Den 12. august 1981 lanserte IBM sin Personal Computer på Waldorf Astoria Hotel i New York, og starta med det pc-revolusjonen slik me kjenner den. Internt heitte den "5150 Personal Computer", men PC vart begrepet. Det var ikkje den første "mikro-datamaskina", men verken Apple (Apple II) og diverse CP/M-baserte maskiner hadde klart å dominera og skapa eit eige økosystem. PC Magazine har ei omfattande dekning av 30-årsjubileet (og biletet er henta frå denne). Dei har også laga denne informative tidslinja frå 1981 og fram til i dag.
IBM hjelpte Microsoft i gang
PC-en skapte først og fremst eit økosystem. Med MS-DOS som operativsystem vart dette for alvor også starten for Microsoft sin enorme vekst. Det er lite som tyder på at IBM var klar over potensialet; då ville dei nok vore meir forsiktige både med den opne arkitekturen og val av operativsystem. IBM er kjend for omfattande patentering, og dei ville nok sikra seg framtidige inntekter av pc-arkitekturen hadde dei visst kva kommersielt gjennombrot den fekk.
Open arkitektur grunnlaget for suksessen
Heldigvis skjønte ikkje IBM dette, og den opne arkitekturen som kven som helst kunne kopiera, var det viktigaste grunnlaget for suksessen. Så om IBM hadde stengt dette, er det ikkje sikkert pc-en ville vorte den same suksessen; den kunne ha enda som Mac - ein viktig, men ikkje dominerande teknologisk plattform. Men pc-en endra etter kvart måten vi arbeida på, og ingen annan teknologi har hatt større innverknad på arbeidslivet dei siste 30 åra enn den, sjølv ikkje Internett.
Beinhard konkurranse
"Kven som helst" begynte då også å kopiera pc-en, og det førte til eit stort prispress og ditto stor pågang frå kjøparar. Det var helst arbeidslivet som investerte i utstyret, det var framleis for dyrt for folk flest. Sjølv om Apple lanserte den revolusjonerande Mac-en i 1984, med grafisk grensesnitt og mus (NB! Apple som saksøkjer smarttelefon-produsentar over ein låg sko, kan takka eigen steling av idear for sin suksess - iroinisk nok), klarte den ikkje å gi nemneverdig konkurranse til pc-en. Den lukka arkitekturen og Apples diktatoriske haldning må ta skulda for det.
Kampen mellom OS/2 og Windows
Men IBM fekk konkurranse så det heldt, til kjøparane si store glede. Då IBM PS/2 vart lansert i 1987, var det eit forsøk på å ta tilbake hegemoniet, og dei stramma inn på openheita. Men tannkremen var alt ute av tuba, så det var for seint. Lanseringa av PS/2-serien var også starten på lanseringa av eit alternativt operativsystem, OS/2. I starten samarbeidde Microsoft og IBM om OS/2, men etter kvart skilde dei lag og OS/2 og Windows vart hovudkonkurrentar (vel, Microsoft hadde vel Windows som alternativ heile vegen). OS/2 må reknast som ein av IBM sine store fiaskoar, ei utvikling dei satsa mykje ressursar på og ein kamp som dei tapte til Microsoft.
Exit IBM
I 2005 avslutta IBM sin eigen pc-æra ved å selja pc-divisjonen til kinesiske Lenovo. Det var nok eit rett trekk, for konkurransen om produksjon av pc-ar (berbare inkludert) er så tøff at det er for små marginar for eit selskap som IBM. Dei klatrar fornuftig nok høgre opp i næringskjeda.
PC-en som kreativ plattform
Jonathan Zittrain er ein av dei som prisar pc-en som den viktigaste og mest kreative plattforma ("generative platform") for it-utviklinga dei siste ti-åra. I boka "The Future of Internet and How to Stop It!" skriv han at utan pc-en ville heller ikkje Internett sett slik ut som i dag.
Kva no?
PC-æraen er ikkje over, det blir selt om lag 400 millionar pc-ar i år. Men pc-en har vorte så standardisert og så vanleg at me i dag ikkje bryr oss særleg om nye modellar, verken av stasjonære eller berbare. Teknologiinteressa ligg no i utviklinga av smart-telefonar og nettbrett (pluss lesebrett). Men pc-en er stadig viktig, både i arbeidslivet og privat. I heimen har den har vorte ein slags server for tilkopling av alskens periferi-utstyr. I arbeidslivet er det særleg berbare som dominerer, her til lands er det eit par år sidan salet av berbare gjekk forbi salet av stasjonære pc-ar.
Sjølv starta eg yrkeskarriera mi i 1984 med ein IBM PC med to floppydisk-stasjonar. Likevel var eg ein av dei heldige, for det var ikkje så mange som hadde så bra utstyr den gongen. Eg kjenner meg nesten verneverdig!
(biletet er henta frå PC Magazine)
2 kommentarer:
Hvis du kjenner deg verneverdig vet jeg ikke helt hva jeg skal si. Jeg begynte med Osborne 1 i 1980. CP/M, 2 diskettstasjoner og monokrom skjerm.
Oi, eg trudde ikkje du var så gammal! Men då har du starta tidleg. Eg starta også med Osborne I og WordStar for CP/M og, skreiv hovudoppgåva mi på Landbrukshøgskulen på den.
Elles hugsar eg at ein programmerar eg jobba mykje saman med på midten av 1980-talet, var nr. 4 i Norge som kjøpte IBM AT. Han betalte kr 63 000,- + moms for den!! Men så var det også eit råskinn av ei maskin: 286-prosessor, 640 kB minne, 20 MB harddisk, EGA-skjerm.. :)
Legg inn en kommentar