fredag 27. august 2010

HTML5 og revolusjonen i W3C


HTML5 er det store "summe"-ordet for tida. Bakgrunnen for arbeidet med den nye standardversjonen av HTML er interessant og viser ein del av problemet med standardiseringsarbeidet i W3C. W3C køyrde nemleg i grøfta i dette prosjektet.

xhtml
xhtml var W3C sin definerte retning for HTML-standarden. Det begynte med xhtml 1.0, som var HTML 4.01 i xml-syntaks. Med xhtml 1.1 tok utviklinga for alvor ny retning. Her var det rein og skjer xml og det betydde m.a. at den ikkje kunne serverast som Mime-type text/html. Noko som igjen betydde at viss forfattarar publiserte eit dokument med xml mime-type, kunne ikkje den mest brukte nettlesaren - Internet Explorer - tolka det! Hallo, W3C, på tide å sjå ut glaset?

Men W3C såg ikkje ut av glaset og heldt fram med xhtml-utviklinga, no med versjon 2.0. Den skulle visa vegen til ei lysande xml-framtid, og ville bryta totalt med HTML og ikkje vera bakover-kompatibel. Den skulle bli rein og ubesudla av HTML-feil - den vart ein katastrofe.

Nok er nok!
Utviklarar begynte å få nok av W3Cs elfenbeins-tårn (and, dare I say: teoretiske og akademiske tilnærming) og tok saka i eigne hender. Representantar for nettlesarane  gjorde opprør og starta ei eiga arbeidsgruppe - WHATWG - leia av Ian Hickson frå Opera. Dei arbeida med spesifikasjonar for Web Apps 1.0 og Web Forms 2.0.

Til Tim Berners-Lee ære innsåg han sjølv at xml-vegen var eit feilspor, og let det vidare arbeidet med ny HTML-standard bli overført til WHATWG.

Dynamisk web
HTML5 introduserer mange nye ting, og særleg støtte for dynamisk vising. canvas er eitt av dei nye elementa som definerer eit rektangel og let utviklaren fylla det med dynamisk innhald via Javascript. video er eit anna nytt element som let utviklaren inkludera video på sida. Desse elementa utgjer ein reell trussel for Flash, sidan det til no nesten har vore einerådande for å visa dynamisk innhald og særleg video.

I samband med prosjektet "Kunnskap kryssar grenser" fekk me prøvd ut video-elementet ein god del og innleigd hjelpemann Odin Hørthe Omdal fekk i gang ein diskusjon i WHATWG som resulterte i endringar i video-delen av HTML5-spesifikasjonen - ikkje dårleg!

Den nye nettlesar-krigen
Det er full krig mellom nettlesarane, igjen. Det nye, og positive, denne gangen er at dei konkurrerer om å vera raskast ute med støtte for HTML5-standarden. Til og med Microsoft har kasta seg på standard-racet og IE9 skal bli den beste på å følgja standardar!

Som Jeffrey Zeldman, gjesteredaktør i siste nr. av magasinet .net og ein av dei viktigaste forkjemparane for bruk av web-standardar, avsluttar med:

"I see CSS3 and HTML5... I see the web I used to dream about. And I see you and me having a lot of fun over the next decade."

Les meir om HTML5 i "HTML5 for Web Designers", utgjeven på Zeldmans nye A Book Apart forlag. Han har frå før hatt stor suksess med nettstaden A List Apart (obligatorisk lesing!) og konferanseserien An Event  Apart. Boka, eller rettare sagt heftet, er på 85 sider og med det eit motstykke til dei fleste publikasjonar i denne sjangeren. Men dei 85 sidene gir ei god innføring i arbeidet med HTML5 og dei viktigaste endringane, utan å gå inn på detaljar. Boka er skriven av Jeremy Keith.

fredag 20. august 2010

Stryk for Statens landbruksforvaltning

Eg har akkurat sendt inn søknad om produksjonstilskot i jordbruket via Altinn og har ei klar melding til SLF: Gå til innkjøp av Designing with Web Standards (3. utg.) av Jeffrey Zeldman. Les den nøye og legg den til grunn for kravspesifikasjonen for neste års elektroniske søknadsskjema.




I dei tomme cellene skal det stå namn på hovuddelane i skjemaet. På same vis var 'Neste' og 'Forrige' usynlege.

Det er fallitterklæring å presentera eit skjema der mesteparten av navigasjonen ikkje viser fordi standardar ikkje er følgde. Det fungerer kanskje i Internet Explorer, men også her vart det tilrådd å slå på kompatibilitetsmodus, så då er det vel noko IE6-rusk som øydelegg. Eg brukar ikkje IE, men Chrome, Firefox og Opera. Eg brukte Firefox til utfylling av skjemaet og sjølv om eg ikkje fekk testa det, reknar eg med at feilen også ville ha dukka opp i Chrome og Opera.

Med tanke på dei midlane som går med til utvikling av dette skjemaet er det grunn til å bli forbanna. I 2010 skal ikkje slikt skje!

torsdag 19. august 2010

iPad for ein dag


(foto: Yutaka Tsutano - CC By)







Eg hadde nok iPad-en meir enn ein dag, men det passte så godt med omtalen av iPhone tidlegare i år. Vestlandsforsking har kjøpt inn iPad for uttesting først og fremst som lesebrett, og skal også skaffa ein Kindle. Inntrykket mitt etter ein del surfing med iPad er delt: Den har utvilsamt "wow"-faktoren, men eg tvilar likevel på om den er så revolusjonær at den endrar medielandskapet.

Tung og gedigen
Førsteinntrykket er som hjå mange andre: den er mykje tyngre enn den ser ut som. På avstand ser den ut til å berre skulle vega 2-300 gram, og det er difor overraskande å kjenna at den veg over det dobbelte. Det har sjølvsagt mykje med materialkvalitet å gjera, den kjennest solid ut.

Det er både pluss og minus med tyngda. Det positive er kvalitetsfølelsen og soliditeten den formidlar, det negative er at det fort blir litt  tungt å halda den i fanget. Her er den heilt ulik ein berbar pc, som vil kvila i fanget eller på bordet i ein eller annan stilling og der du kan vinkla skjermen.

Elles er den rask og gir god respons, programma startar opp med ein gang. Særleg positivt er det at den vaknar til live momentant, og ikkje slik me er vande med elles der pc-ane er like søvnige og vanskelege å vekkja som ein middels tenåring.

Einvegskommunikasjon
Det er ei surfe-fjøl, verken meir eller mindre. Sjølv om det går heilt greitt å skriva inn adresser o.l. med skjermtastaturet, kan det ikkje erstatta eit fysisk tastatur. Det ville t.d. vore svært slitsamt å skriva eit innlegg som dette på ei slik maskin. Det gjer den i stor grad til ein einvegs-kanal, og det er jo ein viktig del av mediebransjen sine store forventningar. Der snakkar dei om medie-konsumering (for eit forferdeleg ord!), og er ikkje spesielt interesserte i tilbakekanalen.

Den svekka returkanalen gjer at eg meiner iPad-en representerer ei dreiing tilbake mot web 1.0 og tilbake til read-only web. Igjen er ikkje dette absolutt, du kan fint skriva Twitter-meldingar og oppdatera Facebook-profilen din, men særleg lenger skriveri blir trøyttande. Det vil forsterka det alt overflatiske preget web-en har.

Ikkje for estetikarar
Apple sine produkt appelerer i stor grad til estetikarar pga. unik design, så også iPad. Men eg trur mange av estetikarane vil få store problem med den tilsmussa skjermen. Det blir noko heilt anna enn trykkskjermen på ein mobil. iPad-skjermen er så stor at fingermerkja blir dominerande på ein heilt annan måte. Skjermen ser direkte ulekker ut etter berre nokre sekundars bruk. Om du er som meg, som ikkje likar fingermerkje på pc-skjermen, får du eit problem med denne dingsen.

Manglande multitasking
Den manglande evna til å køyra fleire program samtidig blir delvis kompensert av den raske oppstarten av program. Men berre delvis, for det blir litt rart å måtta "gå tilbake til start" kvar gang. Eg merkar at eg saknar ein generell 'tilbake'-tast slik eg har på Galaxy S-tlf. min.

For tett knytt til iTunes
Det som er den største styrken til iPad er paradoksalt nok også den største svakheita. Skal iPad slå skikkeleg gjennom, må den nå ut til ein større krins enn eksisterande Mac-brukarar. Det kan jo sjå ut som den gjer det, ut frå salstala, men eg trur dei mange pc-brukarane får litt å tenkja på etter ei tids bruk.

iPad er uløyseleg knytt til iTunes, utan dette programmet på pc-en (eller mac-en) kjem du ingen veg - du får ikkje ein gang starta den opp. Alt som skal inn på iPad må også komma frå iTunes. For eigen del må eg seia det var veldig tungvint å få foto inn på iPad-en. Først må dei frå kamera til pc-en, det er greitt. Men du kan ikkje berre overføra dei vidare til iPad, dei må synkroniserast med iTunes først. Muleg det finst enklare måtar å gjera akkurat dette på, men eg fann dei ikkje.


iPad som lesebrett
Det er det iPad-en er kjøpt inn for og skal testast ut på. Eg lasta ned "Origin of species" og las nokre sider. Det er for kort bruk til å seia noko generelt om denne delen av produktet, men det var småting ved leseopplevelsen eg ikkje likte (mellom anna måten å bla på). 

Tilfeldigvis var det ein Kindle DX i huset på same tid som iPad-en og det var interessant å sjå dei ved sida av kvarandre. Det var enorm skilnad, med iPad som svært lyssterk og kontrastrik skjerm mot Kindle som verka veldig svak i samanlikning. Men for mykje lesing er eg ikkje i tvil om at Kindle er langt betre for augene, iPad blir rett og slett for lyssterk innandørs, medan skjermen blir for dårleg i sollys. Eg tvilar sterkt på at iPad blir ein konkurrent til Kindle i noverande form.


iPad for den eldre generasjonen?
Ein viktig grunn for uttestinga var å sjå om iPad er godt egna for foreldra mine. Eg har vurdert å kjøpa ein slik til dei, men hadde lyst å la dei prøva den først.

Det var eit interessant forsøk. Mor mi har aldri brukt ein pc, og dermed heller aldri vore på nettet og surfa. Ho har ikkje hatt interesse for det, men iPad-en fanga interessa og ho hadde sin første surfe-opplevelse. Interessant nok trykte ho litt for lenge på 'Photo'-ikonet første gang ho brukte den, og alle ikona begynte å sjelva (hald fingeren på eit ikon på oppstartssida, og du kan flytta og endra på oppsettet). Korleis komma vidare no? Inga råd utanom å slå den av og på igjen - #applefail.

Med kort forklaring på navigering både i bilde og med nettlesar oppe, gjekk det greitt å bruka den. Men på eiga hand stod dei fort fast. Eg fekk spørsmålet om kor Internett var på iPad-en? Godt spørsmål, for korleis skal folk på over 80 år vita at 'Safari' betyr nettlesar/internett - #applefail.

Rart at ikkje Apple som er ekspertar på brukaropplevelse, ser slike opplagde brukarfeller. Eg har ein mistanke om at den einaste brukartestinga dei har gjort, er med Steve Jobs.

Konklusjon
Omtalen verkar kanskje meir negativ enn totalinntrykket eigentleg er. Det er ingen tvil om at Apple har laga eit innovativt produkt - eller kanskje heller treft marknaden rett og gjort dei rette endringane på tavle-pc'en. Mange kjem til å kjøpa iPad pga. "wow"-faktoren, og eg trur også at mange kjem til å spørja seg etterpå om den ga dei det dei var ute etter.

Den er veldig hendig å ha på stovebordet og i sofaen for rask surfing. Men den vil ikkje kunna overta jobben for ein pc, den vil komma i tillegg. Den er i stor grad til forbrukar-marknaden og vil i liten grad påverka forretningslivet.

Eg trur mediebransjen tek feil når dei trur iPad blir den store redninga. Men det kan jo også henda eg tek feil...


fredag 13. august 2010

Message to Samsung

Her er meldinga eg sende til Samsung si brukarstøtte om drivarproblema med Galaxy S. Trass i norske sider, er kontaktskjemaet på engelsk. Det seier vel også sitt om satsing på brukarstøtte og oppfølging av produkt.

...

I recently bought the Galaxy S phone which I find very good. However, connecting the phone to my pc (Lenovo T400s, Win 7 64 bit Prof.) fails. I have contacted Samsung support with no result.
It is a great shame that such a great telephone is delivered with such a malfunctioning software. The Kies software is not updated to support the phone and the MTP App drivers are obviously foul. There are a lot of postings on the net about this and it all leads to bad PR for Samsung. I am also blogging about my experience and it really is too bad that this great phone is not followed up with proper drivers and software. 
You need to come out with a clear statement about what is wrong and how and when you plan to solve it.
Regards,
Svein Ølnes, Sogndal
Norway
...

torsdag 12. august 2010

Morgonstemning












Desse to fjorårskalvane stod og koste seg i plommehagen min i dag tidleg (plommetrea bak/til høgre). Eg veit ikkje heilt om eg set pris på det. Sjølv om hjorten er eit flott dyr, gjer den også stor skade i frukthagar. Om vinteren set eg opp gjerde for å stengja hjorten ute frå hagen, men i vekstsesongen er det umuleg. Snart startar hjortejakta, men då er vel desse to over alle haugar?
Posted by Picasa

onsdag 11. august 2010

Samsung Galaxy S - ein månad i bruk


Eg sparte ikkje på ros då eg omtalte den nye mobilen min, Samsung Galaxy S. Etter ein månads bruk er det på tide å gjera opp litt status. Er den framleis like bra? Både ja og nei. Her er kortversjonen:

+ fantastisk skjerm (ja, skjermen er grunn god nok til å kjøpa den)
+ trass i stor skjerm er mobilen ganske hendig fordi den er så tynn
+ god Google-integrasjon (epost, nettprat, bilete)

- elendig programvare (Kies er ikkje oppdatert til å støtta telefonen!)
- dårleg wifi-rekkevidde
- litt lugging (litt lange tenkepausar av og til før den utfører det den blir bedt om)

Eg vel å utdjupa problema, plussane er omtalte tidlegare.

Dårleg drivar- og programvarestøtte
Synkroniseringsprogrammet Kies ser fint ut på overflata, men problema melder seg fort. Telefonen kopla seg greitt opp via USB første gangen, men seinare har eg hatt problem. Og eg er ikkje den einaste som opplever desse problema, ulike forum er fulle av Galaxy-trøbbel. Dette er for dårleg Samsung! Her heng ikkje programvara med telefonutviklinga.

Eg får heller ikkje kopla telefonen mot pc-en via Bluetooth. Igjen er det dårlege/mangelfulle drivarar utan at eg har klart å lokalisera feilen presist.

I praksis er det to måtar du kan synkronisera eller overføra informasjon frå telefon til pc:
1. Via Kies (usb eller Bluetooth)
2. Via "skya", dvs. via diverse Google-program og andre sky-program som Dropbox etc.

Enkelte vil kanskje hevda at den "gammaldagse" telefon-til-pc ikkje lenger er bruk for, når ein kan gjera mykje via skya. Men så enkelt er det ikkje. Framleis er det mykje som krev direkte tilkopling til ein pc. Og oppdatering av sjølve telefon-programvara krev dessutan Kies. På dette området er det berre å venta på ei opprydding og oppgradering av Kies og også ei oppgradering til Android 2.2 ('Froyo').

Dårleg wifi-rekkevidde
Dette er eit problem ein neppe kan oppgradera seg frå. Det er truleg antenne-delen av wifi som er for dårleg. På kontoret mitt har eg 80 % styrke på det trådlause nettet på pc-en. På mobilen får eg såvidt inn det trådlause nettet og det dett fort ut og blir erstatta med 3G.

Lugging
Dei to førstnemnde problema har eg ikkje sett omtalt i testar av Galaxy-en, men 'lugginga' er påpeikt av fleire. Dette er mest eit irritasjonsmoment og ikkje eit akutt problem som dei to andre. Mobilen treng ofte litt tenkepause før den utfører operasjonar, og det er litt plagsomt.

Konklusjon
Så ville eg ha kjøpt telefonen om eg hadde fått valt på nytt? Ja, det er eg ikkje i tvil om. Eg reknar med at programvare-feila blir retta, og det bør skje kjapt.

For eigen del er det viktig å støtta Android - eg likar ikkje den lukka epleverda. Og då må ein finna seg i at det kostar litt i form av litt meir trøbbel og vanskelegare tilgjengeleg funksjonalitet. Det er vel ein gang slik at det skal kosta å seia nei takk til iPhone...

[biletet er henta frå VGs test av telefonen]