torsdag 4. desember 2008

Kvalitet 2008

Årets kvalitetsvurdering av offentlege nettstader har sitt høgdepunkt i dag med konferanse på Oslo Plaza der vinnarane blir presenterte. Denne konferansen blir arrangert for fjerde gang, men kvalitetsevalueringar har vore gjennomførte sidan 2001. Og eg har følgt arbeidet tett frå starten i Statskonsult (Egil Jacobsen sentral i etableringa).

Konferansen har samla 260 deltakarar, det er rett og slett imponerande! Eg håpar DIFI (Direktoratet for forvaltning og ikt) klarer å utnytta dette potensialet til å styrka arbeidet med kvalitet på nettsider. Det er min (uærbødige) påstand at dette arbeidet er eit av dei offentlege it-prosjekta som har størst ROI! Eit billeg prosjekt som har gitt store resultat. Men eg er jo sjølvsagt litt inhabil her.

Etter innleiande presentasjonar av personleg rådgivar i FAD, Jørund Leknes, og direktør i DIFI, Hans Chr. Holte, ga Jostein Magnussen i Netlife Research ein introduksjon til web 2.0. Han gjorde det på ein elegant måte ved å ta utgangspunkt i sida www.norge.no/kvalitet, som definitivt er web 1.0, og viste korleis den og prosjektet kan og bør snuast i retning web 2.0.

Så fortalde Øyvind Solstad i NRKbeta om arbeidet deira med nye media, særleg knytt til den teknologiske sandkassen NRKbeta. Han gjorde det på ein overtydande måte, ein ekte "Web 2.0-ar", ein som er innafor kulturen og har forstått kva det dreier seg om. Veldig befriande å høyra ein slik fortelja om bruken av web 2.0 og ikkje ein forstå-seg-på-ar som eigentleg ikkje forstår kva det handlar om. Er du interessert i eit godt foredrag om web 2.0, er Øyvind mannen å kontakta. Han kan få det travelt framover..

Paneldebatten tok opp spørsmålet om bruk av web 2.0 i forvaltninga. Peter Hidas frå Gartner, trekte fram tre viktige spørsmål innleiingsvis:

  1. Korleis skal off. sektor vurdera gevinstpotensialet knytt til web 2.0?
  2. Er det ein fare for at web 2.0 tek merksemda og ressursar bort frå andre, viktige tiltak?
  3. Er offentleg sektor villeg til å dela verdikjeda si med andre?
Interessant tema, men slapp debatt. Problemet var kanskje at det ikkje var heilt dei rette personane i panelet. Nokon med forvaltningskunnskap, gjerne juridisk retta, burde vore der. Slike folk har vel DIFI mange av sjølve??


Så til årets vinnarar av Kvalitet 2008:

Årets kommunale nettstad: Sørum kommune


Årets statlege nettstad: Høgskolen i Bergen


Årets nett-teneste (open kategori): Finansportalen


Årets tilgjengelegheitspris: Nasjonalt dokumentasjonssenter

8 kommentarer:

Unknown sa...

Hei Svein

Takk for sist (Nokobit 2007). Ser ut til at du er på konferansen. Venter i spenning på resultatene ;-)

Svein Ø sa...

Heldt på å sleppa opp for straum og vart nesten tvinga til å offentleggjera resultata før dei vart kjende i salen :-)

Unknown sa...

Det var jo bra du slapp det da ;-)
Nå er jeg spent på hvordan vår Høgskole ligger an.

Svein Ø sa...

Ser at de har fått 3 stjerner. Rom for forbetringar med andre ord.

Unknown sa...

Det kan man trygt si. Alta Kommune, derimot kommer som vanlig godt ut.

Unknown sa...

Da fikk jeg omsider oppdatert bloggen min:http://connysit.blogspot.com/2008/12/difi-direktoratet-for-forvaltning-og.html

Anonym sa...

Jeg er enig i at paneldebatten aldri ble den höydaren temaet fortjente. Mulig sammensettingen av panelet bidro til dette, slik du skriver. Hidas har som alltid spennende tanker, men det hele ble tåkete og lite konkret. Min oppsummering av konferansen finnes her

Vi trenger flere gode eksempler på brukergenererte tjenester innen offentlig forvaltning. Vi trenger også kommunikasjonsfaglige miljøer som forstår denne teknologien og legger til rette for nye måter å involvere brukerne på. Med unntak av nrkbeta.no finnes det - meg bekjent - ingen slike miljøer innen offentlig forvaltning.

Oyvind sa...

Tusen takk for omtalen og skryt!

Nettsiden min er http://oyvindsolstad.com for kontaktinfo - og hvor jeg legger ut presentasjonen (når jeg får tid mellom jobbing, julegaver osv).

=) Øyvind