tirsdag 28. april 2009

Delte meiningar

Det er delte meiningar nett-forumet med same namn, men neppe delte meiningar om forumet. Initiativet til diskusjonsforumet på Origo kjem frå Heidi Grande Røys og opplegget går ut på at utfordra redaktørar fungerer som debattleiarar ein periode fram til dei blir avløyste av andre. Debattforumet er eit ledd i boklanseringa "Delte meninger" av statsråden (kvifor bokmål?).

I den første perioden er det Gisle Hannemyr (UiO) og Eirik Solheim (NRKbeta) som er redaktørar, og temaet deira er "Open, fri og tilgjengeleg". Ein stor del av diskusjonane har dreia seg om dommen mot The Pirate Bay - diskusjonen om opphavsrett er i vinden som aldri før. Det er også fint å registrera at fagfolka er med på debatten; Olav Torvund, professor ved Senter for rettsinformatikk, UiO, er mellom dei ivrige debattantane.

Oppsøk deltemeninger.no og hiv deg ut i debatten! (igjen er det litt merkeleg at ikkje deltemeiningar.no fungerer..).

søndag 26. april 2009

3. Larsson

Avslutta siste boka i trilogien Millennium av Stieg Larsson. I denne boka, som er ei direkte framhald av bok nr. 2, er handlinga spenningsfylt frå første side.

Som Egil var inne på: Dette er først og fremst god samfunnsforståing og -kritikk, og særleg den siste boka viser godt faren ved eit byråkrati som blir lukka og ikkje utsett for tilsyn utanfrå. Det finst flust med eksempel frå det verkelege livet om byråkrati og embetsmenn som tek saker i eigne hender og blir ein "stat i staten".

Her til lands har Lund-kommisjonen vist at overvakingspolitiet har teke seg til rette og me har fått sjå kor farleg det er med ein instans utan tilstrekkeleg innsyn.

Eg sit difor att med inntrykket av Stieg Larsson som ein veldig god journalist og samfunnsforståar, og ein meir typisk krim-forfattar. Samla sett ser hovudpersonane i trilogien slik ut for meg:

  • Mikael Blomquist = Stieg Larsson
  • Lisbeth Salander = (ultramoderne) Pippi Langstrømpe

mandag 20. april 2009

Farleg dom

Dommen i Pirate Bay-saka var ikkje uventa, det einaste overraskande var at den var såpass kraftig og einsidig. Den kan etter mi meining få svært uheldige konsekvensar om den blir ståande.

Eit par oppklaringspunkt først:

  • eg meiner ulovleg nedlasting av opphavsrettsleg materiale er, ja - ulovleg
  • at "alle andre gjer det" gjer ikkje at noko automatisk blir lovleg
  • men: eg meiner at lenking til ulovleg materiale på nettet ikkje er ulovleg
Og det er det siste punktet eg meiner blir problemet. Eg reknar med at dommen mot Pirate Bay inneheld meir enn lenking til ulovleg materiale, eg har ikkje lese den.

Dersom det er slik at lenking til ulovleg materiale blir straffbart, vil det få store konsekvensar for nettet framover. Under ei slik tolking vil sjølvsagt Google og mange andre vera i "deep shit". Automatisering av lenking på nettet vil då bli bortimot umuleg, i alle fall veldig risikabelt.

Me ser alt følgjer av dommen i Sverige. Post- og teletilsynet var raskt frampå og gjorde det klart at nettleverandørar (ISP) som hadde ulovleg fildeling mellom kundane sine, ville bli tvinga til å namngi dei. Eg meiner difor Gisle Hannemyr ikkje heilt treffer planken når han påstår at dommen i PB-saka er godt nytt for den enkelte internett-brukaren.

Hittil har ISP-ane, med Telenor i spissen, stått knallhardt mot alle forsøk på å stengja ute tenester av tvilsamt slag. Men dersom denne dommen blir ståande, blir det veldig vanskeleg, og sensuren på nettet (som alt er eit faktum: jfr. barneporno) blir kraftig stramma inn.

Argumentet om at "alle gjer det" er sjølvsagt ikkje haldbart for dei som driv ulovleg nedlasting av materiale med opphavsrett. Men i det store biletet er det likevel eit poeng. Som Lawrence Lessig overbevisande argumenterer i den siste boka si, Remix, kan ein i det lange løpet ikkje kriminalisera ein heil generasjon.

torsdag 16. april 2009

Amazing Amazon


Eg har vore kunde av Amazon lenge, og det har eg tenkt å halda fram med. Nyleg venta eg ein bokpakke med Larry Lessigs "Remix" og David Posts "In Search of Jefferson's Moose". Pakken kom, men såg mistenkeleg open ut, og den inneheldt berre Lessigs bok. Truleg har nokon opna pakken og plukka ut den andre, eller det kan ha vore eit uhell.

Eg kontakta Amazon brukarstøtte og forklarte hendinga, og la ikkje skjul på at pakken såg ut til å ha vore opna. Svaret frå Amazon var likevel klart: Ny bok vart sendt utan kostnad for meg. Det kallar eg bra service!

Og sjølvsagt blir det bra marknadsføring for Amazon...

mandag 13. april 2009

Det norske IKT-samfunnet - scenarier mot 2025

Fafo og Econ Pöyry har i samarbeid gitt ut sluttrapporten "Det norske IKT-samfunnet - scenarier mot 2025" som avslutning på prosjektet IKT og samfunnsutvikling. Prosjektet er finansiert m.a. av Abelia, DnB NOR, DNV, FAD, Innovasjon Norge, Microsoft Norge, Forskingsrådet, NHO og Telenor. Puh, litt av ei liste.

Det positive er at IKT blir drøfta av samfunnsforskarar. Det negative er at dei dessverre viser at dei ikkje har peiling på IT. Det siste er i utgangspunktet ein fordel, om dei berre kunne ha kvalitetssikra resultatet med den typen kunnskap.

Rapporten er skriven i ein lett og lesverdig stil - eit godt stykke unna vanlege akademiske rapportar.

Manglande IT-kunnskapar
Når eg påstår at forfattarane ikkje har peiling på IT, er det både med bakgrunn i det som står i rapporten, og det som ikkje står der. Først nokre formuleringar frå rapporten:

Ikke bare relasjonene mellom folk endres - det samme gjør relasjonene mellom maskiner, for eksempel i Internett 2.0, men også i måten maskinene kan kobles sammen på, i alt fra bredbånd til Bluetooth.
Kva i alle verda betyr dette? Er det den semantiske veven dei prøver å forklara? Eg forstår det rett og slett ikkje, det gir inga meining for meg. I tillegg er det dårleg språkleg formulering. Sjølv om rapporten er lettlesen, er det ein del språkleg slurv. Forfattarane brukar uttrykk som hardware og software, men ikkje konsekvent fordi det også blir brukt maskinvare og programvare (ulike forfattarar?).

"Innenfor informasjonsteknologien taler man om "open source software".
Formuleringa seier det meste - dette er skikkeleg eksotiske saker for forfattarane.
I avdelinga for detaljar, småpirk og meir nerdete innvendingar, finn eg dette:

Bill Gates (1981): "640 K ought to be enough". Nå kan man få PC-er med like mange gigabytes.
640 GB minne er ikkje ein realitet enno, det vil nok ta nokre år før det blir vanleg. Om det er lagringsplass dei meiner, blir det feil samanlikning. Uttrykket er uansett upresist.

Det siste eksempelet mitt er påstanden om at Apple har vist ein ny måte å organisera forsking og utvikling i samband med utvikling av programvare for iPhone (AppStore). Det forstår eg ikkje, kva er er nytt i dette? Og har det noko med forsking å gjera?



Scenario 2025
Å spå er vanskeleg, særleg om framtida. Scenario som metode er ikkje ukjendt og det kan vera ein fin måte å førestilla seg utviklingsretningar gjennom å beskriva framtidsbilete. Men det er også krevjande, ikkje minst på eit område som omhandlar IT. IT-utviklinga går raskt og å prøva å førestilla seg konsekvensane av IT 16 år fram i tida er ikkje lett. Det er like lang tid som web-en har eksistert til no.

Forfattarane har brukt aksane sikkerheit (risikovilje) og fellesskap/individualisme som rettesnor for dei fire scenaria. Ut frå desse aksane beskriv dei følgjande scenario:

  1. 100 blomster (individualisme + risikovilje)
    Næringslivet tek her sjansar og samfunnet legg til rette for at det kan skje ved i stor grad å satsa på private løysingar.
    IT-messig er det reiselivet og avanserte bookingløysingar (!) som blir omtalt.
    Bergen er hovudsete for satsingane, men merkeleg nok blir ikkje fjordane nemnde med eit ord! Det er jo dei som har gitt Norge topp-plassering i National Geographic Traveller.

  2. Uten en tråd (risikovilje + fellesskapsløysingar)
    Myndigheitene satsar friskt og med stor fallhøgde.
    Sterk sentralisering og utbygging av neste generasjons IT-infrastruktur (trådlaus kommunikasjon overtek for fiber, som er gammaldags! Ja-ja, frisk spekulering er det i alle fall).

  3. Styrke i velferd (tryggleikssøking + fellesskapsløysingar)
    Sikring av velferd for alle er eit hovudmål. Ved å satsa på svake grupper snur ein eit problemområde til ein styrke.
    Samfunnet klarer å auka sysselsetjingsgraden ved å få uføre i arbeid. IT-messig er det individuell tilpassing av arbeidssituasjonar ved hjelp av IT som er poenget (det suksessrike firmaet FunkIT..).

  4. Skole i spill (tryggleik + individualisme)
    Satsing på skulen, men med sterk desentralisering og opning for store skilnader.
    Grøn energi er hovudeksport-vara, men skule og utdanning har fått høg prioritet og Norge ligg på topp samanlikna med andre europeiske land.
I beskrivelsen av scenaria er samfunnsforskarane i det rette elementet, sterke som dei er på generell samfunnsutvikling (økonomi, næringsutvikling, arbeidsmarknad m.m.). Men it-delen av scenaria, som jo skal vera det viktigaste, er ikkje overtydande. Tvert om verkar dei usannsynlege og for lausrivne frå det me veit om it-utvikling så langt.

Då er eg framme ved ankepunktet om det som rapporten ikkje tek opp. Web 2.0 er ikkje nemnt med eit ord (men derimot Internett 2.0?!) og den sosiale veven og nett-utviklinga dei siste åra, inkl. fri programvare, er ikkje med i utviklingsperspektiva. Korleis kan det gå an? Har ikkje forfattarane fått med seg den omveltinga som er i ferd med å skje på nettet? For meg ville det vera innlysande å vidareføra det me no ser konturane av, i framtidige scenario.

Nei, her skulle Fafo ha slått seg saman med andre enn Econ. Kanskje Fafo + Simula Research ville gitt eit spenstig resultat? Eller kanskje til og med Fafo + Vestlandsforsking?

søndag 12. april 2009

Påske-krim

Stieg Larsson som påskekrim er ikkje overvettes originalt - eg trur eg må vera ein av dei siste i Norge som les desse bøkene. Første og andre bok er unnagjorde, og eg ser at eg må lesa den tredje også.

Den viktigaste indikatoren for ei krim-bok er om ein klarer å leggja boka frå seg eller ikkje. Her scorar Stig Larsson høgt, for det er god nerve og driv i bøkene og ein har ikkje lyst å leggja dei frå seg.

Det var først med hjelp av forfattaren sjølv, og langt ute i andre boka, at eg såg kva som er rollemodellen for hovudpersonen Lisbeth Salander: Det er jo Pippi Langstrømpe! Salander er den hypermoderne varianten av Pippi, men med same kjerneverdiar: sterk moral og rettferdig, men følgjer sine eigne vegar.

Eg er ingen ekspert på kriminalromanar, eg les heller sjeldan slike bøker. Grunnen er at eg ofte tykkjer dei er spekka med klisjear, og Stig Larsson styrer ikkje unna han heller. Her er det mange av dei vanlege klisjeane, og framfor alt er det "detaljanes tyranni". Alt skal vera så forbanna detaljert, og eg spør meg kvifor. For me kjem ikkje nærmare personane trass i eit hav av detaljerte beskrivelsar.

Nokre eksempel: Når Lisbeth S. handlar inn møblar til den nye leilegheita si, blir absolutt alt namngitt med IKEA-namn, nesten som ein produktreklame. Men det tilfører ikkje lesaren noko som helst, det blir berre endå ei side for mykje. I andre tilfelle øydelegg detaljane for kvaliteten og opplevinga av innhaldet ved at det ser håplaust utdatert ut: Når Larsson beskriv den siste iBook-en Lisbeth har skaffa seg, med dei råaste spesifikasjonane, blir det i ettertid berre latterleg fordi dette i høgste grad er ferskvare. Ein topp-spekka pc/Mac frå 2003 er ikkje like imponerande i dag - berre førestill deg korleis det blir å lesa dette om 5-10 år..

Alt i alt spennande litteratur, og med ein original vri på helten, men likevel bortimot like klisjefylt som anna eg har lese i sjangeren. Og det tek litt for lang tid før det dreg seg til med spenning; 200 siders innleiing er i så måte for mykje.

mandag 6. april 2009

Alt vi ikkje veit

Kommentar til diskusjonen i kjølvatnet av Snåsa-mannen og Bjarne Håkon Hansen, i "Forskerforum" april/2009: Vestforsk-bloggen.