tirsdag 31. mars 2009

BI og studentrekruttering

"Hvordan skal plateselskapene tjene penger i fremtiden?" stod det på ein reklameplakat på T-bana nyleg. Det er BI som køyrer ein kampanje for å rekruttera nye studentar, og denne og andre plakatar skal lokka kommande studentar til BI fordi dei viser forståing og interesse for dei nye nettfenomena. Eller gjer dei?

Spørsmålet viser etter mi meining at det er det dei nettopp ikkje gjer. Smak litt på spørsmålet. Ved første augekast verkar det som eit rimeleg spørsmål, men eg meiner det er eit heilt feil spørsmål å stilla. Tenk deg at me skrur tida 100 år tilbake og stiller eit tilsvarande spørsmål, for ein annan bransje: "Korleis skal hestedrosjane tena pengar i framtida?". Då blir det vel klarare at me snakkar om strukturelle problem og endringar.

Det vart etter kvart ikkje bruk for hestedrosjar, og eg trur det heller ikkje blir bruk for plateselskap i den tradisjonelle forstanden. Dagens plateselskap er organisatorisk og innhaldsmessig altfor tett knytt til distribusjon av fysiske varer. Dei har svært tydeleg vist at omstilling til nye distribusjonsformer og nye måtar å tenkja musikkproduksjon på, er vanskeleg og ikkje ønskjeleg.

Så tilbake til spørsmålet frå BI: Vordande studentar bør heller spørja seg om det BI har følgt med i timen i den mediarevolusjonen som pågår.

fredag 27. mars 2009

Bergen - Oslo: 1-0!

Bergen og Oslo er gode eksempel på kommunale nettsider med og utan Los (eller med og utan god underliggjande modell): Vestforsk-bloggen.

tirsdag 24. mars 2009

Arve Henriksen i DownBeat

Då eg skreiv om norske trompetarar som er inspirerte av Jon Hassel, hadde eg særleg Arve Henriksen i tankane. Han har litt av den same "syngjande" måten å spela trompet på.

Arve Henriksen er på framsida av siste Down Beat, rett nok ikkje som hovudperson, men likevel. Tidsskriftet er elles via Freddie Hubbard, som dessverre gjekk bort altfor tidleg. Freddie Hubbard og Arve Henriksen er så ulike at det einaste dei har felles er trompeten.

Henriksen er omtalt i artikkelen "DownBeat U - Trumpet School", saman med m.a. David Weiss, Jon Hassel (javisst!) og Roy Eldridge.

Er du berre måteleg interessert i trompet og/eller jazz, må du få med deg dette nummeret!

mandag 23. mars 2009

Jon Hassel

Jon Hassel er ikkje av dei mest kjende trompetarane, endå han har halde det gåande i 4-5 tiår. Han er 72 år og fødd i USA og musikalsk har han vore i det landskapet som noko upresist blir kalla verdsmusikk (world music). Når eg høyrer han spelar "Nature Boy" som her, høyrer eg at i alle fall andre trompetarar har høyrt på Jon Hassel, ikkje minst våre eigne her i landet.

mandag 16. mars 2009

Kest e-boki mi?

Amazon har på eiga hand skapt gjennombrot for e-boka med Kindle. Første versjon har selt veldig bra, trass i at distribusjonen er avgrensa (Norge er dessverre ikkje på lista). Med Kindle 2 er det grunn til å tru at det berre vil ta heilt av.

Mykje av grunnen til suksessen er at skjermen er så god at den konkurrerer med tekst på papir når det gjeld kontrast. Ein annan grunn til suksessen er tilgjengelege titlar. Men her er det også mange hindringar att; e-boka har innebygd funksjonalitet for å bli ei lydbok, men forlaga nektar bruken av slik teknologi - førebels.

Jakob Nielsen har ein interessant test av Kindle 2 og overraskande nok er konklusjonen hans at e-boklesaren er best på det same som den fysiske boka: lineær lesing. Den er faktisk dårleg på navigering ved hyperlenker og søk. Dette er jo heilt motsett av det ein skulle tru, og vitnar vel eigentleg om eit stort, unytta potensial.

Skeptikarar vil sikkert innvenda at e-boka aldri kan erstatta den fysiske boka. Men når vi ser utviklinga på musikkfronten, trur eg ikkje behovet for fysiske kjenneteikn skal overvurderast. Det er slikt som går fort over når berre funksjonaliteten blir bra nok. Og for nye, unge lesarar vil ikkje det nostalgiske ved boka ha særleg betydning.

Så står det berre att å håpa at Kindle 2 og e-bøker også kan bli å få her til lands.

søndag 15. mars 2009

Papiravisenes død

Clay Shirky skriv innsiktsfullt om revolusjonen som føregår i media og levnar ikkje papiravisene store sjansar. Han skriv om ein bransje som har sett teikna veldig tydeleg lenge, men som konsekvent har nekta å ta realitetane innover seg.

torsdag 12. mars 2009

Jeffersons elg



USAs president Thomas Jefferson tok med seg ein utstoppa elg til Paris i 1787 for ein gong for alle å avslutta diskusjonen den franske vitskapsmannen Comte de Buffon hadde starta. de Buffon sin teori var at den nye verda (m.a. Nord-Amerika) synte degenerering av artar i forhold til den gamle (Europa). Dyr i Amerika var til dømes mindre enn tilsvarande dyr i Europa.

Jefferson var den gongen amerikansk ambassadør i Paris og då orda ikkje nådde fram, gjorde han det som det ofte er lurt: "show, don't tell". Og den utstoppa amerikanske elgen sette ein stoppar for teorien om degenerering i den nye verda.

"Jefferson's Moose" er også tittelen på ei bok av David Post og den handlar om at ofte må ein visa eksempel på at mange fenomen på nettet snur opp/ned på gamle førestillingar. Ikkje minst gjeld det opphavsrett. Videoen her er eit godt eksempel, ein slags Jefferson's Moose i cyberspace.

mandag 9. mars 2009

Kind of Blue 50 år!

Paal minner om 50-årsjubileet for Miles Davis' legendariske innspeling "Kind of Blue". Han viser også til ein interessant jubileumsomtale på The Bill Evans Webpages.

Plata kan trygt setjast i spelaren, evt. mp3-versjonen, og nytast. For min del er dette så klassisk musikk som det går an.

søndag 8. mars 2009

ROS

Landbruket er langt framme IT-messig på enkelte område, og på steinaldernivå på andre. ROS-analysane frå Nortura, saman med system for innmelding og rapportering av slakt, er eksempel på det første. I meir enn 10 år har kjøtsamvirket sendt ut analysar av fjorårets sesong til leverandørane. Og dei gjer det på ein måte som både er interessant og som stimulerer til konkurranse.

ROS står for Resultat, Oversikt og Slaktedata. Her blir eins eigne data samanlikna med region og landsnivå.














I tillegg til tydeleg markering av nøkkeltal (figuren over) blir også nøkkeltala presenterte på ein måte som gjer det lett å finna ut korleis ein ligg an i forhold til resten av landet innan produksjonen sin.




















For eigen del er eg godt fornøyd med resultatet. Bortsett frå dei to nøkkeltala "Prosent slakt mellom 16 og 25 kg" og "Prosent slakt i feittgruppe 3 og over", ligg eg innafor sirkelen som markerer dei 25 % beste i landet, også kalla "lammetoppen". I kvalitetspoeng oppnådde eg 10,1 av maks. 12,5 poeng. Eg seier som Frank Sinatra: "It was a very good year"!

fredag 6. mars 2009

Emnekart 2009





Det nærmar seg Emnekart 2009 (18. og 19. mars) og det minner meg på fjorårets konferanse, Emnekart 2008. Det er ein av dei beste konferansane eg har delteke på, og det vorte nokre konferansar opp gjennom tidene.

Men dessverre vart Emnekart 2008 ei (førebels) eingongshending. Det er forståeleg av økonomiske grunnar, men synd som sagt. Emnekart 2009 er tilbake i tidlegare spor og konferansen blir mest "emnekart-promotering" (eller "emnekart-pushing" om du vil).

Alex Wright og David Weinberger var dei store stjernene på Emnekart 2008 og dei leverte etter mi meining etter forventningane. Også hovud-organisator Steve Pepper heldt eit interessant foredrag. Presentasjonane deira ligg ute på nettsidene til emnekart-konferansen, sjekk dei ut:

Alex Wright: "Networks, Hierarchies and The Web That Wasn't"
David Weinberger: "Everything is Miscellaneous"
Steve Pepper: "Everything is a Subject"

Sjekk også bøkene til Alex og David:
Alex Wright: "Glut - Mastering Information Through the Ages" (har omtalt boka her)
David Weinberger: "Everything is Miscellaneous" (har også ein omtale av denne)

Men gi Emnekart 2009 ein sjanse likevel...

onsdag 4. mars 2009

Less is more

Wired har ein interessant artikkel om dei nye mini-berbare (netbooks) som har teke marknaden med storm og på mange måtar snudd opp ned på utviklinga dei siste åra. Fram til dei bittesmå berbare vart introdusert med Asus Eee, var det kraftigare og kraftigare som gjaldt. Så kjem ein pc som ytelsesmessig sett var å gå 3-4 år tilbake i tid, men som likevel vart omfamna med det same.

I artikkelen blir det trekt interessante linjer tilbake til utviklinga av OLPC med Mary Lou Jepsen i spissen. Hennar oppgåve, gitt av Nicholas Negroponte, var å laga ein kjempebilleg pc som skulle tåla tøffe, fysiske forhold. Det gjorde ho ved å tenkja nytt på mange område. Vanleg harddisk vart utelukka og komponentar vart plukka ut frå eit overordna mål om straumsparing. Skjermen var revolusjonerande ved at den til dømes utnytta lange tider med statiske bilete ved rett og slett å gjera den inaktiv. I eit lenger intervju med O'Reilly Radar fortel Mary Lou Jepsen om utviklinga av OLPC.

Asustek plukka opp ideane frå OLPC-utviklinga og lanserte den første Asus Eee. Konkurrentane vart tekne på senga, dei hadde ikkje sett for seg at ein berbar PC av denne typen kunne ha nokon sjanse i marknaden. No har alle dei store produsentane sin miniberbare.

Wired meiner dette er klassisk, omveltande (disruptive) innovasjon etter Clayton Christensens modell. Omveltande fordi den kjem undanfrå og set dei store og etablerte leverandørane delvis ut av spel.

mandag 2. mars 2009

Pirates of Scandinavia

Saka mot Pirate Bay får naturlegvis mykje merksemd og det er ei viktig og interessant sak. Den rører ved prinsipielle utfordringar som t.d. om det er lov å lenka til ulovleg materiale/distribusjon på nettet. Reaksjonane er mange, både til støtte for Pirate Bay (om ikkje direkte støtte til ulovleg nedlasting) og sterk motstand. Av synspunkta i saka er eg veldig overraska over ein kapasitet som Jon Bing som synest villeg til å gå nokså langt når det gjeld definisjon og tiltak for å stoppa ulovlege eller tvilsame handlingar.

Bing seier at lenking til ulovleg materiale på nettet bør vera straffbart og han går langt i å forsvara at ISP-ane må ta ansvar for innhaldet dei distribuerer. Han støttar difor forslaget om at Telenor må stengja tilgangen til ei teneste som Pirate Bay. I mine auge blir dette nokså drøyt. Eg er ingen jurist, men dette må vera sensur av beste/verste sort.

Ei relevant samanlikning her meiner eg er Google sitt biletsøk gir tilgang til tusenvis/millionvis av bilete. Opphavsretten til desse bileta er uklar, i alle fall seier ikkje images.google.com noko om opphavsrett og kva du må passa på i tilfelle du lastar ned bileta. Er ikkje dette nokså likt operasjonen til Pirate Bay? I følgje Jon Bing har eg no medverka til ei straffbar handling ved å lenka til tenesta, via det klikkbare biletet.

Fildelingsteknologien BitTorrent har også komme i søkjelyset, men eg har enno ikkje sett forslag om å forby denne. Men i diskusjonen om nett-nøytralitet er dette eit heitt tema. Skal ISP-ane kanskje prioritera ned BitTorrent til fordel for annan trafikk, pga. nett-belastninga?

Etter mitt syn er saka om Pirate Bay begynnelsen på slutten for tradisjonell opphavsrett. Eg meiner åndsverklova og opphavsrett ikkje er tilpassa den nye teknologien, og må igjen understreka at eg ikkje er jurist.

Heldigvis har me fått alterantiv lisensiering i form av Creative Commons. Dette systemet, med Larry Lessig i spissen, har fått ei eksplosiv utvikling og det er nærliggjande å tolka det som at CC er svaret mange har leita etter i eit forsøk på å finna system som kan fungera på nettet.

Tilbake til Pirate Bay-saka: Eg tykkjer den har klare parallellar til Napster-saka for snart 10 år sidan. Saka mot Napster var også ei sak mot fildeling og ei teneste som ga tilgang til ulovleg materiale. Napster vart som kjendt dømt og måtte stengjast, og endra seinare forretningside.

Det er godt muleg Pirate Bay også blir dømde, men eg trur det blir ein Pyrrhos-seier for plate- og filmbransjen. Det blir som Gary Larson-teikninga: Dinosaurane som ler seg skakke når dei ser det første pelskledde pattedyret spring forbi, samtidig som dei første snøfillene er i lufta. Har dessverre ikkje funne teikninga på nettet, elles skulle eg ha gjort meg skuldig i endå eit lovbrot.