søndag 15. september 2019

Baltic Honeybadger 2019, dag 2

Best å dela dette i to sidan det blir ein god del skriving. Det blir også ei salig blanding av norsk og engelsk..

Samla inntrykk av konferansen:
Baltic Honeybadger 2019 var ein ny god konferanse, og markerer seg som ein av dei, om ikkje den, viktigaste Bitcoin-konferansane. Her er det berre Bitcoin som gjeld, og altcoins blir konsekvent omtala som "shitcoin". Då forstår du om det er ein konferanse for deg eller ikkje..

Mange gode innleiarar, men eg saknar eit meir reflektert syn på økonomi. Her var det berre den østerrikske skulen som var representert. Finst det ikkje andre øknomi-retningar som ser potensial i Bitcoin? Konferansen bør uansett invitera fleire økonomiske syn.
Paneldebattar er generelt vanskeleg å få til, det gjeld Baltic Honeybadger til liks med andre. Eg forstår ikkje heilt at det har vorte så vanleg på konferansar, bortsett frå at det er litt billeg, med minimal førebuing frå paneldeltakarane.

Opening words
by Giacomo Zucco
Vanskeleg å referera Giacomo, må opplevast!
GZ er velkjend Bitcoin-maximalist ("Thou Shall Not Have Other Money Than Bitcoin").

GZ harselerte i velkjent stil og tok eit oppgjer med maximalist-innlegget han hadde i fjor. Men som vanleg var det jo berre tull og ironi.. Underhaldande uansett!

13 Threats to Your Bitcoin
Jeremy Welch
Jeremy Welch er CEO i Casa som lagar Bitcoin- og Lightning-nodar i enkel innpakning (A Casa node in every home!"). Dei utviklar også sikkerheitsløysingar knytte til dei fysiske produkta.

Poenget med sikkerheit er å gjera det dyrare for potensielle svindlarar

1. Data and credential loss
Direkte tap av nøklar

2. Phishing
Lura brukarar til å logga inn på falske sider

3. SIM Hijacking
Dessverre eit aukande problem (DN hadde eit stort oppslag om dette i sommar, noko som førte til at digitaliseringsminister Nicolai Astrup tok affære og ba mobiloperatørane stramma inn praksisen sin.)

4. Network attacks

5. Malware

6. Supply chain attack
Malicious code injected in a commonly used device (jf. Olav Lysnes "Huawei and Snowden  Questions"

7. Physical coercion
Kidnapping, fysiske truslar

8. Child/pet attack
Ein variant av den forrige

9. Internal service provider attack

10. Platform/hosting attack
Angrep på sky-servarar, Linode web host attack in 2012

11. Code dependency attack
Malicious code in different libraries

12. Official seizure
Nasjonalisering har skjedd mange ganger i historia

13. Inheritaance failure
Kva skjer med bitcoin/krypto ved dødsfall?

Eksempel på mulege angrep: Nettlesar-historien blir lasta ned og t.d. Bitcoin-adresser blir identifiserte og endra. Kan også trekkja ut KYC-data og på den måten oppretta nye kontoar.
Kan også relativt lett endra mottakar-adresser. Må vera ekstremt forsiktige her.

Kva slags nettlesar-tillegg har utvida tilgang til nettlesar-data?
- Grammarly
- Passord-program (LastPass ++)

Tips: Bruk ulike nettlesarar til ulike oppgåver. T.d. Chrome til vanleg nettbruk og Brave (heilt strippa, ingen tillegg) til bitcoin-/kryptooperasjonar

Mitt inntrykk: Nyttig påminning om at "ver din eigen bank" kjem med ein del vanskelege utfordringar kring sikkerheit. Som paneldeltakaren i neste sesjon sa: "There is nothing scarier than being your own bank for a normal person".

Ein kan bli veldig paranoid av å tenkja på alt som kan gå galt på dette området. Men på same tida kjem ein langt med ein del enkle forhåndsreglar. Ein god start er å skaffa seg ei hardware-lommebok.


PANEL • P2P exchanges
Roman Snitko, Ray Youssef, Bernard Labno, Jonathan Leong. HOST: Ambroid
Tja, ikkje så mykje å referera frå her. Den eine paneldeltakaren tok nesten all tid til ulike historiar, men utan å komma skikkeleg inn på hovudtemaet.

P2P-vekslingstenester er eit ideal og eit mål for mange, men det er ein del skjer i sjøen. Sentrale utfordringar er likviditet og reguleringar.


Bitcoin as a benchmark
Michiel Lescrauwaet
Why Bitcoin as a Benchmark?
Vanlege indeksar er S&P 500, Bloomberg ++
Kryptoindeksar er dårleg samansette (t.d. Bloomberg Galaxy Index med 30 % XRP - kva er fornuften bak dette?)
Bitcoin's moneyness is unrivalled
- superior store of value
- sikraste, pålitelege, likvide blokkjede-valuta
- institusjonar kjem til Bitcoin, ikkje altcoins

Dagens kryptoindeksar er feilslegne og fungerer dårleg.

Viss Bitcoin er målestokken, korleis skal ein slå (outperform) Bitcoin?

2010-2013: Discovery phase
2014-2020: Infrastructure phase
2021-2025: Deployment phase

Ulike strategiar i dei ulike fasane.

Bitcoin vil bli målestokken for framtidas krypto-investeringar

Open-source upgrade to the BTC mining stack
Jan Čapek, Braiins (som står bak Slush Pool)

Braiins OS - operativsystem for krypto-graving, primært Bitcoin
- fri programvare


FPGA: Field Programmable Gate Array

Kontrollbordet blir vanlegvis styrt av Linux

Slush Pool var det første grave-lauget ("mining pool"), etablert alt i 2010. Dei har utmerka seg sidan starten ved å vera opne og tydelege på Bitcoin Core-støtte. Det er difor naturleg at dei står i spissen for opning av dette området også.

PANEL • REKT: how to survive the bear market
WhalePanda, Ambroid, Tone Vays, Florian Maier. HOST: Matt Odell
"Don't quit your daytime job" kan stå som første råd frå panelet.
Tone Vays sa han angrar på at han ikkje heldt fram i jobben på Wall Street eit år lenger, for å kunna ha investert meir i bitcoin som då låg på $2-300.

Lønnsutbetaling i bitcoin:
Florian M. sa at bedrifta hans prøvde dette. Teknologisk var det veldig lett, regulatorisk (KYC) var det eit mareritt, og dei ga difor opp. Dei har kode på Github for løysinga dei utvikla.

Største undervurdering/feilslåtte investering
Tone Vays: Undervurderte dynamikken då kursen var rundt $3K. Han trudde at det då ville bli nedgang og at oppgangen ikkje ville komma før altcoins ville forsvinna.
Er likevel uroleg for vidare kursutvikling, han ser ikkje mange nye brukarar komma inn i systemet.

Ambroid: Seld for lite ved den store oppgangen i 2017. Han kjøpte bitcoin for altcoin i 2018, det var ein tabbe (skulle brukt dollar).

WhalePanda: Har halde på for mykje altcoin, sjølv om det berre utgjorde 10 % (og no nærmare 1 %)

Florian: Det er lett å sjå i ettertid kva ein skulle ha gjort, men det er vanskeleg å gjrea det rette der og då. Eit problem er at kjenslene styrer for mykje. Godt råd: Lag ein plan og følg den!

Kva med opsjonshandel?
Tone Vays: Det er for lite likviditet i markedet.

Kva betyr det at altcoins vil døy ut?
Dei vil ikkje forsvinna heilt, men gå gradvis mot null. Dei gamle vil gradvis forsvinna, men nye vil komma til, men problemet er at dei ikkje har nokon bruksscenario (use case).

Mitt inntrykk: Den enkle oppsummeringa er: kjøp på botn og sel på toppen! Men det veit jo alle, og aktørane i panelet verka på mange måtar like amatørmessige som du og eg. Men bra at dei var opne om eigne feil og feilvurderingar. Det beste rådet er likevel å ha ein klar plan og følgja den, t.d. periodevise kjøp (månadleg, kvartalsvis, halvårleg).

Bitcoin as a practical tool for individual freedom
Rigel Walshe

Tidlegare politimann frå New Zealand. Han var samtidig frontmann i eit metal-band og fekk problem med leiinga i politiet. Han beheldt jobben, men måtte gjera ein del endringar med bandet. Han slutta i politiet for eit par år sidan og begynte å læra seg programmering (!), på Code Academy.


LNP/BP Macroeconomic Data, Theories, and Intuitions
Pierre Rochard
Pierre lært også koding på Code Academy og oppfordrar alle interesserte i å læra seg programmering - det er aldri for seint!

Lightning Excel rekneark (plug-in i Excel)

Node Launcher tek seg av alt styret med oppkopling mot Bitcoin- og Lightning-nodar, og fungerer både i MacOS, Windows og Linux.

Bitcoin "macroeconomics"
- long term economic

Viktig spørsmål: Vil gebyr vera nok til å sikra Bitcoin-nettverket i framtida når inflasjonen er null? Eller blir det ein hard fork med ein Bitcoin-variant som har innebygd inflasjon?

Aktuell lesing:
Eric Budish: "The Economic Limits of Bitcoin and the Blockchain"
TwoBitIdiot: "The 21mm BTC Soft Cap"
Dan Held: "Bitcoin's Security is Fine"
Nic Carter: ""Bitcoin bites the bullet"

Mario Gibney: "Blockspace market" should be used instead of "fee market"

Myte: fast grense på 1 MB
Realitet: Variabelt, med eit tak
2009-2013: 0,5 - 0,75 MB
2013-2017: 1 MB
2017-????: 4 mill. vekt-einingar (weight units)

Bitcoin-utviklarar har til no vore mest opptekne av tekniske kostnaderog ikkje sosiale. Sosiale kostnader er at det krevjande å måtta lasta ned heile Bitcoin-blokkjeda for å vera på den sikre sida. Mange er ikkje villige til å ta denne kostnaden, men brukar berre ei lettvektslommebok (SPV - Simple Payment Verification)

Jevons paradox: Increased efficiency causes more total resource consumption

Mitt inntrykk: PR tek opp viktige, og kontroversielle spørsmål, om Bitcoin og utviklinga framover. Det er viktig å stilla spørsmåla og vera open om mulege var. Det er kanskje litt for lite rom for dette i Bitcoin-miljøet.

PANEL • Wallets
Ádám Ficsór, Konstantin Gladych, Rodolfo Novak HOST: Alena Vranova
Paneldeltakarane representerer følgjande lommebøker:
- Atomic wallet
- Wasabi wallet
- Coldcard og OpenDime
- Green Address (Blockstream)
- Casa (repr. ved panelleiar Alena Vranova)

Alle seier dei er profitable (Blockstream har ein litt annan forretningsidé med Green Address).
Enkelheit og brukarvennlegheit er det viktigaste, men for Wasabi er personvern også veldig viktig. Dei har difor integrert CoinJoin i lommeboka. Ved hjelp av CoinJoin blir transaksjonar frå fleire brukarar blanda saman for at det skal bli vanskelegare å spora den enkelte. Det er eit motsetningsforhold (trade-off) mellom brukarvennlegheit og mengda funksjonalitet.

Casa er opptekne av å betra både sikkerheit og brukaroppleving og tilbyr "seedless" nøkkel-etablering. "Seed"-en blir erstatta av ein multisig-

Blockstream/Green Address har utvikla ein fullnode for Android-mobilar: ABCore
Den er tilgjengeleg for nedlasting frå Google Play (tidleg utviklingsversjon).

Standardisering?
- kva tidspunkt? For tidleg standardisering stoppar innovasjon, men manglande standardisering kan også hindra større utbreiing.
- ein god, praktisk start er nettsida som gir oppskrifter på korleis ein skal regenerera ei lommebok (som ikkje blir vedlikehalden lenger) i ei anna lommebok.

Viktig: Ved bruk av multisig må ein også ha backup av den prosessen, for "seed" åleine vil ikkje vera nok til å få tilgang til valutaen.

Green Address: Oppdateringsfrekvensen er 14 dagar
Atomic wallet: Bruk av mobilen som hardware-lommebok, inkl. av LN
Wasabi: Har avdekka mykje dårleg praksis i programvareutvikling for Bitcoin. Opprydding i kode bør difor prioriterast
Coldcard: Adresse-inspeksjon
Casa: SatApp (forenkling av LN-betalingar med namn som forenklar adressehandteringa


Running bitcoin in production environments
Ketominer
Konkret oppsett av betalingsløysing (BTCPay Server) med Bitcoin- og LN-nodar pluss alt som høyrer til (webserver,applikasjonsserver, mellomvare, databaseløysing +++).


The Information Theory of Money
Dan Held, director of Business Development, Kraken

Dagens problem: Sentralbankar har ikkje sjanse til å få full oversikt over all nødvendig informasjon for å gjera dei rette vala.
- impossible to calculate inflation
- forecasting does more harm than good
- political interference
- resluts aren't reproducible

Eit godt bilete på dagens modell er at sentralbankar styrer bilen ved hjelp av bakspegelen.

Svaret (i følgje Dan Held) er innføring av "sound money".
Transparent, gitt/endeleg tilførsel av pengar, kjent av alle: 21 mill. bitcoin

Mitt inntrykk: Enkel og god presentasjon, men som eg også har nemnt tidlegare, eg skulle gjerne ha sett eit meir balansert syn på de monetære spørsmåla. Her er det berre "Austrian school of economics" og "sound money" som blir presentert som løysing. Kan Bitcoin også vera eit godt hjelpemiddel i ein meir keynesiansk variant av økonomien? Kva med Bitcoin og den sirkulære økonomien? [begrepet "sirkulær økonomi" er litt merkeleg - er ikkje økonomien alt sirkulær?]


How to really kill bitcoin
Saifedean Ammous

Bitcoin har mange lag av motstand (resilience).
Den mest effektive måten å stoppa Bitcoin vil vera å gjera insentiva for Bitcoin uaktuell ved å tilby eit system som er like godt eller betre.

Ville finanskrisa i 2008 ha skjedd om ein framleis hadde brukt gullstandarden?
Gull har mange fordelar, også relatert til Bitcoin.
Kva vil eit fritt marked velja, gull eller Bitcoin?
Argument for Bitcoin:
- lower cost of running av full node
- cheaper to settle glbobally
- cheaper to verify
- lower suppply growth rate
- men, utan styresmaktene si manipulering av pengar, ville bitcoins hovudargument bli borte

Gode nyheiter: status quo favoriserer bitcoin
Dårlege nyheiter: bitcoin kan bli meir avhengig av styresmaktene enn me likar å tenkja

Mitt inntrykk:
Saifedean er sterk tilhengjar av gullstandarden som modell for pengepolitikken, og ser Bitcoin som ein moderne variant av denne. Igjen ein "Austrian economist". Spørsmålet om finanskrisa ville ha skjedd med ein gullstandard er typisk for ein overforenkla modell av dagens økonomi: Korleis ville den moderne økonomien i det heile sett ut med ein gullstandard? Den ville kanskje sett heilt annleis ut enn det me ser i dag, og kanskje ikkje så bra likvel.

PANEL • Education in Bitcoin
Sam Wouters, Pavel Kravchenko, Jimmy Song HOST: Stacey Herbert

Kva er det viktigaste for nybegynnarar å vita om Bitcoin?
- prøv å finna ut korleis det kan ha betydning for den personen du snakkar med
- det er folk i utviklingsland som forstår dette med ein gang, det er folk i i-land som har problem med å forstå det (Jimmy S.)
- dessverre er det dei som lir mest under dårleg/korrupt økonomisk politikk som forstår Bitcoin lettast
- negaitve renter er eit uttrykk for at det blir laga endå meir pengar (låge renter for bankane gjer det lettare å gi lån, som jo er å skapa nye pengar)

Mitt inntrykk: Viktig område, kanskje det viktigaste av alle for å få meir utbreiing og betre forståing for og av Bitcoin og blokkjedeteknologi. Men bortsett frå Pavel var det ingen som nemnde korleis me skal få faget inn i akademia. Det er ein stor mangel på forståing av kva betydning denne teknologien og økonomien kjem til å få, både teknologisk og økonomisk. Det må inn på pensum i høgare utdanning, og det må inn som sjølvstendige kurs, ikkje som så mange ser ut til å tenkja: ja, me underviser i dette, men i dei eksisterande kursa våre.

Lowering Chain Fees and Improving Privacy with HyperLoop
Alex Bosworth, Lightning Labs

HyperLoop reduserer størrelsen på ein LN-overføring til blokkjeda med ein faktor på 5 (20% av størrelsen til ein vanleg blokkjede-transaksjon).


Yellow Rock Bad, Orange Coin Good: Environmental & Social Impacts of Gold & Bitcoin
Hass McCook

Energy is Good.
Emissions are Bad.

Global energibruk: 18,6 % fornybar (atomanlegg del av dette)

Estimert energibruk: 70 TWh/år
- estimata for fornybar-andel varierer veldig; frå 28 % (Cambridge) til 78 % (Coinshares)

Samanlikna med gull, kan energibruken til Bitcoin forsvarast.

Meir enn 50 % av alt gull blir brukt til smykke/dekorasjon. Er energibruken for utvinning av gull bra?
- trenden mot 100 % fornybar energi vil ikkje hjelpa så mykje på miljøproblema til gull


PANEL • Lightning Network
Samson Mow, Alex Bosworth, Max Keidun, Alex Petrov. HOST: Stephan Livera

Lightning er framleis ganske nytt og underutvikla. Sjølv om bruken aukar, er det framleis ganske mykje feilretting.Vanskeleg å finna utviklarar på dette området. Det manglar også mykje på grensesnitt-sida; det er for vanskeleg å bruka LN no.
Stiller spørsmål om det er lurt å bruka "invoice"-begrepet fordi det kan ha ulik betydning i ulike økonomiar.
I LN re det mykje viktigare kva nodar ein koplar seg opp mot, i motsetning til Bitcoin der det eigentleg ikkje betyr noko, så lenge ein av nodane fungerer.
Lightning på toppen av Liquid-sidekjeda: Store mulegheiter, men også ein del ekstra utfordringar.

Lightning opnar for store endringar og nye forretningsmodellar.

Scalable computing in LNP/BP: Prometheus protocol
Maxim Orlovsky



1on1 • Reflecting on scaling, 5 years on
Adam Back, Giacomo Zucco. HOST: Alexandra Moxin

Positivt med det høge tempoet på utviklinga og den innovasjonen som har skjedd.
Segwit2X var ein viktig manifestasjon på at verken gravarane, utviklarane eller dei store vekslingsaktørane hadde nok kontroll til å styra utviklinga i deira retning. Det var grasrot-bevegelsen som kom ut som vinnarar og fekk stadfesta at ein brukaraktiverte soft-fork (UASF)

Viktig skilje mellom validering og konfirmering. Gravarane konfirmerer, men full-nodar validerer.

Ei gruppe handfull store aktørar møttest på eit hotellrom i New York og prøvde å bestemma Bitcoins framtid. Det gjekk heldigvis ikkje .

Bitcoin er lik Internett på den måten at ulike lag er optimaliserte for sine oppgåver.

Skalering er viktig, men vart overdrive tidlegare. Det var heller ein kamp om kontroll, og frå den kampen kom den viktige lærdommen at brukarane (full-nodar) har mykje større makt enn det var tenkt før.


CLOSING PANEL
Tone Vays, Saifedean Ammous, Pierre Rochard, Francis Pouliot HOST: Max Keiser

Spelteori:
Bitcoin går no inn i ein ny fase der styresmakter og store organisasjonar begynner å ta det alvorleg - kva seier spelteori om mulege utfall her?
- det kjem til å bli mykje meir intenst enn det har vore, med tanke på


Var Bitcoin eit slumpetreff ("popular by accident")?
- tja, ei viss einigheit om det
- interessant: Satoshi nemner ikkje grensa på 21 mill. bitcoin i white paper-et

Driv hashrate prisen eller er det omvendt?
- prisen driv hashrate (panelet er einige om det)
- men det kan endra seg når belønninga går ned og gravarane blir betalte med gebyr

Closing words
Max og Roman i arrangementkomitéen fekk fortent applaus for den gode jobben dei har gjort.
Max er den lokale representanten og held til i Latvia, medan Roman er frå Russland.

Ingen kommentarer: