mandag 18. september 2017

Bitcoin og retten til sporfri ferdsel

Espen Sirnes, UiT, svarte på innlegget vårt i eit nytt lesarinnlegg i DN 13. sept. Guttorm og eg sende inn svar på dette igjen, men det er førebels ikkje publisert av DN.

Bitcoin og retten til sporfri ferdsel

Svein Ølnes og Guttorm Flatabø, Vestlandsforsking, 14.09.2017

Espen Sirne ved Universitetet i Tromsø, meiner i DN 13. september at alle betalingar skal vera sporbare, men med unnatak for tungvinne betalingsløysingar. I tråd med denne logikken kunne Bitcoin vore ok dersom valutaen hadde vore meir tungvinn i bruk. Hovudspørsmålet i diskusjonen er om vi framleis skal ha rett til sporfri ferdsel (jf. Jon Bing), også etter at fysiske kontantar er borte. Vi meiner at personvernet også må gjelda for betalingsløysingar.

For å kjøpa bitcoin må du oppgi namn så sant du ikkje kjøper av ein privatperson. Igjen fungerer det akkurat som andre kontantar. Det er dette som er Bitcoins kontaktpunkt mot det ordinære banksystemet, og dermed blir Sirnes’ krav om utestenging merkeleg.

Forslaget om at det Sirnes kallar «bitcoin-børsen» (det finst ingen «bitcoin-børs», men Sirnes meiner kanskje vekslingstenester?) skal ha tilgang til eigarane sine private nøklar, viser til fulle kor lite han har forstått av teknologien. Det er jo nettopp den desentraliserte tryggleiken som er kjernen i Bitcoin og kryptovaluta. Sentraliserte løysingar gir stor risiko for datainnbrot og kompromittering av viktig informasjon. Eksempla er mange og det er nok å nemna den nylege Equifax-skandalen med bortimot 150 mill. kredittopplysningar på avvege og Yahoo med over 1 milliard person¬opplysningar. Lista er dessverre mykje lenger. Bitcoin har vist ein veg ut av dette uføret, og den vegen må ikkje stengjast med krav om ein like dårleg sikkerheitsmodell som elles i finansverda.

søndag 10. september 2017

Forby framtida!

Dette er eit svar på Espen Sirnes, førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø, sitt lesarinnlegg i Dagens Næringsliv 5. sept. der han tok til orde for å forby Bitcoin. Innlegget er skrive saman med kollega Guttorm og med god hjelp frå kollega Idun til formulering og rettskriving. Det vart sendt til DN, men dessverre har dei valt eit anna svar og stod på trykk 11.09 (bak betalingsmur). Dessverre har dei laga ein eigen tittel.
Lesarinnlegget til Espen Sirnes finn du her på bloggen hans.


Forby framtida!
Svein Ølnes og Guttorm Flatabø, Vestlandsforsking, 06.09.2017

Bitcoin må bli forbode, meiner Espen Sirnes ved Universitetet i Tromsø, ettersom valutaen berre er egna for kriminell verksemd. Med ei slik grunngjeving, burde Sirnes også ta til orde for å forby kontantar generelt, i tillegg til over tusen alternative kryptovalutaer. Som forskar bør Sirnes også setja seg inn i forskingslitteraturen på området. Då vil han sjå at det som kan kallast «lyssky» aktivitet ved hjelp av Bitcoin har vist ein klar nedgang og no berre utgjer ein liten del av alle transaksjonar (Tasca et al.: «The Evolution of the Bitcoin Economy», 2016). Kriminelle har etter kvart forstått at Bitcoin ikkje er anonymt, men pseudonymt, og at dersom det kan etablerast ei kopling mellom ein transaksjon og ip-adressa  den er sendt frå, raknar alt.

Bitcoin er ein svært viktig innovasjon, kanskje på linje med web-en. Det er vanskeleg å overvurdera betydninga av  denne teknologien, og det blir nok også reflektert i den stadig stigande verdien av Bitcoin spesielt, og kryptovaluta generelt. Bitcoin og kryptovaluta er eit område med svært mykje aktivitet, både gjennom utvikling av den underliggjande teknologien (programvaren), gjennom stadig meir forsking og ikkje minst stadig aukande bruk og nye bruksområde.

Utfordringane med Bitcoin og kryptovaluta generelt må løysast på andre måtar enn med forbod. Styresmaktene har alt mange av verktøya dei treng  for å handtera ein del av utfordringane, noko m.a. opprullinga av Silk Road viste.

I staden for å ropa på forbod, bør Espen Sirnes og andre i akademia bidra med forsking på utfordringane. Det har vi valt å gjera ved Vestlandsforsking.