileet i fjor haust sidan storbandet vart starta hausten 1979. Men då var me opptekne med andre ting så det passa betre å feira no.

Stryningen Helge Havsgård Sunde var innleigd som instruktør, dirigent og solist. I tillegg tok han også pianonotane og gjorde ein utmerka jobb også der. Det er kjekt å få instruksjonar av profesjonelle (storband-)musikarar og Helge visste me var ein god musikar, men i tillegg viste han seg å vera ein god pedagog også.

Eigentleg er det like usannsynleg å klara å halda oppe eit storband i Sogndal (med god hjelp av Leikanger) som det å ha eit fotball-lag mellom dei 20 beste i landet. Så 30 år med storband i Sogndal og Leikanger står det all respekt av!

Helge Sunde drive ensembelet Denada, eit storband-liknande oppsett, og har gitt ut fleire cd-ar med dei. På jubileumskonserten spelte me m.a. 'Om kvelden', When in Rome' og 'Lullaby of Broltesia'. Særleg den første og siste er flotte melodiar. Den første er ein gammal folketone frå Hornindal, den siste ein flott voggesang. Du finn dei på cd-ane Denada (2006) og Finding Nymo (2009, ordspelet her går sjølvsagt på Finding Nemo, medan Nymo er dei to brødrene Atle og Frode på alt- og tenorsax). Sjekk ut dette på iTunes eller Spotify.

onsdag 3. mars 2010

Digitalt gjerde



http://www.flickr.com/photos/jay_que/ / CC BY-NC-SA 2.0

"Bondebladet" er vanlegvis ikkje staden eg hentar inspirasjon til blogginnlegg, trass i at det er eit bra blad, men i siste nummer står det ein interessant omtale av digitale gjerde. Oscar Hovde Berntsen frå Øksendal i Sunndal har heilt sidan tenåra fundert på om det er muleg å utvikla virtuelle gjerde, utan gjerdestolpar, netting eller den moderne varianten el-gjerde.

Han vidareutviklar no ideen sin om ein saueklave med innlagt solcelle-panel og med ein prosessor + minne som held på koordinatar. Koordinatane markerer "gjerdet" der sauen (eller dyret, sidan dette er generell teknologi) skal halda seg innafor. Dersom sauen går utanfor dei innlagde koordinatane, vil bjølla først gi ein lyd som vil auka i volum etter kvart og til slutt føra til eit lite straumstøyt. Forsøk viser at dyra fort lærer seg dette og snur når dei høyrer lyden blir aktivert.

Enno er prisen relativt høg, ca kr 2 000,- pr. bjølle, men den vil jo vera avhengig av volumet som blir produsert. Ein patentsøknad er til behandling og når svaret har komme, er det klart for aktiv marknadsføring og sal. Men først skal det gjennomførast stress-testar for å sikra at teknologien ikkje stressar dyra.

Det er særleg i utmark det digitale gjerde vil ha sin styrke, der det er vanskeleg eller uråd å setja opp fysisk gjerde.

Denne oppfinninga passar fint inn i den omtalen av innovasjon eg hadde i eit tidlegare innlegg om VaviaTrack. Også her er det kjendt teknologi som blir sett saman og utnytta på ein ny måte.