onsdag 18. mai 2016

9 Algorithms That Changed the Future

"9 Algorithms That Changed the Future - The Ingenious Ideas That Drive Today's Computers" heiter ei bok av John MacCormick. Eg vart merksam på boka då eg las Paul Chaffeys blogg og hans omtale av den. MacCormick er professor ved Dickinson College (USA), Departement of Mathematics and Computer Science , der han forskar og underviser.

Manglande IT-utdanning og forståing for den
I forordet dveler Chris Bishop, professor ved University of Edinburgh, ved paradokset at sjølv om IT omgir oss på alle kantar, er det framleis ikkje eit eige fag før på universitetsnivå. Dersom det blir tilbydd undervisning før universitetsnivå, er det ofte berre opplæring i diverse verktøy og ikkje innføring i "computer science" slik ein gjer i fysikk og kjemi t.d.

Kva er algoritmar?
Ein skulle gjerne tru at ei bok med denne tittelen, og som handlar algoritmar, ville gått litt tilbake i historien og sett på den etymologiske tydinga av algoritme. Det gjer MacCormick ikkje; han stuper inn i detaljane ved dei ni algoritmane nesten utan vidare refleksjon. Det er den første svakheita ved boka.

Algoritme er eit sett instruksjonar for ei datamaskin. Ordet kjem frå den persiske matematikaren (og astronom + geograf) Muḥammad ibn Mūsā al-Khwārizmī. Han er rekna for ein av forfedrane til algebra og skreiv fleire bøker. I tillegg til opphavet for 'algoritme' er ha også opphavet til ordet 'algebra'. 'Algoritme' kjem av det latinske namnet til  al-Khwārizmī.

Utvalskriterium
Det trengst bøker som skaper entusiasme og forståing for det grunnleggjande ved datateknologi, og det er det MacCormick tek mål av seg til å bidra med. Som tittelen seier, tek boka hans for seg ni algoritmar som har endra framtida vår. Han sette opp følgjande kriterium for utveljinga:
  1. Algoritmen må vera i bruk dagleg av (datamaskin-)brukarar
  2. Algoritmen må adressera konkrete, reelle problem (real-world problems)
  3. Algoritmen må hovudsakeleg vera relatert til computer science-teori (og då fell alt som har med maskinvare bort)
Offentleg nøkkel-kryptografi og digitale signaturar
Ei anna svakheit er etter mitt syn dei ni algoritmane som er valde ut. Det er ikkje lett å velja dei ni viktigaste algoritmane i IT-verda, og det vil nødvendigvis bli mykje diskusjon rundt eit slikt val. Men å bruka to av dei ni plassane på offentleg nøkkel-kryptografi og digitale signaturar, meiner eg er feil. Offentleg nøkkel-kryptografi og digitale signaturar er to sider av same sak og burde vore omtalt under eitt - då kunne han fått plass til ein algoritme til.

PageRank byggjer på?
Ei tredje svakheit er at han i drøftinga av søk og Googles PageRank-algoritme ikkje nemner opphavsmannen til algoritmen: Eugene Garfield (som seinare vart tilsett i Google). Garfield utvikla ein siterings-algoritme (Science Citation Index) ved University of Pennsylvania i 1950-åra. Kjernen i algoritmen var at til meir meritterte forfattarane som siterte artikkelen din var, til høgre verdi fekk artikkelen din - den såkalla impact factor.

Kva med Bitcoin?
Boka kom ut i 2011 og eg kan difor vanskeleg kritisera han for ikkje å ha teke med Bitcoin; som elles burde hatt ein opplagt plass blant dei ni. Men MacCormick er snublande nær, for i det siste kapitlet der han spekulerer over kva algoritmar me kan komma til å sjå i framtida, diskuterer han zero knowledge proofs og ei løysing på dei bysantinske generalars problem. Bitcoin er jo nettopp svaret på den siste utfordringa, og kanskje skulle ein professor i computer science ha oppdaga det i 2011? 

Dei aktuelle algoritmane
Dei ni algoritmane han har valt ut, er:
  1. Search Engine Indexing
  2. PageRank
  3. Public Key Cryptography
  4. Error-Correcting Codes
  5. Pattern Recognition
  6. Data Compression
  7. Databases
  8. Digital Signatures
  9. What Is Computable?
Den siste er strengt teke ikkje ein algoritme, men ein gjennomgang av Alan Turings banebrytande bevis for at det er umuleg å forutsjå alle feil i eit dataprogram. Eller sagt på ein annan måte: Det finst ting som er umuleg å forutsjå: vil eit program eventuelt krasja eller vil det gå i det uendelege? Dette er kjendt som the halting problem og the undecidability problem.

Det som er bra med boka
Sidan eg har vore ganske kritisk til MacCormick innleiingsvis får eg ta med det som er positivt også. Han har skrive ei lettlesen og pedagogisk god bok. Det skin gjennom at MacCormick verkeleg er interessert i å formidla dette, og han gjer det som sagt på ein god pedagogisk måte. 

lørdag 14. mai 2016

Bruktbil, bankremisse og Bitcoin

Mazda MX-5 - for ein bil! (sukk!)
I går selde eg Mazda-en min - eg saknar den alt! Den vart kjøpt som starten på ein idé om utleige av spesielle bilar, gjennom bedrifta Klassisk Bil AS. Tida strakk ikkje til og eg må leggja dette på is. Det betyr ikkje at eg ikkje har tru på forretningsidéen, tvert om. Men det får bli litt seinare når andre ting har roa seg litt.

Pengar <--> Bil
Men poenget i denne artikkelen er dilemmaet når eit verdifullt objekt (t.d. ein bil) og pengar skal skifta hender. Me har framleis ikkje gode ordningar for dette. I mitt tilfelle mottok eg ei bankremisse på den avtalte summen. Ei bankremisse liknar på ein sjekk, men til skilnad frå sjekken må du gå til ein bank (fysisk!) og kjøpa den. Du må ha pengane på kontoen din, og når du kjøper bankremissa blir summen sett av på ein eigen konto i banken og du som kjøpar har ikkje tilgang til den lenger. Mottakar må også heva bankremissa i ein bank (igjen fysisk!).

Den aktuelle bankremissa (med vilje litt utydeleg..)
Gammaldags ordning
Dette systemet er heilt klart ikkje laga for den digitale verda me stort sett brukar for betalingsoppdrag. Men for sikkert oppgjer for verdifulle objekt (bilar, båter osv.) er det den beste måten i dag. Du kan også bruka "Kjøp sikkert" på Finn.no, sjølv om dei no varslar at det blir endringar i den ordninga.

Då fungerer Finn.no som mellom-mann og tek i mot den avtalte kjøpesummen, via selskapet PayEx (det er den delen som blir endra i sommar). Dei betaler ut når handelen er gjort og verken kjøpar eller selja klagar. Dei handterer likevel ikkje problem som måtte oppstå - det blir opp til partane å avklara. Kjøp sikkert frå Finn.no er mykje dyrare enn t.d. å kjøpa ei bankremisse. I mitt tilfelle ville det kosta kr 500,-. Til samanlikning kosta det kr 75,- å kjøpa ei bankremisse i DNB (for kunden som hadde konto der).

Unngå fredag den 13.!!
Sidan handelen i går skjedde på fredag den 13. burde eg skjønt at det kom til å bli komplikasjonar - og det vart det! Kjøparen hadde skrive ut bankremissa på feil namn (der må DNB ta skulda) og gode råd vart då dyre. Eg kunne ikkje heva ei bankremisse som ikkje stod i mitt namn, og kjøparen kunne ikkje få endra bankremissa. Løysinga vart at me gjekk til den lokale banken på Gol, der handelen føregjekk, og fekk dei til å attestera at eg var meg og kjøparen var den han var og at namnet på bankremissa var feil. Så endra også DNB sitt kontor der bankremissa var kjøpt, namnet på sin kopi. Det heile skjedde etter råd, og forståing, frå banken eg brukar; Indre Sogn Sparebank. Sparebank 1 Hallingdal må også krediterast i denne handelen; dei viste service av beste merkje - til to personar som ikkje var kundar i banken deira.

Konklusjon
Lokale bankar med god personkjennskap er viktig når uføresette ting oppstår. DNB prøvde også å hjelpa så godt dei kunne, og det skulle berre mangla sidan det var dei som hadde rota det til, men dei var vanskelegare å nå.

Bitcoin er eit godt svar på utfordringa med skifte av pengar og objekt. Eg forklarte kjøparen korleis det ville sett ut om me hadde brukt Bitcoin til å gjera opp:

  1. Kjøparen ville ha skanna Bitcoin-adressa mi på sin mobil, frå min mobil.
  2. Han ville ha tasta inn kjøpesummen (i norske kroner).
  3. Han ville ha lagt på litt ekstra gebyr i staden for dei 0,0001 BTC som er standard i mange lommebøker (pr. i dag mellom 30 og 40 øre) - kanskje 10 kr i gebyr for at transaksjonen skulle bli prioritert av gravarane (miners)
  4. Han ville ha trykt 'send' og me ville så ha gått og teken ein kopp kaffi (det gjorde me også på Gol i går :)
  5. Etter ein times tid ville me ha sjekka kor mange stadfestingar (confirmations) som hadde komme på overføringa, og viss me hadde hatt 5-6 ville eg ha kjent meg sikker på at betalinga ikkje kunne endrast.

søndag 8. mai 2016

Hysj, vi regner!

Roman Linneberg Eliassen har skrive boka med den fantastiske tittelen "Hysj, vi regner. Hvorfor økonomer ikke forstår virkeligheten". Det er eit kraftig oppgjer med dagens økonomiutdanning, med utgangspunkt i hans eiga utdanning som master i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen. Det starta med ei forundring irritasjon over at dei i utdanninga rett etter finanskrisa omtrent ikkje var inne på krisa og bakgrunnen for den.

Han har tre hovudanklager hans mot dagens økonomiutdanning:
  1. Formalisme
    - eit einsidig fokus på matematikk og formlar (inspirert av realfag, særleg fysikk)
  2. Likevektsfetisjisme
    - økonomar er "sjukleg" opphengt i likevektsidealet
  3. Metodisk individualisme
    - individet er utgangspunktet for alle slutningar, også makroøkonomiske
Kritikken er retta mot den rådande dominansen i økonomi-faget, såkalla ortodoks ("rett-truande") økonomi, eller "mainstream" økonomi. I følgje Elisassen kom det eit avgjerande skilje i økonomifaget i siste halvdel av 1800-talet. Økonomar som Carl Menger, William Stanley Jevons og Leon Walras stod i spissen for den såkalla "marginalistiske" revolusjonen av økonomifaget  Den marginalistiske retninga braut med den klassiske økonomi-forståinga, representert ved økonomar som Adam Smith og Karl Marx, på to vesentlege punkt:
  • Arbeidsverdi-teorien og den marginale nytten
    Dei klassiske økonomane (Smith, Marx, Ricardo m.fl.) meinte at verdien til eit produkt var knytt til arbeidet som var lagt ned i å utvikla det. Men det kunne ikkje forklara prisen, slik at pris og verdi vart sett på som to ulike ting.

    Dette var dei marginalistiske økonomane ueinige i. Dei introduserte nyttebegrepet og at prisen vart bestemt av den marginale nytten av eit produkt - av tilfredsstillinga ved å kjøpa eitt eksemplar til av produktet.
  • Økonomi som naturvitskapDet andre avgjerande punktet var kva fagtradisjonar økonomifaget helst skulle koplast mot. Adam Smith var t.d. professor i moralfilosofi, noko som hadde stor innverknad på hans økonomiforståing. Økonomane bak den nye dreiinga av økonomifaget såg heller økonomi i slekt med naturvitskap, og særleg fysikk. Matematikken vart difor den viktigaste arbeids-reidskapen.
Monetær økonomi
Dei nyklassiske økonomane, som rår grunnen i dag og som er oppdregne i den marginalistiske økonomiforståinga, har aldri brydd seg om pengar (merkeleg nok!). Pengar berre "er", og pengar og pengebruk er nøytrale i deira verd. Dette har eg også vore inn på fleire ganger, både i samband med det glimrande (fjell-)seminaret "Kva er pengar?" i Lom i fjor og i omtalen av Ole Bjergs bok "Making Money - The Philosopy of Crisis Capitalism".

Pengar ut av lause lufta
Det faktum at bankane lagar pengar ut av "lause lufta" ("ex nihilo") og at det er kreditt-etterspørselen som styrer penge-genereringa, og i liten grad sentralbanken sine reservekrav og styringsrente, ser ikkje ut til å interessera dagens økonomar. Ikkje berre er dei uinteresserte, dei nektar jamvel for at dette er tilfelle, slik nobelpris-vinnaren i økonomi Paul Krugman gjorde i ein debatt med økonomen Steve Keen. 

Krugman vs. Keen
Utgangspunktet for debatten var at Krugman kritiserte ein artikkel av Keen der sistnemnde påstod at innskot ikkje ligg til grunn for lån. Krugman meinte at innskot er grunnlaget for bankane sine utlån. Til grunn for heile diskusjonen låg synet på i kva grad sentralbanken kontrollerer pengemengda. Krugman meinte at sentralbanken har full kontroll med pengemengda i samfunnet, noko dei fleste vil vera einige om at ikkje er tilfelle. Du kan lesa eit samandrag av debatten her, men kortversjonen er Keen - Krugman: 1-0 (!). SjølvNobelprisvinnarar kan ta feil, men det visste me vel frå før..

Kriser som del av det normale
For ortodokse økonomar er likevekt idealet og kriser er uføresette og utanforståande sjokk som eigentleg ikkje skal skje. Det er her kritikken frå Eliassen, og mange andre, er sterkast. Elisassen viser stadig til Keynes, og hans syn var at kriser er ein del av det kapitalistiske systemet og må handterast deretter, og ikkje sjåast på som unaturlege avvik.

Å forstå Keynes 
Eliassen meiner likevel ikkje at me skal gå til Keynes for å finna detaljane i løysinga. Forslaga til Keynes må sjåast ut frå situasjonen i hans tid. Det er dei overordna idéane til Keynes som bør trekkjast fram att og som ser ut til å vera gløymde eller misforståtte sjølv blant dei som påstår at dei er Keynes-tilhengjarar. Eliassen tilrår å gå til originalkjeldene og lesa kva Keynes faktisk skreiv, og ikkje berre basera seg på seinare tolkingar av han.

Roman L. Eliassen forstår Keynes, og har lese Keynes. Han har stått for den norske oversetjinga av Keynes' mest kjende bok "The General Theory of Employment, Interest, and Money". På norsk er tittelen "Allmenn teori om sysselsetting, rente og penger". 

Den kumulative kunnskapen
Det siste er også ein viktig del av kritikken av vår tids dominerande økonomisyn: den kumulative økonomi-kunnskapen. Det er eit syn som byggjer på at økonomifaget stadig blir forbetra og kunnskapen vår stadig betre ved at alle dei dårlege idéane blir skrelt bort og me står att med det som har vist seg å halda stikk. Slik er det ikkje, meiner Eliassen, og tilrår at ein går tilbake i tid og studerer andre økonomar enn dei nyklassiske og deira inspirasjonar. 

Risiko og usikkerheit
Ein viktig ting Keynes understreka, var skilnaden på risiko og usikkerheit. Risiko kan talfestast, usikkerheit kan ikkje talfestast. Men i dag handlar økonomi om talfesting, og risiko og usikkerheit blir blanda saman og sett inn i formlar som då tilslører kva me kan vita noko om. Og så går det også som det går.

Kva seier dei som blir kritiserte?
Professor Kalle Moene underviser i samfunnsøkonomi ved universitetet i Oslo og er ein av dei som blir "treft" av kritikken. Moene seier først at han er glad for kritikken, og at den er viktig, men at den er for unyansert. Moene meiner at ved å omfatta "alle", treffer Eliassen "ingen". Kalle Moene meiner at økonomar i dag i langt større grad trekkjer inn andre ting enn reine, rasjonelle nyttevurderingar.

Moene går tilbake til 1970-tals-kritikarane og prøver å visa kva som er endra sidan den gangen. På den måten prøver han å visa at Eliassen sin kritikk er gammal og at den har vorte teken omsyn til. Men til sjuande og sist innrømmer Kalle Moene at undervisninga ikkje har teke omsyn til den breidden i faget han sjølv listar opp, og representerer. Så etter ei lang utgreiing om kva som har endra seg sidan 1970-talet, blir konklusjonen at lite har endra seg i undervisningssamanheng. Og det var jo nettopp det som var utganspunktet for Eliassen sin kritikk, og kjernen i den.

Roman Linneberg Eliassen målar med brei pensel. Men boka er eit debattinnlegg og ein kritikk av dagens økonomiutdanning. Og det blir feil å krevja full balanse (likevekt?) og nøytralitet av ei slik bok. Så er det berre å håpa at boka får verknad og at dei ansvarlege for økonomiutdanningane her til lands, særleg samfunnsøkonomar, tek til seg kritikken slik Kalle Moene delvis gjer.