Lars Reinertsen skreiv følgjande innlegg i KK 31.07:
Svein Ølnes har rett i at bitcoin er primært et ideologisk verktøy. Alle som har hørt en «bitcoin-bro» legge ut om «fiatpenger» vet det. Mer oppsiktsvekkende var påstanden om at bitcoin «gjer korrupsjon vanskeleg». For ingen moderne teknologi har vært til mer hjelp for de kriminelle bransjene enn kryptovaluta. Selv ikke «burnerphones».Rett nok er de ikke alle like, og bitcoin er, som Ølnes hevder, forholdsvis åpen. Men det finnes kryptomiksere som gjør bitcointransaksjoner langt vanskeligere å spore enn den åpne blokkjeden kanskje kan få en til å tro.Langt viktigere er likevel at bitcoin er via kryptofond og derivater fundamentet for hele krypto-økonomien. Bitcoin er derfor alle verdens kriminelle og korrupte lederes beste venn. Langt mere praktisk enn å stadig måtte fly til Sveits med kofferter fulle av penger. Eller å måtte ha dem i kjelleren, som stadig medfører arrestasjoner av politikere og toppbyråkrater tyder på at er praksis. Langt enklere da å ha alle de «ill gotten gains» på en minnepinne. I bitcoin.
Eg fekk spørsmål frå debattredaksjonen i KK om eg ville svara på den, og det sa eg ja til og sende dei eit svar same kvelden. Men det har så langt ikkje vorte publisert. Her er det uansett:
Bitcoin og kriminalitet
Svein
Ølnes, styremedlem i Bitcoinpolitisk institutt (BPI)
Lars
Reinertsen meiner bitcoin er perfekt for kriminelle og at påstanden om at den
gjer korrupsjon vanskeleg, difor ikkje stemmer. Går me langt tilbake i
bitcoin-historia, til Silk Road-tida (2011-2013), stemmer det at bitcoin i stor
grad vart brukt til lyssky verksemd som kriminalitet,
kasino-tenester og liknande.
Men 13-14 år
er lang tid i den teknologiske tidsalderen, og kanskje endå lenger målt i
bitcoin-tid. Analysefirmaet Chainalysis melder i siste årsrapport (2025) om
kriminalitet i kryptovaluta at mindre enn 0,03 % (!) av transaksjonane i
bitcoin kan karakteriserast som lyssky eller kriminelle («illicit»). Det er
forsvinnande lite når me samanlikna med vanleg valuta («fiat-valuta»), der det
internasjonale pengefondet IMF estimerer at 2-5 % av global BNP-verdi årleg
blir brukt til kriminell verksemd. Talet på transaksjonar som blir køyrde
gjennom bitcoin-miksarar, er godt under 1 % av totalen. Og det er ikkje
nødvendigvis berre kriminelle som brukar slike tenester, men også personar meir
opptekne av personvern enn gjennomsnittet.
Tala frå
Chainalysis er dei beste me har og blir langt på veg stadfesta av forsking.
Tala er uansett langt meir pålitelege enn tala frå fiat-valuta, takka vera all
informasjon som ligg på bitcoin-blokkjeda.
Chainalysis
blir brukt av styresmakter (politi, etterretning, skatt m.v.) i mange land og
er ei viktig teneste for avsløring av
kriminelle handlingar i kryptovaluta. Når transaksjonar i Bitcoin-systemet i
tillegg er å rekna som «hogne i stein», er det berre dei dummaste av dei
kriminelle som tek sjansen på å bruka valutaen. Dei smarte har skjønt for lenge
sidan at det tryggaste er å operera med vanlege pengar.