mandag 30. november 2009

iPhone for ein dag

Eg var ein lykkeleg (?) eigar av iPhone 3GS 32 i ein dag før eg fekk den store tvilen og leverte den tilbake. Kva var det eigentleg som var feil?

iPhone er genial på mange vis, særleg brukargrensesnittet. Den har nesten eigenhendig opna opp web-en for mobilbruk og har skapt ein eigen marknad for småprogram ("widgets").

Problemet mitt er at eg brukar mobilen først og fremst til å senda tekstmeldingar. Eg snakkar relativt lite, men tekstar mykje. Etter ein dag med iPhone innsåg eg at den ikkje er spesielt god å skriva tekstmeldingar på, eg vil påstå den er direkte dårleg. Problemet er at du heile tida må bruka to hender; eg vil påstå det er umuleg å skriva tekstmeldingar med ei hand (muleg det kan lærast?).

Nett-tilgang via mobilen kunne vore ok, men er ikkje så viktig sidan eg har med meg den berbare pc-en over alt.

Ein dag er kanskje litt lite til å fella ein dom over iPhone, men førsteinntrykket seier likevel ein god del. Sjølv om grensesnittet er innovativt og for det meste bra, er ein del ting über-coole og unødvendig tungvindte. Eg har ikkje heilt sansen for alle skyveknappane, det er mykje enklare å trykkja ein tast for å svara på ein samtale. Det er også mykje enklare å trykkja ein tast for å starta kameraet og ta bilde. I det heile er det ein del rom for forbetringar i grensesnittet ved å introdusera litt fleire fysiske knappar. Greitt, det går ut over det minimale funkis-preget Apple er eksponent for, men brukaropplevinga bør komma først.

Eg har ikkje nemnt sensuren med AppStore, men det er klart det er ein vanskeleg kamel å svelja. Apples lukka og paranoide verden er noko eg helst ikkje har lyst til å støtta, trass i freistande utstyr.

No må eg berre gå tilbake til start og vurdera mobilmarknaden på nytt. Er det nokon som har gode tips?

fredag 13. november 2009

Jefferson's Moose

In Search of Jefferson's Moose - Notes on the State of Cyberspace
David G. Posts bok med nemnde tittel er eit forsøk på å gjera ei samanlikning av utviklinga av USA frå frigjeringa i 1776 med utviklinga av Internett. Post greier å finna interessante koplingar og samanfallande hendingar i dei to tilsynelatande så ulike prosjekta.

Elg i solnedgang i Paris
Jefferson's Moose refererer til Thomas Jeffersons fantastiske prosjekt for å motbevisa den franske vitskapsmannen Buffon sin teori om at alle artar i den nye verda (Amerika) var underlegne den gamle verda og viste teikn på degenerering. Buffon hevda at same artane i Amerika var mindre i størrelse og generelt underlegne. Ord strakk ikkje til og Jefferson som då var USA sin sendemann (ambassadør) i Frankrike bestemde seg for taktikken «show, don't tell». Sjå også eigen omtale av denne hendinga i blogginnlegget. Undertittelen er henta frå eit av Thomas Jeffersons sentrale verk, Notes on the State of Virginia.

Universalgeniet Thomas Jefferson
Posts bok er like mykje ein omtale av universalgeniet Thomas Jefferson som noko anna. Jefferson er ein av dei viktigaste personane i USAs relativt korte historie, om ikkje den viktigaste. Han var sentral i utforminga av det nye landet, eller føderasjonen av uavhengige statar, og hovudarkitekten bak uavhengigheits-fråsegna (Declaration of Independence). Han var også USAs tredje president i perioden 1801 - 1809.

Jefferson var republikanar på sin hals og stod i sterk opposisjon til andre markante personar på same tida som John Adams (den andre presidenten i USA) og Alexander Hamilton. Dei siste var talsmenn for ein sterk føderasjon og ville sentralisera makta; Jefferson stod for det motsette synet og ville ha minst muleg sentral styring og mest muleg uavhengige statar med lite innblanding. Det kjem kanskje best til syne i handeteringa av dei nye, store landområda USA fekk i vest (Louisiana ++). Jefferson ville stilla desse nye statane heilt fritt i forhold til USA og la dei utvikla seg p eiga hand. Viss dei så ville slutta seg til USA, var det fint, men det måtte vera opp til dei sjølve. Dette stod i skarp kontrast til m.a. Adams og Hamiltons syn.

The Law of the Horse
Det er på dette området parallellane til Internett blir tydelegast. Skal nettet få utvikla seg «i fred», med minst muleg innblanding frå det etablerte samfunnet, eller skal lover og reglar elles i samfunnet raskast muleg gjerast gjeldande også på nettet? Her blir det referert til utsagnet «The Law of the Horse», brukt av dommar Frank Easterbrook i eit innlegg på ein konferanse ved University of Chicago (sjå også omtale av Lawrence Lessigs essay nedanfor). Synspuntet går i korte trekk ut på at Internett ikkje er noko spesielt og at vanlege lover og reglar gjeld her som elles. Me treng ikkje ei eiga lov om hestar, men klarer oss med vanleg straffelov, eigedomslov m.m. for å regulera ulike konfliktar rundt hestar (steling, salstvistar ++).

Romantisk vs. realistisk
Det romantiske synet på Internett er at nettet er ein unik plass med behov for sine eigne reglar og lover og at reguleringar brukt elles i samfunnet ikkje gjeld her. Det er det synet Post kallar exceptionalists, dei representerer «unnataket», Internett er eit unnatak frå det vanlege. Det tidlegare refererte cyber-manifestet frå John Perry Barlow illustrerer det godt. Mot dette synet står dei som hevdar at nettet ikkje er noko spesielt og at lover og reglar elles i samfunnet sjølvsagt også gjeld her . Det er dei Post kallar unexceptionalists.

Over tid har nok «eksepsjonistane» sitt syn vorte svekka og det har vorte stadig klarare at vanlege lover og reglar også gjeld for nettet. Men det er likevel ikkje råd å komma utanom at handhevinga av slike lover og reglar ofte er vanskelegare på nettet.

David Post brukar eit eksempel frå ei fransk sak for å kasta lys over dette. I Frankrike er det forbode ved lov å selja nazi-effektar. Ein fransk anti-rasistisk organisasjon gjekk difor til sak mot Yahoo! som formidla nazi-effektar i auksjonsdelen av systemet sitt. Organisasjonen vann fram i det franske rettssystemet og Yahoo! vart pålagde å fjerna nazi-effektane frå den delen av auksjonen som var synleg for franskmenn. Men korleis skulle Yahoo! gjera det, utan å fjerna effektane heilt frå auksjonssamlinga? Yahoo! tok saka til retten i USA og vart der frikjende. Og dermed hamna saka i ein slags «dead lock»-situasjon.

«The Law of the Horse» og «Code is Law»
Lawrence Lessigs kommentar til «The Law of the Horse» er ein slags mellomposisjon mellom exceptionalist og unexceptionalist. Han avviser ideen om «The Law of the Horse», Internett er ikkje noko som står utanfor vanleg lovgiving. Internett er heller ikkje noko naturgitt fenomen som ikkje kan endrast. Men samstundes meiner han at nettet er spesielt i den forstand at handhevinga av lovgivinga i mange tilfelle blir nokså ulikt elles i samfunnet.

Lessig sitt sentral punkt er at det er koden (arkitekturen) i Internett-standardane/-protokollane som er avgjerande for reguleringa av nettet; derav «Code is Law». Men koden kan bli påverka av andre fakturar som verkar inn på regulering av nettet: lovgiving, sosiale normer og marknadsspesifikke faktorar. I essayet «The Law of the Horse: What Cyberlaw Might Teach» tek han for seg samverknaden av desse faktorane og spesielt korleis lovgiving og kode påverkar kvarandre.

Small pieces loosely joined
David G. Post høyrer nok til romatikarane og som Jefferson-fan ser han helst for seg eit Internett som mest muleg styrer seg sjølv, med minst muleg innblanding frå anna hald (særleg styresmakter). Jefferson-idealet er små, sjølvstyrte einingar – rett og slett small pieces loosely joined som David Weinberger uttrykkjer det.

Ekstrem bruk av fotnotar
Boka er vel vedt å lesa og det er ikkje snakk om tungt stoff. Men bruken av fotnotar, der fotnotane ofte er lenger og tek meir plass enn hovudteksten, er litt forvirrande og gjer sitt til at lesinga blir litt tyngre enn kanskje nødvendig. På ein måte fortel Post to historiar parallelt, der den eine er i hovud­teksten og den andre i fotnote-teksten. Det er nokså krevjande for lesaren.