mandag 21. mars 2011

Innsirkling 2


Etter den store leseopplevinga med Carl Frode Tiller si bok "Innsirkling" måtte eg sjølvsagt lesa fortsetjinga "Innsirkling 2". Den siste boka følgjer same oppskrift som den første. Tre nye personar skriv brev til David om minna frå ungdomstida. David har som kjent mista hukommelsen, som det står i ein notis i avisa.

Tiller har funne ein god formel, og det fungerer godt også i bok nr. 2, faktisk endå betre enn i den første. Eg tykkjer dei tre historiane er sterkare og meir truverdige enn dei første. Personane er jamt over meir interessante og overtydande enn i første boka. I den første boka tykte eg Jon sin historie var veldig sterk, medan presten Arvid og venninna Silje sine historiar ikkje var like overtydande.

Som i den første boka, verkar den første historien (Ole), sterkast. Det kan vera at sidan dei andre historiane følgjer same mal og dramaturgi slik at ein veit korleis det kjem til å utvikla seg. Men i tillegg er både Jon og Ole sine historiar sterke. Dei to andre personane i den siste boka er også sterke, og den siste er i motsetnad til alle andre ikkje frå ein av David sine venner, men frå mora til David si venninne. Det er eit vellykka grep. Totalt sett kjem personen David tydelegare fram i denne boka enn i den første.

Men avslutninga av boka står ikkje i stil med resten. Den blir rett og slett for dårleg, og eit antiklimaks. Trass i det er boka vel verdt å lesa.

lørdag 19. mars 2011

The Wire - igjen


.. og der var siste episode av sesong 5 ferdig og dermed heile The Wire-produksjonen. Det betyr 60 episodar a ca. 1 time, altså 60 timar. Det er ganske drøyt, nesten så eg kvir meg for å innrømma det. Med ein periode på 2 og 1/2 månad er det opp mot ein time for dagen - jeez.. Trøsta får vera at eg nesten ikkje har sett på tv utanom serien.

Veldig bra serie
Serien har vorte betre og betre og total inntrykket er veldig bra, endå betre enn den første omtalen eg ga etter dei to første sesongane. Samanlikninga med Sopranos er vanskeleg og kanskje urettferdig, men eg har endra synet litt her. På mange måtar overgår serien Sopranos, sjølv om den på andre område også er svakare.

Sosial bodskap
Etter å ha sett heile serien, blir David Simons sosiale bodskap stadig tydelegare. Utgangspunktet er dei kriminelle narko-miljøa, og politiet sin kamp mot desse. Men serien går også bak gate-gutane og ser på årsakene til at det går så gale med så mange. I fjerde sesong får skulesystemet stor plass, og i femte og siste sesong blir søkjelyset sett på dei mange heimlause. Her er også ein avisredaksjon sentral, og på dette området er Simon på heimebane, som tidlegare kriminalreportar.

Politisk maktkamp og korrupsjon
Det politiske systemet, med borgarmeistar og byråd i spissen, får stor plass. Dei er i tett dialog med politiet, og det er eit utruleg spel heile vegen. Kynismen er total og maktspelet rått - det handlar berre om å skaffa seg nok stemmer til neste val og til neste posisjon i hierarkiet. Eg er redd mykje av dette stemmer også i det verkelege USA, og også andre stader.

Ingen happy ending
Serien er ultra-realistisk også med tanke på at dei store fiskane slepp unna. Også korrupte politikarar med narko-pengar på samvitet, slepp unna. Og heltane i serien, framfor alt McNulty og Freamon, blir avskilta og sette på plass i systemet. Det er ganske desillusjonistisk, men bidreg til auka truverde.

Det er særleg koplinga mellom narko-miljø og politikarar og andre høgtståande personar som viser seg umuleg å forfølgja. Som etterforskar Lester Freamon formulerer det: "If you follow the drugs, you end up with narko criminals. If you follow the money, you don't know where you will end up."

Eg er ikkje åleine om å setja pris på serien. På IMDB får serien 9,7 av 10 oppnåelege poeng! frå nesten 32 000 stk. Det er smått utruleg. Til samanlikning får Sopranos 9,4 (frå 38 000).

Av mange gode enkelt-scenar er favorittane mine desse:
  1. Stringer Bell blir drepen
  2. Omar Little i vitneboksen
  3. Avsløring av forbrytar med "løgndetektor"
Ei bittelita ripe i lakken er scena der Omar Little blir skoten. Omar er "den gode" skurken som stel frå narkobandane og terroriserer dei. Han slepp såvidt unna ei felle og må kasta seg ut av ei vindauga i tredje etasje, og resultatet er ein knust fot. Han humpar seinare rundt med ei krykke, men i sekundane før han blir teken av dage (av ein ung gut), går han heilt vanleg, utan antydning til halting. 

Det er vel nesten det einaste negative eg har å seia om serien. Kanskje bortsett frå at opplegget frå etterforskarane McNulty og Freamon i sesong 5 er litt "over the top" - eller litt overdrive, som far min ville ha sagt.

Forslag til ny serie?
Eg kjem til å sakna serien, og er som tidlegare nemnt open for nye forslag. Men eg har gitt meg sjølv beskjed om å venta til jul.. Har forresten sett at David Simon er i gang med ein ny serie basert på New Orleans etter Katarina-katastrofen.

mandag 14. mars 2011

Trippel-tragedie og matsikkerheit


Jordskjelvet i Japan har ført til øydeleggingar og lidingar som er vanskelege å fatta. Sjeldan har ordtaket "ei ulykke kjem sjeldan åleine" vore så treffande: Først jordskjelv, så tsunami, og som om ikkje det var nok; ein overhengjande fare for ei alvorleg atomulykke.

Det er den siste trusselen som kanskje er den verste. Eit alvorleg utslepp ved eitt eller fleire av atomanlegga i katastrofeområdet, vil kunna få dramatiske følgjer for Japan og også for omliggjande land.

Tsjernobyl nesten gløymt
Det er under 25 år sidan Tsjernobyl-ulykka (26. april 1986) og likevel er det lenge sidan samfunnet gløymde dei alvorleg truslane atomkraft representerer. Sjølv om det ikkje skulle gå så gale som ein fryktar i Japan, er to slike hendingar på under 25 år (og legg til fleire andre alvorlege hendingar ved atomkraft-anlegg i perioden) ein klar bodskap om faren som heng over oss.

Landbruksmeldinga
I løpet av året legg Landbruks- og matdepartementet ei landbruksmelding for Stortinget. Den skal staka ut kursen for landbruket dei neste ti åra, og kanskje lenger (bør absolutt ha lenger horisont enn det). Denne meldinga bør ta opp truslane eg nettopp har skildra og setja søkjelyset på matvaresikkerheit.

Det hjelper lite med mykje "pæeng på bok" om det ikkje er mat å få kjøpt. Situasjonen i Japan viser kor utruleg fort alvorlege situasjonar oppstår og kor viktig det dermed er å vera trygg på eiga matforsyning. Det er sjølvsagt ingen total-garanti, for tilsvarande ulykker kan også oppstå nær Norge, men å sjå bort frå ein større forsyningsgrad av mat meiner eg er direkte uansvarleg.

NOU om sårbarheit i 2000
Kåre Willoch leia arbeidet med "Et sårbart samfunn - Utfordringer for sikkerhets- og beredskapsarbeidet i samfunnet", NOU 2000:24. NOU-en begynner med desse orda:
Det er sannsynlig at noe usannsynlig vil skje (Aristoteles, 384–322 f.Kr.).
Forslaga i utgreiinga har fått mange følgjer, men dei har i hovudsak vore innretta mot meir tilsyn, kontroll og koordinering. Overraskande lite vart presentert som førebyggjande tiltak, og utvalet presiserte sjølve i kapitlet om mat at dei la vekt på matvaretryggleik i forståinga trygg mat, i motsetnad til matvaresikkerheit forstått som sikker forsyning. Denne avgrensinga verkar noko merkeleg.

På tide å diskutera matsikkerheit!
I den nye landbruksmeldinga bør matvaresikkerheit adresserast, og dei seinaste hendingane bør få utvalet til å ta dette med det største alvor. Som det vart uttrykt i NOU-en frå 2000:
Litt paradoksalt kan man si at en viktig side av arbeidet med sikkerhet og beredskap er å bli mer «etterpåkloke på forhånd.»

fredag 4. mars 2011

Open e-post til Høgre si stortingsgruppe


Høgre skal snart ta stilling til Datalagrings-direktivet (DLD) og dei sit med nøkkelen. Eg har sendt følgjande epost til stortingsgruppa, det bør fleire gjera:

Avgjerda om Datalagringsdirektivet (DLD) nærmar seg og eg set mi lit til Høgre. Ikkje fordi det er mitt parti, men fordi eg alltid har oppfatta Høgre som ein garantist for personvernet og individet sin grunnleggjande rett til eit privatliv utan overvaking. No har de sjansen til å visa at partiet framleis er å stola på i slike saker.
Eit ja til DLD vil innebera eit paradigme-skifte (ja, i dette tilfellet er det rett å bruka Thomas Kuhns paradigme-begrep) ved at heile folket i utgangspunktet blir mistenkeleg-gjort og overvaka.
Hendingane i Midt-Austen og Nord-Afrika dei siste månadane bør verkeleg få oss til å tenkja oss om når det gjeld overvaking!
Med helsing
Svein Ølnes, Sogndal

tirsdag 1. mars 2011

Brevet


Kirsti Coward, jurist og tidlegare dommar i Høgste-rett, har skrive blogg-innlegg på Klarspråk-bloggen med tittelen "Savnet av brevet". Det er interessante, og litt vemodige, refleksjonar over ei tid og eit fenomen som snart er borte.

Eg kom til å tenkja på eit brev eg fann frå bestefar min. Han skreiv til syskenbarnet sitt i Amerika, og brevet kom tilbake i samband med eit dødsbu. Brevet er skrive i 1948 og gir eit interessant bilete av tida rett etter siste verdskrigen. Legg også merke til den flotte i-formi som den nye nynorsk-norma vil ha bort.

Kjære syskinbarn!
Takk for brevet som eg fekk i sumar. Eg vart svert glad og få høyra ifrå slekti mi i frå Amerika. Det vart so lenge for eg kunde skriva att, for eg laut venta so lenge på bileti. Sogndalsboki er utseld, men skulde det koma att fleire av det slaget skal eg senda deg ei.

Me hadde det godt med mat under krigen, me som hadde gard, me måtte hjelpa byfolki for dei svalt. So var det på bytehandel med klæ, for det var svert vanskeleg, det var og byta atti kjøt og smør, so me hjelpte kvarandre det beste me kunde. 
Tyskarane øydelagde ikkje noko i Sogndal, men me hev no ein hard paakjenning av krigen, ein verte mest øylagd av dei store skattar.

Eg fora på garden min ein 7-8 kyr, 1 hest og ein 25 sauer og so griser og høns. Eg hev no havt garden i 25 år. Det er 21 år sidan eg gifte meg. Kona mi er frå Fimreite og heiter Sunniva. Eg hev tre gjenter den eldste heiter Aashild og er 20 år. Ho er på ein stor foretning i Bergen, ho er forlova. Den andre er 17 år og heiter Gunvor. Ho er på eit kontor på ein fabrik her i Sogndal. Den tridje heiter Astrid og er 12 år. Bror min er gift til ein liten gard ca. 2 mil herifrå, han hev 2 gjenter. 

Eg sende ei par bilete av gjentungarne mine. På det eine er dei alle 3 og det andre dei 2 elsta. So sende eg bilete av heimen min, og so eit so du ser heila Barsnes. Eg set ein x over der som husi mine står.

Du får hava takk for pengane som du sende. Hopar du forstår det eg skriv, for eg skriv på nynorsk og det som du skriv det kallar me riksmål. Hev du ikkje tenkt deg ein Norgestur, du er velkomi vel du koma. Norge er vorte eit turistland her er ein masse utlendingar um sumaren, og dei lika seg godt her.

Bilete av besteforeldri mine hev eg ikkje. Den hagen du ser rundt husi er hagen som bestefar hev planta, so mor di hev sikkert mange gonger plukka frukt av desse trei.

Me er alle friske og hev det godt, men det er mange ting her er lite av. Det er iser 3 ting det er lite av og det er sukker, kaffi og bumbulstøy, so dei tingi er ikkje betre med no eller under krigen. 
Eg lika og høyra ifrå deg att um bileti er komne vel fram. So er du hjarteleg helsa ifrå oss alle i huset.


Helsing
Skak Barsnes, Sogndal i Sogn, Norge.