tirsdag 11. april 2006

Vossa Jazz 2006

Tradisjonen tru var me (= kjeringi og eg) på Vossa Jazz frå søndag til måndag. Har funne eit fint opplegg med rimeleg opphald på Fleischer's og 2-3 konsertar på avslutningsdagen.

I år vart det kyrkjekonsert med Bergen Big Band + gjester, leia av Jan Magne Førde, samt Zawinul Syndicate og National Bank heilt til slutt.

Kyrkjekonserten var fin, storband er alltid interessant og Bergen BB skuffar sjeldan. Det var folkemusikk-inspirerte stykkje og vokal på mange av dei. Trass i ein fin konsert slår det meg at det er vanskeleg å integrera folkemusikk og jazz på ein god måte. Jan Johanson er ein av dei få som har klart det. Det blir ofte musikk frå to ulike klodar som møtest innimellom. Litt same kjensla fekk eg også på denne konserten. Storbandet spelar storbandjazz og vokalistane syng folkemusikk. Særleg tydeleg vart det på solistinnslaga; det vart reine "hard core" jazz-soloar som braut fullstendig med det vare uttrykket i sangen. Når tittelen er "Syng i stille morgenstunder" og solisten kliner til med det bop-koret, blir det litt feil. Men som sagt innleiingsvis hadde eg stort utbyte av konserten likevel. Ekstra pluss til basstrombonist og bassist!

Zawinul Syndicate med smått legendariske Joe Zawinul i spissen hadde eg ikkje spesielle forventningar til. Det starta litt kjedeleg, men tok seg kraftig opp med ein bossa gjennomført av dei brasilianske medl. av bandet. Derifrå og ut vart det ein herleg groova konsert - for eit band og for ein groove!! Bassisten, Linley Marthe (?), var ei oppleving for seg. For ein teknikk og for ein groove - det er det sværaste eg har sett. Zawinul har jo alltid omgitt seg med gode bassistar - det er nok å nemna Jaco Pastorius...

To konsertar er i grunnen nok å fordøya i vår alder (!), så då National Bank gjekk på scena i Park-kjellaren hadde eg ikkje så mykje entusiasme att. Thomas Dybdahl har ei flott stemme, veldig karakteristisk med det høge stemmeleiet. Og dei andre musikarane med bakgrunn m.a. i Jaga Jazzist er heller ikkje borte.

Forskingsformidling på nett

Sist torsdag deltok eg på eit interessant møte i Formidlingsutvalet, eit utval som skal komma med forslag til indikatorar for vurdering av forskingsformidling. Eg var invitert for å orientera om arbeidet med kvalitetsindikatorar for offentlege nettstader, og om dette kunne overførast også til forskingsformidling på nett.

Møtet var interessant ikkje minst fordi det var ein god del skepsis til forslaget om å formulera indikatorar for nettbasert forskingsformidling. Det er ofte når ein møter motførestillingar saker blir best belyst. Motførestillingane kan oppsummerast til:

  • det finst ingen kvalitetsvurdering av heimesider; "ein kan skriva kva ein vil" ("nettet er kaos, alle kan gjera kva dei vil, det er umuleg å vurdera kvalitet")
  • utviklinga vil ta hand om dette sjølv, ein treng ikkje indikatorar for å fremja ei ønskt utvikling (den deterministiske ståstaden)

  • ordninga blir for byråkratisk (ressurskrevjande vurdering, for omfattande system)

  • det blir litt for tilfeldig og det er farleg sidan det skal knytast økonomiske verkemiddel til ordninga (det får utslag for tildelingane til institutta)
Det var sjølvsagt også positive argument for saka. Men hovudinntrykket mitt etter møtet var at mange slit med å forså kor viktig nettet faktisk er for forskingsformidling - og kor viktig det kan gjerast. Eg meiner også erfaringane frå kvalitetsvurdering av offentlege nettstader tilseier at ein med relativt små ressursar kan oppnå ganske mykje på kort tid.

fredag 7. april 2006

Forsvar Forsvarets musikkorps!


Forsvarets musikkorps Vestlandet (også kalla "Divisjonsmusikken") hadde konsert onsdag 5.4 med Ole Edvard Antonsen som solist. Det vart ein minneverdig konsert.

At Ole Edvard er bra, var ikkje noko nytt. Det mest imponerande med han er kanskje den uanstrengde måten han går mellom ulike sjangerar. Puritanarar vil nok grina på nasen over improvisasjonskunst og jazz-forståing, men eg synest det er flott at han gjer så ulike musikalske ting som han gjer. Nytt for meg var det at Ole Edvard no er sjefsdirigent for Forsvarts musikkorps Trøndelag (som snart får namnet Luftforsvarets musikkorps).

Forsvarets musikkorps Vestlandet var for meg den største overraskinga. Imponerande å få eit musikkorps til å låta så tett og fint. Også dei handterer ulike sjangerar på ein fin måte. Dei har også musikarar som er faste innslag i m.a. Bergen Big Band, så dei er på ingen måte ukjende med musikk utanfor det typisk korpsinspirerte.

At Forsvaret år etter år prøver å leggja ned musikkorpsa sine er ei stor skam. Det er noko av det beste me har att av alle milliardane som blir delt ut til dei. Dei har mellom anna rota vekk meir enn ein milliard berre på Golf-prosjektet sitt. Tenk kor mange musikkorps me kunne fått for det! Eller kor mange år dei eksisterande kunne vore sikra.

Heldigvis ser det ut til at noverande forsvarsministar Anne-Grete Strøm-Erichsen har forstått dette. Ho seier til Forsvarsnett at "Jeg vil kjempe for at Forsvarets musikk skal bestå og utvikle seg videre". Bra Anne-Grete - dette er fin musikk i mine øyre!

mandag 3. april 2006

moDell

Litt meir frå Thomas L. Friedmans The World Is Flat. Ei av dei sterke sidene hans er evna til å fortelja gode og interessante historiar. Boka er full av gode eksempel.

I ei tidlegare bok, The Lexus and the Olive Tree - Understanding Globalization (1999), lanserte han McDonalds-teorien om at land som hadde etablert McDonalds-restaurantar ikkje gjekk til krig mot kvarandre (amerikanar? javisst!). Filosofien var på den eine sida det faktum at to land som begge har McDonalds-restaurantar så langt ikkje har gått til krig mot kvarandre (syltynn!) og at eit land som har nådd såpass økonomisk utvikling vil ha meir å tapa ved å gå til krig enn å vinna (det siste kan det vera noko i).

I den siste boka har han oppgradert teorien til Dell-teorien: Ingen to land som er deltakar i ei stor global forsyningskjede som t.d. Dell, vil gå til krig mot kvarandre. Igjen er det at dei har meir å tapa enn å vinna.

Han innleiar kapitlet med å beskriva i detalj korleis pc'en han har skrive boka på, ein Dell Inspiron 600 notebook, har vorte til. Det startar med at han ringjer ein Dell-forhandlar, på gratis 800-nr., og til pc'en blir levert på døra hans 17 dagar seinare (pga. leveranseproblem var det 9 dagar meir enn vanleg leveringstid). Heile forsyningskjeda og kvar einaste komponent blir spora og det er fascinerande å sjå kva forsyningskjede og tilhøyrande logistikksystem som ligg til grunn for å laga ein Dell-PC. Her er mange land involverte!

Det er også andre sider som er interessante med historia om samansetjinga av Dell-PC'en.
Etter at ordren er motteken hjå Dell, skriv Friedman: "My order went out by email to the Dell notebook factory in Malaysia". Eg håpar for Dell si skuld at dette er feil, elles vil eg seia dei har store problem. Det bør vera ei formattert melding (xml) som går frå ordresystemet og direkte til fabrikken i Penang, Malaysia.

Elles blir det slik som historia frå tidlegare Dell-operasjonar: Fancy bestillingsskjema på nettet som blir skrive ut i den andre enden og eit 50-tals personar som spring omkring med utskrifter og tastar ordrane inn att på nytt. Det er slik helsevesenet vårt fungerer i dag (meir om det i ein seinare blogg).

lørdag 1. april 2006

Emnekart 2006

Sist onsdag gjekk Emnekart 2006 av stabelen. Det er den årlege norske konferansen om emnekart (arr. for 4. gang) og interessa var større enn nokon gang. Felix konferansesenter hadde plass til 220 deltakarar og det var fleire på venteliste.

Eg hadde gleda av å vera invitert som foredragshaldar, men må vel innrømma at eg ikkje var "keynote speaker". Det var derimot Dr. Stephen R. Newcomb, ein av grunnleggjarane av emnekart. Han heldt ein halvtimes foredrag om emnekart, mest frå ein filosofisk ståstad. Interessant, men kanskje litt lite for ei så lang reise?

Foredraga på konferansen er tilgjengelege på DnD sine sider.