mandag 30. juli 2012

Hesjing

Hesjinga kan starta
Som bileta viser har det i år vorte hesja på gamlemåten. Hesjing, som var den tradisjonelle måten å ta vare på graset på tidlegare, har etter kvart nesten forsvunne heilt. Det er ikkje så rart, for det er ganske arbeidskrevjande.

Etter slåing må det staurast hol og staurar må berast på plass og setjast fast. Så må det festast streng (= ståltråd) til staurane, ei rast i gongen. Det er til vanleg 5 raster med streng i ei hesje, men av og til blir ei 6. rast lagt til for å få plass til meir.

Her er eit kort vokabular til hesjing:

Hesje: heile "konstruksjonen" (ei "hes" på min dialekt)
Golv: rommet mellom to staurar (alle 5 eller 6 strengene)
Kvelme: rommet mellom to staurar, men berre ein streng (1 golv er altså lik 5 (6) kvelmer)
Kvelmerast: ei rast (rad) med streng (ei hesje har 5 eller 6 kvelmeraster)
Ferdig hesje!

Sjølv om det er mykje arbeid er det også kjekt å ta opp att gamle skikkar, om ikkje anna enn å halda dei ved like og visa korleis ting vart gjort før. Og med så vekslande ver som i sommar, er hesjing den einaste sikre måten å få turrhøy på, utan bruk av ekstra energi som låvetørke.

Høyet klart til innkøyring
Veret avgjer sjølvsagt kor lenge graset må hengja før det er tørt. I opphaldsver tek det rundt ei veke før graset er tørt; i periodar med regn tek det sjølvsagt lenger.

4 kommentarer:

Peder Kjærvik sa...

Flott! Fleire faguttrykk: Endastaur, skore, strevar, strengbunt, øvekvelm, undekvelm, hesje tjukt, hesje tunt.

Svein Ø sa...

Ja, her er mange gode uttrykk som fortener å hentast fram. Med mange nybegynnarar i hesjinga var det for eksempel viktig å visa korleis ein unngår å få "snu" på strengen når ein legg på ny rast.

Etter sommarens hesjing har eg fått litt tru på dette, særleg som eit reiselivstilbod. Tenk å få vera med å hesja ein dag. Eg trur ein del kunne tenkt seg å betala for det.

georg arnestad sa...

Kjekt å lese, kjekt å få presentert dei gamle faguttrykka. Heime hos oss brukte vi lenge å hesje med "tott", ikkje med streng. "Tott" var ein tjærebreidd tjukk hyssing/tråd. Det var lettare å setje opp ei hes med tott enn med streng, men rett som det var, rauk totten. Å staure ei hes vara kara-arbeid, eg hugsar enno mi første hes. Endestaurane var særleg viktige. Å hesje var mest kvinnfolkarbeid, men både far min og eg hesja.. Det tørre høyet køyrde vi med hest og høyvogn på låven. Midt på 60-talet overtok høysvansen (med traktoren). Kjekt å minnast. Men moderne turistattraksjon? Neppe.

Svein Ø sa...

Eg trur hesjing har ein plass i reiselivs-samanheng, om enn som ei smal nisje.

Sjølv hugsar eg hesjing frå barn- og ungdomstid utan særleg positive minne - det var eit slit rett og slett. Difor har det i lang tid vore heilt uaktuelt å hesja. Eg vart difor overraska over at det no faktisk var kjekt å ta det opp att. Men det har mykje med at det no er eit overskotsfenomen og ikkje ei sur plikt.