søndag 19. juli 2009

Paasilinna på autopilot

Arto Paasilinna har eit veksande publikum i Norge. Han har lenge vore stor i heimlandet Finland og også andre land, men bøkene hans vart ikkje oversette til norsk før på 1990-talet, 20 år etter dei kom ut på finsk. Magasinet i Dagbladet hadde nyleg eit portrett av Paasilinna og det er slikt som hjelper på publisiteten (fint arbeid av Hallgeir Opedal i DB). Der framsto finnen nokså likt den stereotypen me ofte tillegg finnane: prennvin & sauna.

Sjølv lånte eg "De hengte revenes skog" heilt tilfeldig fordi boka stod utstilt på biblioteket. Den slo absolutt an og sidan har eg lese dei andre bøkene som er oversette til norsk.

"Den senile landmåleren" er den siste boka til Paasilinna og den er i velkjendt stil. Litt for velkjendt, for eg merkar at dette har eg lese før, om enn i litt andre former. Det går litt for mykje på autopilot her, etter mitt syn. Når Paasilinna gir ut ei bok i året, stødig som ei klokke, må det kanskje bli slik?

For eigen del har eg denne favorittlista av bøkene hans:

  1. De hengte revenes skog
  2. Harens år
  3. Den ulende mølleren
Eg har tidlegare kommentert oversetjinga og tykkjer at Nøste Kendzior sine oversetjinga, som tilfeldigvis (?) er dei tre eg har øvst på lista, er dei beste. Ho får fram den frodige og burleske stilen på ein god måte. Dessverre er ho gått bort, og dei andre bøkene har difor andre oversetjarar. Om det er kvaliteten på bøkene som har gått ned, eller om det har samanheng med oversetjinga, veit eg ikkje. Men eg synest ikkje dei seinare bøkene held like høg kvalitet som dei eg har nemnt over.

Men Arto Paasilinna kan absolutt tilrådast, og start med ei av dei tre bøkene over.

tirsdag 14. juli 2009

Sei nei til datalagringsdirektivet!

Regjeringa må ta stilling no - sei nei til datalagringsdirektivet!

Personvern er ein grunnleggjande verdi i eit demokrati. Personvernet sikrar retten til å vera i fred frå andre, men også retten til å ha kontroll over opplysningar om seg sjølv, særleg opplysningar som blir opplevd som personlege. Etter EMK artikkel 8 er personvern å sjå på som ein menneskerett.

Med ei muleg norsk implementering av Datalagringsdirektivet (direktiv 2006/24/EF), som pålegg tele- og nettselskap å lagra trafikkdata om innbyggjarane sin elektroniske kommunikasjon (e-post, sms, telefon, internett) i inntil to år, vil personvernet til nordmenn bli krenka på det grovaste.

Datalagringsdirektivet vart vedteke av EU 15. mars 2006, men framleis har ikkje den norske regjeringa offisielt teke stilling til om direktivet skal gjerast til norsk lov eller ikkje. Gjennom EØS-avtalen har Norge ein reservasjonsrett. Denne er ikkje brukt tidlegare, men så har ein heller ikkje stått overfor eit direktiv som representerer ein så stor trussel mot grunnleggjande demokratiske verdiar som datalagringsdirektivet gjer.

Vi krev at regjeringa seier frå no før valet om dei vil gjera datalagringsdirektivet til norsk lov eller ikkje. Å ikkje ta stilling, slik regjeringa har gjort i over tre år, er det same som stillteiande aksept.

Følgjande støttar saka og har same eller liknande innlegg på sin blogg:


Lars-Henrik Paarup Michelsen, 2.kandidat - Hordaland Venstre
Mads Munthe-Kaas, Bergen Venstre
Carl Christian Grøndahl, Bergen Venstre
Vox Populi; Bloggar Knut Johannessen
Virrvarr; Bloggar Ida Jackson
Per Aage Pleym Christensen, Liberaleren
Even Sandvold Roland, evensr/#drittunge
Robert Sørensen, www.teknonytt.com
Boye Bjerkholt, Leiar Skedsmo Venstre
Runar Mæland, ungdomskandidat Hordaland Venstre
Jonas Eilertsen, 1. nestleiar Unge Venstre
Tanketom, Andreas H. Opsvik


"Regjeringa må ta stilling nå - si nei til datalagringsdirektivet!" er publisert med lisensen Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Norway License

fredag 10. juli 2009

Store Norske Liksom

Store norske leksikon (SNL) kom på nett for snart eit år sidan og har fått ein del kritikk. Kritikken ser ut til å vera på sin plass. Når du skal ut og slåss mot feiaren (Wikipedia), er det ikkje smart å ha kvit dress, som SNL tydelegvis kler seg i.

Det konkrete eksempelet mitt er informasjon om Norsk Lysingsblad. Her finn eg ein kvalitetssikra artikkel i SNL. Kva betyr "kvalitetssikret"? I følgje SNL betyr det at fagansvarlege har gått god for artikkelen. Men dette er nok i praksis berre retorisk pynt, artikkelen er full av feil og manglande oppdatering, og det tyder på at kvalitetssikringa er slett. Alvorleg nok, men det blir verre.

Når eg prøver å varsla SNL om feila, blir eg effektivt hindra. Eg prøver først å gi redaksjonen melding, men det som heiter "Send melding til redaksjonen" betyr at du må gjennom ei registrering, venta på passord +++, altså uaktuelt. Så prøver eg å senda melding til fagansvarleg, som positivt nok er nemnt med namn. Men igjen same runddansen med registrering +++.

SNL har effektivt hermetisert seg sjølv. Eg føreslår at dei tek inn følgjande tekst på slutten av alle artiklar: "Dersom du har kommentar til artikkelen, møt opp i redaksjonen med ein handskriven lapp. Vi tek også mot steintavler."

fredag 3. juli 2009

Michael Jackson

Ein omtale av Michael Jackson av Herman Willis i Morgenbladet får meg til å til å tenkja at MB ofte er det eg mistenkjer det for: High-brow inntil det komiske. Willis har ei lang sosio-kulturell utgreiing om fenomenet Michael Jackson, men han bommar etter mitt syn på eit par heilt enkle og fundamentale ting:

Michael Jackson var ein komplett artist med ein heilt spesiell rytmesans, det siste kom til uttrykk i dansen. Det er vanskeleg å sjå noko som har vore i nærleiken av dette, og kombinasjonen av musikkforståing og ekstrem rytmisk sans gjorde han til den store artisten han var.
(White House Photo, PD; frå Wikipedia.no)

Om att og om att blir det masa om dei problematiske sidene ved MJ og Willis er ikkje noko unnatak. Spørsmålet mitt er veldig enkelt: Når har det vore problematisk for ein popartist (eller kultur-person for den del) å vera eksentrisk? Eg vil påstå at MJ vart så stor fordi han var eksentrisk, ikkje trass i.

På det siste punktet er det interessant å samanlikna MJ med Prince, som er min favoritt av dei to. Musikalsk meiner eg Prince går MJ ein høg gang, men han har likevel ikkje oppnådd den statusen MJ har. Og ein viktig grunn til det, er etter mi meining nettopp eksentrisiteten og "skandalane" MJ alltid har omgitt seg med.

Hadde MJ lete vore å operert seg ut i det ekstreme, og alt det andre merkeleg han hadde føre seg, hadde han vore ein veldig god svart artist. Men ikkje ein mega-artist.

torsdag 2. juli 2009

Søk i sanntid

Ei av dei store utfordringane for søkemotorane er å fanga opp straumane som går i sanntid, særleg gjennom tenester som Twitter. I tillegg må dei også prøva å fanga intensjonen i søk som t.d. kombinerer eit namn og ei teneste.

I dette vesle eksperimentet har eg søkt på "svein ølnes twitter" for å sjå kva som kjem opp først på nye Bing og Google. Først resultatet frå Bing:



Som resultatet viser, bommar Bing kraftig her. Den klarer ikkje å kopla meg med Twitter og gir difor i dette tilfellet nokså meiningslause resultat.

Så over til regjerande søkemeister Google:



Google har skjønt det og kjem med eit resultat som mest sannsynleg er det du er ute etter. Om dei gjer det via hardkoding eller har smarte nok algoritmar er ikkje mi sak, det viktige er at resultatet er bra.

I kampen mellom Google og Bing må eg difor konkludera at det står 1-0 eit stykke ute i første omgang.