søndag 24. desember 2017

Jerusalem - ein biografi

Jerusalem og Tempelhøgda med Klippedomen i sentrum (Foto: Dan Brickley, CC BY 2.0)
Jerusalem er på nytt i stridens kjerne etter at Trump bestemde at USA sin ambassade skal flyttast dit. Byen er heilag for tre verdsreligionar: jødedommen, islam og kristendommen. Ikkje rart at det har skapt, og skaper, konfliktar. Forfattaren Simon Sebag Montefiore har skrive biografien om Jerusalem og går gjennom historia frå år 70 etter Kristus og fram til vår tid. SSM har skrive mange kjende bøker, mellom anna den svært interessante biografien om Stalin, og også om den unge Stalin.

Simon S. Montefiore er ein dyktig forfattar, men som ofte med forfattarar, og særleg historiske forfattarar, skin sympati og antipati gjennom teksten. For Montefiore sin del er det ei pro-jødisk haldning gjennom boka, og dei "grusomme" er alle dei andre; kristne, muslimar, ikkje-truande av ulik avstamming.

Davids by
I følgje historia vart Jerusalem grunnlagt av kong David 1000 år før Kristi fødsel, men me har berre Bibelen som kjelde for dette. Nebukadnesar, konge i Babylon, erobra Jerusalem rundt år 700 f. Kr. Nebukadnesar var ein relativt tolerant herskar som tillet trusfridom. Om lag 150 år seinare, i år 539 f. Kr., tok persarane byen ved Kyros den store. Han er elles kjend som introduserte dei første menneskerett-lovene. Etter persarane kom Aleksander den store (336 f. Kr.) og etterfølgjaren hans Ptolemaios.

Jerusalem i ruinar
Romarane erobra Jerusalem i år 66 f. Kr. og la byen i ruinar i år 70 e. Kr. Det var under leiing av Titus, og med Vespasius som keisar, at nok eit opprør frå jødane vart slege ned, og denne gangen med utslettande effekt.

Frå juleevangeliet veit me at det var Augustus som var keisar på den tida Jesus vart fødd. Augustus heitte opprinneleg Oktavian og styrte først Romarriket saman med Antonius, men slo etter kvart Antonius og tok namnet Augustus.

Herodes, konge av Judea
Herodes var konge over Judea. Han var halvt arabar og halvt jøde, og hadde tillit frå Augustus.
Herodes låg på dødsleiet då Jesus vart fødd. I følgje Bibelen skal han ha gitt ordre om å drepa alle gutebarn sidan han hadde fått høyrt at ein ny konge av Davids ætt skulle ha vorte fødd. Det finst likevel ikkje bevis for at Herodes nokon gang hadde høyrt om Jesus, eller at han massakrerte alle gutebarn for å bli kvitt ein potensiell utfordrar.

Faktiske feil i Bibelen
Det er i det heile mykje i Bibelen som ikkje stemmer med faktiske forhold så langt dei kan etterprøvast. Alt tyder på at Jesus vart fødd i år 4 f. Kr. (!), men folketeljinga som er nemnt i juleevangeliet, fann derimot først stad i år 6 e. Kr., nesten 10 år etter han var fødd.

Motsetningane mellom Jesus og farisearane ser ut til å vera skriven på grunnlag av det som skjedde ei stund etter Jesus sin død. Farisearane var ei folkeleg og populær sekt, og dei forhatte var tempel-aristokratiet. Dei profetiske utsegnene til Jesus om at tempelet skulle bli utsletta og at det ikkje ville vera att "stein på stein", er mest truleg skriven etter at øydeleggingane var eit faktum i år 70 e. Kr.

Den bibelske framstillinga av Pontius Pilatus er også mest truleg historisk feil. Han var ikkje ein veik og feig mann, men derimot hard og stivbeint.

Paulus - kristendommens skapar
Paulus var fødd om lag på same tid som Jesus, i dagens Tyrkia. Han vart omvend i år 37 e. Kr., på veg til Damaskus. Han avviste skarpt jødanes eksklusivitet og løfta kristendommen til ein universell religion. Han var ganske moderne, sett i dåtidas lys, og la vekt på likeverd mellom etniske grupper og mellom kjønn.

Konstantin og gjennoppbygginga av Jerusalem
Etter romarane kom ottomanske herskarar. Først Konstantin den store som var keisar først av Romarriket i vest og så i aust. Han var kristen og sidan kristendommen var hovudreligion i det nye storriket, var det viktig å sameina dei ulike splitta gruppene og tolkingane av kristendommen. Han kalla difor inn dei fremste biskopane til eit møte i Nikea, det i ettertida så berømte kyrkjemøtet, i år 325. Ei av dei viktigaste avklaringane var om Jesus var gud eller menneske. Som alle toppmøte enda det med kompromiss; han var begge delar :)

Etter kyrkjemøtet bestemde Konstantin at Aelia Capitolina (tidl. Jerusalem) skulle byggjast opp att som det nye Jerusalem, og det første som skulle byggjast, var ei kyrkje. Konstantin innførte søndagen som heilagdag, og var også den som innførte regelen om at påskedag skulle falla på første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøger.

Tida 350 - 1918
Så spolar me raskt fram rundt 1500 år og forbi muslimsk herredømme over byen (m.a. då Klippedomen vart bygd), krosstoga rundt 1000-1100, mamelukkane sitt styre (leigesoldatar/slavar av tyrkisk opphav) og til slutt det Ottomanske riket frå 1516 og fram til første verdskrig.

Eit arabisk opprør mot dei tyrkiske herskarane starta i 1916 og fekk etter kvart med seg engelskmennene. Eller rettare sagt: Arabarane gjekk inn på engelsk side i kampen mot Tyskland og ottomanarane. Det var mykje takka vera den 20 år gamle (!) T. E. Lawrence; "Lawrence of Arabia" at dette kom i stand for han forstod arabarane og snakka språket deira.

Sykes-Picot
Men bak ryggen på arabarane, og Lawrence, delte England og Frankrike Midt-Austen mellom seg i Sykes-Picot-avtalen. Den gjekk ut på at Frankrike skulle få Syria og Libanon medan Storbritannia skulle få Irak og delar av Palestina. Jerusalem skulle internasjonaliserast under kontroll av Storbritannia, Frankrike og Russland.

Lawrence var skamfull etter dette sviket og uttalte: "Vi ber dei slåss for oss med utgangspunkt i ei løgn. Eg held det ikkje ut!". Han avslørte Sykes-Picot-avtalen for Faisal, "øvstkommanderande" for arabarane, og saman planla dei å ta Syria før franskmennene.

Illustrasjon frå Wikipedia
Balfour-deklarasjonen og støtte til sionismen
Eit anna viktig utspel var Balfour-deklarasjonen frå utanriksministar i Storbritannia, Arthur Balfour. Den er forma som eit brev til Lord Walter Rotschild, leiar av det jødiske samfunnet i Storbritannia. I brevet blir sionismen for første gang offisielt støtta og med den ei oppretting av ein nasjonal heim for jødane i dåverande Palestina ("a national home for the Jewish people [in Palestine]"). Sionismen er ein jødisk nasjonalisme som vart formulert av austerrikaren Theodore Hertzl i boka "Der Judenstaat" i 1896. Der vart Israel som det lova landet gitt til jødane av Gud, (gjen-)formulert. Hertzl dreiv ustoppeleg politisk agitasjon for idéen og besøkte dei fleste statsoverhovuda i Europa.

Men det må seiast at det opp gjennom historia har vore mange forslag til landområde for den jødiske staten. Herzl, sionismens far, førslo Uganda (!) og opp gjennom tidene har det ikkje vore mindre enn 34 ulike forslag til landområde for jødane. Stalin føreslo også å oppretta ein jødisk stat i Russland, og ei stund var også Krim-halvøya eit forslag.

Forslaga i Sykes-Picot-avtalen vart vedtekne i Versailles-forhandlingane etter første verdskrigen, og Frankrike fekk Syria + Libanon medan Storbritannia fekk Palestina. Men det markerte berre starten på endå meir uro, og dei første kampane mellom arabarar og jødar braut ut i Jerusalem i 1920.

"Motteke 1 stk Palestina"
Militær guvernør Herbert Samuel formulerte følgjande svar etter avtalen i Versailles: "Motteke av gen.major Sir Louis J. Bols KCB 1 stk. Palestina, komplett. Med forbehold om mulege feil og manglar."

Faisal, som leia arabarane sitt opprør mot ottomanarane og støtta til dei allierte, vart først konge i Stor-Syria (inkl. Libanon), men vart kasta ut av franskmennene etter kort tid. Han vart seinare konge i Irak, medan broren Abdullah vart konge i (Trans-)Jordan. Saudiane tok over Arabia til Saudi-Arabia. Det er dei same kongefamiliane som styrer i dei to landa i dag.

Etableringa av Israel: Weizmann og Ben-Gurion
To sentrale personar i etableringa av den nye jødiske nasjonalstaten Israel var Chaim Weizmann og David Ben-Gurion (opprinneleg David Grün). Begge var jødar frå Russland, men der stoppa også all likskap. Weizmann var vand til å omgå aristokratiet og hadde diplomati som leiestjerne medan David Ben-Gurion var sosialist frå arbeidarklassen og var større tilhengjar av vald.

Etter nye opptøy og uro i 1936 sette britane ned ein kommisjon for å finna mulege løysingar på problema. Peel-kommisjonen kom fram til ei tostats-løysing der Palestina vart delt i to. Ein del for arabarane, og den skulle slåast saman med (Trans-)Jordan, og ein del for jødane. Delinga i areal var ca. 75/25. Jerusalem skulle ha særstatus og vera under britisk kontroll.

Forslaget vart avvist av arabarane og general Bernhard Montgomerey uttalte: "Jødar drep arabarar og arabarar drep jødar. Slik vil det sannsynlegvis halda fram dei neste 50 åra". Han fekk heilt rett, og kunne godt teke hardare i og sagt "minst 100 år".

Irgun - jødanes "Al Quida"
Irgun var ein radikal jødisk milits leia av Menachim Begin (ja, fredsprisvinnaren!). Dei stod bak mange terrorangrep, m.a. sprenginga av King David Hotel, og massakrar, m.a. Deir Yassin der mellom 100 og 250 arabarar, dei fleste kvinner og barn, vart massakrerte.

Israel oppretta i 1948
14. mai 1948 erklærte David Ben-Gurion staten Israel.
Stalin var faktisk den første statsmannen som støtta opprettinga av Israel! Også Truman støtta opprettinga, men utanriksministaren hans, George Marshall, var ope i mot.

Arabarane gjekk til angrep i Jerusalem og tok tilbake mykje av gamlebyen. Folke Bernadotte vart sendt som FNs fredsmeklar og fekk i stand våpenkvile. Men kort tid etter at han kom til Jerusalem, vart konvoien hans angrepen av Lehi (leiar av Yitzak Rabin) og han vart drepen.

I 1949 vart det våpenkvile på nytt og Israel underteikna avtale med dei fem arabarstatane. Jerusalem vart delt. Arabarane fekk gamlebyen, Aust-Jerusalem, og Vest-breidden. Jødane fekk tilgang til Klagemuren, den største heilagdommen deira, gravplassen på Oljeberget og gravene i Kedron-dalen.

70 år sidan Israel vart oppretta
Israel feirer i år 70 år sidan staten vart oppretta, og 50 år sidan Aust-Jerusalem vart okkupert (under 6-dagarskrigen). I dag (14.05.2018) vart også USA sin ambassade i Jerusalem opna. Trump gjorde det klart at han ville flytta ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem. Det er i seg sjølv ein brannfakkel, og det har ført til oppstand og demonstrasjonar på Gaza-stripa. I samband med opptøya vart over 50 personar drepne av israelsk grenseforsvar i dag.

Hilde Henriksen Waage, professor ved UiO og seniorforskar ved Prio, skriv i ein kronikk i Dagens Næringsliv 12. mai i år om "Den tåkelagte konflikten". Ho har tidlegare markert seg som ein kritikar av Oslo-prosessen og har våga å tala den kompakte majoriteten midt i mot. Hennar oppsummering av konflikten mellom palestinarar og israelarar er dyster, men realistisk. Her er hovudpoenga hennar:

  • Ein sterk israelsk stat i Midt-Austen eksisterer og er der for å bli. Israel er ei av dei sterkaste militærmaktene i verda og er alliert med den einaste supermakta; USA
  • Ein palestinsk stat døydde under fødselen og har sidan aldri gjenoppstått. FNs generalforsamling vedtok i 1947, med 2/3 fleirtal, å oppretta to statar; ein israelsk og ein palestinsk.
  • Vestbreidda, Aust-Jerusalem, Gaza-stripa og Golanhøgdene vart tekne av Israel i 1967. Dei har sidan nekta å gi dei tilbake til landa dei vart tekne frå (Jordan, Egypt og Syria).
  • Kva skal gjerast med palestinarane og palestinske flyktningar sin rett til å venda tilbake til heimane sine, no ein del av Israel?
  • Kva skal gjerast med dei israelske busetjarane, på okkupert grunn?
Avslutningsvis skriv Waage at Israel har vunne fram på alle punkt og palestinarane har tapt på alle. Palestinarane har gått på nederlag etter nederlag og sit no att med eit stadig mindre av det området som ein gang skulle bli Palestina. Ei tostats-løysing er fjernare enn nokonsinne, ein palestinsk stat det same.

tirsdag 19. desember 2017

Bitcoin, bobler og verkelege verdiar

Ill.: fedecomite (CC-BY-2.0)
Innlegg i Dagens Næringsliv i dag (papirutgåva):

Den veldige kursauken i Bitcoin blir karakterisert som ei boble og samanlikna med den velkjende tulipan-bobla i Nederland i første halvdel av 1600-talet. Det mange ikkje veit, er at tulipan-bobla var meir samansett enn som så. Fleire artiklar har studert kva som skjedde i Nederland i åra 1634-38 og konkluderer med at mykje av det som blir gjenfortalt, er feil (sjå t.d. artikkelen «There Never Was a Real Tulip Fever» av Lorraine  Boissoneault, Smithsonian.com). Historien om tulipan-bobla har mest av alt vorte brukt som ei moralsk åtvaring, særleg frå kyrkja si side.

Den elleville kursstigninga i Bitcoin og andre kryptovalutaer i år gir likevel grunn til uro. Det er ikkje sunt med ei så kraftig kursstigning på så kort tid, og for Bitcoin har det gått ut over funksjonen som betalingsmiddel. Pengar har som kjent tre hovudfunksjonar: 1) bytemiddel for varer og tenester, 2) lagring av verdiar og 3) måleeining.

I dag er Bitcoin mest aktuelt som lagring av verdiar, og i mindre grad som betalingsmiddel på grunn av dei relativt høge gebyra som krevst for å få ein transaksjon loggført på blokk-kjeda. Den store etterspørselen etter ei avgrensa mengde bitcoin driv prisen i veret. I tillegg har Bitcoin-systemet kapasitetsproblem fordi blokkene har ein definert størrelse og frekvensen av blokker som blir lagra på blokk-kjeda er også gitt med i snitt 10 minuttars mellomrom.

Mange økonomar meiner Bitcoin er ei boble fordi det er ikkje nokon substans bak valutaen. Den er ikkje under nasjonal kontroll («money by law») eller knytt til underliggjande verdiar. Det må difor vera eit oppblåst fenomen. Men det Paul Krugman, Joseph Stiglitz og ei rekkje andre prominente økonomar ikkje forstår, er at Bitcoin med den underliggjande teknologien viser veg til ei ny organisering av forretningsdrift. I vel 400 år har vi møysommeleg utvikla eit kapitalistisk system basert på eigardelar i bedrifter i form av aksjar, avgrensa risiko i samband med desse aksjane og reglar for handtering av konkursar osv. Ei slik organisering representerer ikkje ei naturlov; det er ikkje gitt at denne modellen skal halda fram i evig tid.

Bitcoin har vist vegen til ei ny organisering av kommersielle føretak: ein distribuert modell utan institusjonane vi kjenner i dag. Gjennombrotet med overføring av verdiar utan bruk av ein tredjepart kan knapt overvurderast. Saman med smarte kontraktar og andre nyvinningar opnar det for det vi kan kalla Organisasjon 2.0; ein kapitalistisk modell der dagens institusjonar blir erstatta av «eigarlause» autonome organisasjonar. Med denne teknologien kan vi ha AirBnB-liknande føretak utan AirBnB i midten, Uber-liknande forretningsdrift utan Uber i midten og Amazon-liknande handelsplassar utan Amazon i midten.

Kva er verdien av ein slik innovasjon? Førestill deg at du skal setja ein verdi på Internett. I starten av 1990-åra ville mange seia at Internett er null verdt, og fram mot tusenårsskiftet ville mange sagt at dette er eit boble som vil sprekka. Og den sprakk i den velkjende dot.com-krisa. Men det var ikkje slutten på Internett, men starten på ei berekraftig utvikling som har gitt oss nett-gigantar som Google, Amazon, Facebook, Amazon og andre.

Etter meir enn 20 års web-utvikling med ei stadig sterkare sentralisering er tida kommen for ei omvelting i form av desentrale modellar og tilbake til dei originale Internett-idéane. Det er dette Bitcoin og dei andre opne blokk-kjedene representerer, og spørsmålet blir då: Kor mykje er dette verdt?

Eg er ganske sikker på at vi vil få ein korreksjon av prisane på kryptovaluta, og at dei som har ropt «ulv, ulv», vil få ei kortvarig gledesstund ved å peika på at «det var det vi sa!». Og så er eg ganske sikker på at Bitcoin (og andre kryptovaluta) er ganske mykje meir verdt om 5-10 år enn i dag.

[Siste del av innlegget var eigentleg meint som eit eige svar til Terje Erikstad sin kommentar "Verdensrekord i energisløsing" i DN 16.12.]