mandag 29. august 2011

Jobs bok

I diskusjonar om patentar er Apple ein av "verstingane", ingen tvil om det. Mykje av kampen mellom dei store produsentane av smarttelefonar handlar no om å sikra seg mange nok patentar for å hindra konkurrentane med alle middel.

Denne bloggposten skal likevel ikkje handla om patentar, men om Steve Jobs som no forlet stillinga som utøvande leiar i Apple (CEO) og blir styreformann. Ein kan lika eller mislika Apple (eg har store motførestillingar mot den lukka eple-verda), men ein kan ikkje ta frå Apple og Jobs dei geniale produkta og designen på desse.

Mange har meint mykje om Jobs, og PC Magazine listar opp desse fem hovudprinsippa Jobs har jobba etter:

1. Think Different
Dette var det store gjennombrotet for Apple i 1984 då dei lanserte den første Mac-en og med ein reklamekampanje som understreka det å tenkja alternativt og ikkje vera "mainstream" forretningsfyr. Slagordet er også ein vri på IBM og Thomas Watson sitt kjende "Think" motto.

2. Drive with Design
Det er design som kjenneteiknar alt Apple gjer, og det er gjennomgåande eit minimalistisk design. I Apple er ikkje design eit spørsmål for ein eller annan designsjef, det er eit spørsmål som går rett til CEO. Jobs har direkte innverknad og blandar seg gjerne inn. Eg hugsar ei historie der ein deltakar i eit team som skulle laga forslag til DVD-stasjon skulle leggja fram forslaget for Jobs. Dei hadde jobba i 2-3 månader og førebudd seg grundig, med fancy PowerPoint (vel, kanskje det var Keynote..) og det heile. Jobs lytta i 5 minuttar, så gjekk han bort til ei tavle og teikna ein firkanta boks med ei spalte i. Slik skulle DVD-stasjonen sjå ut.

3. Gi folk noko dei ikkje visste dei ville ha
Jobs trur ikkje på å lytta på brukarane og gjera omfattande brukarundersøkingar. Filosofien hans er at folk ikkje heilt veit kva dei vil ha, og at det er Apples oppgåve å finna det ut og presentera det for dei. Det er litt same filosofien som Henry Ford refererte til då han svarte på eit spørsmål om kvifor han ikkje hadde spurt kundane kva bil han skulle laga: "They would only want me to make a faster horse" var svar godt nok.

4. Eig det sjølv
Kontroll er eit ord som dekkjer mykje av Steve Jobs og Apples filosofi. Det er kontroll inntil det paranoide. Apple har alltid vore lukka. Sjølv i den tida dei prøvde å opna for klonar, var det så strengt at det ikkje var kommersielt muleg for konkurrentar som prøvde. Apple har alltid selt produkta gjennom eigne butikkar, og Apple Store har vore ein stor suksess. Det har fungert både som viktig salskanal, men ikkje minst som eit veldig viktig utstillingsvindauga og marknadsføring av Apple-produkt.

5. Produktpresentasjonar
Det siste er måten Apple brukar scena på. Deira produktpresentasjonar med Steve Jobs som høgdepunktet i showet, er legendariske. Dei får media til å syda av forventning i mange månader før produktlanseringa, og sjølv ganske tamme presentasjonar blir hypa opp i skyene. Det siste kan sjølvsagt også slå tilbake på Apple, men at det er eit viktig moment i omdømme-bygginga og forsterking av fan-skaren, er ikkje tvil om. Apple har dei mest fanatiske tilhengjarane, i stil med grunnleggjaren.

[Apple-logo henta frå Wikipedia]

PS
VG har eit bilete av Steve Jobs teke to dagar etter at han sa frå seg CEO-jobben. Det er skremmande og trist å sjå, han kan ikkje ha lang tid igjen. Uansett kva ein måtte meina om Steve Jobs og metodane hans, har han vore eit geni i produktutvikling for Apple. Jobben han har gjort etter at han kom tilbake til Apple i 1995 er rett og slett formidabel og vil bli ståande som ein av dei største og mest vellykka snuoperasjonane i IT-verda.

torsdag 25. august 2011

Ikkje patent


Dagens patent-reglar er for uklare og utydelege når det gjeld programvare. Situasjonen på mobilmarknaden viser med all tydelegheit den absurde situasjonen med patentsøksmål, motsøksmål og masse ressursar brukt på alt anna enn produktutvikling. For tida er Apple og Samsung dei argaste motstandarane, men Apple og Nokia har også vore i retten fleire gonger og seinast i juni i år tapte Apple ein lang strid mot Nokia og må betala lisensiering av teknologi for fleire milliardar dollar.

Patentar er vanskeleg. Dei er innførte for å skapa incentiv for innovasjon og for å beskytta nyskaping for den det gjeld. Den som skapar noko nytt, får eit vern mot kopiering frå andre i eit visst tidsrom. Det er særleg på skaping av fysiske ting (tangible products) patentar er brukte. Men i USA er det også muleg å ta patent på programvare, og det set heile programvare-utviklinga i fare (eit eksempel på meiningslause patentar: Apple hevdar å ha patent på å ringja telefonnummer som er oppgitt i ein epost!).

Patentar og innovasjon
Patentering er difor også eit mykje nytta mål på innovasjonsgrad. Men å bruka patentering åleine som mål på innovasjon, som delvis er tilfelle i dag, blir feil. Martin Gjelsvik, forskingssjef på IRIS, skriv i eit lesarinnlegg i Dagens Næringsliv 20.08 om dette og viser med gode eksempel frå oljeindustrien korleis open innovasjon i ei klynge av bedrifter kan gi betre resultat utan patentering.

Patentar heller enn utvikling?
Apple og Samsung er i krig om patentar, men under det heile ligg forsøket på å stansa motparten med alle middel. Apple har delvis lykkast med å stansa salet av Samsungs Galaxy nettbrett og smarttelefonar, seinast i ein nederlandsk domstol, men Samsung sitt svar er sjølvsagt eit motsøksmål mot Apple. Og slik vil det halda på til partane blir trøytte eller utviklinga har gått forbi stridstemaet og gjort det irrelevant. Dei stadige søksmåla er likvel uheldige fordi dei sår tvil om den som blir saksøkt.

I dette tilfellet sår det tvil om heile Android si framtid sidan mykje av søksmålet gjeld Android og ikkje Samsung-spesifikke implementeringar.

Motorola = Patentar
Googles oppkjøp av Motorola må også sjåast i lys av patentkrigen på mobilmarknaden. Google er eit selskap med eit sterkt innslag av fri programvare-filosofi og dei har i tråd med den filosofien ikkje brydd seg med patentering. Men dei ser ut til å bli tvinga inn i patent-dansen av konkurrentane. Først gjekk dei på eit sviande nederlag i auksjonen av patentar etter Nortels konkurs. Apple, Microsoft og RIM med fleire, gjekk saman og vann auksjonen. Det var også ein auksjon der Googles "nerde-humor" fekk fri utfalding: Dei la inn bod med summar som representerte kjende størrelsar som m.a. Pi (3,14159... mrd dollar).

Patent på programvare?
Det store spørsmålet og stridstemaet er likevel patentering av programvare. Mange meiner det er ein uting, og noko som vil øydeleggja mykje meir enn det vil gagna utviklinga. Eg er av den oppfatninga. Richard Stallman, kjent for GNU og ein markant forsvarar av fri programvare, gir i ein artikkel i Guardian eit bilete av utviklinga på området i EU.

EPO og "unitary patents"
Mykje tyder på at EU ønskjer å følgja etter USA og opna for patentar også på programvare, men at det er strid mellom politikarar (EU-parlamentet) og byråkratar (EU-kommisjonen). EU-parlamentet stemde ned eit forslag frå kommisjonen som ville ha medført opning for å patentera programvare, men striden er ikkje over. Prinsippet om "unitary patents" er lansert og dersom det blir vedteke vil det medføra at patentar innvilga av European Patent Office (EPO) automatisk blir gjeldande for alleEU-land, og at det blir EPOs regelverk som blir gjeldande. Og EPO vil vera interessert i å utvida området for patentering mest muleg, det er jo kjerneverksemda deira.

BellBoy-saka
Her i landet har vi den kjende BellBoy-saka frå eit tiår tilbake der firmaet BellBoy fekk patent på prosessen med billettbestilling over nettet. Patentet vart innvilga i 1993 og omfatta ei e-handelsløysing som mellom anna kunne brukast til å bestilla kinobillettar via nettet. Patentet framstod som latterleg, som får ein til å lura på dei som sit og innvilgar patent (i Norge er det Patentstyret som innvilgar patentar).

Det vart rettsak mellom BellBoy og Filmweb som nekta å betala lisens til BellBoy, og BellBoy tapte saka. Saka skapte stor interesse og mykje frustrasjon. IKT-Norge varsla også søksmål mot BellBoy på vegne av ikt-bransjen, rettsaka mot Filmweb oppheva i praksis patentet. Men i USA har til sømes Amazon fått patent på prosessen "One-click"-bestilling; at du ved hjelp av eitt klikk kan ordna heile transaksjonen.

Berre til glede for advokatar
Patent på programvare er problematisk av fleire grunnar, men ikkje minst fordi det fort blir patent på idéar. Som vi veit gir  ikkje opphavsretten rett til vern av idé, berre utforming. Veldig mykje (alt?) av programvare byggjer på anna arbeid og andre sine idéar. Dersom det blir opna for patent for programvare, vil det bli vanskelege tider for programutviklarar framover. Det er vel berre ein sektor som vil gleda seg over eit slikt utfall: advokatstanden.

Om du ønskjer ei grundig vurdering av dei ulike patentsøksmåla på smarttelefonar og nettbrett, er bloggen Foss Patents av Florian Mueller ein plass å starta.

[Illustrasjon frå Wikipedia]

mandag 22. august 2011

... And Then There Were Three

Slik Genesis uttrykte det i 1978, er det no berre tre store spelarar att i kampen om operativsystem for smarttelefonar: Apple, Google og Microsoft. Annonseringa frå HP om å droppa den webOS-baserte TouchPad kom overraskande. Det er trass alt berre eit år sidan HP kjøpte Palm og webOS for 1,2 milliardar dollar, eit kjøp som no fortonar seg som ei ganske dårleg investering.

Det er synd at HP kastar inn handkle, for webOS representerte eit sjølvstendig  alternativ til iOS og Android. Dessverre hadde den nyleg lanserte TouchPad fleire svakheiter, både maskinmessig og programmessig. I tillegg manglar webOS eit økosystem som iOS og Android. Det same gjeld forsåvidt også Microsoft/Nokia.

PC Magazine lanserer fleire kandidatar som kjøparar av webOS:

  • HTC: For avhengige av Android, sel veldig lite Windows-telefonar
  • Research in Motion (RIM): Der HPs TouchPad har ein del svakheiter samanlikna med iPad og Samsungs Galaxy, er RIMs PlayBook reine katastrofen. Med ein stor kundebase treng RIM ein skikkeleg plattform for framtida.
  • Huawei: Kinesarane pressar på i den billegare enden av Android-telefonar. Dei kan trengja eit plattform for å skilja seg frå konkurrentane.
Det er i alle fall å håpa at webOS får ei framtid hjå nokon som ser potensialet og som er villege til å investera i utvikling. Det ville vera synd om me står att med berre to hovudalternativ for smarttelefonar og nettbrett.

fredag 19. august 2011

Ekspertar om 30-årsjubiléet

PC Magazine har intervjua eit knippe ekspertar i samband med 30-årsjubiléet for PC-en. Bill Gates, Michael Dell og Ray Kurzweil er mellom dei 11 som er intervjua. PC Mag har stilt tre spørsmål:

1. Kva har vore den største innovasjonen i den 30-årige PC-historia?
2. Korleis har PC-en endra liva våre til det betre?
3. Kva vil skje dei neste 30 åra?

Politisk korrekt (minus ein)
Dei fleste svara er tamme og uinteressante, nesten som politikar-uttalelsar. Ein av dei få interessante vurderingane kjem, kanskje ikkje uventa, frå Ray Kurzweil. Han er jo ein teknologisk villmann, i den forstand at han har grenselause fantasiar om utviklinga. Han kan trygt kallast teknologi-optimist (sjå den tidlegare artikkelen min Ray Kurzweil og evig liv)

PC-en som skapande plattform
Han trekkjer fram web-en som den største innovasjonen dei siste 30 åra, og er også inne på (som Jonathan Zittrain) at PC-en har vore den skapande plattforma for dei fleste store gjennombrota. Han spør retorisk kva fantastisk verktøy Mark Zuckerberg utvikla Facebook med? Jo, ein heilt ordinær PC ("a thousand-dollar personal computer"). Og kva unike apparat måtte vel ikkje Larry Page og Sergey Brin ha for å skapa Google? Igjen var det PC-en. Og så spør han til slutt retorisk kva revolusjon ein gut i Afrika [eller ei jente?] vil skapa med utgangspunkt i ein smart-telefon?

PC-en avløyst av smarttelefon?
På det siste punktet er eg litt usikker korleis me skal oppfatta han. Eg trur han meiner at smart-telefonen vil bli den same skapande plattformen for framtida som PC-en har vore til no. Viss det er det han meiner, må eg seia meg ueinig. Visst er det ei enorm utvikling av app-ar, og nesten all interesse er no knytt til smart-telefonar. Men hugs at applikasjonane på smarttelefonane ikkje er utvikla med ein smart-telefon, men på ein PC! Det ligg ein ganske stor skilnad i "utvikla for" og "utvikla med". PC-en som generativ plattform er framleis heilt sentral, og vil vera det i lang tid framover etter mi meining.

Eksponensiell utvikling
Ray Kurzweil framhevar han eksponensiell vekst som den viktigaste underliggjande drivkrafta i den teknologiske utviklinga. Han meiner dei fleste ikkje har forstått krafta i denne utviklinga, og uttalelsane frå dei andre i ekspertpanelet viser at han har heilt rett. Eksponensiell vekst, eller "The Law of Accelerating Returns" som er Kurzweils formulering, har stått sentralt i alt han har arbeida med og i alle framtids-spådommar frå han.

Sosiale nettverk for omvelting
På spørsmålet om korleis pc-utviklinga har gjort liva våre betre, peiker Kurzweil på dei sosiale nettverka. Han er sjølvsagt ikkje beskjeden på eigne vegner, amerikanarar er vanlegvis ikkje det, og framhevar at han alt på 1980-talet spådde Sovjetunionens undergang på grunn av utviklinga i den digitale kommunikasjonen og sosiale nettverk.

Singularitet og menneske/maskin-hybridar
På spørsmålet om kva som vil skje i dei neste 30 åra, er Ray Kurzweil naturleg nok i sitt ess. Han er jo futurist framfor nokon, og har alltid levd nokre tiår fram i tid samanlikna med andre rundt han. Han er veldig oppteken av "singularitet". Singularitet har mange betydningar (matematisk, geometrisk, komplekse analysar..), men i denne samanhengen refererer det til ei framtid der teknologien vil smelta saman med den biologiske massen vår gi oss ikkje berre forsterka intelligens ("greater-than human intelligence"), men også forsterka livsfunksjonar (immunsystem osv.).

Kurzweil har brukt begrepet i boka The Singularity is Near frå 2005. Boka er ein oppdatert versjon av dei tidlegare bøkene hans The Age of Spiritual Machines (1999) og The Age of Intelligent Machines. Kurzweil er ein AI-fantast (kunstig intelligens/artificial intelligence) og det er som sagt ikkje grenser for fantasiane og tekno-optimismen hans. Likefullt er det fascinerande å lesa om spådommane hans.

Han ser for seg eit framhald av den eksponensielle utviklinga slik at "personal computing" verkeleg blir personleg - datamaskiner på størrelse med blodceller. Og dei vil vera i blodet vårt og styrka immunforsvaret, samtidig som dei vil styrka nervesystem og hjerne. Hui, hvor det går!

[illustrasjonen er henta frå PC Magazine]

mandag 15. august 2011

PC-en 30 år!

Den 12. august 1981 lanserte IBM sin Personal Computer på Waldorf Astoria Hotel i New York, og starta med det pc-revolusjonen slik me kjenner den. Internt heitte den "5150 Personal Computer", men PC vart begrepet. Det var ikkje den første "mikro-datamaskina", men verken Apple (Apple II) og diverse CP/M-baserte maskiner hadde klart å dominera og skapa eit eige økosystem. PC Magazine har ei omfattande dekning av 30-årsjubileet (og biletet er henta frå denne). Dei har også laga denne informative tidslinja frå 1981 og fram til i dag.

IBM hjelpte Microsoft i gang
PC-en skapte først og fremst eit økosystem. Med MS-DOS som operativsystem vart dette for alvor også  starten for Microsoft sin enorme vekst. Det er lite som tyder på at IBM var klar over potensialet; då ville dei nok vore meir forsiktige både med den opne arkitekturen og val av operativsystem. IBM er kjend for omfattande patentering, og dei ville nok sikra seg framtidige inntekter av pc-arkitekturen hadde dei visst kva kommersielt gjennombrot den fekk.

Open arkitektur grunnlaget for suksessen
Heldigvis skjønte ikkje IBM dette, og den opne arkitekturen som kven som helst kunne kopiera, var det viktigaste grunnlaget for suksessen. Så om IBM hadde stengt dette, er det ikkje sikkert pc-en ville vorte den same suksessen; den kunne ha enda som Mac - ein viktig, men ikkje dominerande teknologisk plattform. Men pc-en endra etter kvart måten vi arbeida på, og ingen annan teknologi har hatt større innverknad på arbeidslivet dei siste 30 åra enn den, sjølv ikkje Internett.

Beinhard konkurranse
"Kven som helst" begynte då også å kopiera pc-en, og det førte til eit stort prispress og ditto stor pågang frå kjøparar. Det var helst arbeidslivet som investerte i utstyret, det var framleis for dyrt for folk flest. Sjølv om Apple lanserte den revolusjonerande Mac-en i 1984, med grafisk grensesnitt og mus (NB! Apple som saksøkjer smarttelefon-produsentar over ein låg sko, kan takka eigen steling av idear for sin suksess - iroinisk nok), klarte den ikkje å gi nemneverdig konkurranse til pc-en. Den lukka arkitekturen og Apples diktatoriske haldning må ta skulda for det.

Kampen mellom OS/2 og Windows
Men IBM fekk konkurranse så det heldt, til kjøparane si store glede. Då IBM PS/2 vart lansert i 1987, var det eit forsøk på å ta tilbake hegemoniet, og dei stramma inn på openheita. Men tannkremen var alt ute av tuba, så det var for seint. Lanseringa av PS/2-serien var også starten på lanseringa av eit alternativt operativsystem, OS/2. I starten samarbeidde Microsoft og IBM om OS/2, men etter kvart skilde dei lag og OS/2 og Windows vart hovudkonkurrentar (vel, Microsoft hadde vel Windows som alternativ heile vegen). OS/2 må reknast som ein av IBM sine store fiaskoar, ei utvikling dei satsa mykje ressursar på og ein kamp som dei tapte til Microsoft.

Exit IBM
I 2005 avslutta IBM sin eigen pc-æra ved å selja pc-divisjonen til kinesiske Lenovo. Det var nok eit rett trekk, for konkurransen om produksjon av pc-ar (berbare inkludert) er så tøff at det er for små marginar for eit selskap som IBM. Dei klatrar fornuftig nok høgre opp i næringskjeda.

PC-en som kreativ plattform
Jonathan Zittrain er ein av dei som prisar pc-en som den viktigaste og mest kreative plattforma ("generative platform") for it-utviklinga dei siste ti-åra. I boka "The Future of Internet and How to Stop It!" skriv han at utan pc-en ville heller ikkje Internett sett slik ut som i dag.

Kva no?
PC-æraen er ikkje over, det blir selt om lag 400 millionar pc-ar i år. Men pc-en har vorte så standardisert og så vanleg at me i dag ikkje bryr oss særleg om nye modellar, verken av stasjonære eller berbare. Teknologiinteressa ligg no i utviklinga av smart-telefonar og nettbrett (pluss lesebrett). Men pc-en er stadig viktig, både i arbeidslivet og privat. I heimen har den har vorte ein slags server for tilkopling av alskens periferi-utstyr. I arbeidslivet er det særleg berbare som dominerer, her til lands er det eit par år sidan salet av berbare gjekk forbi salet av stasjonære pc-ar.

Sjølv starta eg yrkeskarriera mi i 1984 med ein IBM PC med to floppydisk-stasjonar. Likevel var eg ein av dei heldige, for det var ikkje så mange som hadde så bra utstyr den gongen. Eg kjenner meg nesten verneverdig!

(biletet er henta frå PC Magazine)

søndag 14. august 2011

Sjeldant syn

Desse bileta er tekne frå ein fjelltur i nærområdet sist fredag. Å treffa på beitande kyr i fjellet høyrer snart til i gruppa eksotiske opplevingar. Det er vel meir sannsynleg å sjå kval på kvalsafari, enn kyr på fjelltur. Talet på mjølkeprodusentar har gått dramatisk ned i Sogn og Fjordane, og Vestlandet i det heile. Dei vanlege Vestlands-besetningane på 12-15 mjølkekyr blir for små. Det blir for mykje arbeid og for små inntekter.

NILF (Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking) oppgir i ein rapport frå 2009 at talet på jordbruksverksemder har gått ned med 35 % i Sogn og Fj. og 39 % i Hordaland på dei siste 10 åra. Landsgjennomsnittet er 31 % i same perioden. Utgangspunktet for statistikken er søknader om produksjons-tilskot. I 2008 var det 3 389  bruk som søkte om tilskot - for heile landet var det 47 289.

I NILF-rapporten går det fram at tal mjølkebruk i Sogn og Fjordane er bortimot halvert (nedgang på 46 % i perioden), og i Hordaland er det meir enn halvert. Ikkje rart då at desse firbeinte skapningane begynner å bli sjeldne.

Sauer er ålreite dyr og meir vanlege å treffa på. Men også her har det vore kraftig nedgang i fylket vårt. Frå 1998 til 2008 er tal sauebruk redusert med 44 % og talet på sauer 26 %. Det blir altså færre bruk, men med  fleire sauer. Auken i besetning kan likevel ikkje kompensera for bruksnedgangen.

Men lat ikkje dette berre bli ein klagesang. Lat oss nyta bileta og opplevingane så lenge me kan. Det høyrer også med til historia at på same turen såg me ein stor kronhjort, minst 12 taggar. For eit flott syn! Den kom rett  frå ei brunstgrop der den hadde rulla seg.






lørdag 6. august 2011

Den vanskelege vegen vidare

Det er gått to veker sidan den tragiske fredag 22. juli. Sjokket har lagt seg og mange spørsmål blir etter kvart stilte, både til korleis det er muleg at noko slikt kan skje utan at politiet oppdagar det før, og om politiet kunne komme raskare til Utøya.

Historisk leiarskap
Ein ting alle er einige om, er den gode leiinga politikarane viste i tida etter katastrofen. Særleg har statsministar Jens Stoltenberg imponert, ikkje minst med den tonen han sette straks ulykka hadde skjedd. I tillegg har han vore veldig til stades frå første stund, og vist i praksis kva han meiner med meir openheit.

Manifestet
Eg har lasta ned manifestet til den forrykte ABB, og eg kjende meg litt skamfull over å gjera det. Samtidig er det viktig å møta idéane som blir presenterte der, og som mange fleire enn mordaren vedkjenner seg. Manifestet er  ei merkeleg blanding av mykje rart; eit oppkok av mykje framandfiendtleg materiale. Han har teke litt her og litt der, frå publikasjonar (særleg bloggar) som støttar synet hans.

"Ikkje imponert over intelligensen"
Av mange tåpelege kommentarar er mellom anna professor i filosofi ved UiB, Lars Fredrik Svendsen, som seier at han "ikkje er imponert over det intellektuelle nivået til ABB". Det er ei arrogant akademisk haldning som skyggar for den viktige diskusjonen om korleis dette kunne skje. Vel er det mange logiske bristar i manifestet, og mykje å stilla spørsmål til, men språket det er skrive på og publikasjonen i det heile tyder på at det ikkje er noko i vegen med intelligensen isolsert sett. Det er andre sider ved mannen som synest heilt fråverande.

Eksempel: Han har mellom anna ei ganske lang utgreiing om jordbruk, og gjødsling spesielt, for nettopp å kunna kommunisera overbevisande med personalet når han skal kjøpa gjødsel. Han har sett seg inn i gjødselsbehovet for ulike vekstar, for å kunna velja ein mest muleg nitrogenhaldig type. Litt merkeleg er det likevel at det er sukkerroer (sukkerbete) han konsentrerer seg om, ein vekst som knapt blir dyrka i Norge. Som sagt er det ikkje intelligensen, men andre evner som synest varig svekka. Han verkar totalt ute av kontakt med den verkelege verda og har ein veldig akademisk innstilling til alt han skal gjera. Han verkar også som å leva i ei spel-verd, noko  tempelriddar-retorikken understrekar.

Skremmande omhyggeleg planlegging
Eg har sjølvsagt ikkje lese heile den 1516 sider lange publikasjonen, men skumma gjennom. Det er skremmande, men samtidig interessant, å sjå den detaljerte beskrivelsen av dekkoperasjonen. Veldig skremmande med tanke på at han har planlagt dette nitid i 9 år. PST har fått kritikk for ikkje å ha fått mannen på radaren, men når ein les manifestet og ser kor omhyggeleg han har vore nettopp med tanke på å unngå mistanke, synest eg kritikken blir feil. Eg trur ikkje me vil ha eit samfunn som kunne fanga opp dette, det ville bety ei overvaking av ein heilt annan karakter enn i dag.

Innstramming av kjøp av kjemikaliar
Det einaste punktet eg ser kunne bidrege til å avsløra udåden, er kopling av dei ulike kjemikaliane han har brukt for å laga bomba. Her vil det nok heilt sikkert komma innstrammingar i framtida (eg tolkar Stoltenbergs "men heller ikkje vera naive" som nettopp det). Ei slik innstramming er rimeleg når ein ser kor relativt enkelt det er for ein vanleg person å setja saman stoff til uhyre farlege bomber.

Ytringsfridom og debatt
Ein av dei viktigaste diskusjonane etter 22. juli er korleis me skal møta ytterleggåande krefter som ABB og hans like. Mange vil stramma inn på ytringar og prøva å kvela dei på den måten. Det trur eg er ein feil strategi. Her må me som Stoltenberg seier møta det med meir openheit og meir demokrati. Det er viktig at ytringane kjem fram, men endå viktigare at ytringane blir møtte med argumentasjon frå "vår" side. Her har me alle eit ansvar, og me har nok vore for sløve og ikkje orka å ta diskusjonen. Me må rett og slett mobilera ein dugnad og passa på at alle framandfiendtlege ytringar blir møtte med konstruktiv argumentasjon, endå så ubehageleg det kan bli.

Paradoksalt nok er det ytringsfridommen for meiningsfeller av ABB me no må passa på. Det er det som er så vanskeleg med ytringsfridom - eit flott ord som ikkje betyr noko så lenge det ikkje er vanskeleg. Me såg det under karikatur-striden og -debatten, og me ser det også no. Men som også Frank Rossavik også peiker på i Bergens Tidende (05.08) må ein heller ikkje forveksla retten til å seia noko, med retten til å seia noko uimotsagt. Det siste må ingen forventa.

Endringar i debatten
Det er teikn som tyder på at debatten om innvandring og særleg ordbruken om/mot muslimar vil bli endra. Særleg vil FrP måtta gå mange rundar internt og sjå på retorikken. Den diskusjonen har alt begynt, og partiveteran Knut Hanselmann, ordførar i Askøy kommune, har teke til orde for at FrP må leggja om ordbruken i desse debattane. Også nettsamfunn som document.no, eit ganske krasst diskusjonsforum der ABB også var aktiv i ein periode, har gitt signal om at ordbruken skal gjennomgåast.

Bloggaren Fjordman har vore ein av dei viktigaste inspirasjonskjeldene for ABB, og mange av blogginnlegga hans er gjengitt i manifestet. Fjordman har nyleg gått ut med identiteten sin og har også sagt at han vil slutta å bruka synonymet.

Det er vel og bra med refleksjonar som over, men det må heller ikkje bli slik at det ikkje blir lov å ytra meiningar mot innvandring eller kritikk mot islam. Som Frank Rossavik skriv i BT må me ikkje bli snille, men saklege.

Eg har stort sett lese Bergens Tidende i tida etter 22. juli, og er imponert over dekninga i avisa. BT er ei bra avis!

Anonymitet på nettet
Mange ropar også på innstrammingar i form av å nekta anonymitet i debattar o.l. Igjen er det kortsiktig tankegang. Hugs at ABB ikkje var anonym i dei fleste nett-debattane. Han skreiv under med 'Anders B.' og dermed kunne ein raskt finna fram innlegga han hadde posta på document.no. Ein annan ting er at anonymitet er eit viktig forsvar i mange samanhengar (varsling av ulike slag osv.). Dei arabiske revolusjonane i vår har vist oss kor viktig anonymitet er, men også her til lands finst det situasjonar der anonymitet er bra. Ein annan ting er at det er betre å få fram meiningar enn å undertrykkja dei.

Likevel tek mange til orde for å prøva å oppheva anonymiteten på nettet. Til og med ein stipendiat ved juridisk fakultet blir i BT sitert på at det burde vera enkelt å få bort dei mest ytterleggåande ytringane frå nettet. Då begynner eg å lura på både forståinga av ytringsfridommen, praktiseringa av lovverket me alt har og ei djupare forståing av korleis nettet fungerer.

Grunnleggjande kunnskapar om nettet
Det siste punktet, ei djupare forståing av korleis nettet fungerer, lurer eg på om politiet og PST kanskje manglar. Eg vil som sagt ikkje kritisera PST ut frå det me veit i dag, samtidig tenkjer eg at ei bør styrka kunnskapen sin om  Internett generelt, og sosiale medium spesielt. Eg har ei kjensle av at det framleis er mange som ikkje fullt ut forstår godt nok krafta og mulegheitene i nettet, og då blir det også vanskeleg å vera på høgde med, og gjerne føre var, i slike situasjonar. Og det seier eg også som motstandar av datalagringsdirektivet og andre innstrammingar. Eg meiner det passar godt inn i Stoltenberg si oppmoding om meir openheit, men samtidig ikkje bli naive.