Dette lesarinnlegget vart sendt til Dagens Næringsliv, men vart ikkje publisert.
.....
Bitcoin i Hormuz-sundet
Iran krev betaling i bitcoin for skip som vil passera gjennom Hormuz-sundet, i følgje ein artikkel i Financial Times 08.04. Den første tanken er at det kanskje ikkje er den beste marknadsføringa av bitcoin som betalingsmiddel, gitt det brutale regimet. Men ved nærmare ettertanke viser dette bitcoin sitt potensial som globalt oppgjerssystem i framtida.
Financial Times skriv
at skip som ynskjer å passera gjennom Hormuz-sundet, må senda e-post til
iranske styresmakter som etter ei eventuell godkjenning av søknaden, krev at ei
passeringsavgift blir betalt i bitcoin. Grunnen til ynskje om betaling i
bitcoin er at sjølve transaksjonen ikkje kan stoppast, og at den er endeleg
oppgjort i det den blir inkludert i ei ny blokk på bitcoin-blokkjeda (og får
5-6 nye blokker «oppå» seg). Sjølv om dette er eit utspel frå iransk side, er
det eit interessant teikn i tida.
Bitcoin er pengar
også for fiendar, noko denne saka viser. Og bitcoin er perfekt som
betalingsmiddel mellom aktørar som ikkje stolar på kvarandre. I ei verd som
blir stadig meir multipolar, og der USA sitt dollar-hegemoni blir sterkare
utfordra, er bitcoin eit realistisk alternativ som betalingssystem. Mykje av
grunnen er at pengesystema våre i stadig større grad blir brukte som våpen,
dvs. brukte til sanksjonar og frysing av bankkonti i konfliktar. Amerikanske
dollar er i særstilling her, i tillegg til at USA også kontrollerer SWIFT-systemet
som blir brukt til pengeoverføringar globalt.
Krigen mot Iran har
vist at bruken av dollar som våpen, er i ferd med å mista kraft. Iran er mellom
dei hardast sanksjonerte landa i verda, likevel finn dei vegar utanom dollaren
for oppgjer utanfor grensene. I dag er bitcoin ein for liten og for volatil valuta
til å spela ein større rolle som globalt betalingsmiddel. Men ei framtid med
eit nøytralt pengesystem for globale betalingar, er nærmare enn mange trur.