11. august i år skreiv finansredaktør Terje Erikstad ein kommentar om framtidig KI-trussel, og han understreka at "1367 KI-ekspertar tar neppe feil". Eg svarte på kommentaren, og den fekk tittelen "Jo, 1367 KI-ekspertar kan ta feil" i DN 14.08.
1367 KI-ekspertar kan ta feil
Svein
Ølnes, Sogndal, 13.08.2026
Finansredaktør
Terje Erikstad meiner 1367 KI-ekspertar neppe kan ta feil når dei advarer om ei
farleg utvikling av kunstig intelligens (KI). Men 1367 «KI-ekspertar» er
eigentleg 1367 tilsette i amerikanske KI-selskap, og dei kan ha andre motiv enn fagekspertise
for å komma med advarslar. Dei kan kanskje ha fått beskjed frå sjefane sine om
å skriva under på advarselen.
Advarselen blir gjengitt utan å diskutera underliggjande premiss eller å setja den inn i ein global kontekst. Det er ikkje tvil om at utviklinga innan kunstig intelligens har gjort store framsteg på kort tid og at det kan vera gode grunnar til bekymring over utviklinga. Men det kan også vera lurt å sjå på strategien til dei store amerikanske KI-selskapa, og ikkje minst forretningsidéen deira.
Det føregår ein intens konkurranse globalt om KI-hegemoni, og det paradoksale er at dei dominerande selskapa i USA har valt ein lukka strategi medan Kina har valt ein open. Det er det motsette av det me til vanleg oppfattar som viktige skilnader mellom Kina og USA: Kina som det lukka og ekstremt sentraliserte landet, og USA som det opne motstykket. Kinesiske selskap si satsing på KI-programvare med open kjeldekode (open source) står i direkte kontrast til dei amerikanske selskapa sin lukka (proprietære) programkode.
Den kinesiske strategien kan vera både nødvendig og smart. Kinesiske selskap har ikkje tilgang til ein finansiell marknad som dei amerikanske. I tillegg kan dei opne tenestene frå Kina visa seg å bli ein handgranat inn i den enorme finansielle KI-satsinga i USA. Amerikanske selskap er heilt avhengige av å få styresmaktene med på laget, ikkje minst som ei forsikring mot økonomisk kollaps. Då kan KI-truslar som Erikstad refererer til, vera nyttige. I tillegg får dei støtte frå styresmaktene til å regulera bruken av tenestene. Bruken av dei nyaste versjonane både frå OpenAI og Anthropic blir strengt regulert av selskapa, og det får mange uheldige følgjer.
For eit par veker sidan vart det oppdaga ein alvorleg feil i programkoden til «hardware»-lommeboka ColdCard for bitcoin. Feilen hadde eksistert sidan 2021 og burde ha vorte oppdaga tidlegare, men bruk av KI gjorde den synleg no. KI vart også brukt av hackarane til å utvikla programvare som saumfor blokkjeda for sårbare bitcoin og samla dei opp. Eit knippe «lovlydige» bitcoin-ekspertar jobba dag og natt for å prøva å redda mest muleg av utsette bitcoin, men vart nekta å bruka dei siste versjonane av dei kraftige KI-verktøya. Den urimelege situasjonen var at hackarane tilsynelatande kunne bruka dei kraftigaste verktøya, medan dei som prøvde å hindra ein større skade, vart nekta tilgang til dei same verktøya. Det blir som om ein i gamle dagar skulle ta opp jakta på kriminelle som stakk av i blodtrimma BMW-ar, men berre fekk lov å bruka ein vanleg Skoda.
Stadig fleire uheldige eksempel gir grunn til å spørja om om den amerikanske strategien endar med å skyta seg sjølv i foten og bana veg for kinesisk KI-dominans globalt.
