onsdag 28. november 2018

Populistisk næringspolitikk

Regjeringa sitt vedtak om å ikkje la kryptorelaterte datatenester få redusert el-avgift, har skapt bølgjer og ser ut til å setja ein brå stoppar for dagens kryptoutvinning og nye investeringar. Endringa blir sett i verk ved årsskiftet, altså med rundt ein månads tid for aktørane å tilpassa seg (les: stengja ned aktiviteten).

Eg har skrive eit lesarinnlegg som stod på trykk i Dagens Næringsliv i dag:

Populistisk næringspolitikk

Regjeringa sitt vedtak om å ta ut krypto-relatert aktivitet frå ordninga med redusert el-avgift for datasenter, er både populistisk og kortsiktig. Det er merkeleg at ei regjering leia av Høgre står for ein så lite føreseieleg og ikkje-nøytral næringspolitikk. Saka er styrt av moralistiske argument og mangel på kunnskap om teknologien. Det er stor fare for at vedtaket vil øydeleggja det som er bygt opp for å få store datasenter til å etablera seg her i landet. Slike etableringar kostar mykje og treng sterke  garantiar for stabile rammevilkår. Regjeringa har sådd tvil om at så er tilfelle.

Blokkjedeteknologien er vanskeleg å forstå, og dei fleste bommar når det gjeld valutadelen. Opne blokkjeder treng ein valuta for å fungera. Utan valutaen, må blokkjeda kontrollerast på ein meir lukka  måte. Den opne blokkjedeteknologien har potensial til å gi oss eit reelt desentralisert Internett og kan vera ei løysing på dagens enorme sentraliseringsproblem der nokre få gigantar styrer det meste.

Heile saka minner om framveksten av Internett for 30 år sidan. Den skjedde ikkje på grunn av, men trass i styresmaktene sine vedtak. Norge ville ikkje basera kommunikasjonen på Internett-standardar, like lite som andre land. Internett var ikkje kontrollert av noko land eller organisasjon og var for farleg. Me veit alle kva som skjedde, og historia har ein tendens til å gjenta seg, om enn i litt ulike former.

tirsdag 27. november 2018

Eksamen i Bitcoin-kurs


I haust har eg hatt ansvar for undervising i kurset "Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien" ved Høgskulen på Vestlandet, og i dag var det tid for eksamen. Her er er nynoirsk-versjonen av eksamensoppgåvene. "Fasit" følgjer litt seinare.

1. Bitcoin og bitcoin-transaksjonar
a. Kva var den store innovasjonen Satoshi Nakamoto kom med i Bitcoin?

Den store innovasjonen var at det for første gang vart muleg å overføra verdiar over Internett utan bruk av tredjepart.

b. Kva skjer viss ein brukar sender to transaksjonar som begge viser til same innbetaling («input»), altså eit forsøk på dobbel bruk («double spending»)?

Ein av dei to blir plukka opp av ein gravar og til slutt inkludert i ei blokk. Den andre transaksjonen blir då ugyldig

c. Dersom den eine transaksjonen i oppgåva over var betaling for ein vare, kva må leverandøren av vara passa på?

Leverandøren må passa på å venta til det har komme 5-6 nye blokker etter den blokka der betalinga til leverandøren ligg. Det tek rundt 1 time. Ved små beløp er ikkje det viktig, då kan vara leverast med det same den er inkludert i ei blokk.

d. Kva skjer dersom to gravarar uavhengig av kvarandre finn ei ny blokk på same tid?

Det vil oppstå ei midlertidig forgreining («fork») som vil bli løyst når neste blokk, eller blokka deretter, blir funnen. Blokkene i den kortaste greina vil bli oppløyste og transaksjonen gå tilbake til mellomlageret («mempool»).

2. Konsensus og maktfordeling
a. Forklar kva makt dei viktigaste gruppene i Bitcoin-systemet har (fullklient-brukarar, gravarar og utviklarar)

Fullklient-brukarar kan velja å køyra programvare/versjon etter ønskje. Dei treng ikkje oppgradera i tilfelle ei hard forgreining («hard fork»). Gravarane («miners») sikrar nettverket med maskinressursane. Ei blokkjede mistar sikkerheiten om gravarane ikkje deltek. Utviklarane vedlikeheld og fornyar programkoden, men er avhengige av at fullklientane aksepterer endringane og lastar ned nye versjonar, og at gravarane også aksepterer og deltek i sikringa av den aktuelle blokkjeda.

Samanlikna med det tradisjonelle maktfordelingsprinsippet kan me noko forenkla seia at den utøvande makta sit hjå gravarane («Regjering»), den lovgivande hjå utviklarane («Stortinget») og den dømmande makta hjå brukarane («Domstolane»).

b. Det har gått 5 minuttar sidan siste blokka i Bitcoin-kjeda vart funnen. Kor lang tid er det sannsynleg at det går før neste blokk blir funnen?

Rett svar er 5 minuttar fordi det i gjennomsnitt går 10 minuttar mellom kvar gang ei ny blokk i Bitcoin blir funnen.

c. Gå inn på https://tradeblock.com/bitcoin. Finn tida mellom kvar blokk for dei siste seks blokkene (den rada som er merka ‘Elapsed’) og rekn ut gjennomsnittet. La gjennomsnitts-tida representera gjennomsnittet for ein heil periode på 2016 blokker - perioden det tek før vanskegraden i Bitcoin blir justert. Ut frå gjennomsnitts¬tida du har rekna ut, skal vanskegraden aukast eller reduserast? Forklar kort kvifor.


Det skal i gjennomsnitt ta 10 minuttar å finna ei ny blokk i Bitcoin-systemet. Dersom gjennomsnittstida er > 10 min., skal vanskegraden reduserast. Er gj.sn.tida < 10 min., skal vanskegraden aukast.

d. Ei gruppe i Bitcoin-miljøet ønskjer å redusera maksimal blokkstørrelse til 750 kB, ned frå dagens 1 MB. Viss det blir innført, vil det medføra ei hard eller mjuk splitting av blokkjeda («hard/soft fork»)? Forklar kvifor.

Ein reduksjon i blokkstørrelse er ei innstramming av reglane og difor ei mjuk splitting («soft fork»). Innstramming av reglar er mjuk splitting, utviding av reglar eller innføring av nye reglar er ei hard splitting («hard fork»). Det er ikkje nødvendig å oppgradera programvara for fullklient-brukarane fordi dei nye blokkene vil også bli godkjende med eksisterande programvare.

3. Digitale signaturar og hash-funksjonar
a. Kva er offentleg nøkkel-kryptografi?

Det er ein krypteringsmetode der to nøklar, ein privat og ein offentleg, blir brukte. Den private nøkkelen blir brukt til å kryptera (låsa) og den offentlege nøkkelen blir brukt til å dekryptera (låsa opp).
I Bitcoin blir den private nøkkelen brukt til å signera ein transaksjon og til å bevisa rettmessig eigarskap til ein transaksjon. Den offentlege nøkkelen er Bitcoin-adressa ei overføring skjer til. Berre innehavaren av den motsvarande private nøkkelen kan bruka transaksjonen.

b. Kva er hovudskilnaden på offentleg nøkkel-kryptografi og hash-funksjonar?

Offentleg nøkkel-kryptografi er ein tovegs-funksjon der informasjon blir kryptert og dekryptert, medan ein hash-funksjon er einvegs. Resultatet av ein hash-funksjon kan aldri bringast tilbake til utgangspunktet.

c. Forklar kvifor ein bitcoin-transaksjon utan problem kan sendast på eit ope og usikra nett (hugs at transaksjonen ikkje er kryptert)

Ein bitcoin-transaksjon inneheld ikkje sensitiv informasjon. Det er ei signert melding som gir mottakaren rett til å bruka dei bitcoin som blir overførte i transaksjonen. Transaksjonen kan ikkje endrast sidan detaljane i den er inkluderte i signaturen. Ingen nøklar blir avslørte i transaksjonsdata, i motsetnad til ei kredittkor-betaling der «nøklane» følgjer med transaksjonen som difor må krypterast i sin heilskap.

Pensum: Video med Andreas Antonopoulos: Why Credit Cards Suck

4. Infrastruktur og arkitektur
a. Kvifor treng ikkje ei lukka blokkjede ein valuta?

Ei lukka blokkjede har andre sikkerheitsmetodar enn «proof-of-work» og treng ikkje insentiv for å lønna arbeidet med sikring. Den er kontrollert av eit lite tal aktørar og har såleis ein sentralisert sikkerheitsmodell.

5. Økonomi og valuta
a. Drøft kor veleigna bitcoin er som betalingsmiddel.

Kjenneteikn ved eit veleigna betalingsmiddel::

Pengane må vera:

  • Alminneleg aksepterte
  • Haldbare
  • Lette å bruke
  • Delbare
  • Dyre/vanskelege for private å produsere
  • Stabile i verdi

Kjenneteikn ved bitcoin som betalingsmiddel:
  • Ingen institusjon garanterer for Botcoin, det er basert på eit desentralisert tillitsforhold mellom kjøpar og seljar.
  • Ein institusjon kan derfor ikkje setje hindringar for transaksjonen i motsetning til bankpengar (kredittkort/bankkort).
  • Avhengig av elektroniske teknologi ( det set avgrensningar for likviditeten)
  • Avhengig av teknologi og tryggleik. Kan vere sårbart.
  • Låge transaksjonskostander ( lågare enn for bruk av kredittkort).
  • Pga svingningar i realverdi er det usikkert å bruke Bitcoin som rein formuelplassering. Svingar for mykje og mange diskuterer om det boble tendensar.
  • Pga svingningar i verdien (både opp og ned), kan det vere råd å tene store verdiar (eller tape).
  • Stor Marknadsrisiko (store svingningar)
  • Liten Transaksjon- og operativ risiko ( får ikkje gjennomført handelen)
  • Prisfølsom (store transaksjonar påverkar prisen)
  • Svinn, hacking, miste tilgangen til bitcoin.
  • Ingen forbrukarrettar som beskyttar forbrukaren dersom noko feil skjer. Per dags dato er det avgrensa med forsikringsordningar knytta til tap/uhell ved bruk av Bitcoin.
  • Teknologisk svikt som fører til at ein ikkje får tak i den
  • Bitcoin som pengepolitisk instrument:
Tradisjonelt er pengemengde, rente  og valutakurs viktig verkemiddel  for ein nasjon delegert til sentralbanken for å oppnå nasjonale mål. Det er kun sentralbanken som kan trykke opp pengar og som står som garantist for verdien

Bitcoin lever sitt eige liv lauserive frå sentralbankane og nasjonalstaten.  Det er ein global valuta som lever på sida av dei etablere betalingssystema.

Dersom Bitcoin og elektroniske pengar får auke oppslutning, kan det skape spenning og utfordringar for den nasjonale styringa av pengepolitikken.

Drøftinga bør ta utgangspunkt i kjenneteikna ved pengar og i kva grad kjenneteikna ved bitcoin matchar desse.

Tilleggsmoment som vart diskutert i forelesinga etterpå:

Pengar blir ofte definerte ut frå dei viktigaste funksjonane:


  • Bytemiddel for varer og tenester ("Medium of exchange")
  • Verdioppbevaring ("Store of value")
  • Målestokk ("Unit of account")

Som bytemiddel har Bitcoin ulemper som vist i teksten over. Det er særleg volatiliteten som er problematisk, i tillegg til at kapasiteten samanlikna med ordinære pengesystem, er liten. På pluss-sida kjem retten til sporfri ferdsel, eit mykje raskare overføringssystem for verdiar over landegrenser og eit system der pengar er skilde frå det underliggjande transportsystemet. Det er også ein stor fordel at bitcoin kan brukast av nær sagt alle i heile verda, utan noka form for godkjenning.

Sett opp mot dei viktigaste eigenskapane til pengar, kan ei samanlikning mellom fiat-pengar, gull og bitcoin sjå slik ut:


Eit minus for "ombyttbar" ("fungible") fordi alle bitcoin kan sporast tilbake til opphavet og ein kan frykta at bitcoin som har vorte assosiert med kriminell verksemd, får mindre verdi enn "reine" bitcoin. Så langt har ikkje det skjedd. Kor varige bitcoin er, er også eit ope spørsmål fordi historia berre er knapt 10 år. På dei andre områda har bitcoin sterke eigenskapar.

b. Rekna ut inflasjonen i Bitcoin i 2020. Altså inflasjonen i året 2020.
- gå ut frå ei bitcoin-mengde 01.01.2019 på 17.430.000 bitcoin (NB! 01.01.2019)
- gå ut frå at halveringa av belønning («coinbase») vil skje nøyaktig halvvegs i 2020 (01.07.2020). 

Først må Bitcoin-mengde 01.01.2020 reknast ut:

17.430.000 + (12,5 x 6 x 24 x 365) = 17.430.000 + 657.000 = 18.087.000 btc

Så må tilførsel av nye bitcoin for 2020 reknast ut:

(12,5 x 6 x 24 x 366/2) + (6,25 x 6 x 24 x 366/2) = 658.800/2 + 329.400/2 = 494.100 btc

Inflasjon i 2020: 494.100/18.087.000 = 2,73 %

(NB! 2020 er skotår og dermed 366 og ikkje 365 dagar! Blir likevel berre marginale skilnader)

c. Kva er hovudskilnaden på ein børs og ei vekslingsteneste? 

Ein børs er ei plattform for kjøparar og seljarar å driva handel. Børsen tilbyr plattforma, men handelen skjer mellom individuelle aktørar.
Ei vekslingsteneste kjøper og sel valuta og er difor både kjøpar og seljar av valuta.

d. Kva er arbitrasje?

Arbitrasje er å utnytta kursskilnader på ulike børsar og få gevinst ved det. Det er ein risikofri handel.

e. Rekna ut muleg arbitrasje i NOK med desse opplysningane (vis framgangsmåten):

Start med 1 mill. NOK og la 1 USD = 8,50 NOK. 

1 BTC = 4500 USD
1 ETH = 150 USD
1 BTC = 32 ETH

Rekna om NOK til USD: 1.000.000 NOK/8,50 NOK/USD = 117.647 USD
Rekna om til bitcoin: 117.647 USD/4.500 USD/BTC = 26,1438 BTC
Rekna om bitcoin til ether: 26,1438 BTC x 32 ETH/BTC = 836,6016 ETH
Rekna om ether til USD: 836,6016 ETH x 150 USD/ETH = 125.490,24 USD
Rekna om USD til NOK: 125.490,24 USD x 8,50 NOK/USD = 1.066.667,04 NOK

Muleg arbitrasje er 66.667,04 NOK ved å utnytta kursskilnader.

lørdag 3. november 2018

Brennbare Bitcoin

Jon Hustads artikkel i Dag og Tid 19.10.2018
Jon Hustad, journalist i Dag og Tid, skreiv ein artikkel om Bitcoin og redusert el-avgift også for datasenter som driv bitcoin-utvinning. Tonen i artikkelen følgde det vanlege Bitcoin-hylekoret der det ikkje er grenser for elendigheit knytt til kryptovalutaen.

Dessverre ser det ut til at regjeringa vil prøva å gjera eit unnatak i reglane for el-avgift til datasenter slik at utvinning av kryptovaluta ikkje skal få redusert avgift. Det er etter mitt syn eit dårleg forslag og viser problemet med subsidiering i eit nøtteskal.

Her er eit lesarinnlegg eg sende som svar til Jon Hustad. Det stod på trykk i gårdagens Dag og Tid (01.11.2018). Jon Hustads artikkel er dessverre ikkje fritt tilgjengeleg.


Brennbare Bitcoin

Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking, 22.10.2018

Først vil eg gi ros til Dag og Tid for ei veldig god avis, noko prisen frå Fritt Ord i fjor var ei stadfesting av. Men Jon Hustad (JH) sin artikkel om Bitcoin 19. oktober held etter mitt syn ikkje den standarden eg forventar av avisa.

Eg sit att med eit spørsmål om kva bodskapen eigentleg er, bortsett frå at JH  kastar seg på hylekoret mot Bitcoin. Det går ikkje klart fram om han meiner datasenter generelt bør betala full el-pris, eller om det berre skal gjelda Bitcoin. Dersom argumentet er det siste, blir spørsmålet korleis det i så fall skal handhevast? Skal me etablera eit el-politi som overvaker alle digitale tenester? Kva då med tenester innan spel («betting»), porno, falske nyhende på Facebook og liknande?

Det er fleire faktiske feil og mistydingar i omtalen av bitcoin. Hustad skriv at energien går med til å «grava ut bitcoin», men energibruken går til å sikra systemet og gjera det til verdas sikraste, ope IT-system. Betalinga i form av nye bitcoin er berre ein bonus for arbeidet. For det andre er det ikkje slik at det nødvendigvis vil gå med stadig meir energi for kvar ny bitcoin som blir frigjeven, slik JH skriv. Det er i hovudsak bitcoin-kursen som avgjer lønsemda i denne industrien. Dersom vekslingskursen på bitcoin går ned, vil energiinnsatsen også gå ned over tid. For det tredje er ikkje bitcoin anonymt, men kan koplast til opphavsperson via IP-adresse, noko politiet har vist.

Bitcoin må forståast i ein global samanheng og som ein reaksjon på finanskrisa. Sjølv om me ikkje har stort behov for denne typen pengar og betalingssystem i Norge, er det dessverre lett å finna dysfunksjonelle økonomiar der bitcoin kan vera redninga for mange. Venezuela, Argentina og Tyrkia  er berre nokre få av mange eksempel. Også for den halvparten av verdas folk som ikkje har tilgang til bankkonto, kan kryptovaluta vera viktig og einaste mulegheit til å delta i den globale økonomien. Som journalist bør Hustad også kjenna til saka der styresmaktene i USA pressa Visa og  Mastercard med fleire til å stoppa betalingar til WikiLeaks i 2010. Bitcoin var då einaste betalingsmåte. I desse dagar pressar USA på for å få betalingssystemet SWIFT til å stoppa betalingar til Iran.

Eg inviterer Jon Hustad til å følgja kurset «Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien» ved Høgskulen på Vestlandet (alt tilgjengeleg på nettet). Betre kunnskap om fenomenet vil truleg resultera i artiklar med ei anna vinkling.

onsdag 17. oktober 2018

Norstella-seminar om status for blokkjedeteknologi

Norstella arrangerte i dag (17.10.2018) eit seminar om blokkjedeteknologi i offentleg og privat sektor. Seminaret var på mange måtar ei oppfølging av tilsvarande arrangement hausten 2016.

I 2016 var interessa veldig stor og me var på veg opp mot "peak of inflated expectations" (den vart vel nådd eit år seinare). I dag er stemninga langt meir nøktern og realitetar om utfordringar og vanskar med teknologien har teke plass. På ei anna side viste dagens seminar at det er mange prosjekt og initiativ i gang, så det er absolutt grunn til optimisme.

Ei utfordring er at det er vanskeleg å få ei meir heilskapleg tilnærming til utfordringa med sentralt koordinerte initiativ. KMD fekk utarbeida ein rapport i mars i år (kommentarane mine til rapporten her), men sidan har det vorte stilt. Det er kanskje eit paradoks å etterlysa meir sentralisering når me snakka om ein teknologi som blokkjede, men poenget er at for ein potensielt så disruptiv ("forstyrrande") teknologi må ein sjå på tvers av organisasjonar og også på tvers av nasjonar.

Takk til Norstella og til Brønnøysundregistra/Altinn som drog seminaret i gang. Her er presentasjonen min frå i dag:



onsdag 10. oktober 2018

Utopia for realister

Samfunnslønn, eller universell borgarlønn, blir diskutert av alle bortsett frå politikarar og politiske parti. Det er eit merkeleg fenomen og eit eksempel på korleis dei politiske partia har problem med å fanga tidsånda (zeitgeist).

"Utopia for realistar"
Nederlendaren Rutger Bregman har skrive bestseljaren "Utopia for realister - Gratis penger til alle, 15 timers arbeidsuke og en verden uten grenser" (på engelsk heiter den "Utopia for realists - and how we get there"). Boka vart skriven i 2017 og har fått mykje merksemd.

Ingen ringare enn FNs generalsekretær, Antonio Guterres, uttalte nyleg:
THe very nature of work will change. The governments may have to consider stronger social safety nets, and eventually Universal Basic Income".
Fleire bøker om samfunnslønn
Ingeborg Eliassen og Sven Egil Omdal fører diskusjonen vidare i boka "Borgerlønn. Idéen som endrer spillet". Men skepsisen er stor, ikkje minst i Norge. I Dagens Næringsliv 5. oktober i år skriv professor Ola Kaløy, NHH, at nordmenn er kanskje dei i verda som er mest skeptisk til samfunnslønn. Det må mellom anna sjåast i lys av den protestantiske kulturen vår der "arbeidet adlar mannen" og ikkje minst det bibelske "i ditt ansikts sved skal du spise ditt brød" (i nyare versjon av Bibelen er dette uttrykt på ein annan og mykje mindre poetisk måte..). Kvaløy gjentek argumenta om at me ikkje har råd til dette, men vel likevel å leggja vekk kalkulatoren ei lita stund for å reflektera over idéen.

Kva er viktig med samfunnslønn?
Det viktigaste med samfunnslønn er at den er ein universell rett det ikkje trengst søkjast om. Alle får ein viss sum, uansett. Du treng ikkje levera inn rapport om utført arbeid. Du treng ikkje levera noko som helst. Pengane kjem på konto - utan at det blir stilt eit einaste spørsmål.

Samfunnslønn vil vera ein måte å løfta sikkerheitsnettet for alle, i eit arbeidsliv som går mot større usikkerheit og mindre faste kontraktar. I tillegg vil det motverka dagens utvikling med stadig større grad av skreddarsydde ordningar, gjor muleg av digitaliseringa, men med total overvaking som endestopp.

Endeleg kan samfunnslønn vera ein måte å stansa den uheldig skeivdelinga av ressursar i samfunnet. Det er kanskje det største problemet me har: dei rike blir rikare og skilnadene på rike og fattige blir berre større og større. Professor Kalle Moene ved UiO har teke til orde for noko som liknar samfunnslønn; ei slags grunnrente som blir utbetalt til alle innbyggjarane og som er ein viss prosent av BNP. Også det som eit forsøk på å jamna ut skiljene mellom inntektsgrupper.

Ola Kvaløy konkluderer med at me for tida ikkje har råd til å innføra samfunnslønn (kvifor ikkje?), men at me med tida ikkje har råd til å la vera.

Boka "Utopia for realistar"
Boka er interessant og verdt å lesa. Det er mange interessante historiar om forsøk på gjennomføring av samfunnslønn, og ein del overraskande slike. Ein av dei er at Nixon var på nippet til å innføra samfunnslønn i 1969, men vart stoppa av intern motstand i Det kvite hus.

Den svakaste delen av boka er delen som omhandlar fjerning av grenser. Her tykkjer eg forfattaren motseier seg sjølv. For det første argumenterer han for at automatisering vil fjerna så mange jobbar at me er nøydde til å arbeida mindre. Men så argumenterer han for frie grenser for at folk i andre og mindre utvikla land, skal kunna komma og få arbeid i den rike delen av verda. Her er det noko som skurrar reint logisk.




lørdag 22. september 2018

Baltic Honeybadger 2018, Riga

Konferansen "Baltic Honeybadger 2018" har klart å samla mange av dei største namna i krypto-verda, i alle fall i Bitcoin-verda. For dette er ein Bitcoin-relatert konferanse, og då forstått som Bitcoin Core og ikkje dei titals andre Bitcoin-variantane. NB! Live-overføring her: https://youtu.be/66ZoGUAnY9s

Roger Vers reklamestunt i 2014
Tittelen på konferansen er kanskje litt rar, men spelar på eit tidlegare reklamestunt av den ikkje ukjende Roger Ver. Han sette opp reklameplakatar for den nye valutaen i California i 2014. Det er jo ikkje så lite ironisk at det nettopp er Roger Ver som indirekte har gitt konferansen namnet. For er det ein mann som neppe er invitert til konferansen, så er det nettopp Roger Ver. Det har sjølvsagt samanheng med frontkollisjonen i Bitcoin-miljøet i fjor då Bitcoin Cash spora av (hard fork) og vart eigen valuta med eiga blokkjede fråkopla hovudkjeda. Sidan den gangen har Ver brukt all ledig tid til å rakka ned på Bitcoin (Core) og reklamert for Bitcoin Cash.

Du kan elles lesa om koplinga mellom honninggrevlingen og Bitcoin i denne Wired-artikkelen. Koplinga mellom honninggrevlingen og bitcoin kan elles førast tilbake til ein Youtube-video frå 2011, som Wired-artikkelen viser. Få med deg videoen, den viser honninggrevlingen som litt av ein råtass - den fyren vik ikkje tilbake for noko! (NB! Sterke scenar! :)

Konferansen snart klar til å starta. Ei ganske mannsdominert
forsamling, det må seiast.

Oppsummering

Eg forventar ikkje at folk skal lesa gjennom det eg har notert, nærmast som ein "stream of consciousness", så her er ei oppsummering av inntrykka mine.

Årets Honeybadger-konferanse samla 7-800 deltakarar (vanskeleg å telja eller anslå) og med det fleire enn 2017-konferansen. Det gode med konferansen er at den også blir streama. Teknisk sett var det ein del å utsetja på arrangementet. Det var ein god del rot med presentasjonar som ikkje kom opp, peikarar som ikkje verka, lydproblem fordi det ikkje vart brukt mikrofonar festa til hovudet, men lause mikrofonar. Alt i alt litt primitivt der altså. Heller ikkje offisiell wifi i salen. Sidemannen min meinte det var fordi den typiske deltakaren på slike konferansar er skeptisk til bruk av wifi. Jeez...

Konferansen var prega av stor semje og konsensus om det meste, ulikt dramaet i miljøet for eit år tilbake. Det kan verka kjedeleg, men er bra for Bitcoin. "Boring is good" sa Gavin Andresen på den store Bitcoin-konferansen i Amsterdam i 2017, og han hadde nok rett i det den gangen. Men GA er ute av Bitcoin-miljøet sidan den gangen, i alle fall det miljøet som støttar dagens Bitcoin-versjon. Det var ikkje langt mellom uttrykka "shitcoin" på denne konferansen..

Det var ikkje så mykje nytt som vart presentert, og av nye ting som blir arbeida med er det vel Lightning Network som er det mest spennande og det som kan ha størst betydning for Bitcoin-brukarar på kort sikt. Men det vart understreka at det er langt igjen, og at det er beta-versjon me snakkar om. Til og med Bitcoin er i beta-versjon!

Den nyleg oppdaga feilen i Bitcoin vart også teken opp i ein av paneldiskusjonane. Feilen har fått mykje merksemd, for deg var av den alvorlege sorten. Den opna opp for dobbel bitcoin-bruk ("double spending"), nettopp det Bitcoin er konstruert for å unngå! Full informasjon om feilen finn du  her. Her kan du sjå at det vart jobba fort når feilen først vart rapportert. Ironisk nok vart feilen oppdaga av ein utviklar frå "the dark side"; frå Bitcoin Cash og Bitcoin Unlimited. Vedkommande fortener honnør for måten feilen vart kommunisert på!

Skjebnen ville det slik at utviklaren som introduserte feilen i ei oppdatering i fjor (Matt Corallo) også var på konferanen og sat i panelet. Men han var ikkje vidare snakkesalig om dette; han understreka berre at all programvare har feil og at det er kvalitetssikringsrutinane som må vera best muleg for å unngå at slikt skjer. Feilen er sjølvsagt retta opp, og alle som køyrer ein fullnode bør snarast oppgradera til 0.16.3-versjonen av Bitcoin Core.

Det slo meg at den økonomiske forståinga ikkje var spesielt god i forsamlinga, og at det hadde vore interessant å få inn litt meir kvalifiserte synspunkt frå den kanten. Det var, som venta, det teknologiske som dominerte.

I tillegg til Lightning var kanskje kunngjeringa av theB.foundation det mest interessante. Bortsett frå eit litt merkeleg namn, er det eit bra initiativ. Bitcoin Foundation slutta å fungera etter 2013-bobla og er i dag berre eit tomt namn. Det er lov å håpa at det nye initiativet klarer å gjera noko for nye brukarar av Bitcoin.

Elles vart det i fleire innlegg på konferansen understreka kor viktig det er å køyra ein fullnode. Lærdommen etter splittinga i 2017 er at brukarane er dei viktigaste aktørane i Bitcoin-universet, men at desentraliseringa må oppretthaldast ved at flest muleg køyrer sin eigen node.

Dag 1 av Baltic Honeybadger, 22.09.2018

(Det blir dessverre ei blanding av norsk og engelsk i referatet, og enkelte innslag er også mangelfullt refererte.)
Opning av konferansen


The Reserve Currency Fallacy
Eric Voskuil

Eric Voskuil står mellom anna bak Libbitcoin, eit utviklingsmiljø (developer toolkit) for Bitcoin.
Eric snakkar om skalering. Skalering var noko av dei første som vart meldt tilbake frå cypherpunk-miljøet. Dei første forslaga (Satoshi og Hal Finney) har vist seg ikkje å vera fullgode.

Dagens skaleringsforslag (moderne skaleringsforslag):
- sidekjeder (side chains)
- drivkjeder (drive chains)
- lightning network

Bitcoin som konsept:
- class of cryptocurrencies
- shared security model
- based on the Satoshi Nakamoto white paper

Value proposition:
- minimize the money tax
- does not eliminate the state, tax or banking
- may result in more trnasparent taxation

Bitcoin-fasar i utviklinga:
  1. Honeymoon
    Not having sufficient tax impact to justify suppression
  2. Black Market
    Accepting or mining Bitcoin is widely criminalized
  3. Competition
    Faulure of ban results in state-sponsored mining attack
  4. Surrender
    Mining attack and defense are all-or-nothing
Eric er open på at staten gjerne kan overta kontrollen over Bitcoin, på ein eller annan måte (herunder også at finanssektoren kan overta store delar gjennom ETF [Exchange Traded Funds] o.l.). Det er umuleg å seia kven som vinn denne kampen.

Trustlessness, Scalability, and Directions in Security Models
Matt Corallo

Matt har vore Bitcoin-utviklar i lang tid og gitt viktige bidrag til koden.

"Trustlessness"
- eit betre uttrykk enn "desentralisering"
- det er uansett det me eigentleg meiner
- meir enn berre sikkerheit - motstandsdyktig mot sensur også
  - distribuering av konsensus-gruppe(r) også eit viktig, ope spørsmål for all desentraliserte system

Fordelinga av hash-kraft er ikkje desentral i dag, så spørsmålet er om me kan byggja eit sensurfritt system når distribusjonen av konsensus ikkje er desentralisert.

Spesielt for Bitcoin er den konservative haldninga til endringar. Endringar blir ikkje gjort utan brei semje.

Skalering
- Blokkjeder skalerer ikkje! Alle som påstår at dei har ei blokkjede som skalerer, enten lyg eller er ikkje opne om kompromiss som er nødvendige
- kan gi opp ideen om desentralisert konsensus
- kan gi opp sjølv-validering
- (Lightning Network kompromissar på dette, men lenar seg til slutt på Bitcoin-blokkjeda)
- gi opp sensurfridommen
- gi opp alt!

Bitcoin-samfunnet (community) prøver å unngå at avgjerder blir pressa gjennom.

Framtida for Bitcoin
- each use-case has different trust models baked in
- encourage different trust tradeoffs for different use-cases
- many ineroperable systems for different uses
- reduce usability gaps for those with "stricter" trust models
- continue setting community precedent

How to onboard more (ordinary) people?
Still serious sser experience challenges. Everyting else than using Coinbase is a pain in the..

What will Bitcoin primarily be used for?
Open for a wide variety of use-cases, not locked into specific ones

Different implementations of the Bitcoin consensus rules?
Veldig vanskeleg å få to ulike implementeringar konsensusreglane til å tolka reglane 100 % likt (sjå berre på Ethereum). Men gjerne konkurranse på andre delar av koden.

1 on 1: Current state of the market & institutional investors
Tone Vays og Bruce Fenton

Bitcoin og ETF
(ETF er investeringsfond handla på børsen der dei som kjøper andeler ikkje eig direkte i dei underliggjande verdiane, i dette tilfellet bitcoin)

- kan vera bra for prisutviklinga, men dårleg for bruken av bitcoin (stimulerer investeringar og at ein "sit" på valutaen i staden for å bruka den)
- dei "store" pengane, dvs. store pensjonsfond o.l., er ikkje interesserte i Bitcoin eller kryptovaluta enno. Det er er litt mindre aktørar som er begynte å snusa på dette som eit investeringsobjekt.
- når slike aktørar kjem inn, blir desentralisering av nøklar ("not your keys, not your money") vanskeleg. Slike aktørar må ha ei sentral oppbevaring av kryptopengane (custodians)

"Stablecoins"
(Stablecoins er kryptovaluta som er låst til fiat-valuta, t.d. Tether som er låst til verdien av dollar)
- stor risiko - kva hindrar styresmaktene i å konfiskera dollar- reservane som ligg bak valutaen?
- kanskje "pegged-coin" er eit betre uttrykk enn "stablecoin", for dei er ikkje stabile

Tether (og stablecoins) blir brukte av vekslingstenester for å komma rundt bankproblemet
- "it works until it doesn't"


The future of Bitcoin smart contracts
Max Keidun

Max Keidun jobbar i firmaet Hodl Hodl.

Kva er ein smart kontrakt?
- svært få som forstår dette begrepet

Multisig (multiple signaturar, fleire signaturar) er ei form for smart kontrakt

1. Bitcoin is sent to an escrow address
2. Two parties hold the keys
3. When they aree, they both sign the release transaction

Fleire use case

Kva skjer når den eine parten nektar å signera?
- ingen av partane har interesse av å låsa midlane, men i enkelte tilfelle kan det vera ei betre løysing enn alternativa

Multisig er ikkje brukarvennleg pr. no
Korleis gjera det meir brukarvennleg?

Hodl Hodl lansering ei OTC-basert handelsteneste (OTC = Over the Counter)
- basert på multisig (2 av 3)
- vil også lansera opsjonshandel (futures)

Kvifor ikkje bruka Ethereum?
- meiner Ethereum opnar for mykje usikkerheit og problem i koden og har satsa på Bitcoin i staden


The Bitcoin Standard as a layered scaling solution
Saifedean Ammous (via Skype)

Saifedean Ammous har skrive boka "The Bitcoin Standard".

Bitcoin is "the hardest money ever" to make (money has to be hard to make)
Demand for money is "winner takes all"
- sjå på gull/sølv-forholdet - gull har teke over og sølv har ikkje stige i verdi sidan 1980-talet

On-chain transactions are not possible!
Minner om gull. Alle ville ha gull, men transaksjonskostnadene var for høge.
Gull-standarden art løysinga.

Ser noko liknande med Bitcoin
- storparten av bitcoin-trans. skjer off-chain, ikkje på blokkjeda (vekslingstenester, casino, betting services)
- on-chain trans. vil berre auka marginalt
- off-chain trans. vil auka eksponensielt

Kostar langt mindre å operera ein Bitcoin-fullnode enn ein "gull-fullnode"
- det betyr meir desentralisering og mykje vanskelegare å konfiskera
-

Det er svært lite sannsynleg at styresmaktene vil bruka/eiga Bitcoin
- mental modellar i sentralbankane
- avviser displinen bak "hard money"
- dei fleste styresmaktene er avhengige av å kunna trykkja pengar (seniorage)
- USAs styrke arbeider mot andre styresmakter


Beyond Bitcoin: Decentralized collaboration
Yurii Rashkovskii

Skytenester er eigentleg ikkje nytt, same modell som i "gamle dagar" (IBM stormaskin)

3 Cloud Conveniences
- cost
- convenience
- convention

Cloud is FIAT software
Era of digital feudalism
Online is an optical illusion

3 Cloud Concerns
- Control
- Connectivity
- Complexity

Tilrår å lesa boka "Walkaway" av Cory Doctorow

Serverless Information Tracker (sit.fyi)
- enables decentralized , sporadically connected parties to process the shared information

The tragicomedy of the commons


1 on 1: The future of Bitcoin wallets
Pavel Rusnak and Lawrence Nahum

Pavel Rusnak er ein av personane bak "hardware"-lommeboka Trezor (idéen kom i 2011 og i 2014 vart produktet kommersielt tilgjengeleg).
Lawrence Nahum er utviklar i lommeboka GreenAddress

Samanlikning med Internett: Lommebøker (Wallets) er for Bitcoin/blokkjede som nettlesaren er for Internett
Med den samanlikninga: korleis gjera det kommersielt vellykka?
- for Trezor er det enkelt fordi produktet er "hardware"-basert. Lommeboka er produktet som dei får betalt for
- For ei programvare-lommebok som GreenAddress er forretningsmodellen annleis. Den kan vera å selja tredjepart-tenester eller visa til andre løysingar som t.d. "hardware"-lommebøker

Er lommeboka brukarvennleg slik at vanlege brukarar kan bruka den?
- trur Trezor er ok også for vanlege brukarar
- Trezor gjennomfører enkle brukartestar blant sine eigne tilsette - ofte nok for å avsløra problematiske ting med grensesnittet
- GreenAddress: Brukarvennlegheit er i bevegelse heile tida, brukarane krev stadig meir og det skal vera enkelt å bruka

Planar for støtte til Lightning Network
- Trezor jobbar med dette, men det er utfordringar både til konseptet og den praktiske utføringa
- GreenAddress jobbar også med implementering av Lightning Network, men det er ei rekkje spørsmål som ikkje er avklara enno

Kva funksjonalitet vil me sjå det nærmaste året?
- ein del vil vera usynleg (t.d MAST)
- for GreenAddress er personvern (privacy) det viktigaste. Schnorr signaturar vil også bli innarbeida, og betre sikkerheit er alltid viktig

Generelt: Mykje enklare å utvikla for Android enn iOS, og Apple har i tillegg ein veldig streng politikk på godkjenning av app-ar (og er generlet skeptiske til Bitcoin)

Extreme OPSEC for the Modern Cypherpunk
Jameson Lopp

The quest for privacy
Korleis oppnå best muleg personvern utan å melda seg heilt ut av samfunnet

For mange vart nok denne presentasjonen hakket for paranoid - i alle fall vart det det for meg.
Situasjonen er nok annleis i USA, men for dei fleste er det ikkje aktuelt å gå så drastisk til verks som Jameson Lopp har gjort.

1 on 1: Bitcoin payment processing and merchants
Sergej Kotliar and Alena Vranova

I starten vart det lagt ned stor innsats for å få handelsaktørar/merchants til å ta i mot Bitcoin for å få opp bruken. Korleis er det no?
Aksepten for Bitcoin er mykje større no enn for få år sidan, men å jobba med "merchants" er å gå baklengs inn i det. Poenget er å få fleire folk til å ta i bruk Bitcoin og på den måten pressa fram større aksept i handel, både online og fysisk.

[Dette er eit klassisk høna og egget-problem: vanlege folk vil ikkje skaffa seg bitcoin så lenge det ikkje er noko du kan bruka det til, og "merchants" vil heller ikkje ta i bruk bitcoin fordi folk ikkje brukarvalutaen]

Brukarvennlegheit, og kanskje heller mangel på det, er viktig for å lykkast. Brukaropplevinga i ulike Bitcoin-tenester er framleis langt bak det ein forventar av moderne app-ar og program.

For eigen del tykkjer eg diskusjonen var naiv og viktige økonomiske kjennsgjerningar utelatne:
Ein valuta som stort sett aukar i verdi, vil ikkje bli brukt som "medium of exchange", men som "store of value". Eit meir interessant spørsmål er då om det er nok for Bitcoin å fungera som lagring av verdiar?

1 on 1: Present and future tech challenges in Bitcoin
Peter Todd and Adam Back

(vanskeleg å oppfatta kva som vart sagt - må høyra dette på nytt på Youtube..)

The Future of Lightning
Elisabeth Stark

Elisabeth Stark er CEO for Lightning Labs

Lightning Network er svaret på skaleringsproblemet i Bitcoin. Det er ein lag-2 protokoll og er ein betalingskanal som fungerer off-chain, men som blir avstemt mot Bitcoin-blokkjeda.

Alice og Bob set opp ein betalingskanal, som eigentleg er ein smartkontrakt. Dersom Alice går off-line, stoppar ikkje systemet opp.
Dersom Bob prøver å lura Alice, vil han mista den mengda bitcoin han har sett av i kanalen. Det er altså bygt inn straffemetodar for å hindra svindel. Bitcoin-blokkjeda fungerer her som dommar.

Interoperabilitet:
LN fungerer også på andre blokkjeder

Neutrino: lettvekts-klient (desktop)

Plattform for kjøpmenn (merchants)
BTCPay server - payment server for Bitcoin

Lightning er også eit applikasjonslag for Bitcoin-utvikling

I starten av 2018 var det ca. 46 LN-kanalar, no er det > 12.000
Må likevel vera forsiktige med å setja bitcoin i LN-kanalar for det er mykje som gjenstår før LN er ferdig og klar til seriøs bruk.

Casa: LN-node som kan plasserast heime og som surrar og går.

Arbeid framover:
- arbeider med Watchtowers
- Neutrino mainnet
- AMP: Atomic Multichain Payment
- Splicing:
- routing infrastructure


1 on 1: Investing in bitcoin businesses
Nic Carter and Florian Maier



Closing panel
Elisabeth Stark, Peter Todd, Jameson Lopp, Eric Voskuil og Alex Petrov

ES: Det var meir drama for eit år sidan, med "hard fork" osv. Det har vore eit år med utvikling i staden for  slåssing.

JL: Trur at mange har klart å sjå forbi vekslingskurs og ser at det er mykje ugjort for å byggja vidare

PT: Ser at Lightning kan oppfylla mykje av det som var tenkt med Bitcoin i utgangspunktet

AP: Bitcoin har komme sterkare ut av skaleringsdiskusjonen. Bitcoin er tverrfagleg og byggjer på tre område: teknologi, økonomi og samfunn/(legal).

ES: Lightning er i beta. Bitcoin er i beta, då må jo LN vera i beta!
Mykje må gjerast på brukarsida, med forenkling
Framleis svært tidleg i utviklinga

AP: Trur Bitcoin + Lightning vil bli stort i Afrika og andre stader som har svært dårlege finanstenester

Spådommar om neste år:
JL: Trur Bitcoin vil vera den dominerande kryptovalutaen
EV: I predict that half the predictions will be wrong :)
PT:
AP: Bitcoin kan bli ei redning ved neste finanskrise. Trur altcoins vil vera taparane.
ES: Trur me vil få Schnorr-signaturar i Bitcoin, fleire vil ta i bruk Lightning, trur me vil få fleire "double spending"-angrep i diverse altcoin.


Dag 2 av Baltic Honeybadger, 23.09.2018

Bitcoin Maximalism dissected
Giacomo Zucco
(dette foredraget må sjåast på med eit visst skråblikk ;)

Kva er ein Bitcoin-maksimalist?
Uttrykket karakteriserer dei som trur på ei utvikling av Bitcoin der ein held fast på små blokker og at skalering må skje via eit nytt, off-chain, lag (Lightning Network). Det rommar også haldningar som at Bitcoin er "den einaste rette" kryptovalutaen og at alle andre kryptovalutaer stort sett er "shitcoins".
Det vart først brukt, litt nedsetjande, av Ethereum-grunnleggjar Vitalik Buterin i artikkelen "On Bitcoin Maximalism, and Currency and Platform Network Effects".

Emotional -> Rational
Dogmatic -> Empirical
Toxic -> Healthy
Rude -> Genereous
Gloomy -> Lots of fun

Eric Vorskuil: Cryptoeconomics

The Four Universal Truths (etter buddhism)


  1. Everything which is not Bitcoin is a scam
  2. Every attempt at changing Bitcoin is a scam
  3. Any attempt to use Bitcoin for payment is a scam
  4. We shouldn't be nice to scammers

Hard vs. Easy Money
Coinbase & Blockchain
Cloning Theorem


Trading panel
WhalePanda, Florian Maier og Tone Vays

Det generelle rådet frå alle i panelet: Don't! (don't trade)
Viss du absolutt vil starta kryptohandel, er rådet å handla så lite som muleg, ha stor grad av tolmod og sitja på investeringane (long posistions) til dei har nådd ein pris du har definert på førehand. Til meir/oftare du handlar, til større er risikoen.

Ikkje ha større mengder kryptovaluta på vekslingstenester, det er risikabelt ("Not your keys, not your money!").

Make plan and trade the plan!

Bitcoin as a novel market institution
Nic Carter 

Nic Carter driv mellom anna coinmarket.com

Verdivurderinga av Bitcoin (og kryptovaluta) er dårleg!
Å måla transaksjonar pr. dag og samanlikna med t.d. Visa, gir ikkje meining. Bitcoin-trans. er mykje større enn ein typisk Visa-trans.

"Market cap" er eit dårleg mål
- det finst mykje inaktiv bitcoin og mykje som er mista
- rundt 2 mill. bitcoin er ute av sirkulasjon, av ein av grunnane over

Eit alternativt mål er "Realize Cap"
- aggregate value of UTXOs priced by their value when they last moved
- avoids counting long-lost coins
- RealCap = 88 bn vs. Market cap 115 bn
- til samanlikning er RealCap for bitcoin cash 11 bn

Bitcoin er eit effektivt "Clearing House" for verdioverføring
- handel (varer og tenester) utgjer svært lite av dagleg bitcoin-omsetning
- det store volumet er til/fråvekslingstenester
- men det spelar mindre rolle kva Bitcoin blir brukt til, så lenge det blir brukt

Ny KPI: Economic density
- USD transmitted pr. byte (i dag ca. $15)

Men skulle ikkje Bitcoin vera "to dis-intermediate"?
- ja, men... kan ikkje kjempa mot realitetane
- Hal Finney hadde rett med tanke på Bitcoin-bankar, me kallar dei vekslingstenester (exchanges)
- dei fleste føretrekk brukargrensesnittet til vekslingstenester

Bør akseptera at bitcoin blir brukt slik og heller forbetra sikkerheit i mellommenn (intermediates).
Ethereum er eit godt eksempel på korleis det går utan god styring (chain stewardship)


Global Ledgers: Scaling & Capacity for Legacy Securities Systems in the Age of Atomic Swaps
Bruce Fenton

Korleis vil Bitcoin eller annan kryptovaluta interagera med verdipapir ("securities").
Securities are not currency!

Spacesuit X: Analyseverktøy for

Den første "tradeable agreement" er frå 1602 i Nederland, VOC (Dutch East India Company)
- det største selskapet i verda (i dagens verdi større enn dei 10 største selskapa i verda).
- verdipapir vart selde til ca 1100 investorar

Korleis verkar dagens handel med verdipapir (dagens "ledgers")
- dei fleste trur at Apple har ein database med oversikt over alle aksjane
- slik er det ikkje, Apple veit ikkje kven som eig aksjane
- det er mellommenn som Charles Schwab o.l. som har oversikt over dei aksjane dei handlar, men det er ingen delt oversikt

For å føreslå ei blokkjedeløysing for dagens verdipapirsystem er det nødvendig å forstå dagens sjølvmotseiande (counterintuitive)

Development panel
Eric Voskuil, Bryan Bishop, Eric Lombrozo og Matt Corallo

Panelet starta med å diskutera den siste feilen som vart oppdaga i Bitcoin. Feilen kunne ha skapt inflasjon i systemet ved å produsera meir bitcoin enn det som er sett som grense. I praksis ville det skapt ei splitta blokkjede, ei med Bitcoin-inflasjon (der feilen har vorte utnytta), og ei der feilen ikkje har vorte utnytta. Sannsynlegvis ville brukarane ha samla seg om den siste etter ei stund.

Hendinga illustrerer at alle program har feil ("bugs"), til og med system som er så gjennomanalyserte som Bitcoin. Det er ei viktig påminning om alltid å vera på tå hev og aldri tru at eit program er feilfritt.

Kva skjer innan utvikling  av sidekjeder?
- sannsynlegvis først ei "federated" løysing, etter kvart sikra med proof of work

Spørsmål om "covenance"
- må vera veldig forsiktige med å "låsa" bitcoin fordi det er lett å gjera feil slik at bitcoin blir mista/låste for alltid (jf. Ethereum)


Running an organization fully on crypto, Parallel Polis case study
Juraj Bednár

Paralelni Polis (Praha, Bratislava)
Bygning i Praha der alt skal vera basert på kryptovaluta
- kryptobasert kafé
- krypto-hub
- krypto-lab
- Institute of Cryptoanarchy - educatioal insti. and think-tank
- Hackers congress Pralelni Polis - konferanse for kryptoanarkistar

Oppmodar alle om å kopiera konseptet - ein avleggjar er starta i Bratislava.

Erfaringar:
- måtte starta å akseptera Litecoin fordi gebyra i Bitcoin vart for høge
- har eksperimentert med Monero, men problem med bruk av monero før tidl. trans. er stadfesta
- Lightning Network: også problem fordi ein kanal må først opnast
- papir-lommebøker, NFC

Korleis handtera dei store svingingane i kurs?
- prøver å snu det til ein fordel
- betalar dei tilsette kvar dag (etter endt arbeidsdag)
- med kapitalfondet er det motsett: held på valutaen til den har stige 30 %
- i Bratislava hadde dei problem med oppstart pga. den kraftige nedgangen etter nyttår
- brukte då kryptobehaldninga som sikkerheit for lån frå individuelle personar

Announcement
Alena Vranova

Alena var med å starta Trezor (populær hardware-lommebok) og Satoshi Labs.
Har sett behov for betre marknadsføring av Bitcoin.

BHB-nettverk
- sannsynlegivs treng ikkje Bitcoin nokon sentral, koordinert innsats
- men, med litt meir og betre koordinering kan ressursane brukast betre

Dagens modellar
- HODL & BUIDL
- RedHat (delvis desentral, er levedyktig, men sklalerer ikkje, kan også bli interessekonflikt)
- Linux Foundation (klare mål, men sentralisert og kan lett blir korrumpert, reguleringsmessig vanskeleg)

Forslag:
theB.foundation
- Bitcoin/LN er hovudfokus
- enkel vevside for å kopla donering og prosjekt
- hierarkisk tre av prosjekt
- "advisory board" for
- transparent Git-basert prosess

Initiativet er eit forsøk på å laga den org. som Bitcoin Foundation aldri vart (BF har vore plaga med konfliktar, rot, pengemangel og har dei siste 3-4 åra reelt sett vore inaktive).

Bitcoin, regulation and policy panel
Alex Petrov, Eric Voskuil, Leonhard Weese and Gregory Klumov

AP: Kriminalitet er eit menneskeleg aspekt, det er ikkje teknologien i seg sjølv som er kriminell. Teknologi, og andre verktøy, kan brukast til gode ting og til dårlege ting.

AP: Fare for at EU leg store hindringar i vegen for utvikinga i forsøket på regulering. Problemet er at dei ikkje hentar inn råd frå folk som forstår teknologien og systemet, men prøver å finna ut av det sjølve. EU vil ikkje vera den beste plassen for krypto, det er heller mindre land som Malta, Sveits, Lichtenstein som vil vera krypto-vennlege.

GK: Det er viktig at eit land har tilgang til det globale finanssystemet. Det hjelper lite om eit (lite) land har vennleg regulering for kryptovaluta dersom dei ikkje er kopla til det internasjonale finanssystemet.

LW: Det beste er informert regulering, det verste er for lite/feil/dårleg informasjon bak reguleringsvedtak.


Using Bitcoin for Real Estate
Ragnar Lifthrasir

IBREA - International Blockchain Real Estate Association

1. Real Estate Pain Points
Problemet er det store talet mellommenn.
Transaksjonskostnader
Data i siloar, ingen interoperabilitet
Lovgiving
Svindel

2. Solution

4. Real World Applications
- Money!
- Digital Assets?
- smarte kontraktar (trust-minimized conditional payment)
  - Bitcoin multisignature, time lock,

Har tru på "tokenizing", men løysingane er pr. i dag ikkje gode nok (starta med "colored coins", men har ikkje tru på det lenger). Trur kanskje sidekjeder kan vera ei bra løysing når/viss dei blir operative.

Tidsstempling er viktig - OpenTimestamps

5. Assessing Blockchains

Real world implementations
HouseHodl: første plattform for sikker kjøp og sal av eigedom med Bitcoin
Bitcoin escrow via multisig smart kontrakt

Woleet (fransk)
- tidsstempling
- signerte data
-

Use case: Kinesarar som vil kjøpa eigedom i USA (og Canada). Strenge restriksjonar på utførsel av pengar frå Kina gjer at overføring av større pengemengder frå Kina til USA er vanskeleg. Bitcoin er perfekt for slike tilfelle.

Action steps
- kjøp bitcoin
- send til lommebok/-bøker
- køyr full node
- IBREA.network

Bitcoin security panel
Pavol Rusnak, Eric Lombrozo, Pierre Roberge og Jameson Lopp

Større fare for å mista nøklar enn å få dei fråstolne.

Det er ei motsetning mellom sikkerheit og brukarvennlegheit. Eit problem er at mange då vel å bruka ei vekslingsteneste for oppbevaring av kryptovaluta fordi det er mykje enklare å bruka.

Trezor har erfart eit par gjenomgåande problem
- den initielle "seed"-en (orda som må skrivast ned/lagrast) blir ikkje tekne på alvor (ein enkel ting som at rekkefølgja ikkje blir notert korrekt)
- Bitcoin-forgreiningar (forks) og forsøk på å få ut den nye valutaen (skriv inn passord/seed på tvilsame nettsider, sender valuta til feil adresse (replay-problem)

Supply chain attack: dersom du bestiller ei hardware-lommebok og den blir manipulert på vegen. Ver særleg forsiktig med å kjøpa brukte lommebøker.

Idéen om den sikre datamaskina er ein bløff - det vil ikkje skje i overskueleg framtid. Det beste er å spreia risikoen, t.d. bruka multisig saman med ei hardware-lommebok.

Finst det testar/samanlikningar av lommebøker?
- Nei, men det beste er truleg å sjå på Github og talet på bidrag, forgreiningar ++

Don't trust, verify!

Bitcoin custody
Bryn Bishop

What is custody?
Custody rule: It is

Bitcoin vart laga for å eliminera tredjepart, så custody

Sjekklister! Følgja dei slavisk!

Er det verdt å låsa opp den "kalde lagringa" for å casha ut t.d. Bitcoin Cash?
- stor risiko! potensiell gevinst er kanskje mindre enn risikoen


Bitcoin statistics & basics
Alex Petrov

Alex Petrov er CIO i Bitfury Group

Blokkjede er ingen magisk ting

Cyphernode: building Bitcoin applications without trusted third parties
Francis Pouliot

Satoshi portal: Building the Bitcoin standard
Utgangspunkt: Desentralisering i Bitcoin var i fare!

Gjekk frå å vera Bitcoin-misjonærar til å starta ei bedrift
Gjekk aktivt ut mot Bitcoin Unlimited-forslaget saman med 15 andre Bitcin-firma
Også aktivistar for UASF (User Activated Soft Fork) for å få gjennom SegWit i fjor.
- utvikla eigen UASF-fullnode

Cyphernode: Modular Bitcoin full-node microservices API sevrer architecture to build scalable, secure and featureful apps and services without trusted third parties

Closing panel
Adam Back, Giacomo Zucco, Tone Vays og Eric Lombrozo

Kvar er Bitcoin om 5 år?
- trur det er mykje meir bruk av Bitcoin, kanskje mest i den grå marknaden (den som ikkje er ulovleg, men uklar pga. vanskeleg/tung regulering o.l.)
- det handlar om å tilby eit alternativ til fiat-pengar og institusjonelle finanstenester
- håpar at theB.foundation vil fokusera meir på å få fleire til å køyra ein full-node og generelt læra opp folk

Spørsmål frå salen:
"TheB.Foundation" er eit dårleg namn, kan forvekslast med Bitcoin Cash - korleis unngå å gå i same retning som Bitcoin Foundation?
- skal gjera heilt annleis ting enn Bitcoin Foundation. Forsøket er å prøva å ta tak i ting som treng noko meir koordinering og som vanskeleg kan gjerast totalt desentralisert

Kommentarar til det siste året der drama har vorte mykje mindre?
- AB: kan bruka tida til meir produktiv utvikling
- AB: det vil likevel komma nye forslag som kan skapa nye konstallasjonar/frontar
- TV: har vorte skuffa over veldig mange heilt fram til no
- GZ: If you want drama, I give you theB.Foundation name :)
- AB: Dramaet om SegWit2X har vist at brukarane har mykje meir kontroll enn det som var tenkt før

6000 års historie har vist at folk flest gladeleg gir frå seg kontroll til sentrale krefter fordi det gjer livet deira enklare. Kan me få to separate økonomiar, ein sentral og ein desentral?
- AB: Til ein viss grad er det tilfelle alt i dag. Bitcoin ser ut til å fylla ei nisje som bankar ikkje kan eller vil gå inn i.
- EL: Det viktigaste er å ha eit alternativ, ikkje at alle i heile verda skal bruka Bitcoin
- TV: Sjølv i Bitcoin-verda er det desentral og sentrale bruksområde (vekslingstenester vs. å ha full kontroll over pengane gjennom å sitja på nøklane sjølv).

Kva er det neste store Bitcoin vil løysa?
- TV: Skalering, gjennom LN, og gjennom det også personvern (privacy)
- EL: Schnorr og MAST vil leggja grunnlaget for nye løysingar høgre opp i stakken
- AB: Bitcoin kan gjera det den gjer i dag, berre betre

søndag 16. september 2018

Bitcoin og samfunnsnytte

Lesarinnlegg i Dagens Næringsliv 15. september. Eg har tidlegare kommentert Skatt vest sin merkeleg uttale i brev til Skattedirektoratet, og då DN hadde ein artikkel om skatteinngangen grunna gevinst på bitcoin-investeringar, måtte eg ta opp spørsmålet om samfunnsnytte. Lesarinnlegget er tilgjengeleg på dn.no.


onsdag 8. august 2018

Redusert el-avgift til Bitcoin-utvinning

Bitcoin-maskiner i Dale, Hordaland
Diskusjonen går høgt om det er rett at utvinning av Bitcoin skal få redusert el-avgift. Regjeringa gjorde endringar i regelverket slik at datasenter får redusert el-avgift på linje med kraftkrevjande industri. El-avgifta er på 16,58 øre pr. kWh, medan datasenter (og kraftkrevjande industri) berre betaler 0,48 øre pr. kWh.

Oppsiktsvekkjande frå Skatt Vest
Det er eit brev frå Skatt Vest til Skattedirektoratet som har sett fart i diskusjonen. I brevet skriv Skatt Vest at hovudformålet til bitcoin-utvinnarar er å forvalta og investera i kryptovaluta og at dei slik sett må reknast å vera i finansbransjen og ikkje fell inn under selskap der prosessering av data er hovudformålet. Dei skriv vidare:
Det produseres så vidt skattekontoret kan bedømme ingenting av verdi for samfunnet for øvrig. Formålet synes primært og nærmest alene å være ren verdispekulasjon, hvor innsatsfaktoren primært er kraft.
Det er oppsiktsvekkjande at ein offentleg etat kjem med slike påstandar. Det vitnar om mangel på kunnskap om teknologien og er slik sett avslørande. Selskapa som nyt godt av den reduserte el-avgifta driv datasenter-tenester, dei driv ikkje utvinning av kryptovaluta. Det burde Skatt Vest forstå, det er ikkje veldig vanskeleg å finna det ut. Det blir analogt med andre datasenter der det blir leigt ut lokale og selt straum. Verken Lefdal Mine, Bluefjords, Green Mountain, Greentech eller kva dei no heiter, har noko med innhaldet i maskinene som står i hallane deira.
Baksida av Bitcoin-maskinene, der kjølelufta blir blåst ut
(nær 60 graders varme!)

Skatt Vest med normative vurderingar
Det er også spesielt at Skatt Vest gir seg ut på normative vurderingar av ein heil teknologi. Skatt Vest er neppe dei rette til å vurdera om Bitcoin har verdi for samfunnet som sådan. Det er eit stort og vanskeleg spørsmål, og det er ikkje minst eit globalt spørsmål. Dersom tilgang til bank- og finanstenester for dei som ikkje har, eller kan få, bankkonto er viktig, har Bitcoin definitivt verdi. Eg vil hevda at Bitcoin har stor verdi, også på andre område. Kva verdi har verdas sikraste, ope IT-system?

Politikarar kastar seg sjølvsagt på ballen og ropar høgt at utvinning av Bitcoin ikkje må få redusert el-avgift. Det er SV og Sp som ropar høgst her - ingen av partia er kjende for ein offensiv digital politikk. Det er eit svært populistisk utspel, for kven skal vurdera kva IT-tenester som er verdige redusert el-avgift?

Lesarinnlegg til DN
Eg sende inn følgjande lesarinnlegg til Dagens Næringsliv, men så langt har dei ikkje trykt det:.
Det stod på trykk 16.08 (sjå faksimile under):

Energi-politi?

Redusert el-avgift for datasenter som driv utvinning av bitcoin har skapt store bølgjer og krav om at denne typen verksemd må betala full avgift. Det vil opna ei rekkje problemstillingar, som både Henrik Asheim i Høgre og DN på leiarplass, peiker på. Kven skal avgjerda kva straumforbruk som er verdig redusert avgift eller ikkje? Er eit datasenter for Facebook meir høgverdig enn utvinning av bitcoin? Eller eit datasenter som leiger ut plass til spel-system (betting-selskap) eller porno-selskap?

Bitcoin er ein revolusjonerande innovasjon som til liks med Internett kan brukast både til fornuftige og mindre fornuftige ting. At det er eit desentralisert og sensurfritt system som kan brukast av alle dei som ikkje har, eller vil få, bankkonto, er i seg sjølv ein viktig grunn til å oppretthalda det. Haldninga «blokkjede er bra berre me blir kvitt kryptovalutaen» viser også ein mangel på forståing av teknologien.



mandag 23. juli 2018

Værlandet og Bulandet - godt gøymde perler


Det finst mange skjulte perler rundt om i landet, og Værlandet og Bulandet er ei av dei. Synd for dei som driv reiseliv og annan aktivitet der, bra for oss som slepp å stå i turistkø. Men området har kapasitet til langt fleire besøkjande og det er litt rart at medan Indre Sogn er full-booka i perioden juni til august, er det rikeleg plass lenger ute.

Lengst vest
Værlandet og Bulandet er ei øygruppe lengst vest i Sogn og Fjordane. Bulandet er faktisk den vestlegaste plassen i Norge med fast busetnad. I alt bur det om lag 500 innbyggjarar på øyane i vest, og dei høyrer til Askvoll kommune. Kommunikasjonsmessig er det ferje frå Askvoll til Værlandet, ein tur som tek rundt ein time.

Det er eit verhardt miljø og lite eller ingen ting som vernar mot vind og sjø. Men på sommarstid er det kanskje tåka som er det største problemet. Den kan komma når ein minst ventar, og kan vera skummel for båtfarande utan god lokalkjennskap.

Værlandet Havhotell er relativt nytt. Utsikt mot Alden.
Sykling og fiske
Det er eit ganske flatt landskap på øyane og det egnar seg ypparleg for sykling. Det er rundt 10 km frå Værlandet til Bulandet, og ei rekkje bruer knyter øyane saman. Utanom sykkel er det sjølvsagt fiske som er tingen. Men med fiskestang på land bør du helst ha ein del slukar i reserve; dei forsvinn fort i tang og tare :(

Auka turisme
Korleis skal så området trekkja til seg fleire besøkjande? I Indre Sogn er reiselivet organisert i Visit Sognefjorden. Dei har ansvar for marknadsføring av reiselivet rundt Sognefjorden; frå Høyanger til Luster og Årdal. Men medan Sogn er på toppen av reisemåla med størst vekst, er det mykje ledig i Sunnfjord. Reiselivet i Ytre Sogn og Sunnfjord ligg langt etter naboane i Sogn. Kanskje kunne dei tent på å få Visit Sognefjord til å utvida grensene og også ta ansvar lenger ut mot vest?
Sykkel er tingen for å utforska Værlandet og Bulandet


fredag 13. juli 2018

På nattbordet - Dagens Næringsliv

Eg hadde gleda av å bli intervjua av DN i spalta "På nattbordet" 23. mai i år. Sidan intervjuet ligg bak betalingsmur, publiserer eg det her (og håpar DN tilgir det..). Det er journalist Bjørn Gabrielsen som har ansvaret for spalta etter at legendariske Per Bang hadde gjort den til eit fast og viktig innslag i avisa.

"På nattbordet" er den spalta eg alltid les i DN. Eg tykkjer det er interessant å sjå kva ulike personar les. Tidlegare var det ganske mange næringslivsleiarar (oftast menn!) som i høgda las krim-litteratur, om dei las noko anna enn fag. Det kan verka som om dei som blir intervjua no, har sett at det ikkje er så smart å framstå slik, sjølv om det er tilfelle. Men framfor alt er det ein større andel kvinner som gjer at utvalet av lesne bøker blir vesentleg større. Eg spurde Gabrielsen om det imponerande arkivet av intervju har blitt forska på, noko han sa ikkje var tilfelle. Det er synd, her burde det vera materiale for mange interessante studentoppgåver, og kanskje også for doktorgradar.

Det var litt artig at den første boka eg nemnde for Gabrielsen, er ei han har skrive sjølv: "Veien ut", med undertittel "En mann, en skog, en plan, ett år"). Det tok han ikkje med i intervjuet.. Men det er ei interessant bok om korleis det er å delvis melda seg ut av bysamfunnet og bu i ei hytte fleire kilometer inn i Nordmarka. Boka er interessant fordi Gabrielsen set spørsmålsteikn ved den moderne livsstilen til folk flest og kor mykje me kan klara å få til på eiga hand dersom me ikkje har alt det moderne rundt oss. Det er ein slags moderne variant av "Walden - Life in the Woods" (Henry David Thoreau).

Her er intervjuet slik det vart presentert i DN:

- Jeg har et "coffee table", som det heter på godt norsk, som er i ferd med å knele av noen virkelige mursteiner. Den ene er "The Last Lion", biografien om Churchill. Man blir litt matt når man ser hvor mange sider man har igjen. Den andre kolossen er Johan Harstads "Max, Mischa & Tet-offensiven". Jeg har stor sans for Harstad.

- Store bøker: Er det verd møyen?

- Jeg hørte på en podkast der John Erik Riley intervjuet Harstad og Lars Saabye Christensen, som da var aktuell med "Magnet" om akkurat det. Harstad fortalte at han hadde spart på alt han hadde tatt ut av boken, for å bevise at det var mye som ikke kom med. For å være ærlig kunne han ha tatt ut litt til.

- I et intervju om boken "Walk in the Woods" hadde Bill Bryson et fint uttrykk om å oppleve akkurat det motsatte etter å være ferdig med en bok: "All the Manila envelopes were empty". Hva bestemmer hva du leser?

- Jeg leser en del anmeldelser, i Dagens Næringsliv blant annet. Og så har jeg en Kindle. Men selv om jeg jobber med teknologi, er Kindle en nødløsning. Den er kjekk å ha på tur, men det er altfor lett å laste ned på den. Eg grunn til at jeg foretrekker papirbøker, er at alt skal ikke være så forbanna lett heller, det skal være litt motstand når man skal skaffe seg en bok. Og jeg liker ikke at Amazon er blitt så store, det er litt av tiltrekningen med blokkjedeteknologien, desentraliseringen. Ikke at jeg tror det skal redde verden.

- Hva leste du i barndom og ungdom?

- Helt alminnelige ting, Hardy-guttene, Bagley, MacLean. Morgan Kane en periode. Jeg tok nylig frem en bok jeg leste for lenge siden. Det kan være interessant å ta frem bøker som var viktige før, der man tenker om gjennomslagskraften deres var "det var vel alderene". Det var "Zen and the Art of Motorcycle Maintenance", og den ga like mye nå som den gjorde den gang, faktisk.

- Men går det egentlig an å anbefale den til andre?

- Man må vel være interessert i både teknologi og filosofi. Jeg er bonde også, så jeg er interessert i begge deler.

tirsdag 22. mai 2018

Digitale sentralbankpengar

Norges Bank har i ein ny rapport (Memo 1/2018) vurdert digitale sentralbankpengar (DSP). Dei er ikkje åleine om å gjera dette, og andre sentralbankar har komme ein god del lenger. Det er uansett positivt, og nødvendig, at Norges Bank tek tak i problemstillinga og informerer om kva dei tenkjer. Endå betre ville det vore om dei opna for ein tovegs-dialog, t.d. ved å oppretta ein blogg.

Problemstillinga er klar nok: Kontantdelen av pengebruken i samfunnet er fallande og utgjer no berre 2,3 % av pengebehaldninga (M1). Den andre gunnen til å vurdera DSP er den teknologiske utviklinga og særleg utviklinga innan kryptovaluta og blokkjede. Samtidig vil etablering av DSP kunna sikra følgjande viktige føremål som kontantar dekkjer i dag:

  • Eit kredittrisikofritt alternativ til kontopengar (bankinnskot)
  • Ei uavhengig betalingsløysing som eit alternativ til bankane si løysing (sårbarheit og beredskap)
  • Eit sporingsfritt betalingsalternativ

I utgreiinga blir det sett fram to alternative modellar for DSP:
  1. Kontobasert
    Lagring av både verdiar og prosessering skjer sentralt. Pengane er på konto i eit felles konto-system og blir flytta mellom konti. Dette blir parallelt med bankane sittt system for konto-pengar, berre med skilnaden at det er Norges Bank fordringa er mot.
  2. Verdibasert
    Denne modellen har desentral lagring og prosessering. Den enkelte brukaren har pengane lokalt hjå seg, sannsynlegvis på mobilen eller på eit kort. Overføring av pengar skjer direkte mellom partane utan å gå vegen om Norges Bank. 
Den verdibaserte modellen liknar mest på dagens kontantar, Denne modellen kan også løysast ved bruk av Distributed Ledger Technology, DLT (me manglar eit godt norsk uttrykk for dette!). Men Norges Bank meiner denne teknologien er for umoden, både på kort og mellomlang sikt (kva er mellomlang sikt?) og avviser med det bruk av blokkjede.

Etablering av DSP vil kunna få store følgjer for bankane, avhengig av korleis eit slikt system blir utforma. Bankane kan få konkurranse om innskot, noko som igjen kan påverka kredittfunksjonen deira.

Det er i det heile mange opne spørsmål kring DSP, og det er også konklusjonen i rapporten frå Norges Bank. Her er det viktige spørsmål som må utgreiast nærmare. Bruken av blokkjede-teknologi er det som får minst merksemd, og det er på ein måte naturleg. Dei vanskelege spørsmåla er først og fremst knytte til andre forhold enn teknologiske. Samtidig ville det ikkje vore unaturleg om Norges Bank gjekk grundigare inn på også denne delen av utfordringa på ein litt grundigare måte enn dei har gjort. Dei har nærmast avfeidd teknologien, i alle fall på "kort og mellomlang sikt". Kva er mellomlang sikt??

torsdag 10. mai 2018

Sturle Sunde mot Nordea

Oslo tinghus
Saka mellom Sturle Sunde i Bitmynt.no og Nordea enda med tap for Sturle i Oslo tingrett. Saka har fått mykje merksemd, både fordi det handlar om Bitcoin og fordi den innheld prinsipielle problemstillingar. Dommen er einsidig i favør av Nordea og har ikkje levna Sturle ein trevl av håp.

Etter å ha lese dommen, er det to forhold som uroar meg:
  • Dommaren har ikkje forstått teknologien og sporingsmulegheitene i Bitcoin og det har påverka dommen
  • Kvitvaskingslova er så omfattande og vid at den trumfar alt anna (personvern, retten til å driva ny næring innan området)
Det siste punktet er det viktigaste og dermed også det vanskelegaste. Lova gir bankane blankofullmakt til å regulera kven som skal få driva næring innan kryptovaluta. Den andre lova som er viktig for dommen, er finansavtalelova.

Sturle Sunde og Bitmynt.no
Sturle Sunde har drive bitcoin-veksling gjennom Bitmynt.no i mange år. Han har drive verksemda som enkeltpersonforetak, med dei ulempene knytt til risiko det har. Han ønskjer å oppretta eit aksjeselskap både for risikoen sin del, men også fordi han vil profesjonalisera og automatisera drifta og tilsetja fleire personar. Problemet er at utan bankkonto får han ikkje oppretta eit aksjeselskap, og det er bakgrunnen for saka. Han meiner Nordea urettvist har avslege søknaden hans om konto for Bitmynt AS.

Ekspertvitne
Eg må leggja til at eg var innkalla som ekspertvitne av Sturle & co. Det var ei interessant oppleving, men har tydelegvis ikkje påverka dommaren eller dommen. Saka gjekk i tingretten 19. og 20. april, og eg vitna 19. april. Eg møtte opp i tingrettsalen kl. 09.00 då saka skulle starta, berre for å få beskjed om at eg ikkje kunne følgja saka før etter at eg sjølv hadde vitna. I ettertid har eg fått vita at dette er feil. Ekspertvitne, eller sakkunnige vitne, både kan og bør følgja heile saka nettopp fordi dei er innkalla som sakkunnige. Skikkeleg tabbe der altså, av ein eller annan av partane (eg veit ikkje kven som tabba seg ut her).

Det vitnet som er tillagt vekt i dommen, er politioverbetjent Erik Sneeggen i Kripos. Det er berre vitneforklaringa hans som er referert og brukt i dommen, utanom partane sine forklaringar.

Manglande teknologiforståing
Kan ein forventa at dommaren skal forstå korleis Bitcoin og blokkjedeteknologien fungerer? Nei, det blir for mykje å forlanga. Men det er likevel svært viktig at dommaren forstår så mykje at ikkje dommen kviler på feil premissar. Dommaren skriv om Bitcoin og sporing:
Overføringer av bitcoins er fullt sporbart i alle ledd, idet alle bokstav- og tallkodene vil vises i en åpen database, men uten den private nøkkelen, finner man bare tallkodene, og ikke navnet på eieren av bitcoin. Den private nøkkelen er anonym og man må ha tilgang til lagringsmediet hvor denne oppbevares for å kunne bruke bitcoin eller avdekke hvem som er eier.
Slik sett er bitcoin omtalt som pseudoanonymt. Man får kjennskap til alle transaksjoner i en handelskjede, i form av tall og bokstavkoder, men ingen navn.  
Dette er ein upresis omtale og utelukkar den vanlegaste sporingsmekanismen: IP-adresser. Koplinga mellom ein bitcoin-transaksjon og ei IP-adresse er ikkje nemnt i dommen; ordet IP er ikkje nemnt i den. Det er bortimot skandale!

Finansavtalelova
Finansavtalelova seier at bankane må ha sakleg grunn for å avslå å ta i mot betalingstenester på vanlege vilkår (Finansavtalelova § 14). Grunnen til at det er formulert slik, er nettopp bankane sin dominerande posisjon i betalingsmarknaden. Dei har i praksis vetorett når det kjem til etablering av aksjeselskap. Utan bankkonto får du ikkje oppretta eit AS. Finansavtalelova seier dette om å avslå kontoforhold:

(1) Institusjonen kan ikke uten saklig grunn avslå å ta imot innskudd eller utføre betalingstjenester
på vanlige vilkår.

(2) Kunden skal underrettes om avslag uten ugrunnet opphold når ikke annet er bestemt i eller i
medhold av lov. Underretningen om avslag skal inneholde opplysning om utenrettslige
tvisteløsningsordninger.

Det springande punktet i saka er kva som er sakleg grunn. I Odelstingsprop. 41 (1998-99) heiter det:

Som Banklovkommisjonen peker på, vil nektelse av å ta imot betalingsoppdrag bare kunne anses som saklig i særlige tilfeller. F eks vil det ikke være saklig grunn til å avvise en kunde at denne er utlending. Enkelte høringsinstanser reiser spørsmål ved forholdet mellom den foreslåtte regelen og regelverket mot hvitvasking av penger, se finansieringsvirksomhetsloven (lov 10 juni 1988 nr 40) § 2-17 og forskrift 7 februar 1994 nr 118 om tiltak mot hvitvasking av penger. Det vises til at hvitvaskingsforskriften § 6 pålegger finansinstitusjoner å avvise kunder ved mistanke om hvitvasking av penger, og at hvitvaskingsreglene pålegger institusjonen ikke å gjøre kunden kjent med at avvisningen skyldes mistanke om hvitvasking av penger.

Banken sin rett til å avvisa eit kundeforhold etter finansavtalelova § 14 blir utfylt av kvitvaskingsregelverket. I kvitvaskingslova § 10 heiter det:
Et etablert kundeforhold skal avvikles hvis fortsettelse av kundeforholdet medfører risiko for transaksjoner med tilknytning til utbytte av straffbare handlinger eller forhold som rammes av straffeloven §§ 131 til 136 a.
Dommaren understrekar at banken såleis har plikt til å avvisa eit kundeforhold dersom det føreligg risiko for transaksjonar med tilknyting til straffbare handlingar eller terrorfinansiering. Nordea sin påstand er at det er stor riskiko for at Sturle Sunde sin aktivitet både bidreg til kvitvasking og til terrorfinansiering.

Kvitvaskingslova
"Lov om tiltak mot hvitvasking og terrorfinansiering mv. (hvitvaskingsloven)" er frå 2009 og er den sentrale lova Nordea viser til, og som også dommaren byggjer dommen på. Føremålet med lova er ".. å forebygge og avdekke transaksjoner med tilknytning til utbytte av straffbare handlinger eller med tilknytning til terrorhandlinger." I § 4 er det lista opp kven som er omfatta av lova. Sidan vekslingstenester for kryptovaluta ikkje er regulerte, og kryptovaluta definert som formuesobjekt, er ikkje vekslingstenestene omfatta av lova. Men Nordea er omfatta og det er deira påstand om risiko for kvitvasking og terrorfinansiering gjennom deira system som er det sentrale.

"Kundekontroll og løpende oppfølgin" er ein sentral del av lova og det er her retten meiner at Sturle Sunde ikkje har gode nok rutinar. Sturle kjenner ikkje alltid identiteten til dei han handlar med, særleg gjeld det utanlandske kundar. Det paradoksale er at med det nye, planlagde Bitmynt.no AS vil Sturle ta i bruk BankID som autentiseringsløysing. Dommaren tek ikkje omsyn til dette fordi det ikkje var klart i søknaden om konto hos Nordea at Bitmynt.no skulle ta i bruk BankID.

Det store problemet med denne lova er at den er så vidtfemnande, og at den set andre viktige omsyn til side, som t.d. retten til personvern også i økonomiske saker. Kvitvaskingslova fungerer som eit "simsalabim" for det etablerte finanssystemet. Dei kan berre peika på den og då er diskusjonen over. Det er også dommaren si haldning. Kvitvaskingslova trumfar alt, og er det den minste tvil om du klarer å spora kvar einaste transaksjon, har du tapt. Og oppi det heile veit me at det meste av kvitvasking likevel skjer gjennom det etablerte finanssystemet.

Endring av kvitvaskingslova
Som ei følgje av EUs fjerde kvitvaskingsdirektiv, blir kvitvaskingslova endra i desse dagar. EU sitt kvitvaskingsdirektiv er ein minimumsstandard; EØS-landa kan vedta strengare lover, men ikkje mildare. Justiskomitéen har gitt sine merknader til regjeringa.

Av merknadene er det grunn til å merkja seg mellom anna:

Mindretalet i Finanskomitéen (AP, Sp, SV, MDG og R) "vil tydeleg streke under at det er svært viktig at etterlevingskostnadene for bedriftene vert så låge som mogleg. Dette bør vere eit heilt overordna omsyn i departementet si oppfylging av lovframlegget."

Sp, SV, MDG og R er vidare opptekne av at den endra kvitvaskingslova ikkje bli konkurransevridande og favorisera store og etablerte finansføretak. Dei er uroa for at dei nye reglane vil føra til dyrare tenester pga. ytterlegare byråkratisering av samfunnet. Her er AP på linje med regjeringa.

Spørsmålet om rettstryggleik og rett til bankkonto:
"Komitéen er på det reine med at alle borgarar i eit moderne samfunn både har trong til og rett til bankkonto. Bankane sitt høve til å avvise kundeforhold bør vere svært avgrensa og må vere ein utveg som kjem på tale fyrst når andre tiltak er uttømde."

"Komiteen er samd med departementet i at dei rapporteringspliktige snarare enn å avvikle eller avvise kundeforhold bør kunne forventast å handtere risikoen for slike kundar."

Dommen
Trass i at dommaren sjølv skriv at data frå analyseselskapet Chainalysis viser at den illegale delen av bitcoin-transaksjonar (handel på det mørke nettet) har gått kraftig ned, og no sannsynlegvis utgjer berre om lag 1 % av alle transaksjonar, landar ho på at det er betydeleg risiko transaksjonar knytt til kvitvasking og andre straffbare forhold, og Sturle taper saka fullstendig.

Men Sturle Sunde er ikkje den som gir seg lett. Han har alt anka avgjerda til lagmannsretten. All ære til Sturle som vel å kjempa vidare. Saka har stor prinsipiell betydning og han går opp løypa for alle andre som ønskjer å driva næring innan kryptovaluta. Slik sett er det all grunn til å støtta han i forsøket; også økonomisk. Meir informasjon om donasjon finn du her. Sturle tek i mot både bitcoin og gamle pengar ;)