fredag 25. juli 2014

The country that ruled the world

Oxford - City of dreaming spires
".. and this is the country that once ruled the world!" sa sidemannen min med dårleg skjult ironi. Me stod og såg på den hjelpelause handteringa av bagasje og passasjerar på buss-stasjonen i Oxford. Makan til klønete opplegg har eg aldri sett.

Bussar som kjem, eller ikkje
Etter ei lita veke i England reisande med kollektiv transport er det ei gåte korleis dette landet kan klara seg. Absolutt alle bussar me reiste med, og det var ikkje få, var forseinka. Enkelte kom aldri! Tog vart me frårådde å reisa med frå fleire, så det prøvde me ikkje. Svaret på kva som held dette landet saman trur eg er fotball, øl (ale), humor og kanskje dronninga.

Classic Car Hire
Målet med reisa var eit kurs i utleige av klassiske bilar. Kurset var i Stratford-upon-Avon, Shakespeares fødestad. Innehavar Tony Merrygold i firmaet The Open Road var kurshaldar. Kurset var like godt heime i stova hans, og eg var einaste deltakar (!). Men det vart ein interessant dag med mange nyttige tips. Tony har halde på sidan 1997, då han tok sluttpakke frå IBM. Han var då den femte bedrifta som starta med utleige av gamle bilar; no er det meir enn 50!

University of Oxford
Etter kurset, der eg vart henta i ein Triumph Stag og køyrt tilbake til hotellet i ein Triumph TR6, gjekk turen til Oxford. Oxford er universitetsbyen framfor nokon og har røter som by heilt tilbake til 800-talet. Byen har ca 150 000 innbyggjarar og er slik sett ganske liten. University of Oxford er det eldste universitetet i den engelsktalande delen av verda. Den eksakte datoen for grunnleggjing veit ein ikkje, men det er kjent at det har vore drive utdanning der sidan i alle fall 1096. Universitetet er paraply for ei rekkje institusjonar, inkludert 38 sjølvstendige ("constituent") college.

Dei mange staselege universitetsbygga og kyrkjene i Oxford er det nærmaste du kjem Harry Potters Galtwort. Mykje av opptaka til Harry Potter-filmane er frå dei mange gamle universitetsbygningane.

MG-parken i Abingdon
MG Car Company
Litt utanfor Oxford (15-20 min. med buss) ligg den vesle landsbyen Abingdon. Her starta Morris-forhandlaren og -verkstaden Morris Garage å spesialtilpassa Morris til kundar. Dette vart så populært at det til slutt vart ein hovudaktivitet og nye fabrikkar måtte byggjast. Morris var ein veldig populær bil i England, i eit visst tidsrom var kvar andre selde bil ein Morris!

British Leyland
Etter rundt 10 års drift vart MG Car Company seld til Morris Motors. I 1952 vart Morris og Austin slegne saman til British Motor Company (BMC). I 1966 vart Jaguar slukt og namnet på konsernet vart etter kvart British Leyland - for bilinteresserte synonymt med katastrofe! 1970-talet var ei einaste glideflukt med streikar, elendig kvalitet og britisk bilindustri vart effektivt øydelagt.

Plakat som viser starten på MG-eventyret
 Det må kjennast rart for engelskmennene at bilindustrien er borte samtidig med at både japanske og tyske produsentar har hatt stor suksess med erke-britiske roadster-bilar (først og fremst Mazda MX-5, men også BMW Z3/Z4 og Mercedes SLK).






"Old Speckled Hen"
Sjølv om MG er borte, lever ein høgst oppegåande MG Car Club og dei har hovudkvarteret i Abingdon. I samband med 50-årsjubileet for flytting av MG frå Cowley i Oxford til Abingdon, vart bryggeriet Morland & Co. bedt om å laga ein spesiell ale. Den vart kalla "The Speckled Hen" - den spraglete høna - etter ein prototype bygd i 1927 og med eit spraglete ytre. Bilen vart brukt som budbil internt av MG og fekk namnet "The Speckled Hen" på folkemunne.

Ølet vart ein stor suksess og er eksportert til 47 land. Dessverre fekk eg ikkje fat i "The Speckled Hen" så det må bli ein annan gang. Øl-etiketten er sjølvsagt oktagonal. Men helst skal ølet nytast som cask ale og ikkje på flaske.

mandag 7. juli 2014

Forbrytelse og straff i VM 2014

Luis Suarez set tennene i Giorgio Chiellini
(Foto: The Telegraph - telegraph.co.uk)
Luis Suarez hestebit er noko av det som vil bli hugsa frå dette VM, saman overfallet på Neymar som resulterte i brot i ryggen. Suarez vart utestengd for resten av VM medan overfallsmannen Juan Camilo Zuniga slapp unna utan kort eller noko.Heller ikkje i ettertid, då dei alvorlege konsekvensane vart klare, har eg sett at FIFA har vurdert straff mot Zuniga.

Lite mandig
Eg vil på ingen måte forsvara biting på fotballbana, like lite som eg vil forsvara overlagt overfall. Poenget mitt er at det første er ganske ufarleg medan det andre i verste fall kan gjera ein spelar fotballinvalid. Viss eg skal drista meg til ei sosiologisk forklaring, trur eg det har med macho-preget i fotballen: biting er sett på som svært lite mannleg. Eg lurer på korleis biting ville blitt handtert i kvinnefotballen? Det ville sikkert vorte straffa, men kanskje ikkje så hardt?

I dette ligg ei forakt for "feige" angrepsmåtar. Fotballbana er til dels ein krig, og du skal slåss som ein mann. Lugging og biting er definitivt ikkje blant dei aksepterte triksa. Om du susar inn i ein motspelar med kneet først, er det meir ein del av det aksepterte harde spelet. Unnataket er vel Harald "Toni" Schumacher sitt kne planta i Patrick Battiston i VM i Spania i 1982.

Og her er det Ivanovic som får smaka Suarez' tenner
(Foto: sports.yahoo.com)
Meir videodømming
Eg har tidlegare teke til orde for meir bruk av videodømming i fotballen. Det gjeld særleg offside- og måldømming. Det siste har FIFA endeleg innført, etter skandalen frå sist VM då Frank Lampart sitt skot mot Tyskland var minst ein halv meter innafor streken utan at det vart dømt mål. Til neste VM (eller EM?) er det kanskje råd å håpa på ei oppgradering av presentasjonen også. I dette VM såg det ut som grafikken var av typen Windows Paint..

Også i dette VM har det vore feilaktige offside-avgjerder, sjølv om linjedommarane samla sett har imponert. Det vil alltid vera situasjonar som er bortimot umuleg å avgjerda for det menneskelege auga. Ei innføring av elektronisk offside-dømming ville truleg ført til fleire mål fordi det oftare blir blåst feilaktig for offside enn motsett.

Videodømming i fotball og tennis
Argumenta mot videodømming er mellom anna at det vil stogga flyten i spelet, og det er eit relevant poeng. Men også ein dommar kan blåsa ein kamp i stykker. For å hindra at videodømming skal stykka opp kampane, kunne ein innført same regel som i amerikansk fotball ("instant replay") eller tennis. I det siste tilfellet er det "Hawk eye"-teknologien som blir brukt, ein triangulerings-metode utvikla av dr. Paul Hawkins i Storbritannia. Det er denne teknologien som blir brukt for måldømming også, i det minste i Premier League, men sannsynlegvis også i dette fotball-VM.