onsdag 17. juni 2009

Politikarar på feil klode

Forsvarets sikkerheitsteneste, FOST, har skapt store bølgjer i det som blir omtala som ein overvakingsskandale. Sett bak dei store orda ser det heller ut som ei litt pinleg sak om pornosurfing som er oppdaga av feil folk (sjå kommentar i Teknisk Beta). Men politikarane går høgt på bana og brukar store ord - Sponheimen har verkeleg blese seg opp.

I saka der adv.firmaet Simonsen har bede om innsyn i Lyse sine ISP-data, er politikarane derimot fullstendig fråverande. Og det i ei sak som kan få store konsekvensar. Her har Post- og teletilsynet opna opp for at private kan be om innsyn og om nødvendig gå rettens veg, noko som vanlegvis er politiet sin jobb. PTT seier dette var eit enkeltvedtak som dei ikkje trur skaper presedens (!), men andre saker er også i gang så det er ikkje tvil om at dette vil utløysa ny praksis. IFPI har komme med liknande krav om innsyn til Telenor nyleg.

Det avgjerande i Simonsen/Lyse-saka er ikkje ulovleg opp- eller nedlasting av materiale verna av opphavsrett, men kven som skal handtera slike saker. Er det som på alle andre område politiet som skal ta seg av dette, eller skal me få borgarvern-liknande tilstandar der private interesser tek seg av det?

Dette må politikarane engasjera seg i og ta stilling til. Sjølv har eg bedt dei to stortingsrepresentantane frå fylket, Ingrid Heggø (Ap) og Erling Sande (Sp), ta tak i dette. Ingrid Heggø sit i justiskomiteen og det bør vera eit godt utgangspunkt for å engasjera seg, men ho har ikkje svart på utfordringa. Erling Sande har svart og ser at dette kan vera ei prinsipiell sak som han har lova å sjå på. Men tida går og det ser ikkje ut til at politikarane vaknar. Her har du sjansen til å markera Senterpartiet Erling, eit parti som såvisst ikkje er kjende for å stå i fremste linje i it-saker.

Ingen kommentarer: