torsdag 20. juni 2019

Facebook sitt Libra-prosjekt

Libra "white paper": https://libra.org/en-US/white-paper/ 
Rykta om Facebook sin nye valuta (tidlegare kalla GlobalCoin) har gått lenge, men no har me endeleg fått handfast informasjon om prosjektet. Libra blir namnet på valutaen, og Calibra blir namnet på systemet og lommeboka, og også selskapet bak desse. Calibra ei eit dotterselskap av Facebook.

Valutaen skal styrast frå ei stifting oppretta i Sveits; Libra Association. Facebook ser sjølvsagt at dei ikkje kan stå som direkte eigarar av valutaen og at den må styrast med ei armlengdes avstand. Men "make no mistake": Dette er Facebooks initiativ og vil bli styrt av dei.

Desentralitet
Den første overraskinga er kanskje at prosjektet framstår såpass desentralisert som det gjer, i alle fall planane for utviklinga. I første omgang er det eit kontrollert system med inntil 28 utvalde firma som validatorar. Dei har kjøpt seg inn i prosjektet med $ 10 mill. kvar og blir kalla "Founding Members". Målewt er at talet på medlemmer skal aukast til 100 i løpet av lanseringa i første halvår 2020. Vidare er planen at Libra skal desentraliserast ved at alle kan delta i godkjenning og validering. Det skal skje med innføring av Proof of Stake-konsensusmodell, etter modell av Ethereum. I starten brukar Libra konsensusmodellen Practical Byzantine Fault Tolerance (PBFT), ein modell som fungerer i lukka/kontrollerte miljø, men ikkje i opne blokkjedesystem.

Som Bitcoin og Ethereum, har ikkje Libra innebygd identitetshandtering. Men igjen: tru ikkje at Libra blir eit anonymt betalingssystem! Tvert om er det grunn til å tru at overvakingssamfunnet blir utvida endå meir og vil også omfatta kryptobetalingar. Facebook veit alt om eigne brukarar, og dette vil også følgja med når FB-brukarar nyttar Libra.

Blokkjede? Kryptovaluta?
Både 'blockchain' og 'cryptocurrency' er begrep som blir flittig brukte av Facebook for å karakterisera det nye valutasystemet. Men strengt teke er ikkje dette ein blokkjedebasert kryptovaluta som t.d. Bitcoin og Ethereum. Den er heller å rekna som ein stabil-valuta ('stablecoin') og bør heller samanliknast med Tether og liknande system, kontrollerte av enkeltorganisasjonar.

Libra sin verdi skal knytast til eit knippe valutaer ('basket') og ikkje direkte til US Dollar. Det blir på same måte som Det internasjonale pengefondet (IMF) sin SDR - Special Drawing Rights - som også er knytt til dei største valutaene globalt.

Valuta for utviklingsland
Målgruppa for valutaen er først og fremst dei som ikkje har banktenester i dag, såkalla "unbanked". Det er nok like mykje eit retorisk grep som ein realitet, sjølv om det også gir meining forretningsmessig å tilby store massar i utviklingsland høvet til å delta i den globale økonomien.

Teknologien bak Libra minner mest om Ethereum
Libra er bygd på blokkjedeteknologi tilgjengeleg som fri programvare i Libra Core. Det er utvikla eit eige programmeringsspråk, Move, for utvikling av smartkontraktar og elles programmering av blokkjeda.

Teknologien bak Libra ser ut til i stor grad å vera henta frå Ethereum, med bruk av gass ('gas') som drivstoff for utføring av transaksjonar, inkl. smarte kontraktar. Men i Libra-blokkjeda er det eigentleg ikkje blokker, anna enn for optimaliseringsføremål, og problem med blokkstørrelse osv. eksisterer slik sett ikkje.

Som Ethereum, og ulikt Bitcoin, lagrar Libra berre noverande saldo ("state) for kvar kontohavar (Libra-brukar). I Bitcoin er det sentrale prinsippet ubrukte transaksjonar (Unspent Transaction Output - UTXO) og saldoen til kvar brukar (dvs. kvar nøkkel) må genererast ved å setja saman alle ubrukte transaksjonar i denne databasen. UTXO-prinisppet kan synast veldig tungvint samanlikna med saldo-prinsippet i Ethereum og Libra, men har store fordelar. Meir om det i eit eige blogginnlegg.

Nytt PayPal, slik PayPal opprinneleg var tenkt
Libra verkar på mange måtar å ta opp att den originale idéen for PayPal. Det var utvikla som eit desentralisert betalingssystem, men vart tvinga til å sentralisera for å kunna tilfredsstilla reguleringskrav. Libra ser ut til å ta opp att denne idéen, og spørsmålet er sjølvsagt om også dette systemet blir tvinga til meir sentralisering. Dei første kommentarane frå styremakter rundt om, kan tyda på det. Det er ei stor frykt, både hjå styresmakter og i finansverda, for at Facebook/Libra blir eit nytt skyggebank-system ("shadow banking") - altså banktenester på sida av det regulatoriske systemet. Den tyske politikaren Markus Ferber, som også sit i Europaparlamentet, uttalte m.a.:
"Multinational corporations such as Facebook must not be allowed to operate in a regulatory nirvana when introducing virtual currencies,”
Også i USA er politikarar urolege for kva dette kan utvikla seg til.

Trussel for PayPal, stabil-valuta og eksisterande betalingssystem
Libra blir i starten truleg først og fremst ein konkurrent til til PayPal og andre alternative betalingssystem. Med alternative betalingssystem meiner eg system utanfor den tradisjonelle banksektoren.

Også stabil-valuta, 'stablecoin', vil få sterk konkurranse. Libra blir i realiteten ein ny stabil-valuta, og for denne typen valuta er hovudspørsmålet: Stolar du på dei som står bak valutaen? Alle stabil-valuta er sentraliserte og den største utfordringa er om dei har reservar nok til å halda stabil kurs. Dette har heile tida vore det sentrale spørsmålet for Tether, den mest kjende og mest brukte stabil-valutaen. Revisjonsopplegget for Tether har vore, og er, under diskusjon, og det blir framleis stilt spørsmål om oppgitte reservar er reelle. Det hjelper heller ikkje at vekslingstenesta Bitfinex, som er skilt frå valutaen, har "forsynt" seg av reservane. Statsadvokaten i New York har stilt ein del spørsmål til transaksjonane mellom Bitfinex og Tether og saka er ikkje avgjort.

Kva med Bitcoin?
Ein første tanke er kanskje at dette vil slå ut Bitcoin. Men det kan fort visa seg at effekten blir den motsette. Mest truleg vil Facebooks oppstart av Libra bli eit løft for Bitcoin og ordinære kryptovalutaer. Her er nokre av grunnane til det:

  • Facebook vil med Libra læra store mengder nye brukarar om kryptovaluta - det vil bli verdas største opplæringsprogram for kryptovaluta!
  • Begrepa 'kryptovaluta' og 'blokkjede' får eit "godkjent"-stempel når ein aktør som Facebook står bak
  • Dei som skaffar seg ei Calibra-lommebok med Libra-myntar, vil fort sjå at andre kryptovalutaer (som bitcoin) stig i verdi medan Libra står i ro. Det vil freista mange til å kjøpa bitcoin for libra
  • Det vil bli mykje enklare å kjøpa bitcoin og andre kryptovalutaer når ein først har ei kryptolommebok med libra

Det som er heilt sikkert, er at dette blir spennande å følgja framover!


mandag 27. mai 2019

Nytt Bitcoin-kurs til hausten

Som nemnt i forrige blogginnlegg, blir det nytt Bitcoin- og blokkjedekurs ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) til hausten. Påmeldingsfristen er 1. juni og interesserte kan senda melding til Torbjørn Årethun, Høgskulen på Vestlandet (torbjorn.arethun@hvl.no) eller meg (sol@vestforsk.no), så ordnar me "papirarbeidet" seinare, dvs. sjølve søknaden i opptakssystemet.

mandag 13. mai 2019

"Blokkjede, ikkje Bitcoin"

Dersom tittelen samsvarer med oppfatninga di av Bitcoin og blokkjedeteknologi, bør du melda deg på kurset «Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien» ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Dersom du ikkje forstår noko av tittelen, bør du også melda deg på :)

Kurset «Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien» vart starta opp hausten 2018 og 60 studentar fullførte. Kurset er på 7,5 studiepoeng og vil i årets utgåve ha eksamen med ordinær karakterskala (A – F). Kurset er det første i sitt slag her i landet, og HVL har difor teke ei leiarrolle med tanke på utdanning innan kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Utgangspunktet for kurset er at for å forstå blokkjedeteknologien, må du forstå Bitcoin.

Når eg skriv at utsagnet «Blokkjede, ikkje Bitcoin» er problematisk, er det fordi det er ei kraftig undervurdering av Bitcoins betydning. Bitcoin er «alle blokkjeders mor», men meir enn det er det også den viktigaste kryptovalutaen og den valutaen som har det beste og sikraste fundamentet. Sterk påstand? Ja, og den både kan og bør diskuterast, og det er også ei viktig side ved kurset.

Men kan me ikkje berre ta bort (krypto-)valutaen og realisera potensialet i blokkjedeteknologien utan? Det er her mange går seg vill i teknologien. Tek du bort valutaen, tek du bort den delen som gjer at ei blokkjede kan vera open for alle og på alle måtar. Då blir motspørsmålet fort: kva er det som skil den kontrollerte blokkjeda frå ein (distribuert) database? Dette skal vi diskutera på kurset og forhåpentlegvis bli klokare på.

Kurset er Bitcoin-sentrert, og ein grundig gjennomgang av originaldokumentet «Bitcoin – A Peer-to-Peer Electronic Cash System» utgjer ein viktig del av innhaldet. Bakgrunnen for dette er at dersom ein forstår dette dokumentet, og korleis Bitcoin fungerer, då forstår ein blokkjedeteknologien generelt. Og ikkje minst forstår ein den viktige skilnaden mellom opne og lukka/kontrollerte blokkjeder.

Info om kursethttps://hvl.no/studier/opptak/opptak-til-enkeltemne/enkeltemne-campus-sogndal-og-forde/bitcoin-blokk-kjedeteknologi-og-den-digitale-okonomien/

Påmelding til: Underteikna Svein Ølnes (sol@vestforsk.no) eller Torbjørn Årethun (torbjorn.arethun@hvl.no)

Frist: 1. juni (for deltakarar utanfor HVL)

Dette innlegget står også på Kryptografen.

fredag 12. april 2019

Proof of Work, Proof of Stake, Proof of Proof



"Proof of Work" i praksis (foto: Åsa S. Ølnes)
Det er elles Nicolajs stødige hand som fører brikken på plass :)
Bitcoin var ein revolusjon på 9 sider. Men revolusjonen var ikkje blokkjedeteknologien i seg sjølv, men konsensusmodellen. Det store spørsmålet i distribuerte system er korleis ein skal bli einige om kva som er rett tilstand. Dette hadde forskarar og utviklarar grunna på i fleire tiår utan å komme til eit svar. Bitcoin viste seg å ha svaret i praksis, om ikkje teoretisk.

Når det sentrale leddet blir teke bort og ein står att med likeverdige nodar ("peer-to-peer", P2P) blir det eit problem kven som skal bestemma. Alle skal jo bestemma, men korleis? La oss sjå på alternativa:

1. Avstemming
Den første tanken er truleg at me må ha ei avstemming blant deltakarane (nodane) i nettverket. Det høyrest jo fornuftig ut. Men det er eit problem, eit alvorleg problem: korleis sikra at ein node berre har ei stemme? På nettet er det dessverre lett å juksa med stemmegiving, og på fagspråket blir det kalla eit Sybil-angrep. Namnet kjem av ei bok, Sybil, som handla om ei kvinne med diagnosen splitta personlegdom (schizofreni).

Det er altfor lett "å modellera" schizofreni på nettet. DOS og DDOS (Denial of Service/Distributed Denial of Service) er stjerneeksempla på Sybil-angrep. I blokkjedesamanheng ville det vera lett å mønstra ein millionhær til å stemma for ein enkelt aktør.

2. Peika ut ein ansvarleg
Ved første augnekast ser det jo ut som me er tilbake til den sentrale modellen der ein aktør er ansvarleg for godkjenning, den tiltrudde tredjeparten. Men kva om me peiker ut den ansvarlege på ein tilfeldig måte? Eit problem er at datamaskiner og tilfeldig utveljing er ein dårleg kombinasjon. Datamaskiner er deterministiske, ikkje stokastiske (tilfeldige), av natur. Det er veldig vanskeleg å simulera ekte tilfeldigheit på datamaskiner.

3. Lotteri for å velja ansvarleg
Dersom me følgjer tanken om å peika ut ein tilfeldig ansvarleg og kombinerer det med eit lotteri, er me på veg mot hovudidéen bak Nakamoto-konsensus, dvs. konsensusmodellen i Bitcoin. Men korleis få til eit 100 % tilfeldig lotteri? I Bitcoin er det Proof-of-Work (PoW) som er metoden. Den går ut på å måtta bevisa ein arbeidsinnsats, derav namnet, for å kunna delta i lotteriet. Arbeidsinnsatsen i Bitcoin er bruk av energi til å løysa eit matematisk problem. Som i eit lotteri vil sjansen til å vinna auka med innsatsen; til fleire lodd, til større sjanse. I PoW er det din del av samla ressursinnsats som tilsvarer mengda av lodd. Det er ingen snarvegar i dette lotteriet, den einaste måten du kan delta på, er å skaffa deg utstyr og setja i gang og rekna.

PoW i Bitcoin brukar mykje energi, med god grunn. Det er mengda energi som avgjer kor sikker blokkjeda er. I motsetnad til det som ofte blir fortalt, er ikkje ei blokkjede sikker i seg sjølv. Ei open blokkjede må ha ein sikkerheitsmodell; enten PoW eller ein annan modell. Kostnaden med PoW kan samanliknast med prisen på eit lodd. Dersom lodda var veldig billege, ville det vera enkelt å kjøpa opp store delar og dermed sikra store vinnarsjansar. I blokkjedesamanheng vil det vera det same som eit 51 %-angrep. Den som kontrollerer meir enn 50 % av rekneressursane i ei PoW-blokkjede, kontrollerer i praksis blokkjeda og kan gjennomføra dobbel bruk av kryptopengar ("double spending"). At dette ikkje berre er teoretisk, har me sett fleire eksempel på, seinast har det skjedd med Ethereum Classic.

Andre konsensusmekanismar
Proof of work (PoW) er den vanlegaste sikkerheitsmetoden, men det finst også andre.

Proof of Stake (PoS)
Energibruken blir ofte brukt mot Bitcoin og andre PoW-system, og den alternative metoden Proof of Stake blir ofte halden fram sidan den krev ikkje bruk av energi. I PoS satsar du kryptobehaldninga di mot å få lov til å lagra ei ny blokk og få godtgjersle for det arbeidet. Du set kryptovalutaen din inn på sperra konto, og får tilbakebetalt saldoen pluss godtgjersle for arbeidet viss alt går rett for seg. Dersom du derimot prøver å lura systemet, mistar du heile depositumet. Det er altså pisk og gulrot som er grunnlaget for metoden.

Problemet med PoS, og avartar som DPoS (Delegated PoS), er at sikkerheitsmodellen er internalisert i systemet i motsetnad til PoW som er eksternalisert. I PoS-system skjer alt innafor kryptosystemet og metoden er ikkje avhengig av eksterne variablar. Det har både fordelar og ulemper. Ulempene med PoS er framfor alt det som blir kalla "nothing at stake". I ei PoW-blokkjede vil det ikkje lønna seg å splitta blokkjeda (hard fork) fordi du må velja å delta i ei av greinene, du kan ikkje bruka ressursane dine på begge. I ei PoS-blokkjede kostar det ingenting å følgja begge (alle..) greinene og det kan få store følgjer. I tillegg har PoS-system ei svakheit ved at nye brukarar i systemet ikkje kan vita sikkert at dei er på den rette blokkjeda. Ein ny brukar kan bli servert ei "falsk" blokkjede og har ikkje mulegheit til å sjekka om den er rett. I ei PoW-blokkjede vil kjeda med den høgaste samanlagde vanskegraden vera den rette, og ein ny brukar kan lett sjekka dette på eiga hand.

Det er også ei stor ulempe at det er nærmast kostnadsfritt å regenerera ei PoS-blokkjede frå starten av, i sterk motsetnad til PoW. I ei PoW-blokkjede som Bitcoin er det ingen snarvegar; om du vil prøva å regenerera historia, med din eigen vri, må du tilfredsstilla den samla vanskegraden, i tillegg til at du må halda følgje med nye blokker. Det er ei nærmast umuleg oppgåve. PoS-blokkjeder kan derimot omskrivast utan kostnad sidan det ikkje er nokon vanskegrad og det berre er snakk om å stilla til disposisjon eit depositum.

PoS-blokkjeder må difor som oftast kombinerast med andre sikkerheitsmetodar.

Proof of proof (PoP)
Bitcoin har ekstremt god sikkerheit, kanskje i overkant kan ein hevda. Tenk om Bitcoins sikkerheits-overflod kunne brukast av andre blokkjeder! Det er det dei har tenkt dei som har lansert Proof of proof. Det finst andre måtar å nyttiggjera seg Bitcoins styrke, mellom anna "merge mining" der dei som "grev" i Bitcoin-samanheng samtidig utfører eit reknestykke for den andre blokkjeda/kryptovalutaen.

PoP går ut på å bruka Bitcoin-blokkjeda til å publisera øyeblikksbilete av eiga blokkjede, såkalla sjekkpunkt. På den måten vil dei hindra at eiga blokkjede blir reorganisert til eit tidspunkt før det publiserte sjekkpunktet. Det ligg utfordringar også i denne metoden, m.a. korleis handtera ei splitting av Bitcoin-kjeda, noko som har skjedd og sikkert vil skje igjen.

Blokkjeda/systemet VeriBlock har spesifisert ein metode som skal ta hand om slike situasjonar. Idéen bak VeriBlock er at i staden for at mange blokkjeder skal bruka Bitcoin uavhengig av kvarandre for publisering av sjekkpunkt, kan dei bruka VeriBlock som så publiserer stillbilete av si blokkjede til Bitcoin. VeriBlock blir altså ei proxy-blokkjede for Bitcoin.


søndag 31. mars 2019

Ross Ulbricht og Silk Road

Ill. henta frå "Silk Road - The Untold Story" i Wired 
Saka om Silk Road er som eit manus for ein spenningsfilm, og den filmen vil ganske sikkert bli laga. Men hovudpersonen Ross Ulbrict får neppe sjå den. Han vart dømt til to ganger livstid + 40 år (!). Og i USA "leikar" dei ikkje fengsel, der er dommen bokstaveleg. Det er med andre ord ein slags dødsdom - evig liv i fengsel.

Silk Road
Silk Road var ein marknadsplass på nettet for ulovlege (og lovlege!) varer. Mesteparten av omsetninga var narkotika i ulike former, og nesten all handel vart gjort med bitcoin. Silk Road var på mange måtar Bitcoins "killer application". Ross Ulbricht, aka "Dread Pirate Roberts", var sentral i oppbygging og drift av tenesta, i alle fall i følgje dommen. Etter eit møysommeleg detektivarbeid vart han pågripen på eit bibliotek i San Francisco i 2013. det var avgjerande å pågripa han medan han var pålogga, difor var det litt av eit opplegg. Heile historia kan du lesa i Wired - den er ytterst fascinerande ("Silk Road - The Untold Story").

2 x livstid + 40 år
Så langt historia om Silk Road og arrestasjonen av Ross Ulbricht. Saka er komplisert og til meir som kjem fram, til meir merkeleg verkar dommen mot han. 2 x livstid + 40 år er ufatteleg strengt og er vanlegvis dommar ein berre ser i samband med seriemordarar, leiarar av mafia-gjengar, leiarar av store narkotika-kartell og liknande. Kva var grunnen til den strenge straffa?

Gjenopptaking avvist
Lyn Ulbricht, mor til Ross, har kjempa ein utrøytteleg kamp for sonen for å få teke opp att saka. Det siste kravet om gjenopptaking vart avvist av høgsteretten nyleg, og det er dermed sett stopp for denne saka i domstolane. Den einaste sjansen for at Ross Ulbricht kan komma ut av fengsel, er no gjennom ei benåding.

Det er vanskeleg å forstå når ein ser kva som har komme fram og høyrer korleis saka vart ført mot RU. Han vart dømt for medverknad til omsetjing av narkotika, noko som ganske sikkert er rett. Men han vart også dømt som "kingpin", dvs. hovudpersonen i ein kriminell gjeng. Det er eit uttrykk som vanlegvis blir brukt om mafia-bossar, leiarar av narkotika-kartell m.m. og vanskeleg å sjå kan vera tilfelle her. Det vart også trekt fram av dommaren i saka at RU skal ha betalt personar for å utføra likvideringar. Det er viktig å understreka at han ikkje vart dømt for det, og det var heller ikkje med i den endelege tiltalen. Kvifor dommaren valde å bruka det i rettsaka kan ein jo lura på.

Mykje rart..
To FBI-agentar involverte i avsløringa av RU vart seinare avslørte då dei hadde forsynt seg med bitcoin frå Silk Road. Den eine av desse var eit av hovudvitna i RU-saka. Det er også vist at nokon logga seg inn som 'admin' på Silk Road-tenesta etter at RU var arrestert. Dette har heller ikkje vorte etterforska vidare.

Bitcoin var hovudfienden
Lyn Ulbricht er klar på at hovudgrunnen til den urimeleg strenge straffa var at styresmaktene ville stoppa Bitcoin. Med RU og Silk Road skulle det statuerast eit eksempel som fekk interesserte i bitcoin til å tenkja seg om, og også ei årvaring til dei som leika med idéen om liknande marknadsplassar som Silk Road. At det har dukka opp mange liknande stader etterpå, viser at det ikkje har hatt særleg effekt.

Kriminalpolitikken i USA
Lyn Ulbricht er sjølvsagt ikkje objektiv i denne saka, det skulle berre mangla, men det er likevel god grunn til å lytta til det ho seier. Ho ønskjer i tillegg til å få sonen ut av fengsel, også å setja søkjelyset på den meiningslause kampen mot narkotika som USA fører, og kriminalpolitikken generelt. Over 60 % av dei innsette i USA har narkotikadommar. Og USA som har 5 % av folketalet i verda, har 20 % av dei fengsla i verda. Det er ikkje noko nytt i dette, men det gjer inntrykk å høyra ho fortelja om både dette når det blir sett i samanheng med fengslinga av Ross Ulbricht.

Høyr historia på podkast
Eg tilrår sterkt å høyra Peter McCormack sine intervju med Lynn Ulbricht i podkasten "What Bitcoin Did". Podkasten inneheld også mange episodar om sjølve saka (dei har eg ikkje høyrt). Om du vil støtta Lynn i arbeidet hennar, kan du gå inn på https://freeross.org

Her er intervjua med Lyn Ulbricht:

https://letstalkbitcoin.com/blog/post/what-bitcoin-did-27-an-interview-with-lyn-ulbricht

https://www.whatbitcoindid.com/podcast/the-supreme-courts-denial-of-ross-ulbrichts-petition-with-lyn-ulbricht

mandag 25. februar 2019

Kryptovinteren 2018

Foto: Steven Millstein (CC BY 2.0)
2017 og 2018 har vore kontrastfylte år. Der det gjekk bratt oppover og slagorat i kryptomiljøet var "to the moon!" og også "Lambo!", har 2018 vore ein skikkeleg blåmåndag med kraftig fallande kursar. Om 2018 var vanskeleg for Bitcoin, var det nærmast krise for altcoins, inkludert Ethereum. Bitcoin har i realiteten komme kraftig styrka ut av 2018 og har vist seg som den dominerande kryptovalutaen og den som ser ut til å takla presset best. For dei fleste andre kryptovalutaene er framtida absolutt meir dyster - det er grunn til å spørja kva mange av dei kan tilføra for å forsvara til og med dagens låge kursar.

Utviklinga i 2018 viste m.a.:

  • Styrking av Bitcoin trass i kraftig kursnedgang
    .. og styrkinga kjem på kostnad av altcoins der framtidsutsiktene er dystre
  • Ethereum har hatt eit trøblete år og fått fleire arge konkurrentar
  • ICO og vill vest ser ut til å gå over til meir kontrollerte former for kryptofinansiering
  • Det er framleis vanskeleg å sjå gode bruksområde ("use case") utanom valuta
  • Datasenter-verksemd basert på kryptovaluta fekk ein kraftig knekk med bortfall av redusert el-avgift her i landet


If it doesn't kill you it just makes you stronger
Trass i nye dødsdommar for Bitcoin og kryptovaluta, er Bitcoin "still alive and kicking".
Andreas M. Antonopoulos har mange gode analogiar. Han samanlikna ein gang uroa og diskusjonen i Bitcoin-miljøet og den tilsynelatande idyllen i altcoin-miljøa slik:
Bitcoin er eit skip ute på det opne havet, i full storm og med "alle mann til pumpene!". Inne i hamna ligg altcoin-båtane i stille og rolege forhold og med mannskapet på øvre dekk med paraply-drinkar. Dei peiker på Bitcoin og ler: "Sjå på Bitcoin, haha, skipet går snart under". 
Dårleg år for Bitcoin, krise for Altcoins
Og så skulle altcoin-systema ut i den harde, verkelege vinden. Det gjekk ikkje bra, det ser faktisk ut til å gå mykje dårlegare enn det Bitcoin har vore gjennom. La oss difor gravleggja metaforen "Blokkjede 1.0, 2.0 og 3.0" for alltid! Det er ikkje slik at Bitcoin er den første, men primitive blokkjeda, og Ethereum og andre er 2.0 og 3.0 og mykje meir moderne og robuste. Det er heller tvert om; svakheiter både i Ethereum og andre blokkjeder har vist seg for fulle det siste året og gir grunn til å tvila på framtida for mange av dei.

Ethereum i hardt ver
Det er grunn til å håpa at Ethereum vil klara seg gjennom stormen, men akkurat no er systemet ille ute. Fordelen deira er eit stor utviklarmiljø. Ethereum tilbyr eit alternativ til Bitcoin som er både interessant og nødvendig, samtidig som alternativet er veldig sårbart. Både Turing-komplett programmeringsspråk (Solidity), satsinga på smarte kontraktar og planen om overgang til Proof of Stake er interessante som kontrast til Bitcoin.

Ethereum har hatt eit vanskeleg år bak seg. Etter å ha opplevd stor etterspørsel som fundament for dei mange ICO-ane (Initial Coin Offerings), har presset mot ICO-ar og dei mange skandalane knytte til finansieringsmåten, ført til ein flukt frå Ethereum og eit stort press på å selja ether for å redda stumpane. I tillegg har farsotten Crypto-kittens for alvor vist problema med skalering hjå Ethereum. Dette "leiketøyet" tvinga Ethereum i kne og fekk mange til å tvila på "the World Computer".

Overgangen til Proof of Stake vanskeleg
Ethereum har også problem med overgangen til ny konsensusmodell; frå proof-of-work (PoS) til proof-of-stake (PoS). Overgangen har vore annonsert lenge, og det er til og med koda inn ei "bombe" for å tvinga fram overgangen. "Bomba" er kode som vil auka vanskegraden i PoW-metoden eksponensielt som eit middel for å tvinga fram overgangen. Men bomba har måtta deaktiverast og overgangen utsetjast fordi det framleis er stor usikkerheit om PoS vil fungera slik ein håpar på. Eg trur framtida for Ethereum er sterkt avhengig av Bitcoin. Ethereum må rett og slett "kjøpa" seg sikkerheit frå Bitcoin - t.d. ved å lagra tilstanden i blokkjeda ("snapshot") på Bitcoin-blokkjeda med visse mellomrom for å unngå omskriving av historia.

"Move fast & break things"
"Move fast & break things" har vore Ethereum sitt motto heile vegen, i sterk kontrast til Bitcoins konservative policy. Det har ført til ein del kontroversar, ikkje minst The DAO-episoden som resulterte i splitting i to separate Ethrereum-kjeder. Det opna også for tvil om Ethereums uforanderlegheit ("immutability"). Den episoden viste også ein annan viktig skilnad mellom Ethereum og Bitcoin: Der Bitcoin aldri har hatt nokon tydeleg leiar, og meritokrati er det viktigaste, har Ethereum alltid hatt ein sterk, og sentral(istisk), organisasjon i Ethereum Foundation. Ethereum har også hatt sterke og tydelege talspersonar, særleg i Vitalik Buterin.

Arge konkurrentar til Ethereum
Gjennom 2018 har Ethereum fått tydeleg konkurranse, særleg frå blokkjedene EOS, Cardano, NEO og Tron. Fleire av desse kompromissar på desentralitet og oppnår dermed større kapasitet.

EOS
EOS har til dømes 21 utvalde "blokk-produsentar" etter modellen Delegated Proof of Stake (DPoS). Men det er stilt spørsmål ved sentraliseringa av denne kryptovalutaen. Men det er flinke folk bak EOS, mellom anna Daniel Larimer som var sentral bak både BitShares og Steemit, og som har hatt ei sentral rolle i utviklinga av DPoS-systemet. Men med ingen, eller svært små, gebyr, har blokkjeda i EOS vakse eksponensielt til 4 TB i løpet av 8 månader. Slikt verkar ekstremt sentraliserande sidan det ikkje er mange som har mulegheit til å lagra så mykje data.

Cardano
Cardano har også sterke utviklarar i ryggen, først og fremst Charles Hoskinson. Han var sentral i utviklinga av Ethereum, og seinare Ethereum Classic. Cardano brukar konsensus-algoritmen Ouroboros, som er ein PoS-variant. Cardano har interessante koplingar til miljøet bak programmeringsspråket Haskell.

NEO
NEO er ein slags kinesisk variant av Ethereum. Dei har integrert PKI (Public Key Infrastructure) og autentisering av brukarar - kanskje ikkje så rart sidan dei opererer i Kina. Det bryt sjølvsagt med den grunnleggjande blokkjede-modellen Bitcoin introduserte, men gir også større mulegheiter for aksept frå næringsliv og styresmakter.

Tron
Også Tron ønskjer å framstå som eit "betre Ethereum enn Ethereum" og viser mellom anna til større kapasitet (over 2000 trans./sek.). Det mest intressante med Tron er at dei har overteke BitTorrent. Det blir spennande å sjå kva dei kan få ut av det.

Ethereum har altså konkurrentar halsande bak seg, og vil få det tøft framover viss ikkje dei klarer å få bukt med utviklingsproblema og den mislykka framdrifta.

7 myter om Bitcoin


Ny teknologi treng tid for å bli forstått. Teknologi som bryt kraftig med eksisterande teknologi, treng endå lenger tid og er utsett for mistydingar og feilaktige påstandar. Her er 7 vanlege myter om Bitcoin:


1. Energibruken i Bitcoin er for utvinning av ny valuta
2. Bitcoin krev meir energi enn Irland (eller Tsjekkia, eller Danmark...)
3. Energibruken i Bitcoin er stort sett basert på kolkraft
4. Meir enn 50 % av nodane må godkjenna ein transaksjon
5. Den som kontrollerer meir enn 50 % av graveressursane kan ta alle bitcoin
6. Bitcoin har vorte hacka
7. Bitcoin er eit pyramidespel styrt av ukjende bakmenn

Les oppklaringa av mytene på Kryptografen.

tirsdag 19. februar 2019

Blokkjedesikring, ikkje bitcoinutvinning!

Ei vanleg mistyding om Bitcoin er at energibruken går til utvinning av nye bitcoin. Bitcoin-miljøet må sjølve ta ein del av ansvaret på grunn av den uheldige begrepsbruken som dominerer. Det er difor viktig å slå fast at energibruken går til sikring av blokkjeda, ikkje til utvinning av nye bitcoin. Nye bitcoin er berre bonusen og "lønn for strevet" til dei som har kostnader med "gravearbeidet".

Eg utdjupar dette i ein kronikk på forsking.no. Den er også gjengitt på Kryptografen, ei nyheitsteneste om Bitcoin og blokkjedeteknologi driven av det nystarta bedrifta Arcane Crypto.

fredag 18. januar 2019

Bitcoin i live trass i 350+ nekrologar

Lesarinnlegg i Dagens Næringsliv i dag som svar på Terje Erikstads artikkel "Bitcoin er en fiasko". I tillegg har Nikolai Johan Heum i Finstart Nordic også eit godt innlegg med tittelen "For hvem er bitcoin en fiasko, DN?".

Her er Erikstads artikkel som sette i gang det heile:


Og her er svaret eg sende til DN:
(usikker på om innlegget er ope og gjengir det difor under)

Bitcoin som fiasko

Lite provoserer tradisjonelle økonomar meir enn Bitcoin og kryptovaluta. Frå Erikstad til Krugman og Schiller er dommen eintydig: Bitcoin er ein fiasko og håpet er ein snarleg død. Eigentleg skulle Bitcoin vore død for lenge sidan, men kryptovalutaen har vist seg seig og er framleis i live – trass i meir enn 350 nekrologar.

Dersom Erikstad var sett til å vurdera Internett etter 10 år, ville han konkludert med at det var ein fiasko som globalt nettverk. Det same ville han gjort etter både 20 og 30 år, faktisk skulle det gå over 35 år før konseptet til slutt tok av og vart det dominerande globale kommunikasjonsnettverket.
Arkitekten bak Bitcoin ofra bevisst kapasitet til fordel for sensurfridom og desentralitet. Godt fungerande betalingsløysingar vil ta tid, og vil ikkje skje på blokkjeda, men i eit eige lag, med blokkjeda som eit avstemmingslag.

Bitcoin som valuta har ingen ibuande verdi, skriv Erikstad. Men det same kan for ein stor del seiast om gull. Prisen på gull kan ikkje forklarast med bruksnytten av metallet, så kvifor er gull så verdifullt då?

Før Internett slo gjennom, var det fleire fungerande globale nettverk, til dømes IBM sitt SNA-nett. Det var langt overlege Internett, men likevel vart Internett den globale standarden. Mykje av grunnen var at det var ope for alle å delta i utviklinga og dermed vart innovasjonstakta mykje større. Det same kan seiast om opne blokkjeder samanlikna med proprietære finanssystem. Det betyr ikkje at Bitcoin ein dag vil overta som føretrekt betalingssystem, men med innovasjonsfarten i krypto­miljøet vil det vera farleg å undervurdera potensialet til denne nye teknologi-infrastrukturen.



mandag 14. januar 2019

What Bitcoin Did

I dag har eg gjesteblogg hos digitaliseringsdirektør Christoffer Hernæs i Sbanken: http://hernaes.com/2019/01/14/what-bitcoin-did/

onsdag 2. januar 2019

Blokkjede til besvær

Blogginnlegget er også publisert på nettstaden Kryptofinans
Dette innlegget vart sendt til Dagens Næringsliv, men har (enno) ikkje stått på trykk.

Blokkjede til besvær 

Bitcoin introduserte noko nytt for 10 år sidan: ei samansmelting av økonomi og Internett-teknologi i eit desentralisert system der autoriteten i midten var fjerna. Dette er vanskeleg å forstå, og sjølv 10 år etter innovasjonen har dei fleste problem med å sjå kva dette inneber og kva blokkjede-teknologien faktisk går ut på.

Skattedirektoratet er berre ein av mange som framstiller Bitcoin og kryptovaluta feil. Dessverre har det fått til følgje at regjeringa no har vedteke å ta kryptovaluta ut av ordninga med redusert el-avgift for datasenter. I utgreiinga frå Skattedirektoratet er det ordet «utvinning» som går igjen, og energi­bruken som blir brukt til å generera nye digitale myntar.

Dette er feil. Energibruken har eigentleg ikkje noko å gjera med frigjeving av nye bitcoin, eller andre kryptovalutaer baserte på «proof of work»-metoden. Energibruken må til for å sikra det opne systemet. Som lønn for strevet (energiinnsatsen) får aktørane ein bonus i form av nye bitcoin eller annan kryptovaluta. Men det er ikkje frigjevinga av nye bitcoin som treng all energiinnsatsen; det kunne vore gjort nesten utan bruk av energi. Arbeidsinnsatsen som sikrar nettverket mot forfalsking er den verkelege innovasjonen i Bitcoin, slik den vart sett i system av Satoshi Nakamoto.

Når Skattedirektoratet forsikrar oss om at dei ikkje har noko mot blokkjedeteknologien, og at blokk­kjeder som ikkje brukar energi til «utvinning» framleis kan få redusert el-avgift, er det som eit ekko av Internett-diskusjonen for 30 år sidan. Også den gangen var styresmaktene skeptiske til opne system, og valde OSI-modellen (Open Systems Interconnection) som teleselskapa stod bak, som den globale standarden som skulle satsast på. Dei valde bort Internett-teknologien fordi den ikkje hadde ein klar organisasjon som kontrollerte den.

Men Internett tok innersvingen på teleselskapa og OSI-modellen fordi teknologien var open og utviklinga difor gjekk mykje raskare. Internett kunne levera løysingar som berre var på planstadiet for OSI sin del.

Når styresmaktene no seier at blokkjedeteknologien er lovande, berre den blir kontrollert av selskap og organisasjonar, er det ein klar parallell til feilgrepa for 30 år sidan. Er det ingen som lenger hugsar teknologi­historia? Kontrollerte blokkjeder vil vera nyttige i enkelte avgrensa samanhengar, men vil ikkje vera den teknologien som gjer radikale endringar i dagens Internett. Det har stadig fleire oppdaga og dermed er entusiasmen rundt teknologien i ferd med å avta. Den har tvert om ein god del ulemper samanlikna med moderne databaseteknologi.

Både offentlege og private aktørar si tilnærming til blokkjedeteknologien kan samanliknast med tilnærminga til Internett og web-en: Internett-teknologi i kontrollerte former gjennom eit Intranett er bra, det opne Internettet er farleg å satsa på. Det tok nokre år før dei skjønte at det var det opne Internettet som var det store framsteget.

Den dalande interessa for blokkjedeteknologi kan tyda på at teknologien har vore for oppskrytt? På kort sikt har den nok det, men på lenger sikt vil den truleg få enorm betydning for utviklinga av Internett. Men først må me læra oss å handtera økonomi som ein del av teknologien, og det er ikkje lett. Enkelt sagt forstår ikkje teknologar økonomi, og økonomar forstår ikkje teknologi. I open blokkjedeteknologi er ikkje omgrepet «tverrfagleg» berre pynt utan djupare meining, men heilt sentralt for å forstå og for å lukkast. Dei utdanningsinstitusjonane som forstår det, vil få eit godt forsprang på konkurrentane. 

Universiteta var sentrale i utviklinga av Internett, men likevel trege med å ta teknologien inn i utdanninga. Det same ser me med blokkjedeteknologi. Ei bacheloroppgåve ved Høgskulen på Vestlandet frå i år, viste at ingen av økonomiutdanningane ved universiteta og høgskulane her i landet hadde planar om å ta inn kryptovaluta og blokkjedeteknologi anna enn å nemna det i eksisterande kurs. Også her ser historia ut til å gjenta seg.