onsdag 31. desember 2008

Mini 50 år og 2CV 60 år!

Siste (?) bloggpost i 2008 skulle kanskje ha handla om året som nesten er omme, og spådommar om det som kjem. Det får andre ta seg av, eg kan ikkje la 2008 gå ut utan å heidra ikona Morris Mini og Citroen 2CV. Den første er 50 år i år og den andre 60.

"Less is more" kan stå som ein god beskrivelse av filosofien bak Mini, og namnet i seg sjølv rommar denne. Det var Alec Issigonis (tyrkisk bakgrunn) som stod bak design, og han vart seinare adla til Sir Alec Issigonis for innsatsen i engelsk bilindustri. Ein design som no er legendarisk og som vart kopiert av dei fleste produsentar etterpå: framhjulsdrift, tverrstilt motor, eitt hjul i kvart hjørne og ekstremt god plassutnytting.

50 år seinare er det produsert over 5 millionar eksemplar av Mini og den er eit ikon. Også nykommaren frå BMW har vorte ein suksess, ein av dei få retro-suksessane. BMW overtok Rover-konsernet på slutten av 90-talet, og selde det for ei krone etter å ha tapt mykje. Men dei sikra seg retten til Mini, og det spørst om det ikkje var verdt pengane.

Designen av nye Mini vart gjort med stor omtanke for arven etter den originale bilen. Samtidig vart nødvendige moderne element introduserte, og det på ein måte som fall i smak. Nye Mini kan trygt seiast å føra ikon-statusen vidare, den har vorte eit ikon sjølv.

10 år før Mini kom på marknaden, vart Citroen 2CV presentert på Paris-utstillinga. Den var like radikal som Mini ti år seinare, og delte mykje av filosofien med minimalisme. Ein prototype av 2CV vart utvikla før krigen og målet med "paraplyen med 4 hjul" var at den skulle kunna frakta to vaksne bønder (!) med 100 kg varer til marknaden, i ein fart på opptil 60 km/t på den tidas dårlege vegar i Frankrike. Mest kjendt er utsagnet om at den skulle kunna køyrast over ein nypløgd åker utan at egga den transporterte, vart knuste.

Citroen 2CV vart produsert heilt fram til 1990, for ein stor del uendra, og medrekna ein tosetars pickup-versjon, vart det laga over 5 mill. eksemplar. Ein suksess på linje med Mini med andre ord. Bileta er henta frå Wikipedia.

lørdag 27. desember 2008

Blogging

Det er namnet på boka Jill Walker Rettberg (JWR) har skrive. Ho er førsteamanuensis ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, men er nok meir kjend som bloggar under jill/txt. Ho har med andre ord skrive om noko ho har god erfaring i, som aktiv bloggar i 7-8 år.

Det ville vore vanskeleg å skriva ei bok om blogging utan å ha blogga sjølv - det verkar nesten umuleg. Samtidig er den akademiske tilnærminga med på å setja blogginga inn i ein større samanheng. Praksis og teori går med andre ord godt saman her.

Det er ei lett bok å lesa, berre rundt 160 sider. Boka er gitt ut av Polity Press i ein serie kalla Digital Media and Society. Andre bøker i denne serien har titlar som Media Work, Search Engine Society, The Information Society og Hacking.

Boka tek for seg historien bak blogging, blogging sett inn i ein skrifthistorisk samanheng, blogging som eit nettverksfenomen, blogging vs. journalistikk, bloggar som historieforteljingar (narrativ) og kommersielle sider ved blogging. Som med mange bøker er dei første delane best, og slutten tynnast. Bedriftsblogging og kommersielle sider ved blogging er relativt uinteressant og tankane om blogginga si framtid inneheld heller ikkje spesielt mykje "food for thoughts".

Men eg synest boka er god og vil tilrå den til alle som ønskjer å forstå meir av bloggfenomenet og ønskjer å setja det inn i ein større samanheng. JWR forstår i aller høgste grad det fenomenet ho skriv om, og ho maktar også å sjå på det utanfrå utan å bli for nærsynt. Eg saknar likevel at ho delar meir av erfaringane sine - her blir boka i overkant nøytral og ho held litt mykje avstand til sin eigen blogg. Eg ville gjerne ha lese meir om kva utfordringar ho ser i lys av sine eigne erfaringar.

Sidan JWR brukar bloggen sin som ein del av den akademiske verktøykassen er det meir enn underleg at ho ikkje viar forsking og blogging merksemd. Forskinga sin hittil manglande interesse for, og bruk av, blogging har skapt ein del diskusjon i det siste. JWR burde vera ein av dei fremste til å meina noko om det.

Eg saknar også endå meir drøfting av blogging i eit demokratisk perspektiv og gjerne drøfta i lys av demokrati-teoriar. Ho nemner Habermas, men berre nokså kort. Blogginga som ein viktig del av diskursen i den offentlege sfæren er noko som kunne vore utdjupa.

Nokre små uvanar er av typen "dette kjem eg tilbake til i eit seinare kapittel" trekkjer litt ned, men elles er boka som sagt lett å lesa og lett å lika, og eg meiner det også er ei viktig bok. Den er skriven på engelsk.

torsdag 25. desember 2008

Markedets makt over sinnene

Bent Sofus Tranøy er ein av få økonomar som kan gå rakrygga i desse krisetider i lys av den kritikken han har framført mot det rådande systemet. Boka "Markedets makt over sinnene" er eit oppgjer med marknadsfundamentalismen som seier at marknaden veit best, alltid.

Boka kom i 2006 og er slik sett ikkje ny. Den varslar ikkje finanskrisa eksplisitt, men tek eit oppgjer med den rådande ideologien som styrer det meste og som meiner at den frie marknaden er den mest optimale måten å styra ressursar på. Tranøy viser ved hjelp av relevante eksempel korleis grunntesane for den frie marknaden sjeldan er til stades og kvifor det då ofte går galt.

Eit av dei interessante eksempla er delprivatiseringa av Statoil i perioden til den første Stoltenberg-regjeringa. ECON laga sjølvsagt ein analyse som innspel til arbeidet med børsnotering. Den viste at private energiselskap gjorde det langt betre enn statseigde, og eit av stjerneeksempla til ECON var det amerikanske Enron... Det høyrer også med til historia at både Jonas Gahs Støre, Jens Stoltenberg og Rune Bjerke har vore styreleiarar i ECON.

I Enron sitt tilfelle var rekneskapa sminka så det heldt - det var rekneskapsjuks av "world class". Men det er oftast i rekneskapa triksa skjer, så også med finanskrisa. I ein artikkel i Dagbladet nyleg, skriv Tranøy om forslaget til ny reglar for rekneskapsføring i børsnoterte selskap. For sikkerheits skuld er dei fire største revisjonsselskapa tungt inne i prosessen som har ført fram til forslaget til nye reglar, og i forslaget til nye reglar er marknadsfundamentalismen i følgje Tranøy rikt representert. Det ironiske (?) er at desse reglane blir innførte i Norge under leiing av ein SV-statsråd.

Eit hovudpoeng i Tranøy sin artikkel er at rekneskap ikkje er objektivt og nøytralt, slik me likar å tru. Rekneskap er dels (objektive) fakta og dels gjetningar og spådommar. Dei siste er mellom anna knytte til verdifastsetjing. Omtrent samtidig med artikkelen i Dagbladet stod det elles å lesa i Dagens Næringsliv at Storebrand hadde fiska fram 1 milliard kroner frå rekneskapen ved omklassifisering av eigedelar. Tranøy har fått svar på innlegget sitt frå m.a. BI.

Både artikkelen om rekneskap i krise og den før nemnde boka er vel verdt å lesa - kanskje endå meir med haustens turbulente økonomi i minnet. Den fekk Brageprisen i 2006 i klassen faglitteratur.

fredag 19. desember 2008

Støtt Wikipedia!

Gjer som Vestlandsforsking, støtt Wikipedia! IT-gruppa ved Vestlandsforsking bestemde seg i dag for å gi kr 10 000,- til Wikipedia. Me meiner dette arbeidet er så viktig at det fortener støtte.

Wikipedia er det største non-profit-prosjektet på nettet i dag og har vore ein utruleg suksesshistorie. Det har vorte det desidert største og mest brukte leksikonet på kort tid, og modellen det er bygt på, er unik. Ikkje mange ville levna modellen med (nesten) fri redigering for alle og ein kvar, nokon særleg sjanse. Men det viser seg å fungera forbausande bra i praksis.

Bill Gates' visjon om "information at your fingertips" er i ferd med å bli ein realitet, og Wikipedia har stått i første rekkje for å realisera den.
Wikipedia Affiliate Button

onsdag 10. desember 2008

Facebook-vilkår

NRKbeta har det også vore ein diskusjon om Facebook og lukka samfunn, men den starta med eit utgangspunkt i Facebook Connect. Både Facebook og andre nettsamfunn innser at dei må opna seg mot omverda, men vil sjølvsagt halda att i det lengste. På ReadWriteWeb er det ein interessant omtale av eit par initiativ med opne profilar. Det er sjølvsagt heilt meiningslaust at ein skal oppretta eigen profil over alt på nettet og at ein generell profil ikkje kan utvekslast.

Men her vil eg berre gjengi eit utdrag av vilkåra for å ta i bruk Facebook, på norsk. Rett nok seier Facebook at det er den engelske versjonen som gjeld, men likevel (du finn det under overskrifta "Facebook-sider"):

FACEBOOK GJØR PRE-SKJERM IKKE ELLER GODKJENNER FACEBOOK SIDER, OG KAN IKKE GARANTERE AT EN FACEBOOK SIDE FAKTISK BLE SKAPT OG ER DREVET VED INDIVIDENE ELLER ENTITETENE SOM ER EMNET AV EN FACEBOOK SIDE. ELLER ER FACEBOOK ANSVARLIG FOR INNHOLDET AV NOE FACEBOOK SIDE, ELLER NOEN TRANSAKSJONER som seg BLIR GÅTT INN I INN I ELLER ANNEN PÅTATT TILTAK ELLER I SAMMENHENG MED NOE FACEBOOK SIDE, SAMT HVORDAN EIEREN AV FACEBOOK SIDEN SAMLER, HÅNDTAK, BRUK OG/ELLER DELER NOE PERSONLIG INFORMASJON som DET KAN SAMLE FRA BRUKERE (BEHAG ANMELDELSE DET Facebooks personvernspolitikk HVIS DU HAR NOEN SPØRSMÅL ELLER ANGÅR ANGÅENDE BRUKEN ELLER DELE AV DIN PERSONLIG INFORMASJON). DU BURDE VÆRE FORSIKTIG FØR GIING NOE PERSONLIG INFORMASJON TIL ELLER GÅ INN I INN I NOE TRANSAKSJON I SAMMENHENG MED EN FACEBOOK SIDE.
Og årets oversetjingspris går til Facebook!

mandag 8. desember 2008

PIN-kodar og anna avsendarorientert teknobabbel

Mange fekk seg ei overrasking i posten i dag då Skatteetaten sende ut PIN-kodar til det norske folk. Reaksjonane let då heller ikkje venta på seg då mange engstelege eldre ringde DIFI/Norge.no med spørsmål om kva i all verda dei skulle gjera.

Dei som arbeider med nett-tenester og PIN-kodar, autentisering, elektroniske tenester og meir til året rundt, trur sjølvsagt at dette er noko alle folk er opptekne av og grublar på. Sanninga er vel at folk gir f... og ikkje bryr seg og mange veit ikkje kva ein PIN-kode er, og treng ikkje vita det heller.

Brevet med overskrifta "PIN-kodar til offentlege tenester på internett" startar slik:

Nedst finn du eit kort med 20 PIN-kodar. Kodane er personlege, og du skal ikkje gje dei til andre. Ta godt vare på kortet. Du vil få bruk for det.

Og det blir verre... Det blir påstått at du treng PIN-kodane for å levera sjølvmeldinga di. Ikkje noko atterhald eller opplysning om alternative måtar. Ikkje rart gamle folk blir fortvila.

Dette er så avsendarstyrt og teknokratisk innsnevra formulert at dei som står bak skulle vore sende på skrivekurs. Jan Olav Fretland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har medisin for slikt språkleg babbel.

søndag 7. desember 2008

Facebook - den lukka boka

På Kvalitetskonferansen sist veke var det som nemnt ein paneldebatt om web 2.0 og korleis offentleg forvaltning skal forhalda seg til utviklinga. Deltakarane kunne senda spørsmål til panelet via SMS. Dessverre kom ikkje spørsmålet mitt fram, eller det vart ikkje presentert. Så då får eg stilla det her:

"Står ikkje Facebook på mange måtar for det motsette av offentleg forvaltning: Eit lukka informasjonssamfunn i staden for ope?"
Sidan panelet ikkje fekk spørsmålet, må eg svara sjølv. Og svaret mitt er ja, Facebook er i høg grad ei lukka teneste som slik sett strir mot grunntanken i web-en. Den byggjer så langt eg forstår også for det meste på proprietære løysingar. Berre det faktum at ei nett-teneste lagar sin eigen variant av HTML (FBML - Facebook Markup Language) burde vera god nok grunn til å vera forsiktig.

Facebook fyller i høgste grad eit behov, det er vel populariteten eit synleg bevis for. Men faren er at mykje informasjon som elles ville vore tilgjengeleg på det frie nettet, blir lukka bak Facebooks murar. Det er ei uheldig utvikling som minner om innestenginga som skjer på produktsida (Apples iPhone o.l.).

I kampen for eit ope nett bør det offentlege halda fana høgt og seia klart frå kva utvikling ein ønskjer. Viss Heidi Grande Røys skulle ta sine eigne standardiseringsråd alvorleg, ville vel Facebook stå på lista over tenester og format som ikkje bør brukast!

torsdag 4. desember 2008

Kvalitet 2008

Årets kvalitetsvurdering av offentlege nettstader har sitt høgdepunkt i dag med konferanse på Oslo Plaza der vinnarane blir presenterte. Denne konferansen blir arrangert for fjerde gang, men kvalitetsevalueringar har vore gjennomførte sidan 2001. Og eg har følgt arbeidet tett frå starten i Statskonsult (Egil Jacobsen sentral i etableringa).

Konferansen har samla 260 deltakarar, det er rett og slett imponerande! Eg håpar DIFI (Direktoratet for forvaltning og ikt) klarer å utnytta dette potensialet til å styrka arbeidet med kvalitet på nettsider. Det er min (uærbødige) påstand at dette arbeidet er eit av dei offentlege it-prosjekta som har størst ROI! Eit billeg prosjekt som har gitt store resultat. Men eg er jo sjølvsagt litt inhabil her.

Etter innleiande presentasjonar av personleg rådgivar i FAD, Jørund Leknes, og direktør i DIFI, Hans Chr. Holte, ga Jostein Magnussen i Netlife Research ein introduksjon til web 2.0. Han gjorde det på ein elegant måte ved å ta utgangspunkt i sida www.norge.no/kvalitet, som definitivt er web 1.0, og viste korleis den og prosjektet kan og bør snuast i retning web 2.0.

Så fortalde Øyvind Solstad i NRKbeta om arbeidet deira med nye media, særleg knytt til den teknologiske sandkassen NRKbeta. Han gjorde det på ein overtydande måte, ein ekte "Web 2.0-ar", ein som er innafor kulturen og har forstått kva det dreier seg om. Veldig befriande å høyra ein slik fortelja om bruken av web 2.0 og ikkje ein forstå-seg-på-ar som eigentleg ikkje forstår kva det handlar om. Er du interessert i eit godt foredrag om web 2.0, er Øyvind mannen å kontakta. Han kan få det travelt framover..

Paneldebatten tok opp spørsmålet om bruk av web 2.0 i forvaltninga. Peter Hidas frå Gartner, trekte fram tre viktige spørsmål innleiingsvis:

  1. Korleis skal off. sektor vurdera gevinstpotensialet knytt til web 2.0?
  2. Er det ein fare for at web 2.0 tek merksemda og ressursar bort frå andre, viktige tiltak?
  3. Er offentleg sektor villeg til å dela verdikjeda si med andre?
Interessant tema, men slapp debatt. Problemet var kanskje at det ikkje var heilt dei rette personane i panelet. Nokon med forvaltningskunnskap, gjerne juridisk retta, burde vore der. Slike folk har vel DIFI mange av sjølve??


Så til årets vinnarar av Kvalitet 2008:

Årets kommunale nettstad: Sørum kommune


Årets statlege nettstad: Høgskolen i Bergen


Årets nett-teneste (open kategori): Finansportalen


Årets tilgjengelegheitspris: Nasjonalt dokumentasjonssenter

tirsdag 2. desember 2008

Duke Ellingtons Second Sacred Concert


Sidan lokalavisa ikkje ser ut til å bry seg om kulturhendinga i helga får eg som deltakar prøva å formidla. Sogndal storband arrangerte i samarbeid med Sogndal songlag og Leikanger blandakor to kyrkjekonsertar sist søndag. Første konserten var i Stedje kyrkje i Sogndal medan andre konserten var i Leikanger kyrkje.

Duke Ellingtons verk Second Sacred Concert stod på programmet og konserten vart godt motteken av publikum. Det var godt med folk begge stader; i Leikanger kyrkje var det fullt. Sjølv med relativt lite felles øvingar let det ganske godt. Nokså bra i Stedje og endå betre i Leikanger.

Konserten har i alt 10 satsar og vart ferdig i 1968. Duke Ellington sa om kyrkjekonsertane sine (tre i alt) at det var "the most important thing I've done". Tekstane er sterkt prega av borgar-rettskampane på den tida. Det er dessverre ingen særleg gode innspelingar av denne viktige konserten. Albumet med same tittel som verket, er ei live-innspeling som dessverre let nokså rufsete, for å seia det mildt. Merkeleg, med eit slikt storband og med slike solistar. Alice Babs er solist på denne live-innspelinga. Hjå oss var Odrun Ugulsvik Myklebust solist, ei oppgåve ho løyste med glans.

mandag 24. november 2008

Miside - gløymt av alle?

Miside er i ferd med å gå i gløymeboka, ikkje ein gong mora vil ikkje vedkjenna seg dottera. Eit søk på "Miside" (eller "Minside") på Norge.no gir følgjande resultat:



Men det er ikkje berre Norge.no, no driven av Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) som ser ut til å ha gløymt Miside. Også frå ansvarleg departement FAD og statsråd Heidi Grande Røys har det vore merkeleg stille om Miside det siste året. Kva er det som skjer?

DIFI har det siste året arbeida med ny strategi for Miside. Etter planen skal den nye strategien for tenesta vera ferdig i løpet av året (2008!). Det spørst om ikkje det er for seint, og at det har teke for lang tid.

I alle tilfelle meiner eg det er ein feil prosess FAD og DIFI har lagt opp til: Ein lukka prosess der det ikkje har vore eit pip om Miside det siste året og der det ikkje har vorte gjort noko nemneverdig av utvikling. Det er mykje å ta tak i for å retta kursen for Miside-utviklinga, men framfor alt må den løftast fram slik at folk flest har den i tankane. Det er ikkje ei nett-teneste som blir brukt utan at den blir marknadsført.

Strategiprosessen kunne ha vore brukt til å skapa merksemd ved at den vart opna opp og det vart invitert til ein ide-dugnad. Rett nok har det vore eit par slike møte med utvalde verksemder, men her meiner eg nettet skulle ha vore teke i bruk for alt det er verdt. Statsråden er entusiastisk over web 2.0-mulegheitene som blir skisserte i rapporten eBorger 2.0; kva med å ta dei i bruk sjølv til nettopp denne type utviklingsarbeid?

mandag 17. november 2008

Svaret er Facebook - kva var spørsmålet?

Statsråd Heidi Grande Røys er over seg av entusiasme etter å ha fått rapporten eBorger 2.0 frå SINTEF i fanget. Den fortel at det offentlege må kasta seg på web 2.0-bølgja, og det fort. Eg er ikkje ueinig i at offentleg sektor må få opp farten når det gjeld å fanga og formidla brukarimpulsar, men eg meiner rapporten er utruleg naiv på ei rekkje område her.

Eg har for det første problem med begrepet eBorger, og det burde strengt teke Heidi ha også. Borgar er ikkje eit vanleg begrep i norsk terminologi, det er innbyggjar. Dessutan er det helst høgresida som brukar borgar-begrepet, om det i det heile blir brukt.

Men det er innhaldet i rapporten som er viktig. Oppsummert får eg ei kjensle av at "web 2.0 er svaret - kva er spørsmålet?". Eg ser lite og dårleg grunngjeving for kvifor, og gode eksempel som argumenterer for dette. Det blir mest at offentleg sektor må ta teknologien/trenden i bruk fordi web 2.0 er brukt på så mange andre område.

Ei spørjeundersøking dannar ein viktig basis for konklusjonane i rapporten. Den undersøkinga er etter mi meining lite verdt, og blir også tøygd veldig langt for å få kartet til å stemma med terrenget. 17 % av dei spurde er ueinige i påstanden "informasjonen [offentleg informasjon] var enkel og rask å finna fram til". 17 % er ikkje mykje, og særleg ikkje når dei 17 prosenta blir brukte som sanningsvitne for at offentleg informasjon er vanskeleg å finna fram til. Til samanlikning svarte 54 % at dei var einige/svært einige i påstanden over.

Eit anna og kanskje større problem, er inndelinga i aldersgrupper i undersøkinga. Aldersgruppa 15-30 år er klaska saman, og det blir for meg ei altfor ueinsarta gruppe. Det er her det store problemet med rapporten kjem fram: har offentleg informasjon ei hovudmålgruppe eller er den like viktig for alle aldersgrupper? Etter mi meining har offentleg informasjon ei hovudmålgruppe av innbyggjarar som er i etableringsfasen, altså i hovudsak 25 - 50 år (med eit visst slingringsmonn). Det er i denne fasen det blir viktig å finna informasjon frå det offentlege og komma i dialog om tenester.

Eg vil påstå at gruppa 15 - 20/25 år i svært liten grad har bruk for offentleg informasjon og at offentleg sektor ikkje bør bruka store ressursar på å nå dei. Og då blir det også mindre viktig å dela offentleg informasjon på Facebook og Twitter ++.

Eg seier ikkje at web 2.0-tankegang og -innretning ikkje er viktig for offentleg sektor, heller tvert om. Men den må komma på område som er viktig for folk, og ikkje i form av heller tynne eksempel som i rapporten. Opne høyringar og diskusjon rundt viktige saker er berre eitt av mange bruksområde der det er viktig å få innbyggjarane i tale.

lørdag 15. november 2008

Ei legende fyller 45 år

Fødselsdagen var i september; då var det 45 år sidan Porsche 911 såg dagens lys. Heilt rett er ikkje dette, det var nemleg Porsche 901 som vart vist på IAA-utstillinga i Frankfurt det året. Men Peugeot protesterte og hevda dei hadde einerett på tresifra nummer med null i midten! Nullen vart endra til '1' og resten er historie, som det heiter.

Porsche 911 (kvifor blir namnet så ofte skrive feil, utan 'c' eller utan 's'??) kan tena som eit godt eksempel på design med tradisjon og kontinuitet. Ingen har problem med å sjå at 901 og dagens 911 er tjukke slekta. Det same kan seiast om mange tyske bilar, medan andre bilprodusentar er lite tru mot fortida.

Det kan innvendast at tysk design er i overkant konservativ, men eg har sansen for tradisjon og at røtene kjem tydeleg til syne.

(Biletet er teke av Wouter Melissen)

tirsdag 11. november 2008

Blogging gammaldags?

Ja, meiner Paul Boutin i ein artikkel i Wired nyleg. Han meiner nye verktøy som Flickr, Twitter og Facebook får bloggen til å sjå sååå 2004 ut. Hans korte oppsummering lyder slik:

"Kill yr blog. 2004 over. Google won't find you. Too much cruft from HuffPo, NYT. Commenters are tards. C u on Facebook?"
Men Eirik Solheim i NRK Beta, der eg fann dette, er ueinig, og eg sluttar meg til Solheim. Eg trur rykta om bloggens død er betydeleg overdrivne og stemmer ikkje. Boutin kan ha rett i at stadig fleire profesjonelle bloggar, gjerne frå store medieverksemder, kan fortrengja dei private bloggane i synlegheit. Men bloggen som medieform har eg likevel stor tru på. Jan Omdahl i Dagbladet skriv også fornuftig om påstanden frå Boutin.

Ei viktig side ved ein blogg er at den er personleg og at den også er eit arkiv. Den er, for å låna uttrykk frå Lauren Feldman i sitt svar til Paul Boutin:

“Paul couldn’t be more wrong. The most important thing in your digital life is your personal blog… …your blog is your little slice of digital heaven. And no one can fuck with you there.”
Ei anna viktig side ved ein blogg samanlikna med t.d. Twitter og Facebook, som for all del dekkjer viktige behov, er at den kan bidra til å motverka ein dårleg trend ved nettet: "web-ens uutholdelige letthet".

Problemet er at vi gradvis mister evna til å lesa lange tekstar og argumentasjon som går over meir enn to setningar. Det er ei utvikling mot ein ekstrem overflatisk kvardag. Ingen skal fortelja meg at ein kan få uttrykt kompliserte og gjennomtenkte tema med 140 teikn i Twitter.

Men eg trur ikkje Twitter og Facebook er konkurrentar til bloggen, heller eit supplement. For eigen del har eg i alle fall ikkje tenkt å slutta å blogga med det første..

fredag 7. november 2008

Riksteateret og Olav H. Hauge

Riksteateret synte onsdag framsyninga Kom ikkje med heile sanningi, basert på Olav H. Hauge. Det kunne dei gjerne spart seg for, etter mitt syn. For meg vart teaterstykket heilbom. Eg fekk ei kjensle av "Bør Børson møter Olav H. Hauge" - til tider ein lettbeint musikal-liknande sak så langt frå Hauge som det vel er muleg å komma.

Det var mange problem med oppsetjinga, det verka for meg som regissøren ikkje kan ha kjendt særleg til Olav H. Hauge og livet hans, heller ikkje skodespelarane. Personen som hadde rolla som Hauge sjølv for med svære fakter og brautande stemme - diametralt motsett av den lågmælte Hauge. Og bipersonen, ei lita lerke som kvitra og song. Hjelpe meg! Og felles for dei to var den ekstreme teater-nynorsken, noko som blir heilt feil for ein diktar som heldt seg nær (Ulvik-)dialekten.

Det er synd at ikkje Riksteateret kan komma med noko betre. På Vossajazz 2006 las Hildegunn Riise dikt av Olav H. Hauge og bitar av dagbøkene hans i oppsetjinga Under stjernone. Det gjorde ho til tonar av Per Jørgensen (trompet) og medmusikarar. Det var ei fantastisk oppleving, i det minste for meg. Kvifor kunne ikkje Riksteateret teke denne førestillinga rundt om i landet?

(biletet er henta frå www.ht08.no - ei samleside for 100-årsjubileet til Hauge og Geirr Tveitt)

torsdag 6. november 2008

Den amerikanske draumen

Valet av Barack Obama som president i USA har gitt nytt liv til klisjeen den amerikanske draumen. Mange som har ledd litt hånleg av dette uttrykket og det det står for, må kanskje innrømma at fenomenet Obama må medføra ei justering av haldningar.

Det er klart pengar har hjelpt godt, men i utgangspunktet skulle ikkje Obama hatt ein sjanse til ein gang å bli demokratane sin kandidat. Som han sjølv sa i eit Jon Stewart-show: "Dei som ga meg mellomnamnet hadde i alle fall ikkje tenkt tanken på at eg ein dag ville stilla til val som president".

I det heile rokkar presidentvalet ved fasttømra syn og haldningar til USA. Dette synet har for mange vorte grundig forsterka av 8 års elendigheit av Bush-styre. Det er gjerne venstresida som har representert desse haldningane tydelegast. Spaltist Anders Anderssen i lokalavisa her, skreiv nyleg ein illustrerande artikkel om dette. Då han sjølv kom til USA første gang i 1956 hadde han lese bøker om amerikansk samfunnsliv og sosiologi og visste "alt" om kontinentet.

Han vart buande der i fire år, og då han kom tilbake til USA 15 år seinare, visste han "ingen ting" sikkert lenger. For etter å ha budd i USA fekk han innsyn i dei mange kontrastane denne samlinga av delvis uavhengige statar representerer. Men som han sjølv skriv: Synda kom til USA først og fremst med Vietnamkrigen, og idyllen var broten.

No er det også slik at dei som trur at Barack Obama blir SVs forlengja arm i USA, blir grundig skuffa. Det er nok mange som har ei slik oppfatning av den nye presidenten. Det blir nok heller "business as ususal", men med nokre viktige endringar ikkje minst på klima- og energisida. I all gleda av valet av Obama er det urovekkjande at han på same tid som han vil redusera aktiviteten i Irak, vil auka innsatsen i Afghanistan. Det kan bli like feil for Obama som Irak vart for Bush.

onsdag 5. november 2008

President Barack Obama!

Så vart det heldigvis Obama. Seint i går kveld las eg Larry Lessigs bekymringar over at det fort kunne gå som i 2000 og 2004; at demokratane har ein tendens til å tenkja at dette går sikkert vegen så eg treng ikkje stemma. I motsetnad til republikanarane som møter opp og stemmer uansett.

Eg var oppe ca. 03.30 i natt og då var det veldig jamnt mellom kandidatane og ikkje muleg å seia sikkert kva retning det ville gå. Då eg så sovna att, drøymde eg at McCain hadde vunne! Det var difor med stor spenning eg slo på tv-en i dag tidleg og heldigvis kunne konstatera at Obama er USAs nye president.

PS.
Viss no Sogndal berre kan slå Aalesund og rykkja opp i Eliteserien, kan 2008 karakteriserast som eit kanonår (bortsett frå finanstrøbbel osv...)

fredag 31. oktober 2008

Geneva!

I dag er eg ein lykkeleg eigar av ein Geneva modell L (som på biletet). Eg las første gangen om dette anlegget i Dagens Næringsliv og vart straks fascinert. Her såg det ut som ein sjelda kombinasjon av stil og lydkvalitet.

Alt-i-eitt-type anlegg var fy-fy den gangen interessa for musikk og hifi starta hjå meg (ehmm, for ein del år sidan..). Om dette har endra seg, veit eg ikkje. For eigen del har den pragmatiske sida av spørsmålet fått større plass. Viss eg kan spara plass og det framleis høyrest ok ut, er det bra.

Eg var innom Soundgarden (tidl. Hi-Fi Center-kjeda) i Kirkeveien, Majorstua, og høyrde på anlegget for eit halvt års tid sidan. Då høyrde eg både på modell L og XL. Den siste er massiv, med enorm lyd, men også til ein stiv pris. Valet var difor enkelt; modell L høyrest bra ut og er overkommeleg i pris.

Førsteinntrykket var likevel ei aning skuffande då eg pakka den ut og sette i første cd-en. Eg fekk ein liten følelse av "boks"-lyd. Muleg rommet her er litt for stort til denne modellen. Får sjå når eg får testa anlegget med større variasjon av musikk.

Eg har aldri hatt sans for overdriven stil-faktor a la Bang & Olufsen; lyden må stå i stil med form. Med Geneva håpa eg å finna ein god kombinasjon. Stilen er i alle fall ikkje noko å utsetja på, eg synest den ser "drit-lekker" ut. Det er litt Apple-aktig over design og innpakning - sjølv tape-en rundt emballasjen var raud! Og anlegget er sjølvsagt i knall raudt...

Vel eitt år seinare (21.12.2009):
Er alt i alt veldig godt fornøyd med anlegget. Lyden er god (nok) i stova på ca. 35 kv.m. og ikkje minst er anlegget veldig praktisk med berre ein kabel (straum) å tenkja på. Det praktiske er viktig når lyden elles er veldig bra.

Den største mangelen ved anlegget er at det ikkje er tilkopling for hovudtelefon; eit uforståeleg val av Geneva. Har prøvt å kopla til den gamle platespelaren (LP!) til 'Line in', men lyden blir veldig svak - sjølv på maks. lydvolum. No er kanskje ikkje gamle platespelarar det første du vil kopla til denne boksen, men likevel.

Fjernkontrollen verkar billeg i forhold til resten av anlegget, og er ikkje alltid med på notane. Det er også eit lite irritasjonsmoment. Men totalt sett gir eg Geneva-en nesten topp-karakter: 5 av 6 stjerner!

onsdag 29. oktober 2008

Blogger og Chrome

Det er i grunnen djupt ironisk: Googles Chrome-nettlesar klarer av ein eller annan grunn ikkje å lasta Google-tenesta Blogger. For ordens skuld skriv eg www.blogger.com i adressefeltet; det er Google som endrar adressa til https://www.blogger.com/start

Ingen skal komma og påstå at Google favoriserer eigne tenester!

Bruktbil på Island?

Island er i "deep shit" og må selja unna. Den eines død er ofte den andres brød, og bruktbilar i dyrare prisklassar er til sals i stort tal på Sagaøya. Eit søk på Bilasolur, Islands svar på Finn.no, viser f.eks. eit 20-tals Audi Q7 til sals - eit SUV-monster og børstraktor-ikon. På Finn.no er det om lag like mange, men Norge har 15 ganger så mange innbyggjarar som Island.

Å lesa islandske bilannonsar er kjekt for ein sogning. Her er eit eksempel på ein Audi R8 som du kan kjøpa:

4200cc slagrymi
8 strokkar
420 hestøfl
2 manna
2 dyra (???)
Beinskipting, 6 gira
Sidrif (?)
4 sumardekk

Heilt unødvendig i skulla oversetja dette til norsk, bortsett frå eit par ting, og det med to dyr skjønte ikkje heilt...

Best likte eg forresten ""hiti i sætum" - det er nesten kav sognamaol!

fredag 24. oktober 2008

Kejsarn av Portugallien

Om ikkje keisar så var ferieturen til Portugal konge. Årets ferietur var delt mellom byferie i Lisboa og badeferie på Algarve-kysten. Temperaturen var mellom 20 og 28 grader og det vart ei forlenging av sommaren som me hadde håpa på. Badetemperaturen var også overraskande høg, og dei lokale på stranda meinte at det ofte kunne vera varmare i sjøen i oktober enn i høgsesongen august, mykje avhengig av vindretning.

Du skal ikkje reisa mykje i Portugal før du forstår at landet er ihuga EU-tilhengjar. Svært mange prosjekt har vorte igangsette med EU-støtte, særleg på bygging av infrastruktur. Over alt finn ein skilt der det står kor mykje prosjektet har kosta totalt og kor mykje EU har bidrege med.
Og det har vore nødvendig med ein kraftinnsats. Levestandarden i Portugal låg langt tilbake for resten av EU då dei vart medlem. Også i dag ber landet preg av fordums storheit. Særleg er det tydeleg i Lisboa, med mange vakre bygningar, men med eit enormt behov for vedlikehald.

Me fekk med oss feiringa av republikken, som er 5. oktober. På denne dagen i 1910 vart kongedømmet avskaffa og republikken innført. Ein annan viktig dato er sjølvsagt 25. april 1975 då diktaturet til Salazar vart avskaffa i den såkalla nellik-revolusjonen.
Den eigentlege keisaren av Portugallien var altså Selma Lagerlöfs Jan i Skrotlycka som gjekk frå forstanden då dottera Klara drog til storbyen...

torsdag 2. oktober 2008

Bra SAS!

Flyselskapet SAS får stort sett negative omtalar, det er sjeldan eg les noko positivt. Her kjem eit lite, sponsorfritt, lysglimt i ein elles mørk kvardag. Eg er i Portugal på ferie med familien og bestilte billettar hjå SAS for eit halv år sidan (vel via bookingselskapet Travellink).

Eg gjorde ferdig innsjekkinga på nettet før avreise til flyplassen og den delen av SAS nettsider fungerte veldig bra. Den beste testen på den type funksjonalitet er første gong du utfører tenesta; det er då du ofte får avslørt om det er intuitivt lagt opp eller ikkje.

På Gardermoen var det difor berre bagasjelappar som mangla, og eg lurte på korleis innsjekkings-automatane takla det. Men det var ikkje problem. Det utskrivne boarding-kortet eg hadde med, vart scanna, og ut kom 5 bagasjelappar - enkelt og greitt.

Nettsidene til SAS har vore utruleg kronglete tidlegare, og på billettbestilling står det vel framleis att ein god del, men akkurat den delen eg har omtalt no, fungerer veldig bra. Bra SAS!

mandag 22. september 2008

The harvest is in full swing














Eg gløymer ikkje opninga av Dr. Zhivago der ein av dei første setningane, om ikkje den første, lyder som overskrifta: The harvest was in full swing. Då eg las setninga, trudde eg først det måtte vera ei dårleg norsk-engelsk oversetjing, men det viser seg at det faktisk heiter så.

Uansett, innhaustinga er i full gang, både for frukt og sauer. Biletet viser flotte 'Discovery' eple frå eigen hage. Kvaliteten er på topp i år.

mandag 15. september 2008

Designbyen Torino

Eg kan ikkje heilt sleppa taket i Torino etter besøket der for 14 dagar sidan. Torino er ikkje berre bilbyen, men også designbyen. I år er byen World Design Capital og design står dermed på programmet i mange samanhengar.

For eigen del vil eg kopla design og bilproduksjon, altså bildesign. Alle dei fremste bildesignarane er samla i Torino: Pininfarina, Bertone og Giugiaro.

Pininfarina er mest kjend som designhuset for Ferrari. Dei aller fleste modellane deira er designa nettopp av Pininfarina. Lista over kjende bilmodellar er lang, enkelte høgdepunkt er Ferrari Dino 246, Peugot 205 og Ferrari F40.

Bertone er det andre store designhuset og har gitt form til mange italienske bilar (Alfa Romeo, Fiat, Lancia, Lamborghini). Av dei mest kjende modellane frå Bertone si hand er Lancia Stratos, Fiat X1/9, . Bertone laga også designet til Ferrari 308 GT4, eit design som braut nokså mykje med Ferrari sine tidlegare modellar og som kanskje gjorde at det ikkje vart fleire oppdrag der...

Giugiaro, eller ItalDesign, er det tredje store designhuset som også er basert i Torino. Giugiaro er mest kjend for å ha gitt form til VW Golf - eit absolutt meisterverk i design då den kom i 1975. Også Fiat Panda er ein av klassikarane, og av Giugiaro karakterisert som det mest vellykka designet (!).

Dessverre har det gått nedover med designhusa. Bertone vart slått konkurs og overteke av eit anna firma i år og Pininfarina mista sjefen sjølv som døydde i ei motorsykkelulykke i år. Korleis det siste vil påverka firmaet er vel uvisst. Ein viktig grunn til dei dårlegare tidene er at det har vorte stadig mindre karosseribygging for desse firma. Tidlegare var bygging av karosseri for spesialmodellar ein viktig del av omsetninga.

onsdag 3. september 2008

Torino = FIAT

Eg kan ikkje omtala Torino utan å komma inn på FIAT. Torino er hovudsetet for FIAT-konsernet, og Fiat eig også byens stoltheit Juventus. FIAT står for Fabbrica Italiana Automobili Torino og vart starta i 1899, mellom anna av ein viss Giovanni Agnelli. Agnelli-familien har seinare vore sentrale i FIAT.

Torino har vore gjennom ein postindustriell depresjon i 1980- og 90-åra tett knytt til problema for FIAT. Konsernet var heilt i kneståande rundt årtusenskiftet og vart på mange måtar redda av General Motors. For GM vart det derimot ei dårleg investering; dei har gått ut av konsernet med store tap.

Men for 3-4 år sidan starta ein viktig snuoperasjon for FIAT og Torino, godt hjelpt av vinter-OL i 2006. FIAT fekk ny sjef og han har tydelegvis gjort mange ting rett. Ei viktig synleg endring var logoen, dei gjekk tilbake til gamle dagar og laga ein logo som er veldig lik den originale Fiat-logoen. Den nye logoen er heilt ulik den gamle.

Denne endringa har ikkje berre hatt symbolsk verdi; dei signaliserte med logo-skiftet at dei ville tilbake til røtene sine. Og røtene for Fiat er å laga gode småbilar - det er det dei kan. For å seia det enkelt: Til større bilar, til større problem. Fiat har aldri vore gode til å laga store bilar.

FIAT relanserte ein ny Panda som har vorte ein stor suksess, og i fjor kom retromodellen Fiat 500, 50 år etter originalen. Etter bilparken i Torino å dømma er modellen ein stor suksess.

tirsdag 2. september 2008

DEXA 2008 / eGov '08

Denne veka blir konferansen DEXA 2008 arrangert ved Politecnico di Torino, og under DEXA-paraplyen også delkonferansen eGov '08. DEXA står for Database and Expert Systems Applications og det er 19. året den blir arrangert. Under hovudkonferansen er det mange parallelle underkonferansar.

Tilgjengelegheit
Sjølv presenterte eg resultat frå kvalitetsevalueringane i regi av Norge.no med vekt på tilgjengelegheit (web accessibility). Presentasjonen var dessverre seint på dagen og det var ikkje så mange som hadde halde ut. Men det vart likevel mange spørsmål og ein interessant diskusjon etter presentasjonen. Det var tydeleg at temaet engasjerte.

Mykje prat - lite handling
Det som slår meg med dei mange presentasjonane på eGov-konferansen er at det er veldig mykje prat og lite handling. Eller sagt på ein annan måte: mykje teori og lite empiri. Artikkelen min var rik på empiri, men tynn på teori. Eg meiner likevel at empiri og stor-skala forsøk er sterkt undervurderte i denne disiplinen. Det blir fort eksotiske modellar og rammeverk som sjeldan eller aldri blir prøvde ut. Det gjer at forskinga på e-forvaltning ofte plasserer seg på sidelinja av det som skjer i offentleg sektor.

Italia og kaos
Møtet med Italia har dessverre stadfesta ein del av fordommane mine på førehand: konferansen føregår på eit kaotisk byggjeområde og det er den reine labyrinten å komma fram til konferanselokala. Lunsj-området er det totale kaos. Og starten på bussturen frå Milano til Torino var som ein parodi på italienarar - rasande passasjerar som sperra inngangen til bussen fordi det var altfor lite bagasjeplass. Etter lange og hissige diskusjonar kom me likevel av garde. Ein medpassasjer orsaka seg til meg for at Italia framstod som eit utviklingsland..

Men bortsett frå slike mindre viktige hendingar, er Italia og Torino flott. Og kaffien er jo berre heilt topp, enten det er ristretto eller vanleg espresso...

søndag 31. august 2008

IT i skulen

Med eldste dottera nettopp starta på vidaregåande, har eg fått eit lite innblikk i status for IT-bruk i skulen. Og førsteinntrykket er skremmande! Vel har ho berre gått eit par veker, men det teiknar seg alt eit bilete av ein skule som ikkje tenkjer på IT som eit naturleg verktøy i det heile. Det er som om det skulle vera noko nytt og ukjendt.

Det starta med rot med klasselister og lister som låg tilgjengelege på nettet før skulestart. Skuleleiinga var (sjølvsagt) heilt ukjende med det - det verka som dei ikkje var klar over at eit av verktøya dei brukar er eit online timeplansystem. Og dette var altså ope for alle å sjå. At slikt ligg ope på nettet er ikkje i seg sjølv så farleg, men når elevar blir flytta fram og tilbake mellom klassar frå den eine dagen til den andre, og opplever å bli plassert i feil klasse første dagen, så er det slett ikkje bra.

Men det dårlege inntrykket av IT-bruken kjem først og fremst frå pensumlistene. Her er alt som det har vore i 30-40 år, for ikkje å seia 100. I dag må skulen nærmast rekna med at alle elevar har tilgang til berbar pc, og dei som ikkje har det bør få støtte på ein eller annan måte. Med det som utgangspunkt blir det heilt feil å be elevane kjøpa inn ordbøker i alle språkfag og til alt overmål ein grafisk kalkulator!

Kalkulatoren tek i grunnen kaka. I matte er dei avhengige av grafisk kalkulator til 1100-1200 kr. Og så sit dei fleste med rekneutstyr i tungvektsklassen. Er det ikkje ein tanke å bruka pc-ane nettopp til dette?

Gratis læremiddel er under innføring i vidaregåande, og førsteklassingane er dei siste som må kjøpa sjølve. Det er eit bra tiltak, men det må følgjast opp med ei anna tenking. Det er lite vits å kjøpa ordbøker til elevane (kanskje dei må kjøpa dei sjølve, saman med kalkulatoren?). Ressursane må brukast til å utvikla gode nettressursar på dette området. Fylkeskommunane har nyleg fått mange millionar kvar for å rusta opp den digitale satsinga i skulen. Eg håpar mykje av ressursane blir styrte mot utvikling av fellesressursar som digitale ordbøker m.m., men eg fryktar at det går til administrative system.

Ei av mine desiderte favoritt-tenester på nettet er Bokmåls- og nynorskordboka. Det er eit verktøy eg brukar dagleg. Universitetet i Oslo fekk midlar til å gjera bøkene tilgjengelege på nettet, men dessverre ser det ikkje ut til at det er midlar til vedlikehald og oppdatering. Ordlistene er ikkje oppdaterte på lang tid. Her må det inn midlar fort! Det vil kanskje vera feil å bruka dei fylkeskommunale midlane, men ein stad må ein finna pengane. Og då meiner eg det er ei betre investering å setja pengar i slike prosjekt framfor å kjøpa berbare pc-ar til elevar som stort sett har slikt utstyr frå før.

Skal ein absolutt kjøpa inn utstyr, så sats på små berbare Linux-maskiner som Asus Eee. Det verkar som det perfekte verktøyet for elevar og studentar. Les elles Bjørn Venns blogginnlegg om litt av det same temaet.

mandag 18. august 2008

Olav H. Hauge 100 år

Olav H. Hauge ville ha vore 100 år i dag. Den kjende diktaren frå Ulvik i Hardanger vart 86 år gammal og døydde i 1994. Han vart fødd i Ulvik, men Hauge-namnet kjem frå Lærdal der far hans kom frå. Han var altså halvt lærdøl.

I år er det felles 100-årsjubileum for både Olav H. Hauge og Geirr Tveitt, begge fødde i 1908 og begge hardingar. Og begge har hatt stor innverknad på kvart sitt område; lyrikk og musikk. Dei to vart etter kvart godt kjende og vegane deira kryssa kvarandre fleire gonger.

Hauge hadde ikkje ikkje noko enkelt liv, særleg i første halvdelen - det er vel gjerne slikt det blir stor kunst av. Han vart alvorleg sjuk alt som 15-åring ("i strid med maktene" som han sa sjølv sa) og seinare skulle han med jamne mellomrom bli hardt råka av djupe depresjonar og innlagd på (sinns-)sjukehus, jamvel med tvang. "Den andre mannen" eller "hin mannen" kalla han denne sida av seg sjølv, og sjølv om han er veldig langt nede i desse periodane, ser han seinare på denne sida ikkje berre negativt. Det er "den andre mannen" som verkeleg er noko, den sida representerer det kreative, for ikkje å seia galskapen, og den vanlege sida er nærmast "puslingen".

Den radikale krinsen av forfattarar kalla Profil etter tidsskriftet, blir ofte trekt fram som dei som oppdaga Hauge og fekk han fram i lyset. Det stemmer ikkje heilt, ein gløymer då at Hauge fekk kritikarprisen ((Norsk Kritikerforenings pris) alt i 1961 - mange år før Profil-gjengen kom på bana. Desse orda i Hauge si dagbok etter prisen vart kjend, seier mykje om forfattaren:

Eg lyt fortelja nytt. I går kveld ringde forlagssjef Øyvind Dybvad i Norsk Boklag. Han fortalde at På ørnetuva hadde fenge Norsk Kritikerforenings pris for 1961. Sjå der! Ho greidde seg, den vesle boki likevel. Han vilde eg skulle koma til Oslo til torsdag, då utdelingi skulde gå for seg. Fjernsyn nemnde han, og slike nye greidor. Eg sa nei med det same.... Visst er eg takksam, men det høver ikkje for ein arbeidsmann å møta fram på slike stader."
Men sjølv om Hauge syntest smålåten og ofte trekte seg unna merksemd, sette han inst inne stor pris på den. Han ville gjerne bli sett og akseptert, han som dei fleste andre.

Sjølv har eg vore fascinert av Olav H. Hauge lenge, først gjennom dikta hans og seinare gjennom historia om mannen sjølv. Det er smått utruleg at denne karen, som stort sett gjekk og sulla heime på garden Hakestad, hadde betre oversikt over lyrikk rundt om i verda enn dei fleste andre her til lands. Ein treng altså ikkje ha Oslo 3 som adresse for å følgja med på det som skjer!

Er du berre litt interessert i Olav H. Hauge, vil eg tilrå biografien Mitt liv var draum av Knut Olav Åmås. Det er ein framifrå biografi, grundig og ærleg og Åmås trengjer gjennom myta om "den diktande fruktdyrkaren". Han får fram dei store spenningane og kler av det romantiske synet på fruktbonden i Hardanger. Vel verdt å lesa!

I desse OL-tider kan diktet om Kuppern kanskje passa som avslutning, sjølv om det vart skrive til eit vinter-OL:

KUPPERN SKRID I SQUAW VALLEY

Eg har og teke premi på skeisor, eg vart
nummer fire i eit skulerenn då eg var åtte,
etter han Leiv.
Men dei hine hadde stålsette skeisor,
og eg hadde berre jarn.
Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
eg tok dei som hadde
største snablane.

Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare um staven.

tirsdag 12. august 2008

Årets konsert















For min del blir nok gårsdagens opningskonsert for Oslo Jazzfestival i det nye operabygget årets konserthøgdepunkt. Det vart to konsertar i ein, med ei avdeling Porgy & Bess og ei avdeling med Sketches of Spain.

Først eit par ord om operabygget. Det geniale ved bygget vart ikkje klart for meg før eg forsto at dette er eit bygg ein kan gå på - og det gjer folk til gagns. "Å gå på opera" har fått ein ny betydning; no er det reine folkesporten. Eg kosar meg også med tanken på at Frp her har feilrekna publikummet sitt grovt med den negative haldninga til bygget. "Folk flest" har trykt bygget til sitt bryst og det kan absolutt kallast Folkets hus. Som vanleg slepp Frp alt for billeg frå dette..

Tilbake til konserten. Maria Schneider stod i sentrum med sine Gil Evans-arrangement og det let flott, berre så det er sagt. Konserten opna, litt overraskande, med Porgy & Bess og Nicholas Payton som solist. Payton har (som mange andre) vorte kalla den nye Louis Armstrong, mykje pga. oppvekst i New Orleans og ei framtoning og ein trompetlyd som liknar mykje på gamle Louis. Det er alltid farleg å bli kalla "den nye ...", uansett kva sjanger og instrument det er. Det har teke knekken på mang ein artist.

Eg trur det kanskje også har prega Nicholas Payton og gjort han litt forvirra. Frå å starta som typisk neoklassisk bop-trompetist, har han gjort merkelege U-svingar innom m.a. electronica for så å venda tilbake til utgangspunktet. Det er litt typisk for den nye generasjonen av amerikanske jazz-musikarar; dei veit ikkje heilt kva bein dei skal stå på. Til Payton er det berre å seia: "hald fast på det du starta på". Han er heilt klart best når han spelar standardlåtar, og gjerne dei blues-prega.

Slik sett kunne han verka som eit litt feil val til å ta Miles-rolla i Evans-klassikaren Porgy & Bess. Og det vart noko uforløyst over det heile. Visst spelar han bra, men det læt litt tillært og ikkje heilt ekte. Berre på eit par melodiar (Summertime og There's a boat that's leavin' soon for New York) kom den "ekte" Payton fram, og særleg på den siste melodien tok det av. Men før det var det litt tamt. Eg tenkjer at Porgy & Bess-versjonen til Ella Fitzgerald og Louis Armstrong ville ha passa Nicholas Payton mykje betre, men det måtte jo ha blitt i eit anna konsertformat.

Sketches of Spain avslutta konserten og det vart eit formidabelt høgdepunkt. Det er ganske fantastisk at ein norsk trompetar, attpåtil frå Sogn og Fjordane!, skal stå i sentrum for noko slikt. Men Arve Henriksen overbeviste og publikum skjønte fort at dette var noko spesielt. Han makta å gi sitt eige uttrykk til melodiane medan han på same tid var heilt i Miles si ånd. Det var rett og slett fantastisk. Ekstranummeret fortener også omtale: Han sette i gang ein improvisasjon som heilt klart ikkje var avtalt. Musikarane var temmeleg rådville, men han fekk dei gradvis med, og til slutt også heile salen.

Om eg skal trekka bitte lite grann i Arve Henriksen sitt spel må det vera at eg heile tida sat med ein følelse av at teknikken er noko begrensa. Særleg i dei sterke partia hadde han litt lite å bidra med, og overlet det meste til ensemblet, med trompetrekkja og Frank Brodal i front. Arve Henriksen minner meg ein del om Palle Mikkelgaard i spelestilen og uttrykket - spesielt dei vare, melodiske linjene. Men Palle har det vesle ekstra når han gir jarnet, sjølv om det skjer svært sjeldan.

Maria Schneider leia begge avdelingane med stødig hand og viste at ho har eit heilt spesielt forhold til denne musikken og ei heilt spesiell forståing. Sjølv om ho stod i sentrum for konserten, kom ho litt i bakgrunn av Arve Henriksen sin prestasjon. Men det hadde ho tydelegvis ikkje noko i mot; og Arve Henriksen er heller ikkje den typen som tek rampelyset frå nokon - heller omvendt.

Her har vi ein musikar frå Sogn og Fjordane som er i absolutt toppklasse, utan tvil den største musikaren fylket har fostra i nyare tid. Og så er det knapt eit menneske som kjenner til han i heimfylket..

søndag 10. august 2008

Den viktige oversetjaren

Favorittforfattar for tida er finske Arto Paasilinna. Han har skrive ei rekkje bøker og slo gjennom i heimlandet med boka Harens år i 1975. Bøkene er oversette til mange språk, men til norsk kom dei ikkje før nokre få år sidan. Harens år vart oversett i 2004 og seinare kom Den ulende mølleren (2006), De hengte revenes skog (2006), Kollektivt selvmord (2007) og Den elskelige giftblandersken (2008).

Det er ikkje tunge finske tankar a la "finsk fjernsynsteater" Paasilinna formidlar, men tvert om lettlesne og humoristiske historiar. Dei har eit visst burlesk preg og det er ofte den utstøytte middelaldrande mannen det handlar om, som gjerne dreg djupt inn i dei finske skogane og lever ut livet der i kontrast til det moderne. Rikelege mengder sprit høyrer også med, og her lever bøkene meir opp til dei finske mytane. Eg synest t.d. Erlend Loes Doppler minner mykje om Paasilinna, også i måten menneske og dyr kommuniserer på.

Eg har lese alle bøkene med unnatak av Kollektivt selvmord og den einaste eg synest ikkje held heilt mål, er Den elskelige gift-blandersken. Det er delvis på grunn av historien som ikkje er like god som i dei to første, men etter kvart sakna eg også det frodige språket som er heilt avgjerande i oversetjinga av ein slik forfattar (utan at eg kan eit ord finsk).

Det var då eg oppdaga at den siste boka er oversett av ein annan enn dei første. Dei tre første bøkene er oversette av Nøste Kendzior, kanskje kjend frå NRK og med kvensk bakgrunn, trur eg. Dessverre døydde ho i slutten av 2006 og blir ståande med dei tre oversetjingane av Paasilinna ho rakk. Det var synd ho starta så seint, for ho verka å ha eit sikkert tak på språket til Paasilinna.

Det er ikkje ofte ein tenkjer over oversetjingskvalitet og det er ikkje så rart. Det er sjeldan ein kan samanlikna originalteksten med den oversette, eller som i dette tilfellet ein oversetjar sitt arbeid opp mot ein annan.

Arto Paasilinna kan uansett tilrådast. Det er korte og lettlesne bøker og eg tilrår å starta med enten De hengte revenes skog eller Harens år.

fredag 8. august 2008

Komplett uforståeleg

Komplett.no er ein av dei store på netthandel av elektroniske varer og eg brukar dei ofte. Det siste kjøpet var minne til ein gammal pc. Men då minnet skulle installerast, viste det seg at det ikkje fungerte.

PC-en er ein Fujitsu-Siemens av merket Scaleo, årsmodell 2001. Dessverre er ikkje Fujitsu-Siemens særleg interesserte i å opplysa kva modelltype dei sel så det var uråd å finna ut eksakt modell både via merking av sjølve pc-en og via medfølgjande dokumentasjon. Søk på modellnr., som stod på pc-en, ga ikkje resultat verken på Fujitsu-Siemens sine nettsider eller på Google.

Eg returnerte dermed minnebrikkane ved å følgja Komplett si oppskrift for "retur av produkt". Eg merka returen med at minnebrikkane ikkje passa til pc-en. Det såg ut til å fungera fint, men i dag kom det ny melding frå Komplett om at dei hadde funne feil på den eine minnebrikken og at den ville bli erstatta og ny sendt saman med dei andre brikkane. Men det var jo ikkje feil på minnebrikkane som var problemet, det var feil type minnebrikkar.

På brukarstøtte fekk eg opplyst om at eg ikkje skulle ha brukt "retur", men "angrefrist" - nærmast med eit "sjølvsagt" lagt til. Det er neimen ikkje lett å forstå ut frå opplysningane på Komplett sine nettsider. Moralen er: Snakk kunden (brukaren) sitt språk! Gjer det heilt klart for kunden at det er snakk om angrefrist og ikkje retur ved å stilla eit enkelt spørsmål i starten av rettleiinga.

Men elles er eg godt nøgd med Komplett...

fredag 11. juli 2008

iPhone? Nei takk!

I dag blir Apples iPhone lansert med brask og bram i dei fleste europeiske land. Den har etter kvart fått nødvendig oppgradering som 3G og MMS og er i det heile rålekker. Men det er gode grunnar for at me bør seia nei takk til telefonen, om enn med tungt hjarte.

Lanseringskampanjen er stramt styrt, så stramt som berre Apple kan. Aftenposten melde i går om tøffe kontraktar for media for å få tilgang til prøveeksemplar, ein kontrakt dei sjølve nekta å skriva under på. Dessverre er det mange som skriv under berre for å få hendene i eit eksemplar. På dette området er Apple typisk amerikansk: ein tilsynelatande fri og uformell stil (jfr. Steve Jobs ulike lanseringskonferansar) som skjuler eit beinhardt regime. Dongeri utanpå, militæruniform under..

Men det er andre ting som er verre med iPhone: Låsing av telefonen både til mobiloperatør og låsing av plattform. Det første er ikkje noko nytt, men Apple har teke det eit par steg lenger enn konkurrentane. Det siste er typisk Apple; Microsoft er den som får kjeften medan Apple i det store og heile er mykje verre når det gjeld låsing og proprietære haldningar. Forbrukarombodet Bjørn Erik Thon har fleire gonger kritisert Apples iPhone-planar i Norge og har pressa på for større openheit.

Ingen skal ta frå Apple evna til å laga kule ting. Dei har dei ypparste designarane og lagar rett og slett dei kulaste dingsane. Slik er det også med iPhone som redefinerer mobiltelefonen og legg lista høgt for konkurrentane. Ikkje minst er brukargrensesnittet, med peiking og ulike bevegelsar for forstørring og forminsking, genialt.

Men bak det tiltalande ytre er det ein filosofi som skremmer. Det er låsinga av telefonen og total tilgangskontroll som er det mest skumle. Det varslar ein ny trend som på lenger sikt kan bli heilt øydeleggjande for det kreative og innovative Internettet me kjenner. Jonathan Zittrain brukar iPhone som eksempel på den nye bølgja som han meiner kan føra Internett-utviklinga lukst i avgrunnen ("The Future of Internet - and How to Stop It"). Den boka skal eg komma grundigare tilbake til om litt.

torsdag 10. juli 2008

Exit Bill Gates?

Når eg tenkjer etter, har det vore mange avskjedshistoriar om Bill Gates. Det ser ut som han tek ein Bekkelund (Kjell, ikkje Martin :-) kvar gong.

Mistanken blir styrka når eg les John C. Dvorak, spaltist i mellom anna PC Magazine. Han legg vanlegvis ikkje fingrane mellom, heller ikkje denne gongen..

mandag 7. juli 2008

Blir vi dumme av Google?

Det er Nicholas Carr som stiller spørsmålet i tidsskriftet Atlantic ("Is Google Making Us Stupid?"). Nicholas Carr er ein mykje brukt skribent og foredragshaldar og er tidlegare redaktør av Harvard Business Review. Han er mest kjend for boka Does IT Matter? frå 2004, då han starta ein omfattande debatt om nytten av IT sett i forhold til investeringsomfanget.

Hovudpoenget i Atlantic-artikkelen er at mediet og verktøya vi omgir oss med, påverkar måten vi tenkjer og utviklar oss på. Han tek utgangspunkt i seg sjølv og det faktum at han les færre og færre bøker og lange artiklar og meiner han gradvis har mista evna til å konsentrera seg djupt nok til å gjera slikt. Når nettet etter kvart blir den viktigaste kjelda til informasjon, blir vi også påverka av måten mediet blir brukt på. Vi flakkar frå nettstad til nettstad med liten tolmodigheit og skummar brokker av tekst i stor fart.

Han ser sjølv faresignal i måten han "klagar" over utviklinga og viser til tidlegare tiders liknande åtvaringar over mellom anna innføringa av skriftkulturen og boktrykke-kunsten. Mange av dei åtvaringane viste seg å vera korrekte, men tok ikkje høgde for den utviklinga dei nye oppfinningane gjorde muleg.

Artikkelen til Carr minner meg elles om eit foredrag professor Arnulf Kolstad, NTNU, heldt på IT-forum i 2003. Han snakka om korleis den menneskelege utviklinga gjennom tidene hadde vorte påverka av dei verktøya som vart brukte. Tittelen på foredraget hans (laga av oss i programkomiteen) var "Er IT berre eit verktøy eller gjer det noko med oss menneske?". Frasen "berre eit verktøy" kalla Kolstad århundrets understatement!

Han stilte spørsmål om IT som verktøy kan hemma kreativiteten ved at den særleg stimulerer den faktaorienterte og repeterande måten å tenkja på. Han avslutta elles med uttrykket om at "viljen til å vilja, skaper evna til å kunna".

tirsdag 1. juli 2008

Halvtomt eller halvfullt?

Enkelte situasjonar kan handterast som eit problem eller som ei mulegheit - om lag som det halve glaset som kan oppfattast som halvtomt av den negative, og halvfullt av den positive. Eg snakkar ikkje her om det klisjeaktige "ingen problem, berre utfordringar" - det er jo av og til til å spy av.

Det var ei oppleving med Widerøe i dag som fekk meg til å skriva innlegget. Eg hadde i utgangspunktet ein rabattert billett frå Sogndal - Oslo (t/r) med retur 02.07. Eg ønskte å endra tilbakereisa til i 01.07 og brukte chat-tenesta deira til det. Det tok lang tid før eg fekk svar (med chat vil alt over 10-15 sekundar opplevast som veeeldig lenge - det er noko dei som driv slike tenester må vera klar over). Svaret eg fekk var at billetten min ikkje kunne endrast. Punktum.

Men her var eg i ein situasjon der eg måtte reisa tilbake ein dag tidlegare og var villeg til å betala full pris for det. Med andre ord låg det ein mulegheit for Widerøe til å selja meg ein ekstra billett, til full pris. Kvifor grip dei ikkje ein slik sjanse? Er det fordi det er uhyre sjelda at det skjer, eller er det fordi dei ikkje tenkjer i dei baner i det heile? Eg trur kanskje det er det siste, og uansett kor ofte dette skjer så kostar dei det veldig lite å vera hjelpsame med å tilby og leggja til rette for ei slikt ekstra sal.

mandag 16. juni 2008

Web-en som aldri vart!

I boka ”Glut – Mastering Information Through Ages” ser Alex Wright på informasjonsbehandling frå tidenes morgon. Overskrifta ”Web-en som aldri vart” (The Web That Wasn’t) er henta frå siste kapittelet i boka og var også tema for foredraget Wright heldt på Topic Maps 2008 i Oslo i april.

Alex Wright er informasjonsarkitekt, utdanna i information science ved det som vi vel vil kalla eit bibliotekstudium. Begrepet information science vart forresten lansert av indaren Shiyali Ramamrita Ranganathan, mannen som vart meir kjend for innføringa av fasettert klassifisering.

Wright skriv historien om skriftspråket frå den sumeriske kulturen i Mesopotamia 3-4000 år f. Kr. Interessant nok fann dei opp måtar å notera viktig informasjon om handel, då kulturen deira nettopp var prega av omfattande handel. Dette er eit poeng Wright understrekar: store omveltingar innan skriftspråket og skriftkulturen har som regel hatt kommersielle årsaker.

Irane får sin plass i skrifthistorien ved den store innverknaden dei hadde på utviklinga etter Romerriket fall. Frå å vera ein utpost i Europa og svært langt frå det skriftspråklege sentrum, vart Irland eit føregangsland som løfta skriftspråket og bokkunsten til nye høgder. Ein viktig grunn til dette var kristninga av landet ved St. Patrick og at Irland var det første landet der det skjedde ved hjelp av den nye teknologien boka.

Johan Gutenberg og trykkekunsten kan sjølvsagt ikkje forbigåast, og Martin Luther var ein av dei første som utnytta potensialet i den masseproduksjonen boktrykkekunsten gjorde muleg. Wright peikar også på protestantismen som den venstre hjernehalvdelens seier over skrift-utviklinga: bort med unødig krims-krams av illustrasjonar og einsidig fokus på tekst. Den lineære tekstlege framstillinga vart rettesnora.

Den engelske filosofen og forfattaren Francis Bacon får mykje av æra for å introdusera ei vitskapleg tilnærming til arbeidet med systemering og katalogisering. Han braut med den mystiske og religiøse retninga og introduserte fornuft og erfaring som rettesnor for inndeling. Han føreslo ei inndeling av skrifter i hovudgruppene historie (memory), filosofi (reason) og kunst (fine art/poetry).

På 1800-talet auka talet på bøker og boktitlar enormt og biblioteka stod etter kvart til knes i gjenfinningsproblem. Den vanlege måten å ordna bøker var framleis alfabetisk, og metadata var så å seia ukjent. Ein av dei første som prøvde å utvikla eit universelt katalogiseringssystem, var dr. John Wilkins (siste halvdel av 1600-talet). Men det var først på 1800-talet det vart fart i sakene, særleg med engelsk-italienske Anthony Panizzi og amerikanske Charles Cutter. Dei starta den industrielle biblioteksalderen og Melville Dewey må seiast å vera den som fullførte den med sitt Dewey desimalsystem.

Dewey har fått meir enn sin del av kritikk for eit totalomfattande klassifiseringssystem, men som han sjølv sa: ”Theoretically, the division of every subject into just nine heads is absurd. Practically, it is desirable.” Dewey var besett av tanken på effektivisering av biblioteksarbeidet, og desimalsystemet, som lever i beste velgåande, må sjåast i lys av det.

Boka til Alex Wright fører som sagt fram til hovudsaka The Web That Wasn’t. Her er belgiaren Paul Otlet (sjå tidlegare omtale frå Topic Maps-konferansen) sentral med sitt svært visjonære prosjekt Mundaneum. Otlet brukte Dewey sitt system som utgangspunkt for klassifiseringa Universal Decimal Classification (UDC), den første – og einaste – fullstendige implementeringa av Ranganathan sitt fasetterte klassifiseringssystem.

Vannevar Bush får naturlegvis merksemd for sitt banebrytande arbeid med The Memex, første gang omtala i den berømte artikkelen As We May Think i 1945. Bush vidareførte Otlets visjon, sjølv om han neppe kjende til belgiaren sitt arbeid, og prøvde også å realisera visjonen i Memex. Det viktigaste i Memex-systemet var namngjeving av relasjonar, eit kjent tema for dei som arbeider med emnekart. Bush såg relasjonane mellom informasjonselement, i hans system ulike mikrofilm-utdrag, som det sentrale. Kvar brukar kunne laga og namngi sine eigne relasjonar og slik kunne det bli laga mange ”stiar” mellom dokument (mikrofilmar).

Vektlegginga av den personlege bruken og tilgang til informasjon for den vanlege brukaren, går som ein raud tråd frå franskmannen Denis Diderot, den første som tok leksikon på alvor og laga eit leksikon for folk flest, via Vannevar Bush til Ted Nelson og kanskje også Tim Berners-Lee. Det siste er eg litt usikker på, for TBL var forskar og såg web-en først og fremst som eit instrument for vitskapsfolk.

Amerikanaren Ted Nelson var frå starten av i grenselandet geni/gal viskapsmann. Han tok kraftig avstand frå den retninga it-utviklinga gjekk, med stadig større kommersielle interesser og utvikling av eit eige presteskap (programmerarar, systemutviklarar, driftspersonell – eit presteskap som i høgste grad også er til stades i dag. Han lanserte revolusjonerande idear om it som verktøy for vanlege folk ved at den vart avkledd dei mange unaturlege begrepa og implementasjonane.

Nøyaktig kva Ted Nelson meinte og meiner, er det vel ingen utanom han sjølv som forstår, men at han har hatt stor innverknad på it-utviklinga – særleg web-en – er det lite tvil om. Han lanserte begrepet hypertekst, men hovudtanken hans var og er it-systemet Xanadu. Det kan kanskje sjåast på som eit alternativ til dagens web. Nelson er i alle fall ikkje mykje imponert av web-en som han forakteleg kallar ”decorated directories”.

Kapitlet "The Web That Wasn't" er avslutninga på dei mange personane og innspela på it-sida før web-en vart eit faktum. Det web-en mellom anna manglar, er 'typing' av lenker - dvs. ei lenke er ei lenke og me veit ikkje noko meir om kva slags relasjon det er. Lenkene er også berre einvegs og det vil seia at den nettressursen som blir peika til, er uvitande om dette.

Her er det på sin plass å referera David Weinberger, som også var 'keynote speaker' på Topic Maps 2008. Han kommenterte Alex Wrights foredrag med å seia at me skal vera veldig glade for at dei "svakheitene" Wright påpeikte med web-en, er som dei er. Han nemnde spesielt "typing" av lenker og meinte det ville vore ein katastrofe og at web-en aldri ville fungert som den gjer i dag med eit slikt tillegg. Hovudpoenget hans var at det er den enkle konstruksjonen med nærmast null innebygd "intelligens" som har gjort web-en til den suksessen den er.

Avslutningsvis diskuterer Wright framtida for web-en og gjer det ved å trekkja inn forholdet mellom det skriftlege og det munnlege. Boka hans er ein gjennomgang av skriftkulturen, men likevel meiner han at det er det munnlege som er den rike kommunikasjonen mellom menneska og at skrift eigentleg er ein kunstig kommunikasjon. Wright ser den siste utviklinga på nettet og elles som nettopp eit uttrykk for den munnlege kommunikasjonen sin styrke (epost, sms, web 2.0) og han meiner det er ein styrke for nettet at det kan ta opp i seg denne viktigaste delen av menneskeleg kommunikasjon.

søndag 15. juni 2008

Wittgenstein's Poker

Som oppfølging til seminaret om Wittgenstein og taus kunnskap, passar det bra med ein omtale av boka "Wittgenstein's Poker" av David Edmonds og John Eidinow, to BBC-journalistar. Poker er her ikkje kortspel, men eldrake til å raka i glørne med.

Tittelen på boka referer til eit kort og stormfullt møte mellom to vitskapsfilosofiske gigantar; Ludwig Wittgensten og Karl Popper. Dei møttest berre ein gong, under ei gjesteforelesing Popper heldt ved King's College i Cambridge i 1946. Det stormfulle møtet varte berre i 10 minuttar (!), og Wittgenstein skal ha vifta truande med ei eldrake mot Popper før han storma ut av auditoriet.

Det kan synast som å koka suppe på ein spikar å skriva ei bok på 233 sider om eit samanstøyt som varte i 10 minuttar, men boka opplevest ikkje slik. Sjølv om dramaturgien i boka byggjer opp mot det store samanstøytet, er boka interessant både som biografi om Wittgenstein og Popper.

Dei to filosofane stod ganske langt frå kvarandre, og det var også grunnen til utfallet av det berømte møtet mellom dei i 1946. Veldig forenkla kan ein seia at Wittgenstein var representant for ei retning der filosofien var til for filosofien sin del, resten av verda var på ein måte ikkje interessant. Den reine filosofien var målet. Popper stod for motsatsen til dette synet; for han var filosofi berre interessant som ein reiskap til å forbetra verda, og då med tydelege politiske overtonar.

Best kjem den politiske dimensjonen i Poppers arbeid til uttrykk i verket The Open Society and It's Enemies - ein analyse av diktatoriske retningar og eit sterkt forsvar for det opne demokratiet. Men verket kan også tolkast i andre retningar, og den kjende investoren George Soros brukte Popper sine idear som underlag for finansielle satsingar. Han vurderte bedrifter som hadde tolt open konkurranse og klart seg gjennom tøffe periodar, som betre investeringsobjekt enn andre som tilsynelatande hadde både større vekst og større mulegheiter.

Filosofen og matematikaren Bertrand Russell er også ein sentral person i boka. Han var sentral i å få Wittgenstein til Cambridge og vart på mange måtar mentoren hans. I Tractatus, Wittgenstein si første bok, var Russell helten og Wittgenstein prøvde her å ta Russells analysar eit steg lenger. Men tilhøvet mellom dei to kjølna, ikkje minst fordi Wittgenstein meir og meir såg på Russel som overfladisk og ikkje djuptenkt nok. Russell på si side forstod ikkje den retninga Wittgenstein gjekk i med arbeidet Philosophical Investigations. Her delte Russel synet til Popper. Popper sa at det var ikkje noko han var direkte ueinig i i verket, det var berre det at det var så uinteressant og heilt på sida.

Russell hevda at sjølv om språket og orda våre blir heilt presist oppfatta, vil ikkje problema forsvinna av den grunn, og han brukte følgjande anekdote til å illustrera det.

Russell var på sykkeltur til Winchester og stoppa for å spørja ein butikkeigar om den kortaste vegen. Butikkeigaren ropte til ein mann på lageret:

"Gentleman wants to know the shortest way to Winchester."

"Winchester?" an unseen voice replied.

"Aye."

"Way to Winchester?"

"Aye."

"Shortest way?"

"Aye."

"Dunno."

I forelesinga ved Cambridge var Popper klar over at Wittgenstein mest sannsynleg ville vera til stades og han såg fram til å utfordra han på standpunktet om at det ikkje fanst reelle filosofiske problem/utfordringar, berre språklege gåter (linguistic puzzles). Det vart ein kort og oppheta diskusjon om dette temaet før Wittgenstein etter historien vifta truande med eldraka og forsvann frå rommet.

I dag er det Wittgenstein som får mest omtale og interesse av dei to filosofane, men mykje av grunnen er at Popper sine nytenkjande og kritiske idear no er daglegdagse og me tek dei for gitt. Det er difor heilt nødvendig å lesa Popper med 30- og 40-talets Europa i minne for å forså kor viktige bidrag han kom med.

torsdag 12. juni 2008

Copernicus og omvendt sikkerheitstenking

Eg er på konferanse ved Universitetet i Agder og har det same problemet som eg alltid har ved universitet og høgskular (og mange andre stader): eg får ikkje tilgang til nettet utan vidare. UiA er verken verre eller betre enn andre, dei er i grunnen like dårlege.

Utgangspunktet synest å vera: først stengjer vi alt, og så kan vi sjå om enkelte ting kan sleppast opp litt. Det er her tanken om Copernicus og det omvendte perspektivet melder seg. Copernicus endra radikalt oppfatninga om universet ved å introdusera den heliosentriske tankegangen - stikk motsett av den rådande oppfatninga av Jorda som sentrum. Kva om vi tenkjer på same måte om sikkerheit og tilgangsavgrensing: Alt er ope så sant det ikkje er tvingande nødvendig å lukka det. Kanskje litt søkt å trekka parallellar med Copernicus, men poenget er at eit slikt omvendt standpunkt er krevjande å venja seg til dersom ein er vant til å tenkja sikkerheit og avstenging som første steg.

Det minner meg også om diskusjonar i samband med ny strategi for Miside: Miside i dag er basert på at ikkje noko er tilgjengeleg før du har logga inn og gjort deg til kjenne. Mitt standpunkt er det motsette: Mest muleg må vera tilgjengeleg og berre når det er heilt nødvendig, skal ein logga inn.

På ein campus burde det vera heilt sjølvsagt å tilby eit ope nett - det burde ikkje ein gong vera særleg vanskeleg. Dessverre er det det motsette som er tilfelle.

Konferansen handla forresten om gevinstrealisering innan helsesektoren (helse og it) og var bra...