søndag 26. september 2021

Er Robert Næss Satoshi Nakamoto?

 (Innlegg sendt til Dagens Næringsliv, som svar på Robert Næss' innlegg om Bitcoin 23.09)


Er Robert Næss Satoshi Nakamoto?

Eg les Robert Næss’ innlegg om Bitcoins straumforbruk og lurer på om han faktisk er Satoshi Nakamoto? Så les eg vidare og ser at han til og med er smartare enn Satoshi; han avslører store svakheiter i Bitcoin, svakheiter som han lett kan fiksa.

Nei, Robert Næss er ein av mange som kjem inn og ser litt på Bitcoin og tenkjer: dette kan eg gjera betre. Desse har ein ting til felles: dei forstår ikkje desentralitet – hovudidéen bak Bitcoin. Javisst er det lett å laga eit system som både er raskare og meir energieffektivt enn Bitcoin, det finst over 12.000 av dei lista opp på CoinMarketCap. Felles for dei alle er at dei har ofra desentralitet og også sikkerheit. Satoshi Nakamoto ofra bevisst kapasitet (og energieffektivitet) då Bitcoin vart konstruert.

Dagens pengesystem har alt mykje av det Robert Næss etterlyser, og med digitale sentralbank-pengar blir systemet endå meir effektivt – og endå meir sentralisert og 100 % overvaka! Bitcoin er konstruert for å vera eit alternativt motstykke til slik valuta, og energibruken er ein viktig del av både desentralitet og sikkerheit.

Det finst konsensusmetodar som er langt meir energieffektive enn metoden Bitcoin brukar (Proof of Work – bevis på bruk av energi). Problemet er at dei fører til meir sentralisering og får den same slagsida som dagens pengesystem har med at dei rike blir rikare. Robert Næss argumenterer for ein slik metode (Proof of Stake – konsensus ved depositum). Eit av fleire problem er at til meir av kryptovalutaen du eig, til større innflytelse har du over systemet. Det minner veldig om dagens penge­system, og me treng ikkje eit nytt slikt system forkledd som desentral kryptovaluta.