mandag 30. juli 2012

Hesjing

Hesjinga kan starta
Som bileta viser har det i år vorte hesja på gamlemåten. Hesjing, som var den tradisjonelle måten å ta vare på graset på tidlegare, har etter kvart nesten forsvunne heilt. Det er ikkje så rart, for det er ganske arbeidskrevjande.

Etter slåing må det staurast hol og staurar må berast på plass og setjast fast. Så må det festast streng (= ståltråd) til staurane, ei rast i gongen. Det er til vanleg 5 raster med streng i ei hesje, men av og til blir ei 6. rast lagt til for å få plass til meir.

Her er eit kort vokabular til hesjing:

Hesje: heile "konstruksjonen" (ei "hes" på min dialekt)
Golv: rommet mellom to staurar (alle 5 eller 6 strengene)
Kvelme: rommet mellom to staurar, men berre ein streng (1 golv er altså lik 5 (6) kvelmer)
Kvelmerast: ei rast (rad) med streng (ei hesje har 5 eller 6 kvelmeraster)
Ferdig hesje!

Sjølv om det er mykje arbeid er det også kjekt å ta opp att gamle skikkar, om ikkje anna enn å halda dei ved like og visa korleis ting vart gjort før. Og med så vekslande ver som i sommar, er hesjing den einaste sikre måten å få turrhøy på, utan bruk av ekstra energi som låvetørke.

Høyet klart til innkøyring
Veret avgjer sjølvsagt kor lenge graset må hengja før det er tørt. I opphaldsver tek det rundt ei veke før graset er tørt; i periodar med regn tek det sjølvsagt lenger.

torsdag 12. juli 2012

Årets jordbærsesong

Årets jordbærsesong er i gang, og som biletet syner er det flotte bær. Dei smakar like godt som dei ser ut, trass i at det godt kunne vore meir sol. Og det beste er at dei er 100 % økologisk dyrka!

Viss du kjem på besøk, skal du få smaka..

tirsdag 10. juli 2012

Copenhagen Jazz Festival 2012

Frå utekonsert i Kongens Have, med fleire tusen glade deltakar
Frå Mjømna bar det rett til København og årets jazz-festival. Ein ganske så stor overgang, men begge stader har sin sjarm.

Danskebåten betre enn sitt rykte
Årets jazz-festival var den tredje i rekkja for eigen del, og som tidlegare var det "slow boat to Køben" med danskebåten (DFDS). Danskebåten er ikkje det den var, det er ei roleg og fin båtreise med god mat og drikke om bord.

Brad Mehldau som høgdepunkt
Det musikalske høgdepunktet på årets festival var pianisten Brad Mehldau og trioen hans. Dei spelte i ærverdige Kongelige Teater, i hovudsalen. Brad Mehldau er truleg den fremste pianisten i jazzen for tida, og ser ut til å kunna ta opp noko av arven frå Keith Jarrett og hans legendariske trio.

Brad Mehldau i typisk positur -
treng ikkje sjå på tangentane!
Konserten med Mehldau var fantastisk og det musikalske spennet var stor: frå Beatles "And I Love Her" til Charlie Parkers "Crazyology". Uansett kva stilart Mehldau spelar i, er det uanstrengt og kreativt. Han klarer å tilføra gamle melodiar noko nytt heile tida - det er for så vidt heile poenget med jazz og standard-melodiar - men Mehldau legg lista høgre enn som så.  

Stadig nye innfallsvinklar

Som trommeslagaren i trioen, Jeff Ballard, seier til danske Politiken i eit intervju tidlegare i år:


En musiker som Brad Mehldau insisterer simpelthen på, at der bliver taget risici hele tiden, fortæller han. 
»Og jeg elsker det. Hvis han fornemmer bare den mindste smule trivialitet og vane – og du kan være helt sikker på, at han opdager det – så tænder han af. Jeg kan simpelthen høre på den måde, han spiller, at han sender en besked: »Har du tænkt dig at blive ved med at køre rundt på den samme måde? Så venter jeg bare, til du er færdig. Så vi kan komme videre««, siger han.
Sjølv i dei rolege og vare melodiane, var Mehldau og medspelarane heile tida på hogget og introduserte brot i harmoniane slik at musikken aldri stivna.

Ballard omtalar elles Mehldau som "en venlig diktator", så får ein leggja kva ein vil i det. Musikarane var i alle fall audmjuke og såg ut til å setja pris på den veldige responsen. 

Ei sild og ei til..
Elles er det deilig å vera norsk i Danmark. Danskane er på eit anna nivå enn oss når det gjeld mat og drikke. Det er rart at dei til dømes er så mykje betre enn oss med sild, med tanke på den plassen silda har hatt i norsk kosthald. Men der me her til lands overlevde på silda, har danskane hatt tid og ressursar til å raffinera råstoffet. Over alt får du nydelege silde-tallerkenar; sjekk neste gang du er på ein norsk restaurant om dei har sild på menyen..

Øl-kultur i Danmark, her i form av weiβ-bier
Øl er kultur!
"Danskerne" har også ein heilt annan alkohol-kultur enn oss, både på godt og gale. Men eg vel å fokusera på det positive: her er øl meir enn Tuborg og Carlsberge - dei fleste restaurantane tilbyr meir enn vanleg pils på fat. Og har dei det ikkje på fat, får du i alle fall kjøpt det på flaske. Og alltid med "en lille" til..

torsdag 5. juli 2012

Prosjektmøte på Mjømna

Her den gamle skyss-stasjonen i Skjerjehamn, no oppatt-pussa 
Den kjende kongestatuen av Knut Sten står like ved skyss-stasjonen
Det fine med å bu og arbeida i Sogn og Fjordane er at også lokale prosjektmøte blir flotte opplevingar. Denne veka starta med møte i Bergen og så prosjektmøte på øya Mjømna i Gulen kommune. Eit ganske anna landskap enn lenger inn i Sognefjorden. Ikkje rart at det populære turopplegget "Norway in a Nutshell" er lagt til Sogn og Fjordane! Og då er heller ikkje kysten og det spesielle landskapet der, med.