søndag 24. desember 2017

Jerusalem - ein biografi

Jerusalem og Tempelhøgda med Klippedomen i sentrum (Foto: Dan Brickley, CC BY 2.0)
Jerusalem er på nytt i stridens kjerne etter at Trump bestemde at USA sin ambassade skal flyttast dit. Byen er heilag for tre verdsreligionar: jødedommen, islam og kristendommen. Ikkje rart at det har skapt, og skaper, konfliktar. Forfattaren Simon Sebag Montefiore har skrive biografien om Jerusalem og går gjennom historia frå år 70 etter Kristus og fram til vår tid. SSM har skrive mange kjende bøker, mellom anna den svært interessante biografien om Stalin, og også om den unge Stalin.

Simon S. Montefiore er ein dyktig forfattar, men som ofte med forfattarar, og særleg historiske forfattarar, skin sympati og antipati gjennom teksten. For Montefiore sin del er det ei pro-jødisk haldning gjennom boka, og dei "grusomme" er alle dei andre; kristne, muslimar, ikkje-truande av ulik avstamming.

Davids by
I følgje historia vart Jerusalem grunnlagt av kong David 1000 år før Kristi fødsel, men me har berre Bibelen som kjelde for dette. Nebukadnesar, konge i Babylon, erobra Jerusalem rundt år 700 f. Kr. Nebukadnesar var ein relativt tolerant herskar som tillet trusfridom. Om lag 150 år seinare, i år 539 f. Kr., tok persarane byen ved Kyros den store. Han er elles kjend som introduserte dei første menneskerett-lovene. Etter persarane kom Aleksander den store (336 f. Kr.) og etterfølgjaren hans Ptolemaios.

Jerusalem i ruinar
Romarane erobra Jerusalem i år 66 f. Kr. og la byen i ruinar i år 70 e. Kr. Det var under leiing av Titus, og med Vespasius som keisar, at nok eit opprør frå jødane vart slege ned, og denne gangen med utslettande effekt.

Frå juleevangeliet veit me at det var Augustus som var keisar på den tida Jesus vart fødd. Augustus heitte opprinneleg Oktavian og styrte først Romarriket saman med Antonius, men slo etter kvart Antonius og tok namnet Augustus.

Herodes, konge av Judea
Herodes var konge over Judea. Han var halvt arabar og halvt jøde, og hadde tillit frå Augustus.
Herode låg på dødsleiet då Jesus vart fødd. I følgje Bibelen skal han ha gitt ordre om å drepa alle gutebarn sidan han hadde fått høyrt at ein ny konge av Davids ætt skulle ha vorte fødd. Det finst likevel ikkje bevis for at Herodes nokon gang hadde høyrt om Jesus, eller at han massakrerte alle gutebarn for å bli kvitt ein potensiell utfordrar.

Faktiske feil i Bibelen
Det er i det heile mykje i Bibelen som ikkje stemmer med faktiske forhold så langt dei kan etterprøvast. Alt tyder på at Jesus vart fødd i år 4 f. Kr. (!), men folketeljinga som er nemnt i juleevangeliet, fann derimot først stad i år 6 e. Kr., nesten 10 år etter han var fødd.

Motsetningane mellom Jesus og farisearane ser ut til å vera skriven på grunnlag av det som skjedde ei stund etter Jesus sin død. Farisearane var ei folkelg og populær sekt, og dei forhatte var tempel-aristokratiet. Dei profetiske utsegnene til Jesus om at tempelet skulle bli utsletta og at det ikkje ville vera att "stein på stein", er mest truleg skriven etter at øydeleggingane var eit faktum i år 70 e. Kr.

Den bibelske framstillinga av Pontius Pilatus er også mest truleg historisk feil. Han var ikkje ein veik og feig mann, men derimot hard og stivbeint.

Paulus - kristendommens skapar
Paulus var fødd om lag på same tid som Jesus, i dagens Tyrkia. Han vart omvend i år 37 e. Kr., på veg til Damaskus. Han avviste skarpt jødanes eksklusivitetog løfta kristendommen til ein universell religion. Han var ganske moderne, sett i dåtidas lys, og la vekt på likeverd mellom etniske grupper og mellom kjønn.

Konstantin og gjennoppbygginga av Jerusalem
Etter romarane kom ottomanske herskarar. Først Konstantin den store som var keisar først av Romarriket i vest og så i aust. Han var kristen og sidan kristendommen var hovudreligion i det nye storriket, var det viktig å sameina dei ulike splitta gruppene og tolkingane av kristendommen. Han kalla difor inn dei fremste biskopane til eit møte i Nikea, det i ettertida så berømte kyrkjemøtet, i år 325. Ei av dei viktigaste avklaringane var om Jesus var gud eller menneske. Som alle toppmøte enda det med kompromiss; han var begge delar :)

Etter kyrkjemøtet bestemde Konstantin at Aelia Capitolina (tidl. Jerusalem) skulle byggjast opp att som det nye Jerusalem, og det første som skulle byggjast, var ei kyrkje. Konstantin innførte søndagen som heilagdag, og var også den som innførte regelen om at påskedag skulle falla på første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøger.

Tida 350 - 1918
Så spolar me raskt fram rundt 1500 år og forbi muslimsk herredømme over byen (m.a. då Klippedomen vart bygd), krosstoga rundt 1000-1100, mamelukkane sitt styre (leigesoldatar/slavar av tyrkisk opphav) og til slutt det Ottomanske riket frå 1516 og fram til første verdskrig.

Eit arabisk opprør mot dei tyrkiske herskarane starta i 1916 og fekk etter kvart med seg engelskmennene. Eller rettare sagt: Arabarane gjekk inn på engelsk side i kampen mot Tyskland og ottomanarane. Det var mykje takka vera den 20 år gamle (!) T. E. Lawrence; "Lawrence of Arabia" at dette kom i stand for han forstod arabarane og snakka språket deira.

Sykes-Picot
Men bak ryggen på arabarane, og Lawrence, delte England og Frankrike Midt-Austen mellom seg i Sykes-Picot-avtalen. Den gjekk ut på at Frankrike skulle få Syria og Libanon medan Storbritannia skulle få Irak og delar av Palestina. Jerusalem skulle internasjonaliserast under kontroll av Storbritannia, Frankrike og Russland.

Lawrence var skamfull etter dette sviket og uttalte: "Vi ber dei slåss for oss med utgangspunkt i ei løgn. Eg held det ikkje ut!". Han avslørte Sykes-Picot-avtalen for Faisal, "øvstkommanderande" for arabarane, og saman planla dei å ta Syria før franskmennene.

Illustrasjon frå Wikipedia
Balfour-deklarasjonen og støtte til sionismen
Eit anna viktig utspel var Balfour-deklarasjonen frå utanriksministar i Storbritannia, Arthur Balfour. Den er forma som eit brev til Lord Walter Rotschild, leiar av det jødiske samfunnet i Storbritannia. I brevet blir sionismen for første gang offisielt støtta og med den ei oppretting av ein nasjonal heim for jødane i dåverande Palestina ("a national home for the Jewish people [in Palestine]"). Sionismen er ein jødisk nasjonalisme som vart formulert av austerrikaren Theodore Hertzl i boka "Der Judenstaat" i 1896. Der vart Israel som det lova landet gitt til jødane av Gud, (gjen-)formulert. Hertzl dreiv ustoppeleg politisk agitasjon for idéen og besøkte dei fleste statsoverhovuda i Europa.

Men det må seiast at det opp gjennom historia har vore mange forslag til landområde for den jødiske staten. Herzl, sionismens far, førslo Uganda (!) og opp gjennom tidene har det ikkje vore mindre enn 34 ulike forslag til landområde for jødane. Stalin føreslo også å oppretta ein jødisk stat i Russland, og ei stund var også Krim-halvøya eit forslag.

Forslaga i Sykes-Picot-avtalen vart vedtekne i Versailles-forhandlingane etter første verdskrigen, og Frankrike fekk Syria + Libanon medan Storbritannia fekk Palestina. Men det markerte berre starten på endå meir uro, og dei første kampane mellom arabarar og jødar braut ut i Jerusalem i 1920.

"Motteke 1 stk Palestina"
Militær guvernør Herbert Samuel formulerte følgjande svar etter avtalen i Versailles: "Motteke av gen.major Sir Louis J. Bols KCB 1 stk. Palestina, komplett. Med forbehold om mulege feil og manglar."

Faisal, som leia arabarane sitt opprør mot ottomanarane og støtta til dei allierte, vart først konge i Stor-Syria (inkl. Libanon), men vart kasta ut av franskmennene etter kort tid. Han vart seinare konge i Irak, medan broren Abdullah vart konge i (Trans-)Jordan. Saudiane tok over Arabia til Saudi-Arabia. Det er dei same kongefamiliane som styrer i dei to landa i dag.

Etableringa av Israel: Weizmann og Ben-Gurion
To sentrale personar i etableringa av den nye jødiske nasjonalstaten Israel var Chaim Weizmann og David Ben-Gurion (opprinneleg David Grün). Begge var jødar frå Russland, men der stoppa også all likskap. Weizmann var vand til å omgå aristokratiet og hadde diplomati som leiestjerne medan David Ben-Gurion var sosialist frå arbeidarklassen og var større tilhengjar av vald.

Etter nye opptøy og uro i 1936 sette britane ned ein kommisjon for å finna mulege løysingar på problema. Peel-kommisjonen kom fram til ei tostats-løysing der Palestina vart delt i to. Ein del for arabarane, og den skulle slåast saman med (Trans-)Jordan, og ein del for jødane. Delinga i areal var ca. 75/25. Jerusalem skulle ha særstatus og vera under britisk kontroll.

Forslaget vart avvist av arabarane og general Bernhard Montgomerey uttalte: "Jødar drep arabarar og arabarar drep jødar. Slik vil det sannsynlegvis halda fram dei neste 50 åra". Han fekk heilt rett, og kunne godt teke hardare i og sagt "minst 100 år".

Irgun - jødanes "Al Quida"
Irgun var ein radikal jødisk milits leia av Menachim Begin (ja, fredsprisvinnaren!). Dei stod bak mange terrorangrep, m.a. sprenginga av King Davis Hotel, og massakrar, m.a. Deir Yassin der mellom 100 og 250 arabarar, dei fleste kvinner og barn, vart massakrerte.

Israel oppretta i 1948
14. mai 1948 erklærte David Ben-Gurion staten Israel.
Stalin var faktisk den første statsmannen som støtta opprettinga av Israel! Også Truman støtta opprettinga, men utanriksministaren hans, George Marshall, var ope i mot.

Arabarane gjekk til angrep i Jerusalem og tok tilbake mykje av gamlebyen. Folke Bernadotte vart sendt som FNs fredsmeklar og fekk i stand våpenkvile. Men kort tid etter at han kom til Jerusalem, vart konvoien hans angrepen av Lehi (leiar av Yitzak Rabin) og han vart drepen.

I 1949 vart det våpenkvile på nytt og Israel underteikna avtale med dei fem arabarstatane. Jerusalem vart delt. Arabarane fekk gamlebyen, Aust-Jerusalem, og Vest-breidden. Jødane fekk tilgang til Klagemuren, den største heilagdommen deira, gravplassen på Oljeberget og gravene i Kedron-dalen.

[framhald seinare]

Ingen kommentarer: