mandag 15. januar 2018

Bitcoin og kryptovaluta - Årsmelding 2017

Foto: BTC Keychain (CC BY 2.0)
"It was the best of times, it was the worst of times, it was the age of wisdom, it was the age of foolishness (…)". Charles Dickens’ ord passar godt som ei oppsummering av utviklinga i Bitcoin og kryptovaluta i 2017. Det var året då Bitcoin og kryptovaluta slo gjennom for alvor og vart eit allment kjent begrep. I takt med den aukande merksemda, auka også dei kritiske stemmene i styrke. Det  er i samsvar med ei kjent utvikling for såkalla forstyrrande (disruptive) teknologiar: 

  1. Latterleggjering («Haha, denne teknologien er primitiv, den har ikkje ein sjanse mot dagens finans-teknologi»)
  2. Intens motarbeiding («Bitcoin kan rasera velferdsstaten!» - kjelde: Finans Norge)
  3. Allmenn aksept

Vi er no i den andre av desse fasane, der dei som har mest å tapa, for alvor rettar skytset mot kryptovaluta, og særleg Bitcoin.

Skog og tre
Dersom vi ser bort frå ein del underliggjande motiv, er det mange kritikarar av Bitcoin som ikkje ser ut til å sjå skogen for berre tre. Den enorme verdistiginga står i vegen for ei vurdering av teknologien på lang sikt. Det er også nødvendig å heva blikket over norske og vestlege tilstandar og sjå kva dette kan bety globalt. Halvparten av verdas innbyggjarar er i dag ikkje i nærleiken av å kunna delta i den globale økonomien fordi dei ikkje får tilgang til ordinære banktenester.

Det er også viktig å minna om at desentralisering og sensurfridom er heilt essensielle sider ved Bitcoin, og det er utenkjeleg å endra desse for å oppnå større kapasitet. Eit meir sentralisert Bitcoin vil i praksis gi oss eit nytt PayPal, og det treng vi ikkje. Desentralisering og sensurfridom heng nøye saman og legg føringar på kva som kan gjerast av utvikling framover.  I tillegg gir teknologien bak Bitcoin oss betre mulegheiter for å verna om våre eigne data; data som no nærmast er fritt vilt på nettet.

Finanssektoren på veg inn
2017 var også det året Bitcoin vart stoverein for dei første store finansaktørane. Chicago-børsane CME og CBOE, verdas største innan handel med opsjonar, starta handel med Bitcoin-opsjonar i desember. Det er delte meiningar i Bitcoin-miljøet om dette er bra eller ikkje, men i all hovudsak vil endringa styrka Bitcoin og gjera det vanskeleg å eliminera den med forbod eller andre større reguleringstiltak. 2017 har vist at krypotovaluta har komme for å bli.

Framtida
Det er ingen grunn til å leggja skjul på at det er utfordringar med Bitcoin og andre kryptovalutaer. Det er eit kjenneteikn ved disruptive teknologiar at dei på langt nær er perfekte, men at dei likevel har eigen­skapar som gjer at dei ofte fortrengjer eksisterande løysingar. Både AirBnB og Uber starta opp som dårlegare løysingar enn konkurrentane på mange område, men hadde likevel noko nytt som trumfa dei svake sidene.


Kapasitetsproblema og dei høge gebyra, målt i vanlege pengar, er eit resultat av den høge kursen på bitcoin. Bitcoin som betalingsmiddel er fortrengt av bitcoin som eit middel for oppbevaring av verdiar. Det store stridsspørsmålet i Bitcoin-miljøet har vore om kapasitetsauken skal skje på sjølve blokk-kjeda i form av større blokker, eller om den skal skje utanfor slik at blokk-kjeda berre blir brukt til avstemming av balansar. Den uforsonlege kampen har enda med splittinga i Bitcoin Cash og Bitcoin, der den førstnemnde har innført større blokker, medan Bitcoin held fast på den opphavlege blokk-størrelsen. Bitcoin har derimot innført teknologien SegWit (Segregated Witnesses) som opnar for at transaksjonar kan løftast bort frå sjølve blokk-kjeda. 2018 vil gi oss ein forsmak på kva vi kan forventa av denne betalingsløysinga.

Når Bitcoin etter kvart mistar nyheitsinteressa og media er på jakt etter det neste store, vil teknologien halda fram med å utvikla seg og vi vil truleg få løysingar som vil revolusjonera mange sektorar, ikkje berre finanssektoren.

Ingen kommentarer: