søndag 7. desember 2008

Facebook - den lukka boka

På Kvalitetskonferansen sist veke var det som nemnt ein paneldebatt om web 2.0 og korleis offentleg forvaltning skal forhalda seg til utviklinga. Deltakarane kunne senda spørsmål til panelet via SMS. Dessverre kom ikkje spørsmålet mitt fram, eller det vart ikkje presentert. Så då får eg stilla det her:

"Står ikkje Facebook på mange måtar for det motsette av offentleg forvaltning: Eit lukka informasjonssamfunn i staden for ope?"
Sidan panelet ikkje fekk spørsmålet, må eg svara sjølv. Og svaret mitt er ja, Facebook er i høg grad ei lukka teneste som slik sett strir mot grunntanken i web-en. Den byggjer så langt eg forstår også for det meste på proprietære løysingar. Berre det faktum at ei nett-teneste lagar sin eigen variant av HTML (FBML - Facebook Markup Language) burde vera god nok grunn til å vera forsiktig.

Facebook fyller i høgste grad eit behov, det er vel populariteten eit synleg bevis for. Men faren er at mykje informasjon som elles ville vore tilgjengeleg på det frie nettet, blir lukka bak Facebooks murar. Det er ei uheldig utvikling som minner om innestenginga som skjer på produktsida (Apples iPhone o.l.).

I kampen for eit ope nett bør det offentlege halda fana høgt og seia klart frå kva utvikling ein ønskjer. Viss Heidi Grande Røys skulle ta sine eigne standardiseringsråd alvorleg, ville vel Facebook stå på lista over tenester og format som ikkje bør brukast!

5 kommentarer:

Harald sa...

I den snevre betydningen åpent="alle kan delta" er Facebook mer åpent enn LMSer eller vanlige statlige/kommunale nettsider. LMSer stenger ved vanlige innstillinger vekk for innsyn for alle unntatt elever og lærere, de er forbundet med lisenskostnader. Facebook derimot er gratis, globalt og har brukerstyrte graderte innstillinger for hvilken informasjon som skal være tilgjengelig for hvilke grupper.

I betydningen åpen="følge standarder" er svaret at det (ennå) ikke finnes noen standard for sosiale nettverk. Google har lansert standarden "Open social" som muliggjør å veve sammen innhold fra forskjellige sosiale nettverkstjenester med felles pålogging.

The Economist: Break down these walls
Mar 19th 2008
http://www.economist.com/opinion/displaystory.cfm?story_id=10880516

FBML er ikke et eget formateringsspråk som HTML. Det er et sett med tagger å legge inn i HTML-sider som legger til UI-elementer fra Facebook. F.eks legger taggen fb:user-status inn en html-visning av om brukeren er pålogga nå. Sluttproduktet for FBML er standardtro HTML.

http://wiki.developers.facebook.com/index.php/FBML

Lars Marius Garshol sa...

Det er slående hvor lukket Facebook er, ja. Veldig lite på Facebook kan linkes til fra utsiden, eller linker ut til ting utenfor Facebook. Og veldig mye av det Facebook gjør er egentlig bare å flytte tjenester som allerede fantes utenfor Facebook innenfor Facebook-murene.

Generelt er det umulig å få informasjon ut av Facebook. For å få tilgang til Facebook-informasjon må du lage en Facebook-applikasjon, som kjører og bruker informasjonen til å gjøre ting på innsiden av muren, på Facebooks premisser.

Det Facebook har lyktes best med er nok det å trykke på de rette sosiale knappene hos brukerne. Funksjoner som "give a beer" er rasjonelt sett meningsløse (du får et ikon som viser et ølglass), men treffer tydeligvis noe hos folk.

Svein Ø sa...

Det er opplagt at Facebook er avhengig av at brukarane gir seg til kjenne, det er jo det tenesta er bygd for. Akkurat det kan den ikkje kritiserast for.

Men som Lars Marius er inne på er den uheldige utviklinga alt som blir putta innafor murane og at Facebook tydelegvis har bestemt seg for "å vera seg sjølv nok". Eg er svært skeptisk til ei slik utvikling og meiner det opne nettet, i vidaste forstand, er verdt å kjempa for.

Og eg trur det er ein kamp som må førast kontinuerleg. Som både Jonathan Zittrain og Larry Lessig m.fl. viser på ein grundig måte er ikkje framtidas Internett nødvendigvis det opne nettet me kjenner i dag.

minpost sa...

Vel Svein....

Hadde ikkje Facebook vert lukka, ville vel suksessen uteblitt ???
Det samme med iPhone som du viser til. Dersom Apple ikkje hadde eige format på musikken, ville dei aldri hatt økonomi til å utvikle iPhone.....
Eg er einig med deg i prinsippet, men av og til lyt "business" dra utviklinga. Det er ingen som lever av "gratis". Så lenge det er konkurranse mellom store og små selskap, vil det drive utviklinga raskare.

Svein Ø sa...

Utviklinga vil pressa fram opne løysingar - det siste eksempelet er fjerning av DRM frå Apple sine lydfiler.

Men også Facebook vil bli pressa til å opna seg mot andre sosiale nettstader, og initiativ som Open Social frå Google vil hjelpa til her.