torsdag 25. juni 2009

Sensasjon i tysk motorpresse

(foto: Hatsukari715, public domain-lisens)
Som langvarig abonnent på det tyske prestisjebladet auto motor und sport har eg meir enn ein gang irritert meg over den tyske sjåvinismen når det gjeld bilar. Det hender så å seia aldri at ein tysk bil taper mot eit importmerke i ein av dei mange testane dei utfører. Og med tysk meiner eg særleg prestisjemerka Porsche, BMW og Mercedes.

Men i eit av dei siste nummera av bladet skjedde det som aldri skjer: Yndlingsmerket Porsche taper i ein duell med Nissan! I testen av Porsche 911 Turbo og Nissan GT-R går faktisk sistnemnde av med seieren. For den som ikkje er inne i tysk motorpresse og ams spesielt, er det kanskje ikkje så underleg, men for andre som kjenner haldningane i media er dette ikkje mindre enn sensasjonelt.

GT-R'en vinn både den såkalla Eigenschaftswertung og Umwelt/Kosten og sjølvsagt også samanlagt.

Hmm, akkurat no vurderer eg å forlengja abonnementet på ams...

torsdag 18. juni 2009

Revolusjonen blir tagga

Nytt innlegg på Vestforsk-bloggen: "Revolusjonen blir tagga". Om Twitter og Iran-demonstrasjonane. Merk grønfargen på Twitter-ikonet!

onsdag 17. juni 2009

Politikarar på feil klode

Forsvarets sikkerheitsteneste, FOST, har skapt store bølgjer i det som blir omtala som ein overvakingsskandale. Sett bak dei store orda ser det heller ut som ei litt pinleg sak om pornosurfing som er oppdaga av feil folk (sjå kommentar i Teknisk Beta). Men politikarane går høgt på bana og brukar store ord - Sponheimen har verkeleg blese seg opp.

I saka der adv.firmaet Simonsen har bede om innsyn i Lyse sine ISP-data, er politikarane derimot fullstendig fråverande. Og det i ei sak som kan få store konsekvensar. Her har Post- og teletilsynet opna opp for at private kan be om innsyn og om nødvendig gå rettens veg, noko som vanlegvis er politiet sin jobb. PTT seier dette var eit enkeltvedtak som dei ikkje trur skaper presedens (!), men andre saker er også i gang så det er ikkje tvil om at dette vil utløysa ny praksis. IFPI har komme med liknande krav om innsyn til Telenor nyleg.

Det avgjerande i Simonsen/Lyse-saka er ikkje ulovleg opp- eller nedlasting av materiale verna av opphavsrett, men kven som skal handtera slike saker. Er det som på alle andre område politiet som skal ta seg av dette, eller skal me få borgarvern-liknande tilstandar der private interesser tek seg av det?

Dette må politikarane engasjera seg i og ta stilling til. Sjølv har eg bedt dei to stortingsrepresentantane frå fylket, Ingrid Heggø (Ap) og Erling Sande (Sp), ta tak i dette. Ingrid Heggø sit i justiskomiteen og det bør vera eit godt utgangspunkt for å engasjera seg, men ho har ikkje svart på utfordringa. Erling Sande har svart og ser at dette kan vera ei prinsipiell sak som han har lova å sjå på. Men tida går og det ser ikkje ut til at politikarane vaknar. Her har du sjansen til å markera Senterpartiet Erling, eit parti som såvisst ikkje er kjende for å stå i fremste linje i it-saker.

onsdag 3. juni 2009

Kommentar-kontroll og spam

Eg har tidlegare teke opp spørsmålet om kontroll av kommentarar på blogg og er av same meining som før: Vent med å innføra slikt til det eventuelt blir eit problem. Det største problemet for dei fleste bloggarar, er opplevelsen av å ropa i skogen og ikkje få svar. Difor blir det meiningslaust å innføra kontroll i tillegg på dei få svara som kjem.

Nei, ønsk kommentarar velkomne ved å senka lista og godta heller litt smårusk. Akkurat no heng det att delar av ein spam-kommentar eg var inne og sletta. Men etter snart 4 års blogging har eg ikkje fjerna meir enn toppen 5 spam-kommentarar. Det kan eg godt leva med. Så inntil vidare er det framleis fritt fram for kommentarar.